275
307
Hvem var banens beste?
Leonardo Rossi
43%
Peder Hoel Lervik
24%
Andreas Skjold
25%
Diedrick Bubahe
9%
129 stemmer
Hei og velkomen til livedekning av denne første runda i Noregsmeisterskapet og oppgjeret mellom Brattvåg og Hødd!
Det er to lag med mange oppgjer mellom seg siste åra som møtast på Brattvåg kunstgress i dag. Favoritten Hødd rykka opp frå 2. divisjon i fjor, medan heimelaget frå Haram kommune framleis befinn seg på nivå 3. Sidan 2013 har laga møttest 15 gongar. Her har det vore relativt jamt, med 8-1-6 i favør bortelaget frå Ulsteinvik.
Førre sesong vann Hødd begge oppgjera (3-1 heime og 2-0 borte). I NM-samanheng har dei møttest tre gongar, og her har faktisk Brattvåg avansert ved to av høva. Siste cupoppgjeret var i 2023, då eit mål av Sondre Beite i det 2. minutt var nok til at laget vann 1-0.
Dei største bragdene til Brattvåg i cupsamanheng i nyare tid kom i 2016 og 2023, då laget kom seg til 4. runde. I 2016 rauk dei 1-0 for Kongsvinger, medan det i forfjor blei heile 1-7-tap på heimebane mot Brann. Blant anna laga Bård Finne fire mål den kampen.
Hødd frå Ulsteinvik har på si side ei langt gjevare cuphistorie å vise til. Som kjent gjekk laget heilt til topps i 2012, då dei slo storfavoritten Tromsø på straffespark i finalen på Ullevaal. Ikkje akkurat ein liten prestasjon av laget som også då var i 1. divisjon.
Thomas Pedersen og Brattvåg har gjort unna to kampar i 2. divisjon hittil denne sesongen. Førre runde enda med eit knepent 3-4-tap for Brann 2, medan dei helga før vann 2-1 heime mot Sandviken.
Heimelaget gjer for øvrig nokre endringar på laget sidan sist kamp. Marius Refsnes, Oscar Solnørdal og Sami Kamel er alle ute av laget av ulike årsakar, medan Ulrik Syversen, Ruben Myers og Leonardo Rossi er inne i startellevaren.
Også Marius Bøe gjer nokre endringar på laget etter det skuffande heimetapet for Kongsvinger sist. Peder Hoel Lervik kjem inn for Marius Ulla i Hødd-målet, medan Robin Hjelmeseth, Fredrik Dimmen Gjerde og Andreas Waterfield Skjold er andre nye namn på laget. Den største overraskinga i troppa er at 2008-modellen Markus Teige Moltubakk befinn seg på benken. Stor stas for ungguten!
Kampen har startet
1'
Dagens domar er for øvrig Jan Morten Tennøy frå Nore Neset.
2'
Lang ball i bakrom mot Skotheim, men Henriksen kjem raskt ut og plukkar.
3'
Bra sjanse for Hødd! Skjold avsluttar på direkten etter innlegg frå Skotheim, men forsøket snik seg over mål.
3'
Brattvåg blir avblåst for offside
Leonardo Rossi
Rossi puttar ballen i mål etter fantastisk forarbeid av Bubahe, men blir umiddelbart avvinka for offside.
5'
Frisk start på kampen av Brattvåg sin nummer 21, Diedrick Bubahe.
7'
Ny stor sjanse for Hødd! Gjerde prøvar å curle ballen i lengste etter eit bra innlegg frå Skotheim, men forsøket snik seg like til side for mål.
8'
Frisk start på kampen! Begge lag har vore veldig angrepsvillige.
9'
Mål for Brattvåg!
Brattvåg 1 - 0 Hødd
Mål: Leonardo Rossi
Målgivende: Tobias Flem
Brattvåg går i føringa på eige kunstgras! Flem avsluttar knallhardt frå distanse, og sjølv om Hødd-keeper Lervik stoppar forsøket så sender han returen rett ut i farleg område. Der kjem målsniken Rossi og avsluttar kontant i nettet. 1-0!
