1-0
1-1
Hall22'
2-1
Author avatar

Ble dekket av Andreas Hopen

    Velkommen til dekningen av lørdagens Premier League-godbit.
    For ein rysare det her kan bli!
    Det er ligaens beste heimelag Manchester City som tek imot et Newcastle-lag som har trøbla på bortebane denne sesongen. På tretten forsøk har berre tre kamper enda med siger for gjestane frå nordaust.
    Manchester City på si side har berre tapt ein gong på heimebane i Premier League denne sesongen. Ellers har det blitt ti seira, to uavgjort og berre åtte baklengsmål.
    VG Live svarer
    Lasse
    Når kommer lagoppstillingen?
    Kvart på åtte!
    Dette oppgjeret såg vi også i januar. Då målte dei krefter i semifinalen i Ligacupen. Manchester City vann dobbeltoppgjeret 5-1 samanlagt.
    VG Live svarer
    Ketil Moen
    Har Haaland noen gang scora mot Newcastle?
    Ja, men berre ein gong. I august 2022. Etter det har det blitt to målgivande på dei siste åtte kampane.
    VG Live svarer
    Markus
    Tenker du at Man City kommer til å ha god kontroll på matchen i dag, eller tror du Newcastle kan by på noen utfordringer i dag?
    Eg trur Manchester City kjem til å dominere banespelet - og så vil Newcastle prøve å straffe dei på overganger - og det kan Elanga og Gordon få til!
    Newcastle hadde ein lang bortetur til Qarabag i midtveka. - Vi har prøvd å ikkje dvele for mykje ved det. Vi har heller fokusert på den gode prestasjonen, vi har ingen unnskyldninger, seier Eddie Howe om midtveka.
    VG Live svarer
    Petter
    Håper dette blir en målrik kamp. Trenger det etter 0-0 kampen i sted
    Då er vi to, Petter!
    Laga er kome ut på bana - no nærmer det seg. Håper på eit voldsomt køyr frå start!
    Kampen har startet
    Manchester City får tildelt et hjørnespark
    Dias vender nydeleg over til Ait-Nouri - backen banker den inn langs bakken, men det blir klarert til hjørnespark.
    2'
    Blir ikkje noko ut av den, men City biter seg fast.
    3'
    Burn er ute og får klarert til nytt hjørnespark.
    3'
    Manchester City får tildelt et hjørnespark
    Bernardo Silva skal slå inn frå høgre.
    3'
    Tas kort - og det ender opp med enda eit hjørnespark.
    3'
    Manchester City får tildelt et hjørnespark
    Frå høgre.
    4'
    Nok ein kort variant. City får ikkje den inn, men held oppe presset.
    4'
    Semenyo slår inn knallhardt langs bakken, men den går forbi alle i feltet. Ait-Nouri fortsetter oppbygginga til venstre.
    4'
    Willock setter fart langs venstrekanten. Ender i ein skulder mot skulder-duell som engelskmannen taper stort mot Matheus Nunes.
    7'
    Lang ball opp mot Haaland, men Burn vinn duellen.
    8'
    Gult kort til Newcastle
    Dan Burn avatarDan Burn
    Haaland og Burn i en voldsom brytekamp. Burn river nordmannen overende. Den kom tidleg.
    9'
    City med nok ei bølge - men Newcastle jobba iherdig heim.
    12'
    Forsøk på å spele fri Ait-Nouri i 16-meteren, men for upresist og Pope overtar.
    12'
    Mål for Manchester City!
    Manchester City 1 - 0 Newcastle
    Nico O Reilly avatar
    Mål: Nico O Reilly
    Målgivende: Omar Marmoush
    City vinn duellane i lufta på midtbana. Marmoush får den med seg opp mot 16-meteren. Spela på tvers til O´Reilly som banker til frå 16-meteren - via Popes hanske og i nettmaskene.
    14'
    God sjanse!
    Newcastle er farlege på overganger - og det viser dei. Gordon skrur på turboen - og får avslutta frå venstre inne i 16-meteren, men Donnarumma redder.
    17'
    VG Live svarer
    Andreas
    O Reilly må vell være første Guardiola har skapt på egenhånd, de andre gode spilleren har han jo kjøpt
    Tja. Cole Palmer , Yan Cuoto og Morgan Rogers er vel eksempler på andre som har kome opp frå akademiet under Guardiola. Rodri var ikkje akkurat ei verdsstjerne då han kom for sju år sidan.
    Manchester City får tildelt et hjørnespark
    Frå høgre. Takast kort.
    20'
    Vert slått inn i etterkant. Pope bokser unna. Nytt hjørnespark.
