0-1
1-1
1-2
2-3
Supporterfordeling på VG
945
732
Author avatar

Ble dekket av Andreas Hopen

    Vi kan starte dagens live med føresetnadane for dagens kamp. Etter å ha starta med tre strake sigra har det berre blitt eitt poeng på dei siste kampane for Aston Villa. Likevel ligg Birmingham-laget på 9.-plass med ti poeng.
    RB Leipzig på si side har fått det frykteleg tungt i Champions League denne hausten. Nusas lag ligg tredje sist på tabellen med 0-0-5 så langt. Null poeng og -6 i målskilnad. Det betyr at dei berre er det nest beste Red Bull-laget i turneringa - tre poeng bak RB Salzburg.
    Leipzig har hatt ein turbulent haust og det har vore spekulert om Marco Roses framtid. Dei to siste kampane har det derimot blitt to sigra og sju scora mål. Der har også Benjamin Sesko vakna til liv igjen.
    Den tyske avisa Bild har sjekka ut moglegheita for avansement for RB Leipzig. Vinn det tyske laget sine tre siste kampar er det 69 prosent sannsyn for avansement.
    Aston Villa på si side tok sin andre siger på rad denne helga. Då var det Southampton som vart slått 1-0 etter scoring frå Jhon Duran. Villa ligg på sjetteplass i Premier League, to poeng bak Manchester City på fjerdeplass.
    RB Leipzig har fleire sentrale spelarar ute med skade før dagens kamp. David Raum har vore ute i to månader med ein ankelskade. Det same gjeld Xavi Simons. Eljif Elmas og Yussuf Poulsen har begge vore ute ein snau månad med kvar sin lårskade. I tillegg er Castello Lukeba ute med ein hamstringskade, men stoggaren var uansett ute med gule kort til denne kampen.
    VG Live svarer
    VG Live-bruker
    Sjelden dere kommenterer villa kamper i ch leage Andreas Hopen
    Det måtte vi gjere noko med i kveld!
    Scorer Nusa i kveld?
    Ja!
    68%
    Nei!
    24%
    Nusa? Hva med Matty Cash? Up the Villa!
    8%
    426 stemmer
    McGinn og Orban står i tet når laga skal entre graset i Tyskland.
    Eg har satt opp Leipzig i 4-2-2-2. UEFA har satt dei opp i 3-4-3 med Nusa som vingback. Så får vi sjå kva som er riktig.
    Aston Villa stiller i alle fall i sin vanlege 4-2-3-1. I dag med Matty Cash som høgrekant.
    Kampen har startet
    Vi er i gang på Red Bull Arena!
    1'
    Det er gjestane som starta med ballen. Leizpig offensive i presset!
    1'
    Antonio Nusa spelar gjennom Benjamin Sesko med ein lekker stikkar, men slovenaren sett den til side for mål. God sjanse!
    1'
    Mål for Aston Villa!
    RB Leipzig 0 - 1 Aston Villa
    John McGinn avatar
    Mål: John McGinn
    Målgivende: Ollie Watkins
    Nydeleg spel av gjestane! Rogers drar seg nydeleg fri før han spelar ut til Cash. Den polske landslagsbacken slår fint inn til Watkins som headar ned til John McGinn. Skotten er sikker frå 6-7 meter og dunkar inn 1-0.
    3'
    For ein kalddusj for vertane!
    4'
    Det ser ut som Leipzig spela 4-2-2-2 som forventa.
    5'
    Baumgartner for hardt i ryggen på Tielemans. Frispark på eigen banehalvdel for gjestane.
    5'
    Aston Villa held i ballen. Leitar etter romma.
    7'
    Nydeleg spelt av Tielemanns og McGinn. Ender opp med eit innleg. Den passerer Watkins og enda hos Matty Cash. Backen avsluttar, men det vert blokkert.
    8'
    Aston Villa får tildelt et hjørnespark
    McGinn skal slå inn frå høgre.
    8'
    Hjørensparket vert tatt kort. McGinn får igjen og avsluttar frå 14-15 meter. Går langt utafor mål.
    8'
    RB Leipzig er altså nødt til å vinne i dag - viss dei skal ha eit håp om å gå vidare.
