Slutt

0-2

Sammenlagt
1 - 5
0-1
0-2
Supporterfordeling på VG
9 068
1 984

[14002] - Noe gikk galt

Denne videoen er kun tilgjengelig i Norge

Author avatar

Ble dekket av Andreas Hopen

  • Velkomen til den det andre oppgjeret mellom Bodø/Glimt og Tottenham i semifinalen i Europa League.
  • Tottenham vann 3-1 i det fyrste oppgjeret i London. Bodø/Glimt må altså score minst to mål for å ha moglegheiten for ein historisk Europa League-finalen i Bilbao!
  • Lagoppstillinga kjem om få strakser.
  • Det er truleg eit ganske forutsigbart Bodø/Glimt-lag i dag. Odin Bjørtuft er ikkje med, han vert truleg erstatta av Brede Moe i forsvaret. Patrick Berg går inn på sin vante plass på midtbana etter suspensjon, det same gjere nok Håkon Evjen på høgre indreløpar.
  • Bodø/Glimt (4-3-3): Nikita Haikin- Fredrik Sjøvold, Brede Moe, Jostein Gundersen, Fredrik André Bjørkan - Håkon Evjen, Patrick Berg, Ulrik Saltnes - Ole-Didrik Blomberg, Kasper Høgh, Jens Petter Hauge.
  • Det betyr at Kasper Høgh, som måtte gje seg på trening mandag grunna ein stiv lyske vart klar til kamp.
  • Tottenham har kome med sitt lag også. Tottenham (4-2-3-1): Vicario - Pedro Porro, Romero, Van de Ven, Udogie - Bissouma, Bentancour - Johnson, Kulusevski, Richarlison - Solanke
  • James Maddison, Son og Bergvall mister alle kampen grunna skade.
  • VG Live svarer
    Johannes
    Hei, tror du Bodø/Glimt kan ha en sjanse til å komme til finalen?☺️
    Bodø/Glimt har vel vist at alt er mogleg denne sesongen? Her kan alt skje - på kunstgraset nord for polarsirkelen!
  • Bergenser
    Heia bodø glimt fra Bergen!
  • VG Live svarer
    RR
    Lønnsforskjellen har vell aldri vært større i en Europa League semi noen sinne? Eller tar jeg feil🤣
    Det kan godt vere! Det skal seiast at Bodø/Glimt har auka løna på spelarane ganske bra dei siste åra, og er konkurransedyktige mot dei fleste lag i Nederland og Belgia.
  • VG Live svarer
    Vinterfugl i sommerland
    Hvor mange gule tannbørster blir det ikveld?
    Ganske sikker på at Halvdan Sivertsen har ein med seg i alle fall!
  • VG Live svarer
    Joar Sæther
    Kan du skrive bokmå? Nesten umulig å tyde noe av nynorsken din.
    Nynorsk-skrivinga mi er ikkje veldig konservativ... eg har eit håp om at du klara å tyde nok!
  • VG Live svarer
    Isaac
    Hvem dekker United kampen
    Det er Eirik Påsche og vert truleg meget godt levert. For dei som ikkje har kontroll på det: Vinnaren her skal møte vinnaren av Manchester United-Athletic Club i finalen.
  • VG Live svarer
    VG Live Bruker
    Hvor kan man se kampen?
    Vsport1 og Viaplay.
  • VG Live svarer
    Sarons dal
    Jeg skjønner ikke hvorfor Villads Nielsen ikke får starte, ble jo viktig i kampen mot eksempelvis Braga borte. Moe er jo egentlig et 3. valg, han er treigere, men eldre og mer rutinert. Gjorde Nielsen en dårlig figur mot Tottenham sist?
    Eg stussa litt over det då eg såg drilling av laget tidlegare i veka, men kanskje er det rutinen til Brede Moe dei vil ha?
  • Kva blir stillinga i kveldens kamp?
