Slutt

1-2

1-1
1-2
Supporterfordeling på VG
230
247

Hvem var banens beste?

Knut Erik Myklebust
41%
Benjamin Opaker Tilseth
31%
Erik Flataker
24%
Lukass Vapne
4%
160 stemmer

Ble dekket av NTBNTB

    Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Volda og Sogndal. Det er klart for NM-dramatikk på Volda stadion!
    Sognda, som til dagleg held til i 1. divisjon, er naturleg nok store favorittar i denne 1. runde-kampen av Noregsmeisterskapet. Men Volda, som befinne seg to hakk ned, i 3. divisjon, har nok store planar om å gjere dette til eit cupeventyr heimefansen seint vil gløyme.
    Dette blir første teljande kamp mellom Volda og Sogndal i nyare tid.
    Arild Hagen Bakke og Volda enda med 1-1 heime mot Nardo i deira første heimekamp i 3. divisjon etter at dei rykka opp i fjor. Runda før slo dei til med 2-0 borte mot Ranheim sitt andrelag. I kvalifiseringa til denne 1. runde-kampen av NM har dei slått ut Førde og Eid.
    Sogndal har på side hatt ein trasig start på sesongen, sjølv om det også har vore ein del bra å ta med seg. Borte mot Start blei det tap 1-2, medan det heime mot Aalesund enda 3-4 etter at Luis Pimenta sitt lag kom tilbake til 3-3 på overtid, berre for å sjå tangotrøyene putte endå ei scoring.
    No byrjar stadion i Volda å fyllast opp. Sogndal har allereie rusla inn i garderoben for ein siste lagprat, medan heimelaget no er i ferd med å gjere det same.
    Sogndal har gjort ganske mange endringar på laget sidan sist, men innbytarbenken er uansett sterke i tilfelle dei utvalde skulle få problem. Der finn vi namn som Kasper Skaanes, Erik Flataker og Kristoffer Steinset.
    Volda-laget er på si side ei blanding av både ungt og gammalt. Blant anna har 35 år gamle Tobias Evebø erfaring frå spel i 2. divisjon, med enkelte kampar for Hødd, medan målsniken Knut Erik Myklebust befinn seg på topp etter overgang frå rival Ørsta i fjor. I følgje NFF sin statistikk står han med 156 mål på 209 kampar i si karriere. Greie tal det!
    Kampen har startet
    1'
    Kjempesjanse for Volda! Bortelaget bommar med ei klarering, og Myklebust får plutseleg ballen i god posisjon. Berre ei fantastisk blokkering hindrar scoring.
    2'
    Volda får tildelt et hjørnespark
    Thomas-Sander Hole
    Sogndal får klarert, men Volda får likevel ikkje corner nr to.
    3'
    Mål for Volda!
    Volda 1 - 0 Sogndal
    Mål: Knut Erik Myklebust
    Heimelaget sjokkerer Sogndal! Bortelaget får først halvvegs klarert eit skot frå ein spelar i grønt, men ballen dett så perfekt ned bak forsvaret og Myklebust hamrar kula kontant i nettet. 1-0!
    5'
    Vapne sender i veg eit skot for Sogndal, men ein spelar i grønt får blokkert.
    8'
    Nære på for Sogndal! Mensah blir flott spelt igjennom i bakrom, men Tilseth kjem ut og hindrar han i å få avslutta skikkeleg. Corner.
    9'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Martin Sjølstad
    Endar med avslutning som går til ny corner.
    9'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Martin Sjølstad
    Blir blokkert til nok eit hjørnespark.
    9'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Martin Sjølstad
    Volda får tuppa vekk kula. Sogndal har intensivert presset no.
    10'
    Volda ligg med alle mann frå 30 meter og inn no.
    11'
    Innlegg frå høgresida til Sogndal, men det påfølgjande skotet frå Sjølstad blir blokkert.
    13'
    Volda er obs på å presse kraftig når bortelaget sine forsvararar får høge ballar. Det har ført til at dei har blitt småstressa.
    15'
    Sogndal med avslutning på mål. Hintsa får sendt i veg eit skot, men Tilseth har full kontroll.
    16'
    Mensah set ballen over ope mål etter ei glimrande kontring, men det blir uansett vinka for offside. Litt av ein bom av spissen, likevel!
    18'
    Gult kort til Sogndal
    Mathias Øren
    Øren blir rundtlurt av ei vending frå Myklebust og endar med å rive han i drakta. Soleklart kort.
    19'
    Brandal med eit fint raid langs venstresida, men den påfølgjande pasninga til Myklebust blir klarert av bortelaget.