    20'
    Manchester City får tildelt et hjørnespark
    Denne gong frå venstre.
    20'
    Takast kort - og ender i overgang andre vegen.
    20'
    Elanga setter på turboen - ender med hjørnespark - via Ait-Nouri.
    21'
    Newcastle får tildelt et hjørnespark
    Frå høgre.
    21'
    Takast kort før Trippier slår inn. Thiaw vinn duellen etter innlegget. Donnarumma får den over tverrliggeren og nok eit hjørnespark.
    21'
    Newcastle får tildelt et hjørnespark
    Tonali frå venstre.
    22'
    Mål for Newcastle!
    Manchester City 1 - 1 Newcastle
    Lewis Hall avatar
    Mål: Lewis Hall
    Målgivende: Jacob Ramsey
    Aiaiai! Hjørnesparket ser mislykka ut - men Ramsey fårspelt den ut til Hall i returrommet. Backen skyt via ryggen til Ait-Nouri og i nettet!
    22'
    VAR-situasjon
    Skal sjekkast for offside inne i feltet. Eg trur denne står.
    23'
    Den står!
    23'
    Mål for Manchester City!
    Manchester City 2 - 1 Newcastle
    Nico O Reilly avatar
    Mål: Nico O Reilly
    Målgivende: Erling Braut Haaland
    O'Reilly i fyr og flamme - og sjå på Haaland! Haaland får den i bakrommet - og han løfter den inn på bakre stolpe. Der stanger O'Reilly den lekkert tilbake. Nydeleg!
    27'
    Lucas
    Dette er en spennende kamp
    Tre mål på under ein halvtime. Dette har vi fortent etter den 18:30-kampen.
    31'
    Sandro Tonali har fått seg ein smell i kneet. Det er krise for Newcastle som allereie har Bruno Guimaraes ute med skade.
    32'
    VG Live svarer
    Petter
    Jaggu ble det fartsfylt og målrikt
    Heilt etter planen vår, Petter!
    Tonali er tilbake på bana.
    33'
    Haaland høgt oppe med ein arm og treff Thiaw i ansiktet i ein duell. Frispark mot jærbuen.
    33'
    Nære hattrick
    Aiaiai. Guehi med ein lekker ball til Marmoush. Egyptaren har lurt offsidefella - og slår på tvers inn på femmeteren. Der kjem O'Reilly i store klyv, men engelskmannen kjem litt for seint, og sender den like til sidan for stolpen. For ein sjanse!
    37'
    City ser så komfortable ut. Samhandlinga er der - løpa stemmer. Det ser meget bra ut med ball.
    38'
    Men Newcastle kjem på kontra. Elanga med turboen, spela fri Gordon - som legg igjen til Willock, men avslutninga er for veik. Donnarumma redder enkelt.
    39'
    Gult kort til Manchester City
    Ruben Dias avatarRuben Dias
    Slit med farta til Gordon på overgang. Strålande initiativ frå Gordon som får frisparket.
    41'
    Burn får nettsus - men flagget kjem.
    42'
    City setter linja høgt - Tonali slår presist inn. Donnarumma bommer fullstendig - og Burn stanga inn utligninga, men det ser ut som han er offside.
    42'
    Newcastle blir avblåst for offside
    Og det bekrefta dommar no!
    43'
    VG Live svarer
    Ruben
    E det lov å skubbe folk i offside?
    Burde ikkje vore - men slikt vert aldri slått ned på.
    VG Live svarer
    VG Live-bruker
    Kan du skrive på bokmål eller?
    Jepp. Men i dag valde eg nynorsk.
    Ramsey med nydeleg ball i bakrom til Elanga. Guehi heng godt med, og Newcastle får ikkje noko ut av det.
    44'
    Der City er strålande gode offensivt - så ser ikkje det like bra ut bakover. Her bør Newcastle ha gode sjansar for ei scoring eller to til.
    44'
    Haaland viser muskla mot tre Newcastle-spelarar. Kjem seg til avslutning frå 17-18 meter, men skotet med høgrefoten går like utanfor.
    45'
    Lagt til fem minutt.
    45'+1
    VG Live svarer
    Sander
    Har OReilly på banken på Fantasy jeg 😔
    Tunge tak, Sander. Føler med deg.
    Den såg eg i goalen. Marmoush får mykje rom og set fart mot 16-meteren. Banker til, heilt upressa, frå 20 meter, men skotet går ein meter til side for mål.
    45'+3
    City på overgang denne gong!