    1-0
    3%
    0-1
    2%
    1-1
    4%
    2-0
    21%
    0-2
    5%
    2-1
    10%
    1-2
    4%
    2-2
    3%
    3-1
    28%
    1-3
    5%
    Eit anna resultat
    16%
    1070 stemmer
  • Det har blitt skrive ein del saker om Bodø/Glimt dei siste dagane. Eg lenker til nokre av dei, viss ein ynskjer noko å lese før kamp. Ørjan og Runar Berg om Bodø/Glimt, Patrick Berg og samanlikninga med Rosenborg: https://www.vg.no/sport/i/Rzeq75/ekspertene-om-mulig-glimt-mirakel-alle-sjanser-i-verden Ekspertane som meiner at Glimt har alle moglegheiter for seier: https://www.vg.no/sport/i/Rzeq75/ekspertene-om-mulig-glimt-mirakel-alle-sjanser-i-verden Fort Aspmyra - stadion der Bodø/Glimt tar dei store skalpane: https://www.vg.no/sport/i/pPj0EX/bodoe-glimt-statistikken-som-faar-tottenham-til-aa-skjelve
  • - Vi har forberedt oss godt den siste veka, vi skal vere klar. Vi skal utnytte rommet bak kanten deira, og så må vi vere førebudd på deira spel også, for dei tok oss litt i bakrom sist, seier Patrick Berg til Viaplay.
  • Bryan Arnovic
    Jeg tror det største spørsmålet i dag er - Hvem blir målscorer? Har en følelse av at det blir en uortodoks målscorer, Bjørkan kanskje, Villads Nielsen på overtid? Sann mine ord.
  • Postecoglou om storleiken på kampen: -Det er ein stor kveld for oss også. Det er lenge sidan vi har hatt suksess, og vi er ein kamp unna ein finale.
  • -Eg har sovet veldig bra, eg vakna ein gang, men sovna raskt igjen, seier Dejan Kulusevski om fyrverkeriet som vart sendt opp like utanfor hotellet deira i natt.
  • VG Live svarer
    Det nynorske brurskap
    Hei, det ser ut til at du har lenka til same nettadresse to gonger, herr Hopen. Meinte du eigentleg å kringkasta tre artiklar? Send ho så fall, den tredje.
    I helsikken! Her er saka om brødrene Berg: https://www.vg.no/sport/i/qPg6Rg/bodoe-glimt-i-semifinalen-i-europa-league-mener-patrick-berg-maa-vinne-finalen-for-aa-bli-best-i-familien-berg
  • VG Live svarer
    VG Live Bruker
    Hvem er dommere idag
    Det er italienske dommarar i dag. Maurizio Mariani er hovuddommar. Han har dømt 18 kampar i Serie A denne sesongen i tillegg til 7 kampar i Champions League. Snitta på 3,6 gule kort per kamp. Han har også delt ut 4 raude kort på 25 kampar.
  • VG Live svarer
    Undrerende
    Er du i familie med Ørjan Hopen, legenden fra Sogndal som skrudde corneren i mål, i kampen Carl-Erik Torp fikk hjertestans.
    Vi er søskenbarn, ja! Den kampen var eg på. Frykteleg scene med Torp. Euforisk då Ørjan skrudde corneren rett i mål.
  • VG Live Bruker
    Kjekt å sjå det tilbake på nynorsken i dag
  • Tottenham vart møtt med pipekonsert frå heimesupportarane då dei entra kunstgraset.
  • God stemning utanfor Aspmyra. Foto: Delebekk.
  • VG Live svarer
    VG Live Bruker
    og så må vi vere førebudd på deira spel også...hva betyr førebudd?ikke lett å forstå nynorsk Andreas
    Forberedt.
  • Heilage
    Eg har noken favoritt ord på nynorsk, eit av dem er "løyndom", eit anna er "lagnad" eit siste er "til dømes". Og Bodø Glimt er til dømes ei løyndom, med ei heilt spesiell lagnad.
  • VG Live svarer
    VG Live Bruker
    Tottenham bør jo vinne dette.. er litt David mot Goliat. Selv om statistikk er til for å brytes.. hva tror (ikke håper) du?
    Eg er ingen spåmann, men eg trur Bodø/Glimt vinn 1-0 eller 2-1 i dag.
  • UEFA-president Aleksander Ceferin er på plass på Aspmyra. Det same er kronprinsesse Mette Marit og prins Sverre Magnus.
