1-0
2-0
Author avatar

Ble dekket av NTB

    Velkommen til Sogndal - Lillestrøm frå Fosshaugane Campus!
    Sogndal tok årets første siger etter imponerande 1-0 mot Stabæk på bortebane. LSK gjekk på sesongens andre tap, etter 0-3 heime mot Molde på Åråsen.
    I fjor fekk Frode Kippe berre to gule kort gjennom heile sesongen. I år må LSK-kapteinen sone alt etter sju seriekampar. Pål Steffen Andresen går truleg inn på Kippe sin plass i midtforsvaret. Hos Sogndal er det også karantene foran denne kampen. Barry Kader fekk sitt tredje gule kort mot Stabæk, og ser oppgjeret frå tribunen.
    LSK-spiss Anthony Ujah er toppscorar i Tippeligaen med åtte mål på sju kampar. Hos Sogndal deler Mats Solheim, Eirik Bakke og Ole Jørgen Halvorsen tittelen som årets måltjuv, med ei scoring kvar.
    Sogndal er tabelljumbo med 1-2-4 på sine første kampar i Tippeliga-comebacket. Gjestene ligg på niandeplass med 2-3-2 på sine første sju kampar. Verdt å merke seg at LSK er det laget i Tippeligaen som har scora flest mål. Heile 19 gonger har laget funne vegen til nettmaskene. Samstundes er det ope bakover, ettersom berre Haugesund og Stabæk har fleire baklengsmål enn gultrøyene.
    Stort sett skadefri tropp hos Sogndal. Av spelarar i A-troppen er det berre Eivind Daniel Røed, Joakim Rudolfsen og Tore Andre Flo som manglar. Kanarifuglene kjem til Vestlandet utan Youssef Sekour, Stefan Gislason, Edwin Eziyodawe og Mathis Bolly som alle er utilgjengelige. Arild Sundgot har ikkje spelt kampar sidan i fjor høst, men varma benken i oppgjeret mot Molde 16.mai. LSK-spissen slit med ei hofte, og må på operasjonsbordet i sommar.
    LSK-trenar Henning Berg har gjort to endringar på laget som tapte 3-0 mot Molde 16.mai. Ruben Gabrielsen er plassert på benken, og Stian Ringstad kjem inn på venstrekanten. Dermed går Nosa Igiebor inn sentralt på midten, saman med Espen Søgård. Pål Steffen Andresen erstattar Frode Kippe som soner karantene. Hos Sogndal går Vegar Gjermundstad inn i forsvaret, etter at Barry Kader soner for tre gule kort.
    Grasmatta på Fosshaugane er våt og tung, etter mykje nedbør det siste døgnet.
    Spelarane er no i full gang med oppvarming.
    Laga er i garderoben, og står snart klare i spelartunellen. Nærmar seg kampstart på Fosshaugane!
    Publikum reiser seg, og laga er på veg ut på bana!
    Kampen har startet
    Ujah tek avspark.
    1'
    Gjermundstad kastar langt mot Bakke. Heimelaget får nytt innkast.
    2'
    Flo med lang ball mot Hansen, men ballen skyt fart på den våte grasmatta. Innkast til LSK ved hjørneflagget.
    2'
    Kaptein Søgård med knottane først i duell mot Hansen. Frispark til Sogndal midt på LSK sin banehalvdel.
    3'
    Stor sjanse for Sogndal. Halvorsen slår eit frispark inn i feltet, og ballen stryk stolpen til keeper Magnusson!
    4'
    Ny fin sjanse for Sogndal. Bakke finn Halvorsen som skyt frå 16 meter - like utanfor!
    5'
    LSK prøver seg, men skotet frå Ujah er ufarlig.
    5'
    Frisk opning av heimelaget dei første minutta.
    5'
    Surt og kaldt i Sogndal i dag, med nokre få plussgrader. Likevel står nokre av kanarifansen i bar overkropp på tribunen. Friskt satsa!
    7'
    Udjus slår langt, og Hansen får innkast.
    9'
    Gjermundstad prøver seg oppover langs venstrekanten. Innkast til LSK.