    45'+5
    Marmoush vert spelt fri ute til venstre. Drar seg inn for å avslutte, men hamner i duell - får til slutt krangla seg til ei avslutning, men den redder Pope. Var kanskje hands på Marmoush der også.
    45'+5
    Då er det pause!
    45'+6
    Det har vore ein fartsfyllt omgang - der O'Reilly er kampens store spelar til no. Her trur eg vi nærast kan garantere fleire mål når laga kjem ut frå garderobane!
    45'+6
    Pause
    Kjøpte meg ein sjokolade i pausen her. Kva gjekk eg for?
    Twix
    18%
    Melkesjokolade
    30%
    Snickers
    33%
    New Energy
    19%
    1003 stemmer
    2. omgang
    Spillerbytte - Manchester City
    Abdukodir Khusanov avatarRuben Dias avatar
    Inn: Abdukodir Khusanov
    Ut: Ruben Dias
    46'
    VG Live svarer
    Stolt freia elsker
    Alt annet en freia melkesjokolade er feil.
    Gjekk for Freia melkesjokolade ja. Prima vare. God spredning i poll-svara.
    Lewis Hall slår inn frå venstre - og vil ha straffespark for ein hands. Spelet går vidare - så får vi sjå - når ballen går ut av spel.
    47'
    Gult kort til Newcastle
    Joseph Willock avatarJoseph Willock
    Får det for holding på midtbana.
    48'
    Gult kort til Manchester City
    Bernardo Silva avatarBernardo Silva
    Portugisaren er heilt ueinig. Det blir for dumt. Den er heilt grei - og vi går vidare.
    50'
    Bernardo Silva måker inn i Dan Burn like etterpå. Lager frispark. Skal passe seg no, City-kapteinen.
    51'
    God posisjon for innlegg for Newcastle.
    52'
    Hall går for skotet i staden - det går ikkje. Like til sida for nærmaste stolpe. Donnarumma har god kontroll.
    52'
    Affen
    Silvia burde hatt raudt kort.
    Newcastle kjem på ny. Hall slår inn frå venstre, men den blir for høg og går over alt og alle.
    54'
    Semenyo driver framover nesten ein heil banehalvdel. Nydeleg vending først og strålande driv. Kjem seg til avslutning med venstra frå 20 meter. Skotet er alt for svakt.
    54'
    Ny duell mellom Burn og Haaland. Sistnevnte går i bakken nede ved sidelinja - og får frispark. Marmoush vil ha Burns andre gule, men får ikkje medhald.
    55'
    Cherki står klar.
    56'
    Då kjem byttet.
    57'
    Spillerbytte - Manchester City
    Rayan Cherki avatarOmar Marmoush avatar
    Inn: Rayan Cherki
    Ut: Omar Marmoush
    58'
    Joelinton og Barnes gjere seg klar for Newcastle også.
    58'
    Bernardo Silva med stygg ballmiss på midtbana. Gordon set fart, men mister.
    59'
    Bernardo Silva bør Guardiola vurdere å ta av.
    59'
    Spillerbytte - Newcastle
    Joelinton avatarNick Woltemade avatar
    Inn: Joelinton
    Ut: Nick Woltemade
    Svak kamp av tyskaren.
    60'
    Spillerbytte - Newcastle
    Harvey Barnes avatarJoseph Willock avatar
    Inn: Harvey Barnes
    Ut: Joseph Willock
    60'
    Gult kort til Newcastle
    Harvey Barnes avatarHarvey Barnes
    Tok ikkje lange tida! Prøva å bytte drakt med Nunes der.
    62'
    Elanga køyrer kontra - og det ser meget lovande ut då han vert spelt i bakrom. Går inn i feltet mot Ait-Nouri, men sistnevnte leverer til tjue i stil og ordner femmeter. Vore glitrande i dag, Ait-Nouri.
    63'
    God City-overgang. Haaland drar seg inn i duell med Tonali. Spela til Cherki som skuffa den vidare til Semenyo. Avslutninga frå sistnevnte går derimot rett på Pope.
    64'
    Glitrande av Ait-Nouri - som susa oppover venstresida. Vert stoppa.
    64'
    Gult kort til Newcastle
    Kieran Trippier avatarKieran Trippier
    Bomma heilt på taklinga av Ait-Nouri. Rett i boka.
    65'
    Newcastle flytta alle opp på eit frispark frå midtbana. Vinn dei første to duellane, men City får til slutt klarert unna. Det er shaky i forsvar frå vertane!
    68'
    VG Live svarer
    Braut
    Konsentrer deg om fotball,ikke sjokolade😨
    Fokuset er på kampen! Men må lov å unne seg ein liten godbit.