  • -- Eg har det fint, eg kjenner det litt i magen og gleda meg. No handla det om å gå ut og tørre å vere modig, seier Kjetil Knutsen til Viaplay.
  • Knutsen må også innrømme at han ikkje har sove så godt før kamp. Han legg mykje vekt på det å vere modig i intervjuet.
  • VG Live svarer
    Kjell
    Været kom som bestilt - blir å gå lynhurtig utpå Aspmyra. Spursfanen tror vi taper for Glimt i dag - men går til finalen 🤞 nordlendingen i meg Dier Glimt til finalen. Vinn vinn for meg altså 😅⚽️
    Eg prata med arenaansvarleg tidlegare i veka. Han skulle vatne uansett vær. --Det skal vere så vått at det plaska når dei spring, sa han då.
  • Bjørn Brann
    Heia Bodø Glimt ikveld ⚽👍
  • VG Live svarer
    Benny
    Hvordan er pressetribunen til Bodø Glimt? Må vel være den minst fasjonable av alle lag i Europa League, eller? Gøy for de utenlandske mediene, forventet mye artige internasjonale saker fra Aspmyra.
    Den er utvida i dag. Det er vanlegvis plass til 20 journalistar der. I dag er det rundt 180 på plass, men ja - det er nok blant dei minst fasjonable..
  • Det er fyrverkeri på Aspmyra! Laga er på veg ut.
  • Brannmann Sam
    I dag representerer Bodø Glimt Norges ære. Kom igjen Bodø.
  • Det regna som berre juling i Bodø. For eit perfekt nordnorsk vær. Skulle helst vore litt sludd også - tenker eg.
  • VG Live svarer
    Arild Brynjarsen
    Hvordan er det å være journalist på en så historisk anledning som dette? Dere etterstreber jo objektivitet, men det er vel umulig å ikke bli litt grepet av slikt øyeblikk. Er jo nesten som at saftbygda, skulle blitt Europa-bygda Sogndal.
    Det er utruleg kjekt å dekke slike begivenheta - og så er det sjølvsagt litt press - for ein veit at mange føl med - og ein føler difor at ein må levere på absolutt øvste nivå!
  • Ali
    3-0 BODØ, merk mine ord.
  • Kampen har startet
  • Kasper Høgh sett i gang oppgjeret!
  • Tottenham pressa høgt frå start. Glimt får innkast på eigen halvdel.
    1'
  • VG Live svarer
    X
    Hvor sendes kampen?
    Vsport1 og Viaplay.
  • Tottenham bit seg fast høgt oppe i bana. Glimt klara ikkje å spele forbi toppresset.
    2'
  • Patrick Berg tar ansvar på midtbana. Får etablert litt småspel for vertane. Viktig å få spelt på seg ein god følelse for vertane.
    4'
  • VG Live svarer
    Andreas Granseth
    Hvor er Son Hueng-Min?
    Skada.
  • Bodø/Glimt etablera sitt fyrste angrep. Ulrik Saltnes legg inn frå venstre, men den går forbi alt og alle.
    5'
  • 6'
  • Bodø/Glimt trilla ballen i eige forsvar. Tottenham pressa framleis høgt.
    7'
  • Hauge kjem seg laus på venstresida. Innlegget vert blokkert - hjørnespark til Bodø/Glimt.
    7'
  • Bodø/Glimt får tildelt et hjørnespark
    Patrick Berg skal slå inn frå venstre.
    7'
  • Stor sjanse!
    Hjørnesparket landa hos Blomberg på bakre stolpe. Bergensaren står heilt aleine, men skotet går i nettveggen - det er ein god sjanse for Glimt!
    9'
  • Kulusevski prøva på eit innlegg ute til høgre. Det blir blokkert - og Glimt tek over.
    9'
  • Tottenham opprettheld sitt høge press. Haikins langpasning går utover sidelinja. Spurs har starta best!
    10'
  • Glimt jakta bakrom - og det er nære at Høgh vert spelt aleine med Vicario, men Van de Ven får heada unna i siste liten.
    11'
  • Udogie slår inn frå venstre, men via ein Glimt-spelar og inn til Haikin.
