0-1
87'

Ble dekket av NTBNTB

    Då vil vi få ynskje velkomne til den 19. runden i årets Tippeliga og den viktige botnkampen mellom Sogndal og Bodø/Glimt frå Fosshaugane Campus.
    Heimelaget Sogndal ligg på 12.plass med 20 poeng, medan Bodø/Glimt ligg to plassar under, og på kvalikkplass, med sine 18 poeng.
    Nordlendingane har hatt ei forferdeleg formkurve og står med 0-1-6 på sine siste 7 kampar. Denne statistikken har ført dei rett ned i botnstriden etter ein god start på årets Tippeliga.
    Sogndal har heller ikkje vunne etter sommarpausen og står med 0-2-3 på sine 5 siste. Derimot fekk sogningane med seg eit flott resultat sist då dei spelte 1-1 mot Godset på Marienlyst.
    Sogndal har vore aktive på overgangsmarknaden både med å få spelarar inn og spelarar ut. Karadas og Valsvik er to store namn som har forsvunne frå Sogn i sommar, men inn har sogningane fått Babacar Sarr, Christophe Psyché, Tom Söderberg og no på fredag henta dei og nigerianske Edward Ofere som erstating for Kristin Fardal Opseth som sannsynlegvis mistar resten av sesongen med skade.
    Overskya og rundt 20 grader i Sogndal i dag. Fine forhold for fotball. Vi er tilbake ca. 1 time før kampstart, dvs 1700, med dei to startelvarane. Vel møtt!
    Då er laga klare og vi ser at Ndiaye kjem inn for Richards på topp og Imingen inn for Braaten, men ellers stiller Bodø/Glimt med dei samme som sist mot Ålesund.
    For Sogndal er det og ein del endringar og vi ser at både Patronen og Sarr er ute av laget. Sarr sannsynlegvis grunna skade, mens Patronen sonar karantene.
    Det motsatte oppgjøret i år enda med 4-2 til Bodø/Glimt. Sogndal leia 2-1 til pause, mens tre mål etter pause gjorde at nordlendingane tok alle tre poenga.
    Tidlegare har det vore jamnt mellom laga her på Fosshaugane. Sogndal står med 5 sigrar og Glimt med 4, mens 2 kampar har enda uavgjort.
    Sist gong laga møttes på Fosshaugane Campus var i 2010 då begge laga spelte i den tids Adeccoliga. Då vann Sogndal 1-0 etter mål av Håvard Flo.
    Sist gong Bodø/Glimt vann i Sogndal var i 2004 og då var dagens glimttrenar Jan Halvor Halvorsen trenar for Sogndal.
    Laga på veg ut på bana og vi er straks klare for kamp her frå Fosshaugane Campus.
    Dagens assistendommar, Sven Erik Midthjell frå Eid, har fleire år bak seg som student i sognebygda. No jobbar han som myndig politimann i Bergen.
    Straks klar for avspark. Bodø/Glimt sparkar i gang kampen.
    Kampen har startet
    Lang ball opp, men Sogndal klarerar. Til slutt blir det også blåst eit frispark til Sogndal etter ein hands på Laajab.
    1'
    Stor sjanse for Sogndal! Lang ball opp som Flo headar ned til Bolseth. Han skyt frå 12 meter, men Londak reddar glimrande.
    2'
    Sogndal held oppe presset og skaffar seg eit innkast som Teniste skal kaste inn i feltet.
    3'
    Glimt får klarert.
    4'
    Glimt har prøvd å spele seg ut i starten her, men Sogndal er hissige og har tvinga fram ein del feil frå nordlendingane.
    5'
    Sogndal slår mykje langt. No Söderberg med ein polar utan adresse.
    5'
    Fin sjanse for Glimt, men innlegget frå Olsen går i armane til Dyngeland.
    6'
    Glimt trillar ball og Sogndal har senka presset sitt litt no.
    7'
    Sogningane satsar på kontringar, men har vore upresise til no.