    No kjem City igjen!
    69'
    Semenyo i fint driv framover. Den ender til slutt hos O'Reilly, men klarer ikkje å kapitalisere på posisjonen sin inne i feltet.
    69'
    Så kjem Newcastle på kontra - men Khusanov får avverga i siste liten.
    70'
    Haaland nede som midtstoppar no. Newcastle jaga utligning.
    71'
    Khusanov får klarert ut til innkast - då kan City puste litt. Kanskje kjem Haaland seg over midtstreken også.
    71'
    Haaland kjem seg til avslutning frå 16 meter, men den vert blokkert.
    72'
    Elanga slår inn frå høgre. Via Ait-Nouri og ut til hjørnespark.
    73'
    Newcastle får tildelt et hjørnespark
    Frå høgre. Hall og Elanga står klare.
    73'
    Elanga krevde å få ta hjørnesparket. Det vart ikkje all verden. Kanskje la Hall ta det neste gong.
    74'
    Gordon i bakrom - men Haaland følger etter og får den ut til hjørnespark.
    74'
    Newcastle får tildelt et hjørnespark
    Frå høgre. Hall denne gong.
    75'
    Tar den kort til Trippier. Han banker den inn, men ender til slutt i armane til Donnarumma.
    75'
    Haaland prøva seg mot heile Newcastle-forsvaret. Kjem seg forbi to - men så er det stopp. Kvar er resten av City-laget? Veldig svakt kvarter frå vertane no.
    76'
    Joelinton får løsna skot frå 20 meter, men det går til side.
    77'
    Spillerbytte - Newcastle
    Jacob Murphy avatarAnthony Elanga avatar
    Inn: Jacob Murphy
    Ut: Anthony Elanga
    78'
    Spillerbytte - Newcastle
    William Osula avatarAnthony Gordon avatar
    Inn: William Osula
    Ut: Anthony Gordon
    78'
    VG Live svarer
    Tissitussi
    Spara Haaland på kruttet til VM mon tru?
    Han jobba godt i dag! Problemet er at han stort sett må jobbe rundt egen 16-meter..
    Newcastle treff godt med toppresset sitt. Tvinga City til å spele bakover.
    79'
    Men så er det nydeleg spel frå City. Opp på feilvendt Cherki som trer perfekt gjennom til Ait-Nouri som har eit hav av plass å springe i. Men inne i 16-meteren kløna backen det litt til - og Newcastle overtar.
    80'
    City fortsetter å sette linja høgt på defensive frispark. Misser kontroll igjen - men Dan Burn får ikkje til ei skikkeleg heading. Hasardiøst frå vertane!
    81'
    Minna om det. Haaland har ikkje scora mot Newcastle sidan august 2022.
    82'
    City held i ball no - det er nok kjærkomment.
    84'
    Så prøva dei å spele seg opp på motsatt banehalvdel - og mista ballen med ein gong.
    84'
    Semenyo blir felt av Joelinton midt på bana. Får seg ein trøkk, Semenyo.
    85'
    Joelinton rasande etter han lager nok eit frispark. Cherki som går ned i duellen - og eg kan forstå frustrasjonen til brasilianaren.
    86'
    Spillerbytte - Manchester City
    Phil Foden avatarAntoine Semenyo avatar
    Inn: Phil Foden
    Ut: Antoine Semenyo
    Var frisk før pause - men har forsvunne heilt etter pause.
    87'
    Gult kort til Newcastle
    Joelinton avatarJoelinton
    Laga sitt tredje frispark på få minutta. Då er det rett i boka for innbyttaren. Arm i ansiktet på Rodri denne gongen.
    89'
    Nydeleg lagt igjen frå Haaland etter eit langt oppspel. Held oppe tempoet - og ballen ender til slutt hjå Foden som skyt - men det vert blokkert.
    90'
    Stor Haaland-sjanse!
    Erling Braut Haaland blir spilt fri aleine med Nick Pope. Engelskmannen rykker ut - og gjere seg stor. Returen sett Foden rett på sisteskansen. Store sjansar no!
    90'+1
    Det er lagt til fire minutt.
    90'+1
    Stor sjanse!
    Lang ball opp frå Trippier. Joelinton vinn duellen - og den lander hos Barnes som banker til. Men Donnarumma redder.
    90'+4
    Hjørnespark og Pope har gått opp!
    90'+5
    Newcastle får tildelt et hjørnespark
    90'+5
    Pope i duellen med Donnarumma, men sistnevnte vinn den.
    90'+5
    Så er det slutt!
    90'+5
    Kampen er slutt
    For eit drama!
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her