1-0
Thorsnes89' (Str.)
2-0
Supporterfordeling på VG
504
41
Author avatar

Ble dekket av NTB

    Hei, og velkommen til denne livedekningen av Vålerenga mot Paok i det vi er i kvalifiseringsrundane til Champions League.
    Årets kvalifiseringsrundar til Champions League er av det noko merkeligare slaget. Kortversjonen er at dei spelar kvalifiserings-turneringar med eit vertskapslag som gjestar laga på same stad. I turnering nummer sju har vi Vålerenga, PAOK (Hellas), Mitrovica (Kosovo) og Agarista Anenii Noi (Moldova). Det betyr at Vålerenga spelar kveldens kamp på Makedonikos stadion i Thessaloniki, då kveldens motstandar er vertslag i turnering nummer sju.
    Mitrovica frå Kosovo var ingen match for Enga som tok seg vidare til gruppefinale mot PAOK etter at det stod 5-0 på sluttavla. Elise Thorsnes hamra inn tre mål i den kampen etter at ho kom inn i det 70. minutt, men sit også i dag på benken til fordel for Nielsen som gjekk mållaus av bana.
    Fjorårets Champions League-eventyr braste raskt saman i første runde mot Brøndby. I ein dramatisk straffekonkurranse kor Stefanovic feila frå ellevemeteren, var det danskane som kunne juble. No har Vålerenga ein ny sjanse, men først må dei ta seg vidare mot PAOK.
    Kampen har startet
    0'
    Vålerenga går rett i angrep frå avspark, men får ikkje avslutta ordentleg etter at PAOK-forsvaret er tett oppe i markeringane.
    2'
    Bjelde er som ein varm kniv i smør når ho sklir gjennom midtbana til PAOK med ballen i beina .
    5'
    Gode tendensar hjå dei blåkledde. Nygard spring på ein ball i bakrom ogfår ballen inne i 16-meteren. Midtbanejuvelen går for eit innlegg. Der er det diverre ingen lagkameratar og grekarane får klarert.
    8'
    Grekarane med eit svært risky tilbakespel kor Chatzicharistou i PAOK-buret vinn ballen mot Nielsen i ein spurtduell. Synd for den danske spissen og Vålerenga.
    11'
    No høljar regnet ned i Hellas med tordenbrak i bakgrunnen! Det kan bli ei våt grasbane for spelarane utover kampen om det held fram!
    11'
    Ballen er mykje på midtbana no og begge lag slit med å etablere godt spel.
    16'
    Vi er ikkje vitne til noko innertiar av ein kamp i Hellas. Vi har framleis til gode å få ei avslutning frå nokon av laga.
    20'
    No regnar det så mykje at bana er gått av bana. Usikkert kva som skjer her no.
    21'
    Kampen er i gong igjen, men no er det verkeleg mykje regn og spelarane klagar til dommar. Skal dei halde fram?
    23'
    Kampen går sin gang, men det er ein paraodi ute på den våte grasmatta.
    25'
    Laga går av bana. Det skal ikkje spelast fotball her dei neste minutta. Meir informasjon blir nok gjeven.
    28'
    Vålerenga vinn eit hjørnespark.
    34'
    Vålerenga får tildelt et hjørnespark
    Janni Thomsen
    Ballen skrur seg ut av feltet, men Enga kjem i ny bølge. Etter ein kollisjon med keeper i feltet, får PAOK frispark.
    35'
    Chatzicharistou får behandling etter kollisjonen. Må PAOK si sisteskanse gi seg?
    38'
    Spillerbytte - PAOK
    Inn: Kori Butterfield
    Ut: Panagiota Chatzicharistou
    39'
    Vålerenga vinn eit nytt hjørnespark.
    41'
    Vålerenga får tildelt et hjørnespark
    Janni Thomsen
    Gode moglegheiter for Enga! Den største kjem når Synne Jensen får ballen på 10 meters hald og får skutt. Diverre får PAOK-forsvaret redda på streken.
    41'
    Vålerenga får eit frispark på kanten av 16-meteren. Kan Thomsen gjere noko lurt frå den posisjonen?
    44'
    PAOK får rydda unna innlegget som kjem frå frisparket.
    45'
    Thomsen les underlaget bra og køyrer på med ei sklitakling på fleire meter.
    45'+2
    Madsen lagar frispark, men får seg sjølv ein trøkk. Stopp i spelet medan ho får behandling.
    45'+5
    Pause
    45'+8
    Då er det stopp i spelet, men denne gongen av rettmessige årsaker då det er pause i Hellas. Det har vore ein omgang utanom det vanlege, med stopp i spelet då den årlege sommar-monsunen tok turen. Det gjorde at vi fikk ein pause på drøye 40 minutt medan ein venta på at sola skulle finne vegen. Dei første 30 minutta i regnværet var nesten ikkje spelbare. Dermed fekk ein ikkje registrert ei einaste avslutning i denne perioden. Etter spelepausa våkna også Vålerenga. Dei har skapt fleire farlege moglegheiter i PAOK sin boks. Det er laget frå Oslo som har vore best dei første 45 minutta, og vi gler oss til dei neste 45. Forutsatt at det ikkje kjem ein ny monsun...
    2. omgang
    45'
    Pausa er berre på fem minutt, då dei fekk seg eit lengre opphald før det siste kvarteret vart spelt.
    46'
    Spillerbytte - Vålerenga
    Inn: Elise Thorsnes
    Ut: Rikke Nygard
    46'
    Vålerenga farleg frampå og Synne Jensen får avslutta like utanfor mål. Assistentdommar er diverre oppe med flagget.
    48'
    Noko unøyaktige avleveringar hjå Enga som slit i oppbygginga av spelet.