    10'
    Skudd på mål, Aston Villa
    Slurv frå vertane! Morgan Rogers får ballen med 25 meter til mål. Tar med seg ballen og avsluttar, men Gulacsi har kontroll. Men Leipzig må opp med kvaliteten.
    11'
    Frispark til Aston Villa 40 meter frå mål. Skal slå den inn. Linja står på 20 meter.
    11'
    Rogers tar den kort. Vert kast for gjestane. Skal Digne kaste langt?
    11'
    Nei, tar den kort. Villa held i ballen.
    13'
    McGinn får med seg Digne. Villa farlege no.
    13'
    Watkins finn Tielemans i neste sekvens. Belgiaren skyt utanfor. Godt angrep frå gjestane.
    13'
    VG Live svarer
    Ulrik
    Har nusa vert god?
    Var frisk då han spelte fri Sesko i opninga. Sett lite til han etterpå - Villa har hatt ballen nesten samtlege minutt.
    Nusa involvert. Ein mot ein mot Cash, men må vende heim igjen, nordmannen.
    15'
    Nusa får slått inn, men den går heilt inn til Emiliano Martinez.
    16'
    Aston Villa har hatt uforskamma god kontroll på kampen så langt. Sesko hadde ein sjanse heilt i starten, men etter det har alt handla om gjestane.
    17'
    Nusa får litt rom på midten. Passerer Tielemans som ikkje ser anna råd enn å felle nordmannen. Frispark, Leipzig.
    20'
    Skal slå den inn frå 40 meter, Seiwald.
    21'
    Tar den kort til Vermeeren. Midtbanespelarens forsøk er svakt - mot to mann i offside.
    21'
    Leipzig med forsøk mot Openda i bakrom, men pasningen er for kort. I staden vert det frispark motsatt veg når Watkins vert felt.
    22'
    Ballen ender hos Digne ute til venstre. Franskmannen lobber ballen lekkert over Henrichs som lager frispark. God innleggsposisjon for Villa. Tielemans skal slå inn.
    23'
    Innlegget er for lavt. Openda headar ut til hjørnespark.
    24'
    Aston Villa får tildelt et hjørnespark
    Tielemans skal slå frå venstre.
    24'
    Innlegget vert stussa vidare. Matty Cash får avslutta, men det ender med femmeter.
    25'
    Nusa har slitt med å passere Cash så langt.
    27'
    Oioioi!
    27'
    Mål for RB Leipzig!
    RB Leipzig 1 - 1 Aston Villa
    Lois Openda avatar
    Mål: Lois Openda
    Målgivende: Nicolas Seiwald
    Kva er det som skjer der då!? Seiwald slår langt i bakrom. Pau Torres og Ezri Konsa lar ballen sprette. Martinez er på halvdistanse og Lois Openda snik seg mellom, passerer keeper og utliknar i det opne målet!
    27'
    VG Live svarer
    Lasse
    Hvor ser. Man kanpen ?
    Den går på TV 2 Sport Premium.
    VG Live svarer
    Sinna bokmåls Lærer
    Kan du skrive på bokmål, blir forvirret her
    Det kan eg, men i dag vert det nynorsk.
    Tielemans med ein nydeleg ball gjennom til Watkins, men sistnemnde brukar armane for å kvitte seg med Geertruida. Då vert det frispark til vertane.
    30'
    Rogers er nære å danse seg forbi Orban, men vert stoppa i siste sekund. No kan Leipzig slå kontra.
    32'
    Det klarer dei ganske bra. Henrichs avsluttar, via eit Villa-bein og ut til hjørnespark.
    32'
    RB Leipzig får tildelt et hjørnespark
    Hjørnespark frå venstre. Seiwald skal slå inn.
    34'
    Den vert slått inn på fyrste stolpe, men vert heada unna. Returen vert blåst himmelhøgt over.
    34'
    VG Live svarer
    Jhon Duran
    Villa har vert svake i premier league i det siste, men ok resultater i Champions League. Virker de på igjen i dag?
    Dei var veldig gode fyrste tjuefem minutta. Etter utlikninga har det derimot vore jamnt.
    Brage Eikevik-Rue
    Elske at du helde pao nynorsken.
    Skudd på mål, Aston Villa
    Morgan Rogers spelar Cash nydeleg forbi Nusa til Cash. Sistnevnte får avslutta, men Gulacsi får den ut til hjørnespark.
