Hvem var banens beste?
Viktor Gyokeres
61%
Gabriel Magalhaes
17%
Declan Rice
13%
Gabriel Martinelli
9%
989 stemmer
Velkommen til dekning av Champions League på Emirates!
Lewis-Skelly får sjansen frå start i eit kruttsterkt Arsenal-mannskap:
VG Live svarer
Laura
Nynorsk i dag?
Tenkte det.
Simeone sender Alexander Sørloth ut frå start i London!
Arsenal står med seks av seks moglege poeng i Champions League og har ikkje sluppet inn mål. Atletico på si side har ein siger og eitt tap. Dei tapte 2-3 mot Liverpool i den fyrste kampen av årets ligaspel.
I La Liga ligg Atleti på fjerdeplass med 16 poeng - åtte poeng bak ligaleiar Real Madrid. Arsenal leiar Premier League med tre poeng ned til Manchester City.
VG Live svarer
Benjamin Dumisic-Hunt
Hvem er dommer i dag
Davide Massa.
VG Live svarer
Stian M
Er det overraskende at Sørloth starter denne kampen? Det ryktes jo at var ute i kulda…
Litt overraskande er det, sjølv om Sørloth starta Madrid-derbyet i slutten av september. Sidan den gong har han fått to innhopp i La Liga.
VG Live svarer
VG Live-bruker
Hei Andreas! Hva tenker du om kampen i kveld? Jeg tipper 2-2 på Profeten.
Eg er veldig spent. Arsenal er gjerrige bakover - men det har vore fullt frislepp i Atleti-kampane denne sesongen.
Då er laga på veg ut på bana!
ss
Det blir 3-0 til Arsenal
VG Live svarer
anonym
Denne kampen omtales som haramball - konkurranse i "parking the bus". Hva mener du om dette?
Basert på kampane til Atleti i haust så trur eg ikkje det!
Heia heia
Kom igjen Sørloth! 🇳🇴
Kampen har startet
Eberechi Eze sparka i gong oppgjeret!
Atleti ligg i 5-3-2 defensivt. Arsenal trilla ball i opninga.
2'
Timber vert spelt fri på kanten av 16-metaren til gjestane. Backen går mot dødlinja, men får ikkje lagt inn før den er ute.
3'
Saka kjem seg til innlegg frå høgre, men Arsenal-kapteinens forsøk går over alt og alle.
4'
Tverrligger!
FOR EIN SJANSE! Arsenal er klart best i opningsminutta. Eberechi Eze kjem seg til avslutning frå 18 meter. Skotet går via Hancko og dala ned i tverrliggaren bak ein utspelt Oblak. Rice får returen - men den går over.
5'
Llorente med ei skrekkeleg klarering inn foran eigen 16-meter. Heldigvis for backen klara ikkje Arsenal å utnytte den.
7'
Atleti køyrer kontra. Lewis-Skelly bryr seg fint lite om ball og går i kroppen til Simeone i det Sørloth skal spele gjennom - lagar frispark, men er heldig som ikkje får det gule.
7'
Saka kjem til innlegg igjen. Denne gong er det betre, men Atleti får unna i siste sekund.
9'
VG Live svarer
Anders R
Noe nytt om skadesituasjonen til Ødegaard? Rekker han neste kamp med flagget på brystet?
Før helga sa Arteta at Ødegaard er ute i "flere uker". Han ville ikkje gje eit nøyaktig tidspunkt.
Lewis-Skelly kjem til avslutning frå venstre. Avstanden og vinkelen er god, men skotet sklir av foten og går utafor stolpen.
15'
Atletico har vore meget svake så langt. Slit med å etablere noko på Arsenals banehalvdel.
17'
Sørloth driv med ball, men har ingen Atletico-spelarar med seg framover i bana. Sender den tilbake til Barrios som får frispark på midtbana.
18'
Stor sjanse!
Nydeleg ball gjennom av Eze til Bukayo Saka. Kantspelaren kjem aleine med Jan Oblak, men sisteskansen er offensiv og redda mesterleg.
19'
Oblak fekk seg ein trøkk i kneet i redninga. Tar telling.
20'
Oppe igjen no, slovenaren.
20'
VG Live svarer
VG Live-bruker
Hvem vinner CL tror du ? Så kollegaen din som dekker Villareal-Man City tippet Bayern Munchen som vinner.
Oi! Vanskeleg å spå allereie no. PSG og Real Madrid favorittane i mi bok. Arsenal like bak.
Strålande av Sørloth! Hancko kastar langt mot nordmannen. Sørloth tar ned ballen med mann i rygg og får slått inn, men den vert klarert unna.
24'
For ein sjanse!
Blåbærtur er ikkje dekkande for Raya der. Surra med ballen nede ved hjørneflagget. Simeone vinn innkast og tar det tidleg. Alvarez skyt nesten frå sidelinja i det opne målet, men den går like til side for det tomme målet.