9'
Hødd-keeper Lervik gjer for øvrig sin debut for Hødd i dag. 19-åringen er på lån frå Molde.
12'
Hødd får tildelt et frispark
Torbjørn Kallevåg
Skotheim blir felt bakfrå like utanfor kortsida av Brattvåg sin sekstenmeter.
13'
Endar med ein bra sjanse! Kallevåg tek frisparket kort til Skjold som bankar til på direkten. Rett på Henriksen, som også gir ein småfarleg retur før han får fanga kula igjen.
14'
God sjanse for Brattvåg! Ballen går gjennom Hødd-feltet og plutseleg får Bubahe kula i bra posisjon. Dessverre for heimefansen går skotet i nettveggen.
16'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Robin Hjelmeseth
Slår den lavt mot første stolpe. Henriksen gir til ny corner.
16'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Robin Hjelmeseth
Brattvåg får klarert.
17'
Brattvåg får tildelt et hjørnespark
Emil Dahle
Mulac stangar vekk inne i feltet.
20'
Elles kan vi nemne at Brattvåg-trenar Thomas Pedersen også har ei lita fortid i nettopp Hødd. Den tidlegare AaFK-spelaren var nemleg på lån her tilbake i 2007.
23'
Heimelaget har vist fantastisk energi i starten her. Hødd har rett nok skapt fleire store sjansar, men har også vore relativt utrygge bakover til tider.
24'
Fredrik Dimmen Gjerde ligg nede for Hødd etter eit samanstøyt. Stopp i spelet.
25'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Åsmund Roppen
Ut: Fredrik Gjerde
Gjerde må faktisk gje seg. Den unge og lovande 2006-modellen Åsmund Roppen kjem inn.
26'
Meget pent spel av Hødd. Nære på at Kallevåg finn Skjold i scoringsposisjon.
28'
Så er det Hødd som vil presse høgt. Bana i Brattvåg er relativt kort, så det passar ypperleg med aggressivt toppress her.
30'
Småskummelt. Ballen fyk gjennom heile Brattvåg-feltet, og det er ikkje langt unna at Visted når fram på den.
31'
Brattvåg får tildelt et frispark
Diedrick Bubahe
Blir teke kort.
32'
Hødd får tildelt et frispark
Torbjørn Kallevåg
Halvvegs inne på heimelaget sin halvdel. Blir slått inn i feltet, men Flem får klarert.
34'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Robin Hjelmeseth
Dett farleg ned i boksa, men ingen kjem til avslutning.
35'
Bra forsøk for heimelaget! Flem får ei pasning perfekt for skot, men sender forsøket like utanfor.
36'
Visted slår inn frå høgre etter ei gjenvinning, men Skjold sender det påfølgjande skotet høgt over mål. Svakt utnytta.
39'
Nok ein gong gode kombinasjonar frå Hødd. Like før Skotheim kjem seg fri med ballen inne i boksa.
41'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Åsmund Roppen
Blikstad kjem til ei slags avslutning, men Henriksen plukkar lett.
41'
Kallevåg med innlegg frå venstre, men nok ein gong fangar Henriksen ballen lett.
43'
Brukbar sjanse for bortelaget. Hjelmeseth får vendt opp inne i boksa, men skotet sender han over mål.
44'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Ola Visted
Blir teke kort, men Hødd kjem ikkje til avslutning.
44'
Visted med skummelt innlegg frå høgre, men Bubahe stangar unna.
45'+1
Pause
45'+3
Brattvåg leiar 1-0 etter dei første 45 minutta av denne 1. runde-kampen av Noregsmeisterskapet. Rossi putta ein retur bak Lervik i Hødd-målet allereie i det 9. minutt. Sjansemessig har nok Hødd vore kvassast, men Brattvåg har vist stor energi og skapt mykje trøbbel for førehandsfavoritten. No er det berre å glede seg til andre akt av dette dramaet!