    11'
  • Glimt med ein stygg ballmiss på veg framover. Udogie angrip langs venstresida, men innlegget vert blokkert. Hjørnespark til gjestane.
    13'
  • Tottenham får tildelt et hjørnespark
    Pedro Porro skal slå inn frå venstre.
    13'
  • Hjørnesparket landa på hovudet til Van de Ven, men headinga går langt utanfor.
    14'
  • Kor lenge kan Tottenham halde fram med det presset her? Ein fantastisk arbeidsmoral på gjestane.
    15'
  • Stor sjanse til Tottenham!
    Richarlison tek med seg Udogie på utsida. Backen får ballen med seg inn i feltet. Innlegget er godt, men Haikin får slått ballen vekk i siste sekund. Der er Glimt heldig!
    16'
  • Ole-Didrik Blomberg starta i bakrom. Pasningen kjem, men Van de Ven er raskast. Heilt nede ved dødlinja redda han også ballen frå å gå til hjørnespark - og finn Udogie. Strålande gjort av midtstoggaren!
    19'
  • VG Live svarer
    Morten
    Spiller Tottenham ren 4-3-3 ?
    Nei, 4-2-3-1.
  • Frispark til Tottenham i glitrande posisjon. Solanke får vendt opp på 25 meter. Han har Berg i ryggen, og Glimt-kapteinen spring spissen over ende.
    22'
  • Her skal Glimt vere glad for at James Maddison ikkje er med. Pedro Porro skal ta det. Frispark på 20 meter.
    22'
  • God redning frå Haikin!
    Pedro Porro sitt frispark er godt. Den skrur vekk frå Haikin, men russaren redder heilt oppe ved tverrliggaren.
    23'
  • Tottenham får tildelt et hjørnespark
    Porro skal slå inn frå venstre.
    23'
  • Det er glitrande slått, like over Haikin, men Sjøvold er fyrst på den og får klarert.
    24'
  • Blomberg nøla med ballen og mista ball i duell med Van de Ven. Heldigvis for Glimt får han frispark 25 meter frå eige mål.
    26'
  • Gult kort til Bodø/Glimt
    Kasper Waarst Høgh
    Gult til dansken for at han skubba Van de Ven i ein duell. Trur han får gult på reaksjonen i etterkant.
    26'
  • Glimt held ballen i laget. Brede Moe er ballsikker - truleg difor han fekk tilslaget framfor Nielsen.
    28'
  • Glimt gode i presset no. Får innkast høgt i bana etter at Spurs ikkje klarte å spele seg ut.
    29'
  • VG Live svarer
    Marit
    Noen som står i fare for karantene pga gult kort osv om Glimt kommer vindere til finalen
    Gule kort har ikkje noko å seie før finalen, berre raude.
  • Destiny Udogie legg Blomberg i bakken like utanfor 16-meteren ute til høgre. Der burde italienaren fått gult kort, men slepp unna. Kan Glimt få til noko her?
    30'
  • God sjanse!
    Patrick Berg går for skot - og det verker å overraske Vicario som berre får slått den over til hjørnespark.
    31'
  • Bodø/Glimt får tildelt et hjørnespark
    Patrick Berg skal slå igjen - frå venstre.
    32'
  • Gundersen vinn fyrste duellen, men Spurs tek over.
    32'
  • Gult kort til Tottenham
    Brennan Johnson
    Er veldig seint inne i Jens Petter Hauge etter at Glimt-spelarane har spelt frå seg ballen. Heilt korrekt.
    33'
  • VG Live svarer
    Ivar Daasen
    Hvorfor skriver VG på fjøslatin?
    Til ære for Paven som tok innsettelsestalen på latin, hehe.
  • JD
    Heia nynorsk!
  • Jens Petter Hauge slår inn frå venstre. Der er Glimts toppscorar i Europa League, men dansken kjem ikkje høgt nok opp - og headinga går utanfor. Er meir med no, Bodø/Glimt!
    35'
  • SG
    For en stemning på Aspmyra. Her skal bodøværingene være stolte!
  • Nydeleg frispeling frå Bodø/Glimt. Fine kombinasjonar mellom Sjøvold og Evjen. Visa at dei kan spele seg ut frå Spurs-presset.