    10'
    Per Egil Flo klinkar til frå 35 meter. Rett på keeper!
    11'
    Heile Sogndal-laget er nede i eige felt. Keeper Udjus prøver å bokse ut, men ballen går i Andresen og ut.
    12'
    Stor LSK-sjanse! Udjus med svakt utspark, som Ujah snappar opp. Han utfordrar Hovland, og skyt frå 12 meter. Rett i stolpen! Nær 0-1 der!
    14'
    Udjus slit med det våte underlaget, og har mislykkast med flere av sine utspark.
    15'
    Hovland med krempasning mot Halvorsen, men kantspelaren er på feil side av forsvarsrekkja. Offside.
    15'
    Heimelaget spelar i sterk motvind den første omgangen.
    16'
    Søgård med feilpasning på midten, og vertane får innkast på midtstreken.
    16'
    Fleire av LSK-spelarane slit også med underlaget. Denne gongen er det Nosa som sklir, og Furebotn set fart framover.
    18'
    Nosa går ut på sidelinja, og midtbanespelaren byter sko.
    19'
    Udjus boksar ut. Utspark frå mål i neste situasjon.
    20'
    Dommar Johansen er upopulær, etter at Bakke får frispark imot seg.
    22'
    Ringstad får frispark. Essediri skal slå inn i feltet. Rett på keeper Udjus!
    23'
    Solheim kjem rundt på høgrekanten, og heimelaget har fire mann i boksen. Men dessverre for Sogndal går innlegget bak mål.
    24'
    Heimelaget viser større vilje til å angripe, enn dei har gjort dei første kampane på heimebane.
    25'
    Nok ein gong får Bakke frispark imot etter luftduell. Kapteinen set seg ned på kne, og fortviler.
    26'
    Ute på bana står det 0-0, men på tribunen har kanarifansen opna best!
    27'
    Fin fotball av Sogndal no, og laget får innkast høgt oppe på LSK sin banehalvdel.
    28'
    Flo skyt frå 25 meter, og ballen treff Hansen - og skiftar dermed retning, men går utanfor.
    29'
    Furebotn med balltap på midten, og LSK går i angrep med fleire spelarar. Får corner.
    30'
    Udjus boksar ut.
    31'
    LSK med fem utlendingar frå start i dag - Sogndal ein.
    32'
    Nosa går med ballen, men blir takla av Hovland like utanfor sekstenmeteren. Frispark til LSK i god posisjon! Luktar 0-1 no!
    32'
    Det blir Essediri..
    33'
    Han skyt.. rett i muren!
    34'
    Heilt open kamp på Fosshaugane.
    34'
    LSK pressar hardt på no. Ujah skyt knallhardt frå 16 meter - rett på Udjus!
    36'
    Hovland viser styrke i duell mot Ujah, og får frispark.
    37'
    Flo avklarar.
    38'
    Gult kort til Lillestrøm
    Stian Ringstad
    Holding i trøya og takling på Hansen bakfrå. Eit greit gult kort!
    39'
    Akkurat no er det berre serieleiar Tromsø som har færre baklengsmål enn tabelljumbo Sogndal i årets Tippeliga.
    40'
    Bakke ligg nede for telling i feltet.
    42'
    Kapteinen reiser seg, etter god hjelp frå dommar Johansen.
    42'
    Nosa prøver å finne Sigurdarson på løp, men pasningen er for hard. Nigerianaren fortviler.
    43'
    Heimelaget spelar seg fint fram, men innlegget frå Solheim er ikkje like bra. LSK overtek.
    44'
    Kjempesjanse for LSK! Essediri slår inn frå høgre, og Sigurdarson avsluttar med pannebrasken frå sju meter, like utanfor!
    45'+1
    Sogndal bommer på straffe!
    45'+2
    Straffebom! Svak straffe av Halvorsen, som skyt rett på keeper Magnusson! Straffa kom etter ein hands inne i feltet.
    45'+2
    Pause
    45'+3
    Spennande første omgang på Fosshaugane! Begge lag hadde fleire sjansar til å score. Nærmast var Ujah med sitt stolpeskot, og Halvorsen med sitt straffespark - som Magnusson redda.
