1-0
1-2
1-3
Flataker56' (Str.)
2-3
3-3
Supporterfordeling på VG
812
516

Hvem var banens beste?

Oliver Hintsa
35%
Jesper Grundt
33%
Lars Jendal
12%
Lucas Haren
20%
233 stemmer

Ble dekket av NTBNTB

    Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Kongsvinger i den tredje runda i NM!
    Fram til no har begga laga møtt lag frå lågare nivå. Sogndal tok seg forbi Volda i den første runda før dei slo ut Sandviken i neste runde. Kongsvinger har møtt Ridabu og Elverum, og dei tok seg komfortabelt forbi begge laga. Dette blir den første store testen i NM i år for desse laga.
    Dette blir ein spesiell dag for Luis Pimenta. Han har gode minner frå den tida han trente Kongsvinger, og tok dei til cupfinalen i 2016. Dette er noko han ønskjer å gjenta med Sogndal, men då må han ta seg forbi sin gamle klubb først.
    Det blir spennande å sjå om det blir mykje rotering på laga, eller om dei startar omtrent likt som i serien. Sogndal har hatt mange skadar i forsvaret, men Per-Egil Flo og Mathias Øren er på veg tilbake. Flo kom inn mot slutten av kampen mot Mjøndalen i helga. For Kongsvinger er det ikkje utenkeleg at 18 år gamle Armand Øverby kjem til å starte. Han scora i kampen mot Elverum i førre runde, og er eit brukbart alternativ om Haren eller Williams må kvilast.
    Steinar Hauge er hovuddommar på Fosshaugane i dag. Jim André Dyb og Erland Hareland er assistentar. Markus Lille er fjerdedommar.
    Sogndal gjer tre endringar frå kampen mot Mjøndalen. Flo er tilbake frå start for første gong i år, og Onyango er inne som høgreback. Steinset kjem inn for Pedersen på midtbana, og det betyr at Hagen får prøve seg i rolla som offensiv midtbanespelar. Kongsvinger gjer fem endringar frå tapet mot Ranheim. Saathof og Sandstad er inne i forsvaret. Taylor og Grundt kjem inn som indreløparar. Unge Øverby er inne som venstrekant.
    Kampen har startet
    1'
    Heimelaget tek avspark, og kampen har starta.
    1'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 1 - 0 Kongsvinger
    Oliver Hintsa avatar
    Mål: Oliver Hintsa
    Målgivende: Ronney Onyango
    Hintsa sender Sogndal i føringa før det er spelt to minutt! Granheim slår ein lang ball opp mot Flataker. Dei speler seg fint fram ute til høgre, og Onyango slår inn til Hintsa, som gjer som han ofte har gjort i det siste. Han sender ballen i mål. God start for Sogndal og svensken som er i kjempeform akkurat no!
    2'
    Arendrup slår eit innlegg, og bortelaget får corner.
    5'
    Kongsvinger får tildelt et hjørnespark
    Lucas Haren
    Granheim headar ballen vekk.
    5'
    Flataker slår inn mot Steinset, men midtbanespelaren treff ikkje ballen. Heimelaget har opna sterkast.
    8'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Ronney Onyango
    Frispark midt på bana.
    9'
    Vapne slår i bakrom mot Hintsa, men Gorodovoi les pasninga, og får stoppa svensken.
    11'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Lukass Vapne
    Kort variant. Klarar ikkje å få ballen inn i boksen før dei mistar den.
    11'
    Nok ein gong må Gorodovoi ut av boksen for å stoppe ein lang ball mot Hintsa.
    12'
    God redning frå Jendal! KIL speler seg fram ute til høgre, og slår inn. Ballen landar hos Taylor som prøver seg frå kort hold, men Jendal les den avslutninga perfekt!
    14'
    Bortelaget forsøker seg på eit par innlegg, men klarar ikkje å kome seg til større sjansar.
    16'
    KIL speler seg inn i boksen, og Øverby prøver seg. Avslutninga blir blokkert.
    17'
    Ein person på tribuna jublar høgt når speaker annonserer at Bryne har leiinga 1-0 over Brann. Laget frå Bergen er ikkje spesielt godt likt av dei mest engasjerte på tribuna i Sogndal.
    18'
    Corner til bortelaget. Dei har skapt eit lite trykk dei siste minutta.