    37'
  • Vicario bruka lang tid på kvar femmeter. No fekk han beskjed frå den italienske dommar: Slutta du ikkje no vert det kort!
    39'
  • Brede Moe er heldig som ikkje mista ballen til Richarlison i eige forsvar. Det kunne blitt stygt!
    40'
  • Tottenham får tildelt et hjørnespark
    Pedro Porro skal slå inn frå venstre.
    41'
  • Den vert slått på fyrste stolpe - Glimt heada den ut.
    41'
  • Patrick Berg forsøka seg frå midtbana. Ser at Vicario står langt ute - men det var ikkje i nærleiken.
    42'
  • Bodø/Glimt held på ball, men Tottenham virka å ha god kontroll rundt eigen boks.
    43'
  • No kan Spurs slå kontra!
    43'
  • Pedro Porro driv aleine langs høgresida, men han er - aleine. Glimt kjem seg på riktig side med nok folk og tar over.
    43'
  • Evjen spela ballen i bakrom mot Blomberg, men det er vanskeleg å slå Udogie i løpsduell når italienaren har eit par meter forsprang.
    44'
  • VG Live svarer
    Siri
    ELSK på nynorsk dekning av kampen! Slikt gjer ei enkel sjel lukkeleg!
    Takk, Siri. Det var kjekt å lese! Eg har forståing for at det er delte meininger, men ein kamp i ny og ne på nynorsk må vi koste på oss. God kamp!
  • Bodø/Glimt har spelt seg opp i denne omgangen, men det er Tottenham som har vore nærast. Det er ein ganske lukka kamp, med mykje spel og ballmissar midt på bana.
    45'
  • Tottenham får tildelt et hjørnespark
    Nikita Haikin rota ballen utover dødlinja. Forbanna på seg sjølv der, russaren. Slåast inn frå høgre.
    45'+1
  • Det er lagt til eit minutt.
    45'+1
  • Den landa på foten til Bissouma frå 16-meter, men spelaren frå Elfenbenskysten (som spela for Mali) skyt langt over.
    45'+1
  • Pause
  • Der er det over etter fyrste omgang. Tottenham er solide og gode defensivt, Bodø/Glimt har spelt seg opp, men slurva litt når dei fyrst får sjansen. Spennande å sjå korleis laga kjem ut i andre omgang!
  • VG Live svarer
    Piotr
    Så kan si spilleren Haikin som er født i Israel, men har spilt aldersbestemt for Russland også da. Hvis Bissouma blir nevnt slik. Strålende jobb gjør du uansett. Takk
    Det er eit godt poeng. Haikin har berre ein eksamen igjen før han kan få norsk statsborgarskap. Kanskje kan eg skrive nordmannen då? Vi tar ein slik keeper med norsk pass om vi kan!
  • 2. omgang
  • Etter eit mislukka forsøk på avspark er vi i gang på Aspmyra!
    46'
  • Solanke med eit godt raid på venstresida, får til slutt hjørnespark.
    47'
  • Tottenham får tildelt et hjørnespark
    Pedro Porro skal slå inn - igjen - frå venstre.
    47'
  • Den vert slått over alt og alle.
    47'
  • Tottenham gjentek presset frå starten av fyrste omgang - høgt og aggressivt.
    49'
  • VG Live svarer
    VG Live Bruker
    Jevnspilt? Ser du en annen kamp.
    Nei, eg håpa ikkje det. Det er lov med andre meininga.
  • Glimt spela seg ut med ein lang pasning opp i midtbaneleddet. Får etablert spel på Spurs' banehalvdel.
    50'
  • Bjørkan med eit litt langt touch, og Bentancour får klarert via backen til innkast.
    50'
  • Nære frå Glimt!
    Jens Petter Hauge slår nydeleg inn frå venstre. Der står Glimt-spelarane i kø, men Destiny Udogie får klarert like foran Høgh.
    51'
  • Tottenham får tildelt et hjørnespark
    Skal slå inn fra venstre, Porro.
    53'
  • Kasper Høgh vinn duellen - og det vert eit nytt hjørnespark.
    53'
  • VG Live svarer
    VG Live Bruker
    Hvordan har tempoet vært i kampen og hvordan takler TH banedekket på Aspmyra
    Det har dei takla meget bra!