No står laga klare igjen.
2. omgang
45'+1
Spillerbytte - Brattvåg
Inn: Sivert Solli
Ut: Leonardo Rossi
45'+1
Brattvåg får tildelt et hjørnespark
Endar med ingenting.
47'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Åsmund Roppen
Endar med utspel.
48'
Gult kort til Hødd
Mirza Mulac
Mulac tek ein for laget og pådreg seg eit gult kort i det Brattvåg er i ferd med å bryte gjennom.
49'
Brattvåg får tildelt et frispark
Fredrik Vinje
Blir chippa inn bakerst i feltet, og det er ikkje langt unna at Syversen får til ei avslutning.
49'
Nytoft blir spelt fri i bakrom, men klarer ikkje å få avslutta eller gitt vidare til ein medspelar. Nære på.
56'
Heimelaget med innlegg frå høgre. Forbi alle i feltet.
57'
Hjelmeseth får lagt inn frå høgre, men Bubahe er på plass inne i boksa og får rydda opp. Solid av 19-åringen med ei fortid i AaFK.
59'
Til tider ganske slapt det Hødd presterer her. Til tider mykje meir energi i heimelaget.
60'
Skjold kjem til avslutning frå utanfor boksa etter at Hødd vinn att kula.
61'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Andreas Televik
Ut: Isak Skotheim
61'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Daniel Brandal
Ut: Robin Hjelmeseth
61'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Åsmund Roppen
Forbi alle i feltet. Svakt slått av innbytar Roppen.
62'
Skummelt innlegg i boksa til Hødd. Bortelaget får klarert til corner.
64'
Brattvåg får tildelt et hjørnespark
Fredrik Vinje
Endar etter kvart med at Tveiten får avslutta, men bortelaget får blokkert. Bra press av heimelaget der!
64'
Vanskeleg å skjøne at det er Hødd som treng mål her utifrå spelet. Bortelaget ligg djupt og forsvarar seg, medan Brattvåg trillar ball og prøvar å finne opningane som skal gje 2-0.
66'
Grei sjanse for heimelaget. Tveiten får vendt opp og avslutta etter eit balltap frå bortelaget, men skotet går via eit bein og dalar berre ned i fanget til Hødd-keeper Lervik.
68'
Litt over 20 minutt att å spele. Framleis ingen sluttspurt frå bortelaget. Faktisk er Brattvåg nærare 2-0 enn Hødd er utlikning i augneblinken.
69'
Myers bankar til frå utanfor boksa, men skotet blir blokkert umiddelbart.
71'
Nære på 1-1! Målvakt Lervik slår eit uspel direkte i bakrom, og ballen sprett slik at Brandal kjem åleine igjennom. Frå spiss vinkel set han ballen på mål, men Henriksen reddar bra.
72'
Spillerbytte - Brattvåg
Inn: Noah Solskjær
Ut: Andreas Tveiten
Ole Gunnar Solskjær sin son Noah kjem inn. Han var for øvrig på prøvespel i Hødd før han gjekk til AaFK i si tid.
73'
Urnes kjem til avslutning frå langt hald, men Henriksen reddar enkelt.
75'
Nære på at Nytoft kjem åleine igjennom på nytt. Berre ei strålande takling frå Johansen hindrar at han kjem åleine med keeper.
75'
Ein Brattvåg-spelar ligg nede etter ein ettersleng.
76'
Brattvåg får tildelt et hjørnespark
Fredrik Vinje
Hødd får etter kvart klarert.
77'
Mål for Hødd!
Brattvåg 1 - 1 Hødd
Mål: Andreas Skjold
Målgivende: Daniel Brandal
Hødd utliknar i Brattvåg! Bortelaget sin nr 11 får ballen frå høgresida og plasserer den flott nede i hjørnet forbi Henriksen. Fortent ut i frå sjansestatistikken, sjølv om Hødd har vore svake etter kvilen.