    7'
    Lang ball igjen mot Otoo, men Sane har god kontroll.
    8'
    Ganske åpen kamp dette så langt. Ingen av laga som har festa grepet.
    9'
    Liten sjanse til Sogndal då Otoo skyt, men Brix blokkerar. Otoo meiner ballen går i handa til Brix, men ein straffe der ville vore streng.
    10'
    God sjanse for Glimt på ei kontring der. Olsen slår inn forran mål, men M. Ndiaye har gått i offside.
    11'
    Der viste Glimt kor gode dei er på kontringar. Gjekk fort i lengderetninga.
    12'
    Haugen med ein elendig pasning til Teniste. På 20 meters avstand legg han ballen langt over estlendaren og ut til innkast.
    13'
    M. Ndiaye er knallsterk i kroppen og vender vekk kjempen Söderberg som måler nesten 2 meter. Ingenting ut av det som skjer etterpå for Glimt, men veldig sterkt av Ndiaye.
    15'
    Fin sjanse der for Glimt. Laajab får avslutta frå 10 meter, men rett i Söderberg.
    16'
    Innkast til Sogndal. Teniste skal kaste langt.
    16'
    Klabb og babb, men Glimt får klarert.
    17'
    Bolseth med skot frå 25 meter, men enkelt for Londak.
    17'
    Imingen set fart langs sida, men innlegget vert for laust og går rett inn til Dyngeland.
    18'
    Det har skjedd veldig lite dei siste fem minutta. Litt dårlig kvalitet på mykje her no.
    19'
    Bodø/Glimt kanskje med eit lite overtak så langt i kampen. Dog veldig lite som har skjedd til no.
    20'
    Bodø/Glimt får tildelt et hjørnespark
    Badou Ndiaye
    God sjanse for Ndiaye! Namnebroren slår ein god corner og på 5-meteren står M. Ndiaye og headar over.
    21'
    Olsen skyt frå 25 meter. Hardt, men Dyngeland held ballen sikkert i klypene sine.
    23'
    Glimt det klart beste laget her no, men manglar det heilt store trøkket.
    24'
    Sogndal med ein god sjanse til ei kontring, men det går for seint. Vinn til slutt eit innkast høgt i bana.
    25'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Petter Strand
    Söderberg får til slutt avslutta like utafor. God sjanse for Sogndal.
    25'
    Bodø/Glimt får tildelt et hjørnespark
    Badou Ndiaye
    Bolseth klarerar til kast for Glimt.
    27'
    Psyché klarerar til corner for Glimt.
    28'
    Bodø/Glimt får tildelt et hjørnespark
    Trond Olsen
    Dyngeland får boksa ut.
    28'
    Sogndal har berre scora 3 mål etter VM-pausen og alle måla er laga av midtstopparar. I dag har også sogningane sett tamme ut framover.
    29'
    Nytt innkast for Sogndal. Vert som corner dette med Teniste sine lange kast.
    30'
    Ballen endar hjå Strand som frå 20 meter skyt rett på Londak.
    31'
    Utvik får ballen der det gjer mest vondt å få den. Tar telling, men er på beina igjen.
    32'
    M. Ndiaye dreg seg fri, men avslutninga frå 20 meter går langt utafor.
    33'
    Fin sjanse igjen for Glimt. Innlegg frå Olsen, men Laajab når ikkje ballen før den går over kortlinja.
    35'
    Mykje rart frå begge lag her no. Både pasningar og klareringar går i alle retningar.
    36'
    Londak ute og rotar, men heldigvis for han får Brix klarert til corner.
    37'
    Söderberg vert liggande nede med ein hovudskade etter duellen med Londak.
    38'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Petter Strand
    Ballen gejnnom feltet og Valgardsson klemmer til. God retning av Londak.
    38'
    Söderberg er inne igjen.
    39'
    God sjans for Sogndal på eit innkast som Söderberg får stussa, men ballen går gjennom heile feltet og ut til 5-meter.
    39'
    Sogndal litt meir med i kampen no.