    35'
    Aston Villa får tildelt et hjørnespark
    McGinn skal slå inn, men den er for lav og vert klarert.
    36'
    Nusa hardt pressa på venstrekanten. Får ordna eit innkast. Kunne ikkje få til noko betre der, nordmannen - som har hatt vanskelege arbeidsvilkår så langt.
    36'
    Litt rolegare periode no.
    39'
    Nusa passerer Cash på lekkert vis, men Kamara kjem inn i sikring, og kantspelaren må snu.
    40'
    RB Leipzig aggressive i presset no. Vinn stadig ballen tilbake på gjestanes banehalvdel.
    41'
    Nusa og Openda kombinerer fint. Nordmannen får avslutta inne i feltet, men den vert blokkert.
    41'
    Så sit den i andre enden!
    41'
    Men Ollie Watkins er offside.
    41'
    Gult kort til Aston Villa
    Lucas Digne avatarLucas Digne
    41'
    Villa slo kontra like etter Nusa-sjansen. McGinn spelte Watkins lekkert gjennom. Aleine med Gulacsi var engelskmannen sikker, men ballen hadde knapt passert streken før flagget var oppe.
    42'
    Skudd på mål, Aston Villa
    Ollie Watkins farleg frampå på ny! Vert lekkert spelt gjennom. Geertruida halsa etter, men spissen skyt før han når fram. Skuddet går langs bakken. Gulacsi redder.
    44'
    RB Leipzig får tildelt et hjørnespark
    Openda er i offside når han blir spelt gjennom, men flagget er aldri oppe. Innlegget vert blokkert ut til hjørnespark i staden.
    45'
    Seiwald slår inn, men den vert klarert unna.
    45'
    Tjue sekund igjen av det eine tillagte minuttet.
    45'+1
    Pause
    1-1 er resultatet til pause. Nusa med ein nydeleg pasning til Sesko som leverte kampens første sjanse. Etter det var det 26 minutt med dominans frå gjestane. John McGinn sendte Villa foran, før ei kjempetabbe frå Konsa og Martinez ga Openda sjansen til å kvittere.
    VG Live svarer
    VG Live-bruker
    Kan ikke huske du skriver på nynorsk Andreas Hopen?første gangen?
    Det er berre andre gong, men kjekt å variere litt!
    Det vert gjort bytte i pausen. Watkins er ikkje på bana før andre omgang byrjar.
    2. omgang
    Spillerbytte - Aston Villa
    Jhon Duran avatarOllie Watkins avatar
    Inn: Jhon Duran
    Ut: Ollie Watkins
    46'
    Spillerbytte - RB Leipzig
    Kevin Kampl avatarAmadou Haidara avatar
    Inn: Kevin Kampl
    Ut: Amadou Haidara
    46'
    Eit bytte på kvart av laga, så får vi sjå om RB Leipzig kan ta sigeren - og behalde håpet om avansement, eller om Aston Villa kan ta eit stort steg mot sluttspel på nyåret.
    46'
    Aston Villa får tildelt et hjørnespark
    Digne slår inn - får hjørnespark.
    47'
    Tielemans skal slå inn.
    47'
    Ender til slutt hos Cash som slår inn. Duran får tak i kula etter litt om og men. Like til side frå colombianeren!
    48'
    VG Live svarer
    Håkon
    Fikk du med deg at Lucas Digne fikk gult kort?
    Nei, det gjekk meg hus forbi! Legg det inn no.
    Kamara går ned og trur han får frispark. I staden dømmast det motsatt veg - utan at Kamara - eller eg for den saks skuld forstår mykje av det.
    50'
    Fantastisk ball gjennom til Cash. Backen får ikkje lagt inn, men til slutt får Kamara ballen som avsluttar frå 16 meter. Rett på Gulacsi.
    50'
    Nusa utfordrar ein mot ein. Får slått inn, en Seskos får ikkje gjort noko med innlegget.
    51'
    Seiwald slår inn, men rett i klypene til Martinez.
    52'
    Mål for Aston Villa!
    RB Leipzig 1 - 2 Aston Villa
    Jhon Duran avatar
    Mål: Jhon Duran
    Målgivende: Youri Tielemans
    Duran-Duran! For ei merkeleg scoring. Nydeleg spel. Duran får ballen ute til høgre og dreg seg inn. Spissen skyt midt på mål - og det ser ut som Gulacsi har kontroll, men den duppa og snik seg under tverrliggeren. For ei merkeleg scoring!
