47'
1-0
2-0
66'
3-0
Author avatar

Ble dekket av NTB

    Hei og velkomne til livedekninga av cupkampen mellom Sogndal og Strømmen frå Fosshaugane Campus. Kampstart 1800.
    I forrige runde slo Sogndal åsane 2-0, mens Strømmen slo Asker 3-0.
    Sogndal har vist god form dei siste kampane i Tippeligaen og står med tre strake sigrar på eiga kunstgras.
    Strømmen kjem frå ein glimrande kamp på Bryne der dei bana jærbuene 4-1.
    Espen Olsen, tidlegare sogndalspelar, er trenar for Strømmen. Han er mest kjend i Sogndal for å klare å kjøre på feil ferjekai på ein tur frå Bergen til Sogndal. Det enda med ein 2 timars ferjetur for familien Olsen istaden for dei sedvanlege 15 minutta mellom Fodnes og Mannhellar.
    Det skal og seiast at Olsen var ei sentral brikke på Sogndal sitt lag som i 2010 rykka opp til Tippeligaen igjen. På fire sesongar laga han 17 mål på 76 kampar for laget frå saftbygda.
    I fylgje Strømmen sine eigne heimesider så var det avreise frå Strømmen til Sogndal i dag kl 0800. Viss ingen har pådratt seg ein strekk på bussturen så skal nok laget være mykje likt det som slo Bryne. Men med hardt kampprogram skal ein ikkje sjå vekk for at nokre spelarar blir kvilt og nye friske krefter kjem inn.
    Sogndal stiller nok med toppa mannskap frå start, men med ein no ganske brei benk kan vi få sjå litt endringar frå sist kamp mot Sandnes Ulf. Kanskje får Gustav Valsvik spele igjen etter promillesaka 18.mai. Nilsen, Fardal Opseth, Brochmann og Hopen siklar nok også etter ei plass i 11-aren.
    Då er laga klare og både Strømmen og Sogndal gjer nokon byter frå sist kamp. For Sogndal får Teniste kvile etter to landskampar for Estland den siste veka. Ulrik Flo er også ute av laget. Om stryningen er skada eller om det er andre grunnar veit vi ikkje. Flo hadde iallefall ein svært dårlig kamp sist mot Sandnes Ulf.
    Strømmen rokkerar ein del framover på bana etter nedsablinga av Bryne på søndag. Ut har Moen Hansen og Schulze gått og inn har komme Tom Kristoffersen og Igor Mirceta kommen.
    Vi er litt usikre akkurat korleis dei to laga spelar, men har satt opp Sogndal i sin sedvanlege 3-5-2 formasjon. Mogleg at det Karadas vert satt opp som spiss og at dei spelar 4-4-2.
    For Strømmen er vi litt usikre på konstilasjonane i det offansive, men vi trur at White skal spele spiss i lag med El Haj og at Mirceta spelar ventre midt samt Kristoffersen høgre. Vi får sjå når kampen startar korleis dei to har tenkt å spele.
    Espen Olsen og Håvard Flo står saman og snakkar om gode gamledagar på kunstgraset. Då dei spelte saman var det naturgras og dei er nok begge glad for at ein i dag kan spele på ei jamn kunstgrasmatte og ikkje potetjordet som var på Fosshaugane for nokre år sida.
    Begge laga er no i oppvarming og om ein liten halvtime er vi i gang med 3.runde i NM-cupen frå Fosshaugane Campus.
    Laga på veg inn på bana. Overskya og ca. 20 grader i lufta i sognebygda denne ettermiddagen.
    Strømmen med avspark.
    Kampen har startet
    Sogndal vinne ballen og slår langt opp mot Otoo osm faktisk slår Strømsnes i hovudduell. God spenst på ghansesaren som er eit hovude lågare enn Strømmen sin kaptein.
    2'
    George White nede med skade. Spørs om det er ein strekk.
    2'
    White tilbake, men held seg til baksida av låret. Fleire skadar er verkeleg ikkje det Strømmen treng no.
    3'
    Det ser faktisk ut som Strømmen ligg i ein 4-5-1 formasjon. Espen Olsen vel å være forsiktig her i møtet med tippeligalaget.
    4'
    Stømmen på ei farlig kontirng. Balen vert slått i bakrom på El Haj. Han utfordrar Karadas på fart, men eidaren får klarert ballen i siste liten.