25'
Timber kjem til avslutning frå 16 meter. Men venstreslegga til høgrebacken er ikkje all verden og den trilla inn til Oblak.
26'
Alvarez og Atleti med ei god kontring. Diverre for gjestane vert argentinaren frykteleg aleine. Krangla seg inn i feltet, men det ender i ingenting. Godt gjort av spissen.
28'
Strålande innlegg frå Timber, men Le Normand vinn duellen og får den ut til hjørnespark. Det var viktig - for like bak var Gyökeres.
30'
Arsenal får tildelt et hjørnespark
Bukayo Saka står klar. Slår inn frå høgre.
30'
Sørloth får den vekk frå første stolpe.
32'
VG Live svarer
K
Hvordan ser Sørloth ut?
Han har ikkje fått mykje å jobbe med, men har vore god dei gangane han har blitt involvert.
Gyökeres med frekk variant der han spela ballen til høgre og går til venstre. Gimenez ser ingen anna utveg enn å legge svensken i bakken.
33'
Gult kort til Atletico Madrid
Får gult for situasjonen. Strengt.
34'
Kan Arsenal få til noko her? Saka skal slå inn frå høgre.
34'
VG Live svarer
VG Live-bruker
Billeg kort eller? Synast ikkje Gimenez gjer voldsomt mykje
Einig.
Tar den kort til Zubimendi. Svak variant.
35'
Atletico går for kontra på direkten! Godt tenkt, men Raya er ute og sweeper på midtstreken!
36'
Der sit den for Arsenal! Men det er dømt offside. Zubimendi med glitrande gjenvinning. Spela ut til Saka som slår inn - men der er Martinelli i offside i det han setter den i nettet.
36'
Gult kort til Arsenal
Tar Nico på veg framover - får gult med ein gang frå kveldens dommar. Får det nok for at han har laga nokre frispark på kort tid.
39'
VG Live svarer
petter
Hvem er best så langt?
Arsenal.
Meir knokkelkamp enn fotballkamp akkurat no. Nico går ned etter å ha stanga i Eze si skulder. Kjem seg på beina etterkvart, midtbanespelaren.
42'
Lewis-Skelly skal kaste langt for Arsenal.
42'
Svakt kast - ender til slutt med frispark for gjestane.
43'
Frispark til Atleti. Alvarez skal ta det. Frå 30 meter.
45'
Alvarez går for skot - men den går utafor. God trøkk i den, men retninga er for dårleg.
45'
Det er lagt til eit minutt.
45'+1
Saka vert trakka på av Hancko. Skrik ut i smerte, kapteinen.
45'+1
Kjem seg opp igjen - fekk ikkje frispark - men Rice skal kaste langt.
45'+1
Eit av dei betre kasta i kveld, men det er ikkje langt nok. Gjestane tar over.
45'+1
Godt innlegg frå Zubimendi mot Martinelli. Brasilianarens "headar" med skuldra -og den går til side for mål.
45'+2
Pause
Det var det siste som skjedde! Arsenal har vore best i dei fyrste førtifem, men Atletico Madrid er gode til å forsvare seg. Vi tar ei lita pause - og så er vi tilbake til andre omgang!
Scorer Sørloth i dag?
Ja!
43%
Nei
57%
1418 stemmer
Då står laga klare!
2. omgang
Martinell i løpsduell mot Llorente. Truleg kampens to raskaste. Martinelli kjem først, men ender i ei støttepasning.
46'
Saka får ballen ute ved sidelinja. Drar seg inn og får til ei avslutning i blokka og ut.
47'
Arsenal får tildelt et hjørnespark
Timber vinn ballen tilbake og vinn eit hjørnespark.
47'
Saka skal slå frå høgre.
48'
Den vert stanga unna frå Sørloth på første stolpe.
48'
Tverrligger!
Julian Alvarez treng ikkje mykje rom. Drar seg inn utafor 16-meteren og breidsida den i tverrliggaren utafor Rayas rekkevidde. Nære!
49'
Det her minna om Arsenal i Premier League. Er best i banespelet, men skapa lite i opent spel. Saka mykje involvert ute på sida - og Gyökeres får lite å jobbe med inne i 16-meteren.
51'
Stor sjanse!
Glitrande av Zubimendi som på utruleg vis flikker ballen inn i feltet i blinde - den leser Gyökeres som stuper etter. Svensken får ein fot på den, men Oblak redder.
53'
Dødball frå Arsenal. Får dei til noko her då?
57'
Mål for Arsenal!
Arsenal 1 - 0 Atletico Madrid
Mål: Gabriel Magalhaes
Målgivende: Declan Rice
Det er heilt strålande slått av Declan Rice! Svinga den inn frå venstre - og der kjem sjølvsagt Gabriel. Brasilianaren stanger den inn i nærmaste!