    20'
    Kongsvinger får tildelt et hjørnespark
    Jesper Grundt
    Kort variant.
    20'
    Kongsvinger blir avblåst for offside
    Jesper Grundt
    Står i offside når han får tilbake ballen etter å ha slått ein kort corner.
    21'
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Emil Arendrup Nielsen
    Tek frisparket kjapt. Mistar ballen.
    22'
    Keeper er langt ute, og Onyango forsøker seg frå midtbana. Ballen går ut til innkast.
    23'
    Hintsa prøver seg i nærmaste hjørne. Redning og corner.
    24'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Lukass Vapne
    Mot Flo på bakerste stolpe. Headar inn til Granheim som headar over målet. Brukbar sjanse.
    24'
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Emil Arendrup Nielsen
    Slår ballen tilbake til forsvaret.
    25'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Lars Jendal
    Frispark i eigen boks etter eit innlegg. Slår langt.
    25'
    Arendrup har mykje rom ute til venstre, men slurvar med eit mottak. Innkast til Sogndal.
    28'
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Daniel Lysgård
    Slår tilbake til keeper.
    28'
    Saathof slår ballen rett til Hintsa, men klarar å redde seg sjølv med ei strålande takling.
    31'
    Bras forsøker seg på eit innlegg, men slår rett i armane til Gorodovoi.
    32'
    Bortelaget er inne i ein god periode no. Haren involverer seg i midten, og leiter etter løp mellom stopparane til Sogndal. Der har ingen gått, og han slår ballen ut til innspark.
    36'
    Bras lagar eit frispark etter ein kollisjon med Holtan rett utanfor feltet. Veldig god posisjon til å skyte.
    37'
    Det tek litt tid før dei kan ta frisparket sidan Bras treng behandling.
    39'
    Gult kort til Sogndal
    Diogo Brás
    Får gult kort for å gå rett inn i Holtan.
    39'
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Jesper Grundt
    39'
    Mål for Kongsvinger!
    Sogndal 1 - 1 Kongsvinger
    Mathias Berg Gjerstrøm avatar
    Mål: Mathias Berg Gjerstrøm
    Målgivende: Jesper Grundt
    Utlikning etter eit interessant frispark! Grundt prøver å skyte lågt og hardt, men han treff Gjerstrøm. Då endrar ballen retning, og ballen går inn i målet medan Jendal ligg nede.
    40'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Lars Jendal
    Slår langt.
    41'
    Mål for Kongsvinger!
    Sogndal 1 - 2 Kongsvinger
    Mål: Lucas Haren
    Målgivende: Emil Arendrup Nielsen
    Kongsvinger har snudd kampen! Jendal gir beskjed om at heimelaget må stenge av i midten. Det gjer dei ikkje, og KIL speler seg fint inn i boksen. Arendrup slår inn i midten til Haren som skyt hardt langs bakken, og inn i målet.
    43'
    Flataker dreg seg framover ute til høgre. Han går inn i bana, og prøver å avslutte med venstrefoten. Ballen sklir av foten, og går ganske langt utanfor.
    45'
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Aleksey Gorodovoy
    Sender laget høgare i bana. Slår langt.
    45'+2
    Pause
    45'+3
    Sogndal tok ei tidleg leiing, men Kongsvinger snudde kampen i ein god periode. Bortelaget har hatt god kontroll etter at heimelaget opna sterkt, og tvinga fram mange feil. Desse feila har KIL rydda opp i, og har ein fot inne i neste runde i NM.
    Haruna skal inn for Sogndal.
    2. omgang
    45'+1
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Jamal Deen Haruna
    Ut: Per Egil Flo
    45'+1
    Spillerbytte - Kongsvinger
    Inn: Joel Nilsson
    Ut: Emil Arendrup Nielsen
    45'+1
    Spillerbytte - Kongsvinger
    Inn: Noa Williams
    Ut: Lucas Haren
    45'+1
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Joel Nilsson
    Slår ned til forsvaret.
    45'+1
    Sogndal får tildelt et frispark
    Lars Jendal
    Slår langt.
    45'+1
    Williams er inne som venstrekant, og Øverby har gått over til høgre.
    47'
    Holtan prøver seg frå spiss vinkel. Hardt i nettveggen. Vanskeleg å score derifrå.
    48'
    Granheim blokkerer eit forsøk som går ut til corner.
