Author avatar

Ble dekket av NTB

    Velkommen til Sogndal - Stabæk frå Fosshaugane Campus!
    Sogndal kjempar om ny kontrakt i Tippeligaen, medan medaljetoget til Stabæk forsvant etter at laget tapte mot Aalesund i midtveka.
    Stabæk har ein skadefri tropp, medan Sogndal må klare seg utan fleire spelarar. Både Ørjan Hopen, Ole Jørgen Halvorsen, Cato Hansen, Eivind Daniel Røed og Barry Kader på sjå kampen frå tribuneplass.
    Gjestene har tatt heile 18 poeng på bortebane denne sesongen. Det er tredje best av alle laga i Tippeligaen!
    Ser vi på formtabellen er desse to laga tabellnaboar. Sogndal har 1-3-2 på sine seks siste kampar, medan Stabæk har 1-2-3 i same periode.
    Hos Stabæk er Pálmi Rafn Pálmason toppscorar med åtte mål, medan Alain Junior Ollé Ollé har funne vegen til nettmaskene sju gonger. Ole Jørgen Halvorsen og Ørjan Hopen deler denne statusen på Sogndal med seks mål kvar.
    Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart på Fosshaugane.
    Laga er ferdig med oppvarminga og det nærmar seg kampstart på Fosshaugane!
    Kaldt på Fosshaugane i dag, og mange potensielle tilskodarar er nok heime i kveld.
    Laga på veg ut på bana, og publikum reiser seg!
    Kampen har startet
    Stabæk tek avspark.
    1'
    Brustad kjem rundt på høgrekanten og slår inn. Får ikkje corner, og Udjus gjer seg klar til utspark.
    2'
    Fin sjanse for Sogndal. Solheim slår inn, men Brochmann si avslutning med pannebrasken held ikkje mål og går utanfor.
    3'
    Heimelaget har opna kampen best dei første minutta.
    5'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Per Egil Flo
    Ufarlig.
    5'
    Elvis prøver å finne Bakke på løp, men pasningen blir for hard. Vertane overtek.
    8'
    Palmason prøver å finne Andersson, men ballen går inn til Udjus. Gjestene ville ha frispark i situasjonen, men dommar Helgerund let spelet gå.
    11'
    Flo slår inn frå høgrekanten, men Stabæk-forsvaret får avklart.
    12'
    Isak Scheel spelar i dag mot gamle lagkameratar. Sogndal-midtstoppar si kontrakt med klubben går ut etter denne sesongen. Kanskje går han tilbake til gamleklubben?
    13'
    Brochmann finn Flo som skyt i steget frå 18 meter. Over!
    14'
    Kampens største sjanse! Solheim slår inn i feltet, og der er Elvis best og knuser Hedenstad i luftrommet. Sogndal best på Fosshaugane no.
    17'
    Dobbelsjanse for Sogndal! Først er det Brochmann som avsluttar rett på keeper. Flo tek returen, som blir redda på strek! Får corner.
    18'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Tonny Brochmann
    Ny corner.
    19'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Tonny Brochmann
    Nok ein ny corner.
    19'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Per Egil Flo
    Stabæk får avklart.
    19'
    Sogndal nærmar seg 1-0 no. Hovland blir med framover, og er nære på å skli inn leiing til vertane etter innlegg frå Flo.
    21'
    Solheim går ned for telling. Får seg ein smell i ankelen, men spelar vidare.
    24'
    Sogndal har vore det klart beste laget til no i denne kampen.
    25'
    Gjestene slit med å etablere noko spel, og har ikkje hatt ein målsjanse den første halvtimen.
    28'
    Første sjanse til Stabæk. Palmason finn Andersson utanfor sekstenmeteren. Han avsluttar - over!
    30'
    Applaus på Fosshaugane når Aalesund tek leiinga over Lillestrøm. Med tre poeng til Sogndal klatrar laget forbi LSK på tabellen.
    33'
    ..og endå større applaus når Odd går opp i 1-0 over Start!
    34'
    Stabæk-supportarane skaper fin stemning på tribunen. 70 tilreisande har teke turen over fjellet for å støtte laget sitt.
    37'
    Farnerud viser seg fram på midten, men pasningen vidare mot Andersson blir for upresis.
    38'
    Brochmann klinkar til frå 20 meter, men skotet blir blokkert.