    51'
    PAOK scorer selvmål!
    Vålerenga 1 - 0 PAOK
    Mål: Ingunn Haraldsdóttir
    Thomsen avanserar i bana frå midtbanestreken. Ho får evig mykje rom og sender avgårde ei litt slapp avslutning rett utanfor 16-meteren. Skuddet treff likevel Haraldsdottir og endrar retning. Dermed er amerikanske Butterfield utspelt i PAOK-målet.
    54'
    Madsen får eit innlegg blokkert og Enga får hjørnespark.
    57'
    Vålerenga får tildelt et hjørnespark
    Janni Thomsen
    Hjørnesparket går over mål. Femmeter for Butterfield.
    57'
    Stolpetreff for Thomsen som blir lobba gjennom av Synne Jensen. No køyrer Vålerenga verkeleg på her!
    60'
    Gult kort til Vålerenga
    Janni Thomsen
    60'
    Gult kort til PAOK
    Thomai Vardali
    60'
    Nielsen ladar kanonen får kloss hald. Butterfield boksar den ut til hjørnespark. God moglegheit!
    61'
    Vålerenga får tildelt et hjørnespark
    Janni Thomsen
    Blir klarert, men dei blå kjem på ny. Eit innlegg kjem i retning av Stefanovic kolliderar med PAOK si sisteskanse. Grekarane får klarert på ny og faren er over.
    61'
    Spillerbytte - PAOK
    Inn: Antigoni Papadopoulou
    Ut: Marlene Barbosa
    65'
    Madsen lagar frispark utanfor eigen 16-meter.
    67'
    Mitkou svingar inn frisparket og Tompkins kastar seg over ballen med begge hender. Sisteskansa får også frispark etter at ein grekar er hensynslaus i jakta på ballen.
    68'
    Vardali sitt nede hjå PAOK. Får isspray og støtte frå ein halvsirkel av lagvenninner som observerar.
    70'
    Spillerbytte - PAOK
    Inn: Elpida Katsanou
    Ut: Thomai Vardali
    71'
    Frispark til PAOK midt på banehalvdelen til VIF. Klarerast.
    72'
    Hjørnespark til Enga.
    74'
    Vålerenga får tildelt et hjørnespark
    Janni Thomsen
    Klarerast.
    74'
    Det er dei blå som køyrer på no. Dei ønskjer seg naturligvis endå eit mål for å kunne senke skuldrane.
    76'
    Thorsnes er på farta etter eit gjennomspel frå Madsen. Ein hårsbredd unna å kunne auke leiinga for Enga, men assistentdommaren er oppe med flagget.
    79'
    Spillerbytte - Vålerenga
    Inn: Katie Stengel
    Ut: Synne Jensen
    79'
    Ingibjörg Sigurdardóttir tek ingen sjansar med tanke på underlaget i det ho spelar ballen ut og droppar eit eventuelt tilbakespel. Her er VIF-damene sikre i det dei foretek seg.
    82'
    Gult kort til Vålerenga
    Dejana Stefanovic
    Årets klaraste gule kort på Stefanovic som slår ut med armane. Ikkje noko justismord.
    83'
    Frispark til VIF midt inne på PAOK sin halvdel. Den skal svingast inn.
    86'
    Straffe til Vålerenga og Stengel. Merkeleg situasjon med eit tilbakespel som Stengel spring på. Ho snublar i ein forsvarar og får straffe.
    88'
    Vålerenga scorer på straffe!
    Vålerenga 2 - 0 PAOK
    Mål: Elise Thorsnes
    Sikker som banken! Butterfield er på feil fot og Thorsnes brukar breisida i det ho doblar leiinga for VIF!
    89'
    VIF-spelarane feirar med å skli på magen på det våte underlaget. Herleg stemning!
    90'
    Stefanovic er høgt oppe i bana og testar skuddfoten. Det er ikkje eit ille forsøk og Butterfield må vippe skotet over mål med handa.
    90'+1
    Spillerbytte - Vålerenga
    Inn: Catherine Bott
    Ut: Camilla Huseby
    90'+1
    Spillerbytte - Vålerenga
    Inn: Amanda Andradóttir
    Ut: Rikke Madsen
    90'+1
    Vålerenga får tildelt et hjørnespark
    Janni Thomsen
    Ender i ingenting.
    90'+2
    Kampen er slutt
    90'+5
    Då er det over. Vålerenga er kun ein dobbelkamp unna Champions League! Årets våtaste kamp er over og det var VIF som trakk det lengste strået i Hellas. Etter at ein monsun besøkte Thessaloníki, fekk vi ei lang pause midt inne i 1. omgang. Det var heilt umogleg å få til noko spel, det resulterte også i at ein ikkje hadde ei einaste avslutning i den perioden. Etter at det verste regnet ga seg, fekk VIF fart på ballen. Likevel var det ikkje før etter pause at Oslo-laget fekk hål på byllen. Lite visste Stine Ballisager at ho hadde slått ei målgivande pasning då ho trilla ballen til Janni Thomsen på midtbanestreken. Backen vandra rimeleg uforstyrra opp til 16-meteren og sendte avgårde eit skudd som skifta retning foran ein utspelt keeper hjå PAOK. I det 88. minutt pekte dommaren på straffemerket då Katie Stengel snubla i ein forsvarar som allereie hadde skapt trøbbel for seg sjølv med eit dårleg tilbakespel. Elise Thorsnes skulle til pers. 33-åringen gjorde ingen feil og sendte keeper feil vei. No gjenstår kun ein dobbeltkamp for å ta seg vidare til gruppespelet i Champions League. Trekninga er i morgon. Mitt namn er Arne Inge Solgard, og eg ønskjer dykk ein fortsatt fin laurdag!
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her