  • Tottenham får tildelt et hjørnespark
    Porro skal slå inn frå høgre denne gong.
    54'
  • Hjørnesparket vert tatt kort til Kulusevski. Svensken slår inn langs bakken - nære å få til noko der.
    54'
  • Blomberg forsøka å slå kontra - men vert stoppa av Udogie.
    54'
  • VG Live svarer
    Magnus
    Flaut at Tottenham driver med kynisk uthaling av tid mot lille Bodø Glimt😃
    Fyrst og fremst smart! Dei er jo i leiinga.
  • Brede Moe missa på ein pasning fram mot Berg! Kulusevski spela rett til Richarlison, men han får ikkje kontroll på ballen inne i feltet. Slike feil har ikkje Glimt råd til å gjere.
    55'
  • Nydeleg Glimt-spel. Opp på Høgh som legg igjen med eit hælspark. Og så vert Hauge spelt gjenom, men dei får ikkje til det store på siste tredel. Opp-tilbake-gjennom, nett som ein lærte i barnefotballen!
    56'
  • Hauge ser etter Evjen inne sentralt - men pasninga kjem for seint, og treff berre ein gråkledd Spurs-spelar.
    57'
  • Blomberg har slitt med å få til det heilt store ute til høgre. Blitt eten opp av Udogie.
    58'
  • Det er eit godt innlegg! Fredrik Bjørkan slår nydeleg inn frå venstre. Der er Kasper Høgh, men Udogie kjem seg på riktig side og får klarert.
    59'
  • No gjere Kjetil Knutsen klar endringane.
    59'
  • Det same gjere Postecoglou!
    59'
  • Udogie kjem seg inn i Glimts 16-meter og forsøka eit innlegg. Det vert blokkert. Bentancour forsøka seg frå distanse, men aldri i nærleiken av noko.
    60'
  • Spillerbytte - Bodø/Glimt
    Inn: Sondre Sørli
    Ut: Ole Didrik Blomberg
    Ikkje fått til det heilt store, Blomberg.
    60'
  • Spillerbytte - Bodø/Glimt
    Inn: Andreas Helmersen
    Ut: Kasper Waarst Høgh
    Mannen som skapte furore i Roma kjem inn for Høgh som har slitt med lysken denne veka.
    60'
  • Spillerbytte - Tottenham
    Inn: Mathys Tel
    Ut: Richarlison
    Skal ut på venstrekanten, lynhurtige Tel.
    61'
  • Nydeleg av Bissouma som driv framover med ballen, men nok ein gong stoppar det på siste tredel.
    61'
  • Tottenham får tildelt et hjørnespark
    Glimt litt for overambisiøse i frispelinga. Vert hjørnespark til Tottenham. Tel skal slå inn frå venstre.
    63'
  • Mål for Tottenham!
    Bodø/Glimt 0 - 1 Tottenham
    Mål: Dominic Solanke
    Målgivende: Cristian Romero
    EIT NYDELEG HJØRNESPARK! Den vert slått inn på bakre stolpe. Christian Romero vinn duellen - og heada ned til Solanke - han sklir den inn frå halvanna meter. Strålande frå Spurs!
    63'
  • Den er tung for vertane. Kan dei kome tilbake frå det her?!
    64'
  • Kjetil Knutsen stirrar tomt ut på bana. Her må han finne på noko heilt spesielt.
    66'
  • Gult kort til Tottenham
    Guglielmo Vicario
    Får det for drøying av tid.
    66'
  • Spillerbytte - Tottenham
    Inn: Pape Matar Sarr
    Ut: Brennan Johnson
    68'
  • Alfons Sampsted er på plass og følgjer sine gamle lagkameratar. Han spelar til vanleg i engelske Birmingham.
    68'
  • VG Live svarer
    Lim
    Hvirket nesten som om du heier på tottenham når du skulle beskrive målet eller er det bare meg?
    Eg er berre veldig glad i gode mål på hjørnespark.
  • Mål for Tottenham!