    40'
    Olsen prøver seg, men Utvik går i kroppen hans. Olsen vil ha frispark, men dommaren meiner han oppsøker situasjonen. Såg ut som ei rett avgjersle.
    42'
    Midtbanekrig no. Ingen av laga klarer å bryte gjennom.
    43'
    Bodø/Glimt får tildelt et hjørnespark
    Trond Olsen
    Ny corner.
    44'
    Bodø/Glimt får tildelt et hjørnespark
    Badou Ndiaye
    Brix får skutt frå 12 meter. Knallhardt, men ein veldig god redning av Dyngeland. Kampen beste sjanse.
    44'
    Trond Olsen som skaut.
    45'
    Flo prøver seg frå 20 meter, men eit stykke utafor.
    45'+1
    1 minutt tillegg.
    45'+1
    Pause
    45'+2
    Fin sjanse rett før pause for Sogndal, men Otoo får ikkje stokka beina.
    Bodø/Glimt det beste laget i denne omgangen, men utan å imponera så alt for mykje. Litt rotete frå begge lag og også litt unøyaktige. Nokon sjansar har vi hatt begge vegar så det har ikkje vore så kjedelig sjølv om spelet av vore så som så. Spesielt heimelaget er nok ikkje nøgd med det som har vorte prestert.
    Då er laga komne tilbake på bana og vi er straks klare for 2.omgang her frå Fosshaugane Campus. Sogndal med avspark i denne omgangen.
    2. omgang
    45'
    Lang ball opp, men der har Moe og Sane god kontroll slik dei har hatt i heile dag.
    46'
    Innkast frå Teniste, men Londak får til slutt fanga ballen.
    47'
    Gult kort til Bodø/Glimt
    Prøver å holde igjen Otoo. Johnsen gjev fordel, men deler ut kortet i etterkant. Chatto må difor dtå over neste kamp.
    47'
    God sjanse fro Glimt! Olsen utfordrar med fart og slår 45 grader ut der Jacobsen bør treffe mål, men set ballen over.
    48'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Petter Strand
    Psyché headar utafor.
    48'
    Frisaprk til Sogndal, 30 meter frå målet til Londak.
    50'
    Flo skyt rett i muren.
    51'
    Flo med tilbakespel som M.Ndiaye nesten når. Svakt av Flo der.
    51'
    Glimt vinn eit kast høgt i bana.
    52'
    Söderberg stangar ut.
    52'
    Glimt trykkjer litt på no.
    53'
    Men nordlendingane klarar ikkje å skape dei heilt store sjansane. To gode forsvar her i dag, men også to litt fantasilause angrepslaga. Spesielt Sogndal har vore veldig lite giftige.
    53'
    Finn ball igjennom til M.Ndiaye som prøver å legge ballen ut 45 grader. Der er derimot Dyngeland og fangar ballen lett.
    55'
    Godt skot av Strand frå 25 meter og Londok må gje ein retur som trillar mot mål, men han får fanga den i site liten.
    56'
    Bodø/Glimt får tildelt et hjørnespark
    Badou Ndiaye
    Sane headar utafor.
    56'
    Står og vippar litt denne kampen no. Begge laga er nok livredde for å tape sidan det kan gje svære konsekvensar i botnstriden.
    57'
    Olsen skyt frå 20 meter. Like til side for målet. Fint forsøk frå Olsen.
    59'
    Begge lag veldig upresise for øyeblikket.
    61'
    Kjempesjanse for Glimt! Innlegg inn til Laajab og som flikkar ballen vidare i stolpen. Returen set P. Ndiaye like utafor. Kampen beste sjanse.
    62'
    Glimt det styrande laget i kampen igjen no.
    64'
    Glimt byggjer opp og Sogndal ligg lågt.
    66'
    Innlegg frå Brix, men ballen går over alle.
    66'
    Glimt endå ikkje klart å holde nullen i ein kamp i år. Kan dei klare det i dag?