79'
Spillerbytte - Brattvåg
Inn: Marco Sperre
Ut: Tobias Flem
80'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Åsmund Roppen
Endar med frispark til heimelaget inne i boksa.
82'
Dermed blei det ikkje noko innhopp på unge Aske for Hødd - enn så lenge. Har teke på seg overtrekken igjen.
83'
Målscorar Andreas Skjold er for øvrig ny i Hødd etter overgang frå Notodden. Han har også vore innom Strømsgodset tidlegare.
84'
Brattvåg kjem på ei kontring, men det avgjerande innlegget frå Solli går forbi alle.
85'
489 tilskodarar på Brattvåg kunstgress i dag. Dei har fått sjå ein artig kamp med mykje energi hittil.
86'
Roppen skal kaste langt. Endar berre med utspel etter kvart.
87'
Ein Brattvåg-spelar ligg nede etter ein duell. Får tilsyn.
88'
Heimefansen gjer sitt for å lage liv på tribunene i det det rungar "Heia Brattvåg" over tribuna.
90'
Litt meir avventande spelet no. Spørs om ikkje begge lag tenker at det skal bli ekstraomgangar.
90'+1
Brandal kjem seg fri bak Brattvåg-forsvaret, men vinkelen er så spiss at han berre sender skotet trillande forbi mål.
90'+2
Det er faktisk heimelaget som pressar på her.
90'+5
Pause
90'+5
Ekstraomgangar i Brattvåg! Heimelaget var klart best i 2. omgang, men det var altså Hødd som fekk scoringa og 1-1. No blir det 30 nye minutt med fotball her.
1. ekstraomgang
90'+1
Brattvåg imponerte verkeleg dei første 90 minutta, og det har ikkje vore lett å sjå divisjonsskilnaden på laga.
92'
Hødd får tildelt et frispark
Torbjørn Kallevåg
Slår hardt inn i boksa, men Henriksen boksar unna.
92'
Bra sjanse for heimelaget! Sperre speler presist inn til Nytoft som avsluttar på direkten utanfor boksa, men skotet snik seg like til side for stolpen.
94'
Gult kort til Brattvåg
Anders Nytoft
Nytoft misser ballen til Visted og ser seg nøydd til å felle han. Soleklart gult kort.
97'
Hødd får tildelt et frispark
Torbjørn Kallevåg
Blir slått inn i boksa der Henriksen både boksar ball og eigen spelar. Stølan blir liggande etter duellen.
97'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Åsmund Roppen
Henriksen får fingrane på den og får gitt til ny corner. Kunne fort ha snike seg inn, den.
98'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Går over alle i feltet.
99'
Brattvåg får tildelt et hjørnespark
Fredrik Vinje
Blikstad nikkar kula vekk.
100'
Mykje nesten for begge lag. Forarbeida er bra, men oftast stoppar det opp på siste tredjedelen.
102'
Nære på at Solli finn Dahle inne i boksa. Hødd får rydda opp.
105'
Hødd slår mykje langt når dei har utspel. Som regel har Brattvåg rydda bra opp.
105'+1
Pause
105'+1
Det står framleis 1-1 etter at første ekstraomgang er unnagjort. Einaste sjansen verdt å nemne var det heimelaget som stod for, men det enda altså utan scoring. No er det 15 minutt å gjere det på for dei som ikkje ønsker å måtte gjennom straffesparkkonkurranse.
2. ekstraomgang
105'+1
Spillerbytte - Hødd
Inn: Oliver Eliassen Aske
Ut: Andreas Skjold
Så kjem unge Aske inn til slutt. Erstattar Skjold, som både har scora og moglegens vore Hødd sin bestemann.
105'+1
Spillerbytte - Brattvåg
Inn: Adrian Ugelvik
Ut: Emil Dahle
105'+1
Spillerbytte - Brattvåg
Inn: Marius Refsnes
Ut: Sivert Solli
Solli, som kom inn etter 1. omgang, går altså ut igjen.