    Bodø/Glimt 0 - 2 Tottenham
    Mål: Pedro Porro
    Målgivende: Dejan Kulusevski
    SPIKEREN I KISTA! Pedro Porro skal slå inn frå hjørnet av 16-meteren - den får ein retning Haikin aldri har sett føre seg - og går via stolpen og inn.
    70'
  • No skal det eit mirakel til i nord - for at ikkje Tottenham spelar Europa League-finale 21. mai.
    71'
  • Spillerbytte - Bodø/Glimt
    Inn: Villads Nielsen
    Ut: Brede Moe
    71'
  • Spillerbytte - Bodø/Glimt
    Inn: Sondre Auklend
    Ut: Ulrik Saltnes
    72'
  • VG Live Bruker
    Deilig! COYS!!!
  • Glimt har hastverk - og tempoet går opp i alt dei foretar seg.
    72'
  • Andreas Helmersen vert lagt i bakken av Christian Romero. Får frispark midt på bana.
    74'
  • Hauge stempler Romero - frispark til Tottenham - som brukar tid no.
    74'
  • Tottenham brukar mykje tid kvar gong dei har sjansen no.
    76'
  • Bjørkan driv framover. Passerer Kulusevski, men vert felt av Bissouma.
    77'
  • Glimt leiter etter rom - men Spurs er gode defensivt, dei dekkar rom - og er aggressive.
    77'
  • Bjørkan får ballen ute til venstre - men Kulusevski stormar i press. Vert innkast til Glimt, men backen får seg ein trøkk i mellomgulvet.
    79'
  • Hauge med ballen inne sentralt - mistar ball. Har ikkje hatt ein stor kveld, Hauge heller.
    79'
  • VG Live svarer
    Olly
    Bodø Glimt går aldri av banen uten å score mål
    Halvanna år sidan dei ikkje scora på Aspmyra.
  • Spillerbytte - Bodø/Glimt
    Inn: Isak Määttä
    Ut: Jens Petter Hauge
    84'
  • Dei treng friske bein no, Glimt. Ser litt sluttkøyrde ut.
    84'
  • God opprulling frå Glimt, men innlegget frå Sondre Sørli vert stoppa av Romero. Der var Glimt framme med mange gulkledde i Spurs' felt.
    85'
  • Bjørkan med ein nydeleg stikkar fram til Håkon Evjen. Indreløparen vert stoppa av Romero som får den ut til hjørnespark.
    86'
  • Bodø/Glimt får tildelt et hjørnespark
    Patrick Berg skal slå inn frå venstre.
    86'
  • Den vert klarert unna.
    86'
  • Glimt-supportarane reiser seg og hyller laget sitt. For eit eventyr det har vore med Bodø/Glimt.
    88'
  • Glimt har fylt opp med spelarar rundt boksen til Tottenham, men slit med å få ballen fram dit.
    89'
  • Bjørkan fram til Määttä, men Romero vert for sterk - og får den ut til femmeter.
    90'
  • Det vert altså Tottenham mot Manchester United i finalen. Dei raude djevlane leiar 7-1 samanlagt over Athletic.
    90'+1
  • Det er lagt til tre minutt på Aspmyra.
    90'+1
  • 5. oktober 2023 var førre gang Bodø/Glimt ikkje scora på Aspmyra i europeisk samanheng. Den rekka ser ut til å bli brutt no.
    90'+2
  • Helmersen får ein vanskeleg ball inne i feltet til Spurs, men klarer ikkje å få kontroll.
    90'+3
  • Så er det straffe til Bodø/Glimt!
    90'+4
  • Sondre Sørli vert spelt gjennom av Patrick Berg, og så går Sørli ned i duell med Porro. Spanjolen meiner at det ikkje er straffe - lat oss sjå kva VAR seier.
    90'+4
  • VAR-situasjon
    90'+4
  • Det var ein rask sjekk. Ingen straffe til Bodø/Glimt!
    90'+5
  • Det var det siste som skjedde her på Aspmyra.
    90'+5
  • Kampen er slutt
  • Bodø/Glimt har vore eit eventyr i Europa. Dei har skapa historie - men det vart for tøft mot Tottenham - som heilt fortent tek seg til finale. Der venter Manchester United! Reaksjona utover kvelden får du på VG utover kvelden.
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her