    5'
    Jamnt så langt. Strømmen ligg lågt og kompakt. Sogndal slår langt utan suksess så langt.
    7'
    Langt innkast frå Nilsen som Utvik headar utafor.
    7'
    Det er Sogndal so mstyrer kampen utan at dei skapar noko særleg framfor mål. Strømmen ser faktisk hakket vassar ut på sine kontringar.
    10'
    Strømmen jobbar knallhardt i presset og Sogndal klarar ikkje å skape noko særleg spel. Veldig bra kamp så langt av Strømmen.
    12'
    Strømmen prøver også å spele litt i bakre rekker. Det ednar osm regel med ein lang ball opp sidan Sogndal pressar høgt. Dei lange ballen vert barnemat for Sogndal sine robuste stopparar.
    13'
    Ser ut som White kjenner lite til det som såg ut som ein strekkskade tidleg i kampen. Dette er viktig for Strømmen som har fleire spelarar ute med skade.
    15'
    Kort corner.
    15'
    Ballen endar til slutt hjå Hamutenya som skyt frå 30 meter. Skotet er hard, men går rett i henda på Dyngeland
    17'
    Så er det Haugen som skyt frå 30 meter. Skotet går 3 meter over.
    17'
    Innkast til Strømmen på høgd med Sogndal sin 16-meter.
    18'
    Jamnt så langt i denne kampen og relativt kjedelig. Vi har endå ikkje notert ein einaste målsjanse.
    19'
    Kampen fyrste sjanse går til Sogndal. Lang ball opp og Strand får ballen etter ein duell i feltet. Dreg seg inn i boksen og avsluttar hardt, men rett på Bjørnsson.
    21'
    Så er det Strømmen som er frampå. El Haj får ballen og på 16-meter, men avslutninga vert for laus og enkel for Dyngeland.
    22'
    Ny god sjanse for Sogndal. Utvik spelar gjennom Nilsen som legg tilbake til Valgardsson. Han skyt over frå ca. 11-12 meter
    24'
    Kampen har åpna seg litt meir opp dei siste fem minutta.
    25'
    Stor jubel på Fosshaugane når ein høyrer at Florø har scora mot Molde.
    28'
    Mirceta skyt frå 20 meter, men igjen rett på Dyngeland.
    30'
    Godt innlegg frå Valgardsson og Otoo når nesten opp. Amundsen får klarert.
    33'
    På ny godt innlegg frå islendingen og no er det Nilsen som er nære. Endar i eit frispark til Sogndal ute med hjørneflagget.
    34'
    Valgardsson skal slå det.
    34'
    Går over alle og ut til 5-meter.
    34'
    Sjølv om billettprisen er satt ned framfor denne kampen så kan vi ikkje sei at publikum har fått valuta for pengane. Relativt kjedeleg kamp så langt.
    37'
    Sogndal med innlegg, men keeper Bjørnsson er sjef i feltet og ute og plukkar.
    38'
    Strømmen litt meir med i kampen no. Klarar å halde i ballen og spele seg inn på Sogndal sin halvdel.
    42'
    Noko sjansar har derimot ikkje laget frå Romeriket skapt.
    43'
    Det går mot pause og det vil overraske meg om vi får ei scoring før dommaren bles. Kast til Strømmen på høgd med Sogndal sin 16-meter no.
    45'
    Kort kast og innlegg. Til slutt får Achrifi skote, men Dyngeland reddar.
    45'
    Pause
    45'+2
    Fryktelig kjedelig og strengt tatt ingenting å skrive heim om her i frå Fosshaugane Campus. Strømmen har gjort jobben sin nektar Sogndal rom.
    Laga på veg ut på bana og vi er straks klar med 2.omgang her frå Fosshaugane Campus.
    Sogndal med avspark.
    Ingen byter.
    2. omgang
    45'
    Frispark til Sogndal litt inn på Strømmen sin halvdel. Skal slås inni feltet.
    46'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 1 - 0 Strømmen IF
    Litt klabb og babb i feltet før Otoo får ballen på fem meter. Han vender vekk ein spelar og set ballen til side for Bjørnsson.
    47'
    Då må Strømmen fram så då får vi kanskje ein meir interessant kamp her.
    48'
    Olsen flyttar opp kantane White og Miceta så no satsar Strømmen framover.
    50'
    Fin sjanse for Strømmen på ein overgang.