    40'
    Stabæk spelar seg gjennom Sogndal-forsvaret, men Andersson er i offside.
    43'
    Nærmar seg pause på Fosshaugane.
    43'
    Ulrik Flo med frykteleg støttepasning mot eige forsvar, men Stabæk klarar ikkje å utnytte feilen.
    45'
    Pause
    45'
    Då går laga til pause på stillinga 0-0. Sogndal har hatt dei største sjansane, men har ikkje funne vegen til nettmaskene.
    2. omgang
    45'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Tore André Flo
    Ut: Eirik Bakke
    46'
    Mix er flytta ned på venstrebacken i andre omgang og startar ikkje særleg bra. Corner til Sogndal.
    48'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Per Egil Flo
    Svak corner frå Flo og Stabæk får kontroll.
    48'
    Tore André Flo får 45 minutt for første gong denne sesongen. Kanskje det er nok til å gje han sesongens første nettkjenning?
    51'
    Solheim legg inn og Brochmann avsluttar. Hedenstad får blokkert.
    52'
    Kjempesjanse for Sogndal og Tore André Flo! Blir spelt gjennom, og keeper Larsen bommar på ballen. I det Flo skal setje ballen i mål, sklir foten på den våte grasmatta og 38-åringen går istaden i bakken. Stabæk-forsvaret får etterkvart avklart.
    54'
    Stabæk får tildelt et hjørnespark
    Johan Andersson
    Kort variant, og Sogndal får innkast i neste trekk.
    56'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Vegar Gjermundstad
    Ut: Taijo Teniste
    58'
    Fin Stabæk-sjanse! Farnerud skyt frå 16 meter - like over!
    59'
    Per Egil Flo klinkar til frå 35 meter. Hardt, rett på keeper!
    61'
    Regn på Fosshaugane no.
    62'
    Brochmann vender og skyt. Larsen må gje til corner.
    63'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Per Egil Flo
    63'
    38-år gamle Tore André Flo viser seg fram. Skyt frå ti meter, og ballen går i lengste stolpe! Det luktar mål på Fosshaugane!
    65'
    Flo-pasningen er tilbake. Tore André vinn luftduell, men Ulrik går ikkje på stussen.
    66'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Per Egil Flo
    Ballen går bak mål. Utspark frå Larsen.
    66'
    Sogndal har framleis god kontroll på kampen.
    69'
    Stabæk får tildelt et hjørnespark
    Johan Andersson
    Kort variant igjen. Andersson får ballen tilbake og skyt frå 20 meter. Utanfor.
    70'
    Gjermundstad herjar på venstrekanten. Slår hardt inn i feltet, men ballen går til corner.
    72'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Tonny Brochmann
    Stabæk får kontroll.
    73'
    Gult kort til Sogndal
    For sein i duell mot Gromstad.
    75'
    Holsæter står klar på sidelinja.
    76'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Ruben Holsaeter
    Ut: Ulrik Flo
    78'
    2604 tilskodarar ser kampen.
    79'
    Andersson prøver seg på nytt i Stabæk-angrepet. Også denne gongen går skotet over.
    81'
    Gromstad rasande på dommar Helgerud etter at Holsæter får frispark. Dommaren er på veg ned for å hente det gule kortet, men ombestemmer seg. Publikum er rasande!
    83'
    Ondo testar skotfoten, men skotet blir blokkert.
    85'
    Solheim dreg seg rundt på høgrekanten, men skjermar ballen ut over dødlinja. Linjemann meiner det er utspark frå mål, og Sogndal sin høgreback er tydeleg misnøgd.
    87'
    Kjempesjanse for Sogndal! Elvis fintar ut keeper Larsen, og leverer til Brochmann. Han skyt utanfor på ope mål frå ti meter!
    89'
    Etter først 89 minutt vaknar heimepublikum på Fosshaugane!
    90'
    Det er lagt til to minutt.
    90'+1
    Det går mot 0-0 og publikum reiser frå stadion.
    90'+2
    Kampen er slutt
    90'+3
    Då er dommar Helgerud nøgd og bles av kampen på 0-0. Heimelaget var det beste laget gjennom heile kampen, men fann aldri vegen til nettmaskene. Danske Brochmann hadde kampens største sjanse då han avslutta utanfor på nesten ope mål. Med eit poeng i dag og Start-tap i Kristiansand er Sogndal si kontrakt til Tippeligaen neste år omlag sikra.
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her