    49'
    Kongsvinger får tildelt et hjørnespark
    Jesper Grundt
    Kort variant. Prøver å spele seg inn i boksen, men bruker lang tid, og Sogndal vinn ballen til slutt.
    49'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Sander Granheim
    Frispark på eigen banehalvel. Slår kort.
    50'
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Joel Nilsson
    Tek frisparket kjapt.
    51'
    Sandstad vinn ein corner mot Bras.
    52'
    Kongsvinger får tildelt et hjørnespark
    Jesper Grundt
    Kort variant. Grundt får ballen tilbake og utfordrar Jendal. Slår ut til ny corner.
    52'
    Kongsvinger får tildelt et hjørnespark
    Jesper Grundt
    Kort variant. Lukkast ikkje like bra på dette forsøket.
    52'
    Sogndal blir avblåst for offside
    Oliver Hintsa avatarOliver Hintsa
    Får ballen i ein farleg posisjon, men kjem gåande frå ein offsideposisjon.
    53'
    Mål for Kongsvinger!
    Sogndal 1 - 3 Kongsvinger
    Mål: Jesper Grundt
    Grundt har scora på Fosshaugane før, og no gjer han det igjen! Williams forsøker seg frå distanse, og Jendal slår ballen ut i feltet. Grundt plukkar den opp, og finn ei opning bak forsvaret og keeper. Roleg avslutninga, og heimelaget aukar leiinga.
    53'
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Jesper Grundt
    Tek frisparket kjapt.
    56'
    Straffe til Sogndal
    Straffe til Sogndal! Sandstad feller Flataker, og dommaren peiker på straffemerket. No kan Sogndal kome tilbake i kampen.
    56'
    Sogndal scorer på straffe!
    Sogndal 2 - 3 Kongsvinger
    Mål: Erik Flataker
    Sender keeper feil veg på straffesparket. Ballen går hardt ned i hjørnet.
    56'
    Gult kort til Kongsvinger
    Albert Sandstad
    Lagar eit klønete straffespark.
    57'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Kasper Skaanes
    Ut: Kristoffer Steinset
    58'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Sebastian Pedersen
    Ut: Vegard Hagen
    58'
    Svak avslutning frå Pedersen. Skaanes kan skyte sjølv, men sender heller ballen til Pedersen. Går rett i armane på keeper.
    59'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 3 - 3 Kongsvinger
    Sebastian Pedersen avatar
    Mål: Sebastian Pedersen
    Målgivende: Erik Flataker
    For ei scoring for heimelaget! Flataker sender eit strålande innlegg inn mot Pedersen som kastar seg framover, og headar ballen i mål. Det er liv igjen i kampen, og me er garantert fleire scoringar i løpet av kvelden!
    61'
    Vapne og Bras kombinerer ute på sida. Klarar ikkje å slå inn. Bras kunne ha avslutta sjølv.
    65'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Lars Jendal
    Slår langt slik som han pleier å gjere.
    66'
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Noa Williams
    Slår ballen ned til forsvaret.
    67'
    Skaanes prøver seg på eit innlegg. Gorodovoi plukkar opp ballen.
    68'
    Bortelaget skal gjere eit par endringar.
    69'
    Spillerbytte - Kongsvinger
    Inn: Martin Tangen Vinjor
    Ut: Armand Øverby
    69'
    Spillerbytte - Kongsvinger
    Inn: Fredrik Holmé
    Ut: Daniel Lysgård
    69'
    Gjerstrøm forsøker seg frå kanten av sekstenmeteren. Ballen går eit par meter på utsida.
    71'
    Pedersen fekk seg ein kraftig smell tidlegare i kampen, og seier ifrå om at han treng behandling no.
    71'
    Borgthorsson varmar opp med drakt og vest i tilfelle Pedersen må gi seg. Sogndal sin nummer 7 prøver litt til.
    74'
    Onyango rotar det nesten til i eigen boks, men Jendal ryddar opp. Kvar einaste feil kan bli avgjerande no.
    76'
    Flataker ligg nede, og treng behandling.
    76'
    Flataker er oppe igjen, men det er mange som kjenner på noko utpå bana no. Dei siste minutta blir tunge for begge lag.
    79'
    No er også Onyango nede. Han kjem seg opp utan behandling. Tommel opp når benken spør om det går bra.