    21'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Lukass Vapne
    Blir klarert greitt.
    21'
    Myklebust jagar ein lang ball men går i bakken etter å ha fått olbogen til Haruna i andletet. Verka ikkje å vere tilsikta.
    26'
    Mål for Sogndal!
    Volda 1 - 1 Sogndal
    Mål: Emmanuel Mensah
    Sogndal har utlikna! Hintsa fyk forbi Bjørdal etter ein nydeleg førstetouch, men skotet frå inne i boksa blir flott redda av Tilseth. Returen går derimot rett i beina til Mensah som enkelt kan ekspedere ballen i nettet. Fortet utlikning,
    27'
    Mensah spring i bakrom, men får aldri heilt kontroll før Tilseth kjem ut og snappar ballen. Bortefansen ropar på straffe, men domaren vinkar spelet vidare.
    30'
    Gult kort til Volda
    Arild Hagen Bakke
    30'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Lukass Vapne
    Tilseth boksar flott unna.
    32'
    Myklebust jobbar iherdig åleine på topp og vinn Volda eit innkast høgt i bana.
    34'
    Saftkokaradn gjer verkeleg sitt for å halde trøkket på tribuna oppe. Akkurat no er det litt lenger mellom tilropa frå heimefansen. Men praten går livleg då!
    36'
    Skummelt frå bortelaget. Onyango blir nydeleg frispelt på høgresida, men innlegget hans blir beina vekka. Corner.
    41'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Martin Sjølstad
    Endar til slutt med ei avslutning som Tilseth får kasta seg over og redda.
    42'
    Grei sjanse for Sogndal! Hagen bankar til frå rett utanfor boksa, men skotet snik seg over mål.
    43'
    Nok eit bra forsøk for bortelaget! Sogndal sender i veg eit hardt skot, men Tilseth reddar meisterleg. Han rekk akkurat å fange returen også før ein annan i kvitt får tak i den.
    44'
    Pause
    45'+3
    Det står 1-1 etter første omgang på Volda stadion. Det har vore ein artig kamp, der 3. divisjonslaget Volda pangopna med ei scoring allereie i det 5. minutt. Knut Erik Myklebust vaka i bakrom og sette 1-0 kontant i nettet. Etter dette tok Sogndal kraftig over, og laget til Luis Pimenta har hatt ballen store delar av tida. Emmanuel Mensah utlikna etter nesten ein halvtimes spel, då han var framme og sette ein retur i mål. I følgje heimefansen lukta det kraftig offside av den scoringa. Det står uansett 1-1, og vi gler oss stort til 2. omgang!
    Gult kort til Volda
    Arild Hagen Bakke
    Volda sin hovudtrenar får det gule kortet for munnbruk.
    30'
    2. omgang
    45'+1
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Sander Granheim
    Ut: Mathias Øren
    Pimienta gjer éi endring på laget sitt.
    45'+1
    Då er vi i gong i Volda igjen!
    47'
    Volda prøvar seg på ei kontring, men blir for unøyaktige i pasningsspelet.
    49'
    Evebør blir nonchalent og misser ballen farleg til Mensah. Han klarer derimot å jobbe inn igjen spissen og får gitt til corner.
    52'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Lukass Vapne
    Endar til slutt med ei heading på mål som Tilseth får plukka greitt.
    52'
    Bortelaget rullar bra opp, men det flate innlegget frå Mensah blir stansa.
    55'
    For ein sjanse for Sogndal! Mensah kjem plutseleg heilt åleine gjennom, men er under press og klarer berre å avslutte rett på Tilseth som kjem ut. Nok ei strålande redning av målvakta!
    59'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Erik Flataker
    Ut: Emmanuel Mensah
    59'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Kasper Skaanes
    Ut: Óskar Borgthórsson
    60'
    Nok ein stor sjanse for bortelaget! Vapne avsluttar på direkten inne i boksa, men sender skotet over mål. Dårleg utnytta.
    61'
    Volda får tildelt et hjørnespark
    Thomas-Sander Hole
    Sogndal får rydda opp og set i gong ei kontring.
    63'
    Gult kort til Volda
    Olav Ervik
    Stoppar Sogndal-overgongen ved å lage frispark.
    63'
    Mykje som luggar offensivt for bortelaget no. Dei har likevel skapt meir enn nok til å leie denne kampen.
    66'
    Spillerbytte - Volda