    67'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Rune Bolseth
    Godt slått, men Glimt er sterke og for klarert.
    68'
    Glimt trykkjer, men blir tvinga til høge innlegg og då stangar Sogndal lett vekk.
    70'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Edward Ofere
    Ut: Rune Bolseth
    Nyervervelssen får 20 minutt.
    70'
    Akkurat no ser dette veldig ut som ein 0-0 kamp. Glimt er det beste laget, men har dei det som skal til for å lage mål?
    71'
    Ofere får eit gjennomspel, men Sane er sterk og bryt framfor.
    72'
    Sogndal fryktelige upresise. Spesielt Helge Haugen sentralt på midten har hatt ekstremt mange feilpasningar i dag.
    74'
    Veldig stille og rolig her no. Glimt framleis det beste laget, men dei slit litt dei og med å spele seg gjennom dei og.
    75'
    Glimt vinn eit kast høgt i bana.
    76'
    Kastar kort og småspelar no Glimt.
    76'
    Sogndal får klarert til slutt.
    76'
    Det blir ein høg ball opp mot Ofere. Sane skal klarere, men bommar og Ofere er åleine gjennom. Sane får heldigvis for han sprunge opp igjenn sogndalspissen og klarert.
    77'
    Litt opnare kmap her no. Sogndal farlig frampå igjenn før Glimt er berre ein dårlig pasning unna på å bryte gjennom.
    78'
    Sogndal byggjer fint opp på høgre, men innlegget til Nilsen vert for svakt og går bak mål.
    80'
    Glimt har senka seg litt her no og invitert Sogndal inn i kampen. Halvorsen ikkje nøgd.
    80'
    Begge lag ligg lågt og er livredde for kontringar.
    83'
    Det stoppar ca. 30 meter frå mål for begge lag og då blir det vanskelig å få scoringar.
    85'
    Spillerbytte - Bodø/Glimt
    Inn: Anders Karlsen
    Ut: Badou Ndiaye
    85'
    Innkast til Glimt på høgd med Sogndal sin 16-meter.
    85'
    Tar kastene kort fordi dei har lite tru på å vinne duellar i feltet. Vinn eit nytt kast.
    86'
    Angrepet endar i utspel frå Dyngeland.
    86'
    Mål for Bodø/Glimt!
    Sogndal 0 - 1 Bodø/Glimt
    Dunkar ballen i mål frå 25 meter! Innlegg som Laajab avsluttar i Psyché. Ballen sprett ut på ca. 25 meter der Chatto klinkar ballen i mål. Eit glimrande mål og ikkje minst utrulig viktig!
    87'
    Sogndal dunkar opp, men det er lite trøkk inne i boksen.
    89'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Tonny Brochmann
    Ut: Helge Haugen
    89'
    Ny ball inn i boksen, men den plukkar Londak.
    89'
    Glimt kan kontre.
    90'
    Vinn eit frispark på kanten av 16-meteren. Utvik skal være glad han slepp kort der.
    90'
    3 minutt tillegg.
    90'+1
    Glimt tek frisaprket kort og ville bruke tid ved hjørnefalgget. Brukte ca. 3 sek før Sogndal vann ballen.
    90'+1
    Gult kort til Sogndal
    Edward Ofere
    Ettersleng.
    90'+2
    Sogndal slår langt.
    90'+3
    Men fullstendig uten adresse. Enkelt for Glimt.
    90'+3
    Lang ball opp igjen, men Ofere lagar frispark i duell med Braaten.
    90'+4
    Då kan nok Glimt juble.
    90'+4
    Kampen er slutt
    90'+4
    Veldig fortent siger til Glimt. Sogndal veldig tannlause i dag. Laajab hadde og eit skot i stolpen så endelig kan nordlendingane juble etter 7 kampar utan siger. Passerer også Sogndal på tabellen og skaffar seg eit godt utgangspunkt då vi har spelt 2/3 av Tippeligaen. Vi takkar for oss og seier vel møtt tilbake ved eit anna høve.
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her