    81'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Joakim Nundal
    Ut: Erik Flataker
    82'
    Spillerbytte - Kongsvinger
    Inn: Rasmus Opdal Christiansen
    Ut: Joacim Holtan
    82'
    Granheim er sterk i ein duell mot Christiansen, og sørger for eit utspark. 2007-modellen har vore sterk i dag.
    84'
    Grundt får sjansen til å setje inn sitt mål nummer to! Bortelaget dreg seg fram ute til venstre, og Grundt får ballen på kort hold. Avslutninga går alt for høgt.
    84'
    Skaanes snappar ballen, men klarar ikkje å finne ein medspelar i boksen.
    85'
    Corner til bortelaget!
    86'
    Kongsvinger får tildelt et hjørnespark
    Eric Taylor
    Kort variant. Speler ballen bak i bana. Tek ingen sjansar.
    87'
    KIL kjem seg inn i boksen, men Sogndal klarar å slå vekk ballen. Veldig spent stemning no.
    88'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Lars Jendal
    Granheim vinn eit frispark på eigen banehalvdel. Jendal slår ballen langt.
    90'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Martin Sjølstad
    Ut: Ronney Onyango
    90'+1
    Frispark til KIL etter eit langt innkast frå Sjølstad.
    90'+1
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Pim Saathof
    Slår ballen ned til keeper.
    90'+2
    Sogndal klarar å bryte når KIL speler seg ut, men blir stoppa når dei kjem seg inn i boksen.
    90'+2
    Farleg innlegg frå Skaanes! Ballen går gjennom heile feltet.
    90'+2
    Stopparane til Sogndal er ute av posisjon, men KIL klarar ikkje å utnytte det.
    90'+5
    Pause
    90'+5
    Det blir ekstraomgangar etter ein intens omgang etter pause! Det er mange tunge bein utpå bana, og alt ligg til rette for meir spenning i kampen.
    1. ekstraomgang
    90'+1
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Óskar Borgthórsson
    Ut: Sebastian Pedersen
    Pedersen må gi seg etter ein smell tidlegare i kampen.
    90'+1
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Joel Nilsson
    Slår ballen ned til forsvaret.
    92'
    Gult kort til Sogndal
    Lukass Vapne
    Står i vegen for eit frispark.
    92'
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Jesper Grundt
    Held ballen i laget.
    92'
    Williams prøver å utfordre Jendal. Ballen flakkar litt, men Jendal har kontroll.
    94'
    Corner til bortelaget ute til høgre.
    94'
    Kongsvinger får tildelt et hjørnespark
    Jesper Grundt
    Kort variant. Klarar ikkje å spele seg inn i boksen.
    94'
    Skaanes slår inn mot Hintsa, som stussar ballen rett i armane til Gorodovoi.
    96'
    Williams prøver å slå inn langs bakken, men Jendal les innlegget, og plukkar opp ballen.
    99'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Diogo Brás
    Vender spelet over til venstre.
    99'
    Det har vore ein roleg starte på ekstraomgangane. Mange er slitne.
    100'
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Aleksey Gorodovoy
    Slår langt. Har ofte spelt seg ut bakfrå, men no orkar dei ikkje det.
    100'
    Lars Jendal! Det kjem ei brå avslutning langs bakken som han må reagere kjapt på. Det klarar han, og det er framleis 3-3.
    101'
    Kongsvinger blir avblåst for offside
    Noa Williams avatarNoa Williams
    101'
    Spillerbytte - Kongsvinger
    Inn: Andreas Dybevik
    Ut: Albert Sandstad
    101'
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Fredrik Holmé
    Slår ballen ut til Nilsson.
    102'
    Pimenta fyrer opp publikum. Han vil ha folket med seg.
    103'
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Joel Nilsson
    Slår ballen ned til keeper.
    103'
    Williams avsluttar, og det blir corner.
    104'
    Kongsvinger får tildelt et hjørnespark
    Jesper Grundt
    Endå ein kort variant. Vil ikkje slå ballen direkte inn i boksen.
    104'
    Kongsvinger får tildelt et hjørnespark
    Jesper Grundt
    Kort variant. Vil heller holde på ballen enn å slå innlegg.
    105'
    Vinjor skaffar ein corner for Kongsvinger.
    105'+2
    Kongsvinger får tildelt et hjørnespark
    Noa Williams avatarNoa Williams
    Kort variant. Jendal stoppar Williams på veg inn i boksen.