    Inn: Magnus Bischoff
    Ut: Andreas Brandal
    Volda gjer si første endring i kampen.
    67'
    Volda får tildelt et frispark
    Olai Bjørdal
    Frispark midt på bana. Dytt i rygg. Volda tek den kort.
    69'
    Skaanes kjem til avslutning med hovudet, men ser knapt ballen i det han utfører og sender den langt unna målet.
    71'
    Myklebust sit nede for Volda. Har vore i mange tøffe duellar med Haruna i dag, Volda-spissen.
    73'
    Spillerbytte - Sogndal
    Sebastian Pedersen avatarOliver Hintsa avatar
    Inn: Sebastian Pedersen
    Ut: Oliver Hintsa
    74'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Lukass Vapne
    Rett i klypene til Tilseth. Har spelt ein meget god kamp, den unge målvakta.
    75'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Lukass Vapne
    Tilseth er på plass og fangar ballen igjen.
    77'
    Iver Husø Johansen prøvar seg med venstrefoten. Via ein Sogndal-spelar og langt utanfor.
    79'
    Volda får tildelt et hjørnespark
    Thomas-Sander Hole
    Blir klarert.
    79'
    Gult kort til Sogndal
    Vegard Hagen
    Får det gule kortet, mest sannsynleg for munnbruk.
    80'
    Presset frå Sogndal har verkeleg dabba av her. Lenge sidan førre store sjanse.
    81'
    Småskummelt i det Flataker flikkar ballen mot mål frå kort hald. Tilseth reddar.
    83'
    Stor sjanse for bortelaget! Avslutning frå kort hald går like utanfor. Corner.
    83'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Lukass Vapne
    Endar med ingenting.
    83'
    Vapne fyrer av frå god posisjon! Like utanfor frå Sogndal sin nummer 16.
    84'
    No ligg Volda-spelarane strødde utpå bana. Skal nok byttast litt her.
    85'
    Spillerbytte - Volda
    Inn: Robert Mathias Dahlberg
    Ut: Knut Erik Myklebust
    85'
    Heimelaget brukar bra med tid på faste situasjonar no.
    86'
    Nok ein spelar i grønt ligg nede. Ny stopp i spelet.
    87'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Marius Årøy
    Ut: Vegard Hagen
    87'
    Benjamin Tilseth blir kåra til dagens volding av ein lokal jury. Meget fortent!
    89'
    Skal vi få ei scoring heilt på tampen her? Blir nok litt tillegg på grunn av alle stoppa vi har fått.
    90'+2
    Nesten igjen for bortelaget! Flataker fyrer av eit knallhardt skot, men Tilseth reddar meisterleg. Corner.
    90'+3
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Lukass Vapne
    Volda får klarert.
    90'+3
    Mål for Sogndal!
    Volda 1 - 2 Sogndal
    Mål: Erik Flataker
    Målgivende: Sebastian Pedersen
    Sogndal scorar heilt på tampen her, til Volda si store sorg! Eit innlegg blir slått inn i boksa, og der vinn Flataker duellen med keeper og headar til Pedersen som får ein enkel jobb med å putte ballen i mål. 1-2!
    90'+4
    Volda får tildelt et frispark
    Benjamin Opaker Tilseth
    På midtbana.
    90'+5
    Frisparket blir slått rett i fanget til Jendal som kan leggje seg ned og kvile på ballen. Svakt utnytta.
    90'+6
    Volda står høgt. Sogndal med kast.
    90'+6
    Volda får tildelt et frispark
    Benjamin Opaker Tilseth
    Blir klarert. Innkast høgt i bana for Volda.
    90'+7
    Bischoff med innlegg. Dessverre forbi alle grøne i boksa.
    90'+8
    Volda pressar verkeleg på her, men slit med å skape sjansar.
    90'+9
    Kampen er slutt
    90'+9
    Sogndal slår Volda 2-1 her i Volda etter ein meget spanande kamp! Heimelaget tok leiinga allereie i det 5. minutt, då Myklebust sette ballen kontant i mål, men 20 minutt seinare utlikna bortelaget ved Mensah. Etter dette pressa Sogndal kraftig, men til trass for svært mange store sjansar klarde unge Tilseth å redde det eine forsøket etter det andre. Men fleire minutt på overtid kom scoringa til sogndølingane likevel, då innbytar Flataker plasserte den i nettet frå kort hald. Sogndal er dermed vidare til 2. runde, mens Volda no kan konsentrere seg om spel i 3. divisjon.
    Sebastian Eide og Nikolai Løken Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her