105'+1
Veldig nære for innbytar Aske. Får med seg ballen inn bak Brattvåg-forsvaret, men får aldri den plassen han treng til å få avslutta skikkeleg. Henriksen får til slutt tak i kula.
109'
Gult kort til Hødd
Tage Johansen
Blir nonchalant med ballen og endar dermed med å måtte rive ned motspelar etter å ha rota vekk ballen.
110'
Brattvåg får tildelt et frispark
Fredrik Vinje
Endar med ei heading som går ufarleg over.
110'
Aske får ballen i god posisjon igjen, men klarer ikkje å skaffe seg nok plass til å få avslutta.
112'
Spillerbytte - Brattvåg
Inn: John Norvik
Ut: Diedrick Bubahe
God kamp av unge Bubahe, sjølv om han ikkje var like mykje med offensivt etter 1. omgang.
112'
Brattvåg får tildelt et frispark
Noah Solskjær
God posisjon. 18-19 meters hald. Litt skrå vinkel. Innøvd variant som endar med at Solskjær skrur ballen rundt muren. Skotet går derimot ufarleg midt på mål.
113'
Roppen skal kaste langt.
115'
Kastet sprett gjennom feltet, men ingen i kvitt kjem på den.
116'
Eit lite Hødd-press endar med at Roppen avsluttar ufarleg rett på Henriksen.
117'
Hands på ein Hødd-spelar og frispark til heimelaget. Har denne kampen fleire sjansar i seg, eller blir det straffespark?
120'
Heimelaget får rydda vekk eit innlegg frå Roppen, men ballen går berre ut i feltet der Kallevåg bankar den høgt over mål. Svakt skot av den elles så solide veteranen.
120'+1
Pause
120'+1
Det blir straffesparkkonkurranse i Brattvåg! Hødd var meir vasse denne omgangen, men til trass for nokre brukbare moglegheiter kom dei ikkje til skikkelege sjansar. Brattvåg forsvarte seg godt. No blir det spanande å sjå kva for spelarar som har mest is i magen i det dei skal avslutte frå ellevemeterane. Heng med!
120'+1
Straffesparkkonkurranse
120'+1
Hødd scorer på straffe!
Brattvåg 0 - 1 Hødd
Mål: Peder Hoel Lervik
Hødd-keeperen tek faktisk første straffe, og set den!
120'+1
Brattvåg scorer på straffe!
Brattvåg 1 - 1 Hødd
Mål: Noah Solskjær
Solskjær sender keeper feil veg og scorar sikkert.
120'+1
Hødd scorer på straffe!
Brattvåg 1 - 2 Hødd
Mål: Eirik Blikstad
Set den sikkert i mål!
120'+1
Brattvåg scorer på straffe!
Brattvåg 2 - 2 Hødd
Mål: Fredrik Vinje
Vinje set den via tverrleggaren, i bakken og i mål. Vakkert, men småskummelt. 2-2!
120'+1
Hødd scorer på straffe!
Brattvåg 2 - 3 Hødd
Mål: Tage Johansen
120'+1
Brattvåg bommer på straffe!
Ruben Kolseth Myers
Myers breisidar ballen over mål!
120'+1
Hødd scorer på straffe!
Brattvåg 2 - 4 Hødd
Mål: Halvard Kvamme Urnes
Urnes sender keeper feil veg. Sikker straffe.
120'+1
Brattvåg scorer på straffe!
Brattvåg 3 - 4 Hødd
Mål: Oskar Stølan
Måtte score, og avslutta straffa raskt i mål.
120'+1
Hødd scorer på straffe!
Brattvåg 3 - 5 Hødd
Mål: Torbjørn Kallevåg
Henriksen er etter den, men skotet er for bra plassert og fyk i mål. Hødd er vidare til neste runde!
120'+1
Kampen er slutt
120'+1
Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ei fin påske vidare!