    105'+2
    Pause
    105'+2
    Ingen scoringar i første ekstraomgang. Mange av spelarane er slitne, og det er vanskeleg å få til noko kreativt.
    2. ekstraomgang
    105'+1
    Bras beskyttar ballen, og let den gå ut til utspark.
    105'+1
    Vapne får ballen i boksen på eit innkast, og prøver å avslutte medan han vender seg. Då er det vanskeleg å sikte, og ballen går over målet.
    108'
    Williams forsøker seg mot lengste stolpe, men Jendal strekker seg så langt han kan, og slår ballen vekk.
    109'
    Svakt forsøk frå Dybevik som går rett på Jendal. Sogndal sviktar i presspelet.
    110'
    Corner for Sogndal!
    111'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Martin Sjølstad
    Kort variant før Skaanes slår inn. Nundal blir pressa hardt når han skal ta imot innlegget, og KIL overtek ballen.
    111'
    Vapne frå distanse! Ballen går ein halvmeter over målet. Han er ofte god frå den distansen.
    113'
    Gult kort til Sogndal
    Martin Sjølstad
    Riv ned ein motspelar.
    113'
    Kongsvinger får tildelt et frispark
    Pim Saathof
    Sentrar til sin stopparpartner.
    114'
    Gult kort til Kongsvinger
    Andreas Dybevik avatarAndreas Dybevik
    Riv Nundal ned i bakken. Tek heller frisparket enn at Nundal skal kome seg i ein farleg posisjon.
    115'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Martin Sjølstad
    Kongsvinger vinn duellen i boksen.
    115'
    Christiansen kjem seg nesten gjennom til Jendal, men Granheim får ein touch på ballen.
    117'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Martin Sjølstad
    Venstrebacken slår langt.
    117'
    Nundal slår eit farleg innlegg som Gorodovoi slepp ned i bakken. Han klarar å plukke den opp før den skulle gått ut til corner.
    120'
    Pause
    120'+2
    Det blir straffesparkkonkurranse etter mållause ekstraomgangar! No ligg omtrent samtlege spelarar nede med krampe.
    120'+1
    Straffesparkkonkurranse
    120'+1
    Sogndal scorer på straffe!
    Sogndal 1 - 0 Kongsvinger
    Oliver Hintsa avatar
    Mål: Oliver Hintsa
    Keeper er på ballen, men straffa er kraftig nok til at den går i mål!
    120'+1
    Kongsvinger scorer på straffe!
    Sogndal 1 - 1 Kongsvinger
    Mål: Jesper Grundt
    Lik straffe som Hintsa. Jendal går rett veg, men straffa er hard.
    120'+1
    Sogndal scorer på straffe!
    Sogndal 2 - 1 Kongsvinger
    Mål: Lukass Vapne
    Sender keeper feil veg. God straffe.
    120'+1
    Kongsvinger scorer på straffe!
    Sogndal 2 - 2 Kongsvinger
    Andreas Dybevik avatar
    Mål: Andreas Dybevik
    Har scora straffespark på Fosshaugane før, og gjer det igjen! Jendal går rett veg, men avslutninga er hard nok.
    120'+1
    Sogndal scorer på straffe!
    Sogndal 3 - 2 Kongsvinger
    Mål: Joakim Nundal
    Keeper går rett veg, men straffa er hard! Då blir det mål.
    120'+1
    Kongsvinger scorer på straffe!
    Sogndal 3 - 3 Kongsvinger
    Joel Nilsson avatar
    Mål: Joel Nilsson
    God straffe. Hardt ned i hjørnet. Keeper går rett veg.
    120'+1
    Sogndal bommer på straffe!
    Óskar Borgthórsson
    Kjemperedning av keeper! Han kastar seg rett veg, og slår ballen vekk.
    120'+1
    Kongsvinger scorer på straffe!
    Sogndal 3 - 4 Kongsvinger
    Mål: Fredrik Holmé
    Hardt inn i målet! Stor fordel for Kongsvinger.
    120'+1
    Sogndal bommer på straffe!
    Martin Sjølstad
    Sjølstad sender ballen i tverrliggaren, og Kongsvinger er vidare i cupen!
    120'+1
    Kampen er slutt
    120'+1
    Gult kort til Kongsvinger
    Rasmus Opdal Christiansen
    Feirar mot heimesupporterane etter kampslutt.
    1'
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her