    52'
    Duran frampå på ny!
    53'
    Spissen spelar til Rogers som slår inn. Gulacsi mister den, men redda seg inn - når han slår ballen forbi McGinn.
    53'
    Flott spel av Aston Villa på ny. Kamara og Digne kombinera. Førstnemnde finn Rogers som varta opp med fine finter - men skotet går over.
    55'
    VG Live svarer
    Djemba Djemba
    Kven er din favorittspelar på Villa?
    Kan vere at Eric er favoritten gjennom alle tider. So good they named him twice.
    Cash for hardt i ryggen på Nusa. Lager frispark.
    56'
    Nusa på farta igjen. Innlegget vert blokkert - og så er ballen i armen på nordmannen. Frispark til gjestane.
    56'
    VAR-situasjon
    Det er ei nydelig Villa-scoring. Konsa slår nydeleg gjennom til Cash. Backen slår perfekt inn til Duran som sett den sikkert aleine med Gulacsi. Men det vert avblåst for offside på Cash.
    59'
    Der slapp Leipzig unna med skrekken. Eit lekkert mål - men Villa kom seg altfor enkelt gjennom.
    60'
    Mål for RB Leipzig!
    RB Leipzig 2 - 2 Aston Villa
    Christoph Baumgartner avatar
    Mål: Christoph Baumgartner
    Målgivende: Lois Openda
    Så svarer Leipzig ut av det blå! Openda vert spelt nydeleg gjennom i bakrom. Belgiaren slår til Baumgartner på motsatt side i feltet. Austerrikaren scorar på ein aldeles nydeleg volley som snik seg inn i nettveggen på motsett side. Fantastisk!
    61'
    Baumgartner leitar etter Openda i bakrom, men Konsa bryt foran. Viktig av engelskmannen.
    64'
    VG Live svarer
    VG Live-bruker
    Hva er cornerstattistikken?
    2-4
    Kristian
    Baumgartner synes jeg er en veldig undervurdert spiller. Presterer bra både i klubb og på landslaget for Østerrike
    Duran får ballen på 16-meter. Vender opp på femøringen, men skotet går himmelhøgt over.
    66'
    VG Live svarer
    Andreas
    Hvordan har Nusa vært så langt?
    Anonym. Det meste Leipzig har skapt har kome på direkte spel i bakrom mot Openda. Nusa har slitt mot Cash og Konsa på Villas høgreside. Dei har ofte dobla mot nordmannen.
    Sesko har vore anonym i kveld. Gjer eit forsøk mot Lucas Digne, men kjem seg ikkje forbi franskmannen.
    68'
    Nusa forsøka seg med eit innlegg. Vert blokkert. Nordmannen får ballen på ny - spela ut til Kampl, men innlegget hans går inn til Martinez.
    70'
    VG Live svarer
    Ole Fuglestad
    Takk Andreas Hopen. Takk VG. Takk Ivar Aasen.
    Helsing frå Sogn er kjekt! Takk, Ole.
    Spillerbytte - Aston Villa
    Kosta Nedeljkovic avatarMatty Cash avatar
    Inn: Kosta Nedeljkovic
    Ut: Matty Cash
    Det store høgrebacktalentet kjem inn.
    71'
    Skudd på mål, Aston Villa
    Flott Villa-spel. Morgan Rogers finn Lucas Digne ute til venstre. Franskmannen tek med seg ballen inn i 16-meteren. Skotet mot lengste stolpe vert redda av Gulacsi.
    72'
    Aston Villa får tildelt et hjørnespark
    Tar hjørnesparket kort. Innlegget i etterkant vert slått over linja av Gulacsi.
    73'
    Aston Villa får tildelt et hjørnespark
    Tielemans skal slå.
    73'
    Vert ingenting ut av det.
    74'
    Duran vert spelt i bakrom. Får to mann på seg, spissen. Ute til venstre står John McGinn heilt aleine, men innbyttaren går for skot. Det er ei elendig avgjersle!