    2. omgang
    45'
    Sogndal tek avspark.
    46'
    Scheel slår inn i feltet, rett i klypene på keeper.
    47'
    Innlegg frå Ringstad, og Sigurdarson er nære på å skli inn 1-0 til gjestene!
    49'
    Elvis klinkar til frå 30 meter. Over!
    50'
    Furebotn finn Halvorsen på løp, men kantspelaren er i offside. Frispark!
    53'
    Scheel har fått seg ein smell. Må ut på sidelinja for å få hjelp.
    55'
    Midtstopparen er tilbake på bana. Får applaus.
    55'
    Stor sjanse til Sogndal! Olsen finn Halvorsen på løp som skyt i steget frå 16 meter - rett på keeper!
    57'
    Kjempesjanse for LSK! Ujah kjem aleine med keeper, men Udjus leverer ei fantastisk redning!
    59'
    Hovland ryddar opp.
    59'
    Slurv i Sogndal-forsvaret, og LSK får innkast.
    62'
    Ringstad slår inn mot Ujah, men Udjus plukkar lett.
    62'
    Hansen legg tilbake til Furebotn som skyt frå 25 meter. Utanfor.
    64'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Ulrik Flo
    Ut: Vegar Gjermundstad
    65'
    Hansen går ned som venstreback, og Flo inn i angrepet.
    65'
    2186 tilskoarar ser kampen.
    66'
    Nosa som er tilbake sentralt på midten, har ikkje greidd å utfordre Sogndal-forsvaret i dag.
    67'
    Nosa prøver segt med eit skot frå 20 meter. Langt utanfor.
    68'
    Solheim skyt frå 20 meter, ballen treff Olsen, og keeper får kontroll. Sogndal prøver seg no!
    70'
    Framleis stor spenning i denne kampen. Begge lag jaktar alle tre poenga!
    72'
    Utspark frå keeper Magnusson, og Elvis viser kven som er sjefen er luftrommet.
    75'
    Nosa med nytt skotforsøk. Heller ikkje denne gangen treff han mål. Langt utanfor!
    77'
    LSK i angrep no. Får innkast ved hjørneflagget.
    78'
    LSK-trenar Berg ivrig på sidelinja no!
    79'
    Scheel får avklart.
    79'
    Flo prøver å finne Olsen, men ballen går inn til keeper.
    80'
    Sigurdarson testar skotfoten frå 20 meter, men ballen går via Hovland og inn til Udjus.
    81'
    Lang ball opp mot Elvis som legg tilbake til Olsen. Han skyt - utanfor!
    82'
    Sogndal sin første corner!
    83'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 1 - 0 Lillestrøm
    Mål: Even Hovland
    Sogndal scorar på sin første corner i kampen! Olsen stussar ned til Hovland som set inn 1-0 til heimelaget!
    83'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 2 - 0 Lillestrøm
    Mål: Ole Jørgen Halvorsen
    Kjempescoring av Halvorsen! Han går med ballen frå eigen banehalvdel og set fart framover. 24-åringen skyt frå over 20 meter - rett i kassa!
    85'
    Spillerbytte - Lillestrøm
    Inn: Arild Sundgot
    Ut: Stian Ringstad
    86'
    Nokre magiske minutt for tilskodarane på Fosshaugane. Sogndal går mot sin første siger på heimebane i år, og lagets andre strake triumf. No er laget også over streken for første gong denne sesongen.
    87'
    Kanarifansen var best i over 80 minutt på tribunen, men har stilna heilt etter to kjappe mål.
    90'
    Det er lagt til tre minutt.
    90'
    Gult kort til Lillestrøm
    Bjorn Sigurdarson
    Stygg takling.
    90'+2
    Kampen er slutt
    90'+3
    Då er kampen slutt, og Sogndal vinn 2-0 etter to kjappe mål på slutten. Kampen var heilt open, og kunne ha vippa begge vegar! LSK-spelarane ruslar skuffa i garderoben, medan Sogndal-spelarane jublar over sin andre strake siger.
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her