    52'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 2 - 0 Strømmen IF
    Mål: Tim Nilsen
    Like etter Strømmen sin sjanse kontrar Sogndal. Otoo leikar seg med forsvaret til Strømmen og dreg av 2-3 mann før han servarar Nilsen på blank kasse.
    52'
    Faktisk ein veldig god sjanse for Strømmen før scoringa til Sogndal. White fekk ballen i boksen og frå ti meter så prøver han eit skot, men bommar regelrett på ballen.
    54'
    Svak corner frå Strand som Valsvik pirkar utafor på første stolpe.
    55'
    Blir nok hardt for Strømmen å komme tilbake i denne kampen. Dei har vist svært lite offansivt så langt.
    58'
    Men så får Strømmen frispark eksakt på 16-meterstreken.
    58'
    Ser ut som det er Achrifi som skal skyte.
    58'
    Skyt via Amundsen og ut til 5-meter for Dyngeland. Svakt utnytta der av Strømmen.
    59'
    Frispark til Sogndal. Valgardsson skal legge inn.
    59'
    Strømmen får tilslutt klarert til kast.
    60'
    Heading frå Utvik som Bjørnsson må gje til corner.
    61'
    Bjørnsson ute å plukkar.
    61'
    Kort corner til Bolseth som legg inn. Valsvik blir kraftig holdt i trøya, men er kanskje like god sjølv. BLir iallefall ikkje dømt noko.
    61'
    Ser ganske komfortablet ut dette for Sogndal. Strømmen prøver no å slå meir langt, men El Haj har det tungt mot Karadas, Valsvik og Patronen.
    64'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Kristoffer Stephensen
    Ut: Rune Bolseth
    65'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 3 - 0 Strømmen IF
    Målgivende: Tim Nilsen
    No er det Nilsen som dreg av 2-3 spelarar før han serverar Otoo på blank kasse. Forferdelig tversoverpasning av Strømmen like før scoringa som gjer at Nilsen kan komme gjennom.
    66'
    Spillerbytte - Strømmen IF
    Inn: Vetle Dragsnes
    Ut: Tom Kristoffersen
    67'
    Då er nok kampen punktert.
    68'
    God sjanse for Strømmen. El Haj rykker seg fri i mellomrommet og stormar mot mål. Gir så til Dragsnes som avsluttar, men ein sogndalspelar får kasta seg ned og blokkerar.
    69'
    Hjørnespark til Sogndal
    71'
    Strømmen får klarert, men Sogndal vinn seg eit frispark på kanten av 16-meteren.
    72'
    Endar tilslutt i 5-meter for Bjørnsson.
    73'
    Sogndal med full kontroll på kampen no.
    74'
    El Haj ligg nede med skade.
    76'
    Er oppe igjen. Viktig for Strømmen. Cupeventyret er nok over så no gjeld det å unngå skader.
    76'
    El Haj igjennom, men skyt i nettveggen. God sjanse for Strømmen.
    78'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Kristian Fardal Opseth
    Ut: Tim Nilsen
    78'
    Innlegg frå Skaasheim som Otoo nesten får flikka i mål.
    81'
    Spillerbytte - Strømmen IF
    Inn: Ulrich Ness
    Ut: Steinar Strømnes
    81'
    Otoo prøver seg frå 20 meter, men Bjørnsson har kontroll.
    84'
    Strømmen farlig frampå, men Sogndal får klarert. Blir mykje nesten med det offansive spelet til Strømmen.
    85'
    518 tilskodarar.
    87'
    Ganske lite som skjer her no.
    88'
    Rashid prøver seg, men skotet går utafor.
    90'
    Mahatma Otoo stemt fram som dagens sogndalspelar. Feirar dette med å gå i offside.
    90'
    Vi skal spele 3 tilleggsminuttar.
    90'+1
    Frispark til Strømmen på ca. 20 meter.
    90'+2
    Skal romerikingane få seg eit trøystemål.
    90'+2
    Fleire som vil skyte.
    90'+2
    Rashid skyt over.
    90'+2
    Kort corner som det ikkje blir noko ut av.
    90'+3
    Kampen er slutt
    90'+4
    Sogndal vidare etter ein god 2.omgang. Den fyrste omgangen går vi stille forbi. Strømmen hadde lite å by på og Sogndal imponerte ikkje stort dei heller. To lag som må opp på eit heilt anna nivå før helgasserierunde. Vi ynskjer Sogndal lykke til vidare i cupen og Strømmen ein god tur over fjellet.
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her