57'
Atletico Madrid får tildelt et hjørnespark
Vert stanga unna på første stolpe.
59'
Alvarez skyt frå spiss vinkel til høgre. Går via Lewis-Skelly og ut til hjørnespark igjen.
59'
Atletico Madrid får tildelt et hjørnespark
Frå venstre.
60'
Hardt slått på første stolpe - vert klarert unna.
60'
Saka slår inn frå høgre, men det er ikkje godt nok - og vert klarert av første Atletico-spelar.
61'
Simeone gjere klart trippelbytte.
61'
Gyökeres spring og pressar som ein helt på topp for Arsenal. Gjere det vanskeleg å spele seg ut bakfra.
62'
God sjanse for Atletico! Llorente slår inn frå høgre - der kjem Hancko på bakre stolpe, men headinga går til side for mål.
62'
Spillerbytte - Atletico Madrid
Inn: Conor Gallagher
Ut: Koke
63'
Spillerbytte - Atletico Madrid
Inn: Matteo Ruggeri
Ut: Nicolas Gonzalez
63'
Spillerbytte - Atletico Madrid
Inn: Alex Baena
Ut: Jose Gimenez
64'
Mål for Arsenal!
Arsenal 2 - 0 Atletico Madrid
Mål: Gabriel Martinelli
Målgivende: Myles Lewis-Skelly
DET DER DÅ LEWIS-SKELLY! Han dribla seg forbi tre mann inne sentralt før han slepp den ut til Martinelli som på lekkert vis breidsida den i lengste hjørne!
65'
VG Live svarer
Jan
Nå ble det ennå mer stille i fjøset.
Her er det ikkje stille i fjøset! To glitrande scoringer!
Mål for Arsenal!
Arsenal 3 - 0 Atletico Madrid
Mål: Viktor Gyokeres
SÅ SIT DEN FOR SVENSKEN! Og den må smake godt - for no er måltørken over! Glitrande Arsenal-spel ender hos Martinelli. Innlegget ender til slutt hos Gyökeres som krangler den inn via Hancko.
67'
Arsenal får tildelt et hjørnespark
Gyökeres får hjørnespark. Rice skal slå frå venstre.
70'
Mål for Arsenal!
Arsenal 4 - 0 Atletico Madrid
Mål: Viktor Gyokeres
Målgivende: Gabriel Magalhaes
When it rains it pours! Strålande slått hjørnespark frå Rice til Gabriel som header tilbake. Der er Gyökeres som knea den inn frå halvanna meter!
71'
Spillerbytte - Atletico Madrid
Inn: Antoine Griezmann
Ut: Giuliano Simeone
73'
Spillerbytte - Arsenal
Inn: Christian Nørgaard
Ut: Martin Zubimendi
73'
Spillerbytte - Arsenal
Inn: Ethan Nwaneri
Ut: Eberechi Eze
73'
Spillerbytte - Arsenal
Inn: Cristhian Mosquera
Ut: Gabriel Magalhaes
73'
Spillerbytte - Atletico Madrid
Inn: Thiago Almada
Ut: Alexander Sørloth
73'
Gult kort til Atletico Madrid
Alt for seint inne på Gyökeres.
75'
Declan Rice skal slå inn frå venstre. Ca same plass som før 1-0.
80'
Det er godt slått, men Nørgaard er litt for ivrig og det vert frispark andre vegen.
81'
Spillerbytte - Arsenal
Inn: Mikel Merino
Ut: Viktor Gyokeres
Ein god kamp for Gyökeres - som endeleg har endt måltørka si.
83'
Spillerbytte - Arsenal
Inn: Ben White
Ut: Jurrien Timber
83'
Atletico Madrid får tildelt et hjørnespark
Almada tar den kort.
86'
Nære! Almada med eit innlegg via Nwaneri. Raya har ikkje kontroll, men den går via terrligger og ut.
86'
Aldri har Simeones Atleti tapt med fem mål. Har Arsenal ei scoring til i seg?
87'
VG Live svarer
VG Live-bruker
Gyökeres, god mot dårligere motstandere og i en og annen cup kamp. avkledd i premier league
Eg synes Gyökeres har vore positiv i det siste. God feilvendt - binder opp mykje motspelarar. Har berre mangla scoring.
Lagt til tre minutt.
90'+1
Nwaneri med eit forsøk frå 16-meter, men det vert for pent og pynteleg. Oblak har full kontroll.
90'+3
Kampen er slutt
Då er det over. Den andreomgangen er ein maktdemonstrasjon frå Arsenal - som er ubeseira i Champions League.
Her kan de få reaksjoner utover kvelden: https://www.vg.no/sport/i/Av4vaM/gyokeres-scoret-endelig-da-atletico-madrid-ble-knust