    75'
    Spillerbytte - Aston Villa
    Emiliano Buendia avatarJohn McGinn avatar
    Inn: Emiliano Buendia
    Ut: John McGinn
    75'
    Spillerbytte - RB Leipzig
    Andre Silva avatarBenjamin Sesko avatar
    Inn: Andre Silva
    Ut: Benjamin Sesko
    Vore anonym i kveld, Sesko.
    76'
    Nedeljkovic med eit innlegg. Via Seiwald og ut til hjørnespark frå høgre.
    77'
    Aston Villa får tildelt et hjørnespark
    Digen skal slå.
    77'
    Hjørnesparket slått på første stolpe. Pau Torres vil ha hjørnespark, men det veit han lite om - for den går via ein Villa-spelar bak spanjolen.
    77'
    VG Live svarer
    A. Lakris
    Kan Leipzig hente seieren?
    Så lenge det står 2-2 kan dei det, men Villa har vore best.
    VG Live svarer
    Morten
    Er du i familie med Ørjan Hopen?
    Det stemmer. Vi er søskenbarn.
    Nusa forsøker å finne Andre Silva. Den vert stoppa, men Openda får frispark når han plukka opp nedfallsfrukta. Andre Silva går også ned i same situasjon.
    78'
    Gult kort til Aston Villa
    Diego Carlos avatarDiego Carlos
    Får gult kort for fellinga.
    79'
    Opendas forsøk går i muren.
    81'
    Gult kort til RB Leipzig
    Benjamin Henrichs avatarBenjamin Henrichs
    Backen vil ha straffe for ein hands etter frisparket. Får gult for protestane. Hands var det heller ikkje.
    81'
    For ein sjanse!
    Pau Torres kva driv du med!? Spela ballen på tvers på tjue meter frå eiget mål. Openda plukka den opp - og breisida den med ein gong. Martinez redder den enkelt. Men det er ein gigantisk sjanse!
    82'
    Openda forsøka seg på ny. Skotet går like over tverrligger.
    83'
    Spillerbytte - Aston Villa
    Ross Barkley avatarYouri Tielemans avatar
    Inn: Ross Barkley
    Ut: Youri Tielemans
    83'
    Spillerbytte - Aston Villa
    Ian Maatsen avatarLucas Digne avatar
    Inn: Ian Maatsen
    Ut: Lucas Digne
    83'
    Arne H.
    Flott med nynorsk. Fortset med det👍
    Spillerbytte - RB Leipzig
    Lukas Klostermann avatarArthur Vermeeren avatar
    Inn: Lukas Klostermann
    Ut: Arthur Vermeeren
    Truleg Seiwald opp på midten.
    84'
    Nusa med ein nydeleg pasning gjennom til Openda. Belgiaren avslutta, men den går i blokka.
    84'
    Mål for Aston Villa!
    RB Leipzig 2 - 3 Aston Villa
    Ross Barkley avatar
    Mål: Ross Barkley
    Var det spikaren i kista for Leipzig i Champions League? Barkley avsluttar frå langt hold. Via Lukas Klostermann og Gulacsi vert satt ut av spel. Det er fyrste involveringa til Klostermann etter innbytte.
    85'
    Kjemperedning for Leipzig!
    87'
    Men den rekker vi ikke å skrive mer om for her kommer Villa! Rogers får ballen på kontringen, men skuddet går i nettveggen.
    87'
    Nusa-show!
    Antonio Nusa dreg seg forbi to mann. Han avsluttar hardt i nærmaste hjørne, men Martinez slår den ut til hjørnespark.
    89'
    RB Leipzig får tildelt et hjørnespark
    Takast kort.
    90'
    Enda opp med nok eit hjørnespark.
    90'
    RB Leipzig får tildelt et hjørnespark
    Også det takast kort.
    90'
    Kampl forsøkar seg frå distanse - over mål.
    90'
    Det er lagt til fire minutter.
    90'+2
    VG Live svarer
    Tore T
    Kva plass trur du Villa kjem på i årets PL?
    Eg trur femte eller sjetteplass.
    No er altså Leipzig ute av Champions League, medan Aston Villa akkurat no ligg på tredjeplass!
    90'+3
    Det skjer ikkje mykje utpå her akkurat no.
    90'+3
    Da er det over! Leipzig er ute. Aston Villa klatrer til tredjeplass i Champions League med to kamper igjen.
    90'+4
    Kampen er slutt
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her