0-1
1-1
2-1

Ble dekket av NTBNTB

    Hei og velkomen til livedekning av 1. runde av Noregsmeisterskapet. Det er klart for Bergsøy mot Aalesund på Havila stadion!
    Vi er i kveld i Fosnavåg i Herøy kommune på Sunnmøre. Heimelaget Bergsøy blei skipa i 1944 og dei største augneblinkane i klubben si historie kom tilbake i 1981 då laget spelte på nivå 2 i divisjonssystemet. Det året fekk dei med seg oppgjer mot lag som Sogndal, Tromsø og Molde. På nivået under fann vi faktisk Aalesund!
    Begge laga er no ute på kunstgrasmatta og varmar opp. Havila stadion tek ca 1.150 tilskodarar, og forhåpentlegvis blir det bra fullt her.
    Aalesund har vunne NM to gongar tidlegare (2009 og 2011) og det hadde nok vore godt for klubben å få ein opptur i år etter det keisame nedrykket frå Eliteserien i 2017. Om det skje må laget til Lars Bohinen prestere langt meir enn kva dei har gjort dei føregåande sesongane. I fjor rauk dei mot Stabæk i 4. runde, og året før mot Brattvåg i 3.
    No er dei to laga på veg ut på bana, anført av kveldens domar Even Myrheim frå Emblem IL.
    Kampen har startet
    0'
    Då er vi i gong på Havila. AaFK tek tak i oppgjeret med ein gong.
    1'
    Stor sjanse for AaFK! Waagan får ei presis pasning inn i feltet og avsluttar på volley, men forsøket går bra over mål.
    5'
    Frispark til bortelaget. Riise avsluttar rett i muren.
    7'
    Aalesund får tildelt et hjørnespark
    Bjørn Helge Riise avatarBjørn Helge Riise
    Blir teke kort, og Bergsøy får klarert til corner.
    7'
    Aalesund får tildelt et hjørnespark
    Jernade Meade
    Dett ned ved første stolpe. Blir beina vekk av heimelaget.
    8'
    Tepuric vinn ballen høgt i bana for heimelaget, men klarer ikkje å utnytte det.
    9'
    Bergsøy starta for øvrig opp supporterklubb i går kveld. Den har fått namnet Mannskapet, og så langt er det i alle fall ein av medlemmane som har halde bra liv på tribunene.
    12'
    Dødball for heimelaget. Brukar bra med tid.
    12'
    Bra innsvingar frå Rogers, men AaFK får klarert.
    12'
    Greitt forsøk for gjestane. Bergsøy får klarert.
    15'
    Aalesund får tildelt et hjørnespark
    Bjørn Helge Riise avatarBjørn Helge Riise
    Rett i fanget til keeper Aasen til vanvittig jubel.
    15'
    Heimelaget forsvarer seg som venta veldig djupt. Dei prøvar også å drage ned tempoet så ofte dei klarer.
    17'
    Meade med innlegg frå venstre. Går forbi fleire Bergsøy-spelarar, men ingen av AaFK-spelarane er vakne nok.
    19'
    Heimelaget får plutseleg ballen utanfor AaFK si boks, men ingen maktar å utnytte det.
    19'
    Herøyværingane held fram med å forsvare seg godt.
    21'
    Tepuric sprintar forbi Heggem som riv han rett ned. Utruleg nok får han ikkje det gule kortet av domar Myrheim.
    22'
    Det påfølgjande frisparket er bra slått av Heltne. Skrur inn i feltet, men ingen i kvitt når fram på ballen før den hamnar i hanskane til Omenås.
    23'
    Eirik Heltne er for øvrig bror til Vegard Heltne, NM-vinnar med Hødd i 2012.
    23'
    Dødball til AaFK ute ved sidelinja. Riise skal svinge den inn.
    24'
    Går til bakerste stolpe der Ramsteijn nikkar den inn framføre mål. Aasen plukkar kula greitt.
    25'
    Bergsøy og Aalesund møttast for øvrig i 1. runde av NM også i 2014. Den gongen blei det til slutt 5-0 til ålesundarane. Aarøy (2), Latifu, Bjørdal og Barrantes scora måla.
    28'
    Småpanisk i Bergsøy-forsvaret no. Fleire farleg AaFK-innlegg i løpet av kort tid. Endar med corner.
    29'
    Aalesund får tildelt et hjørnespark
    Jernade Meade
    Blir teke kort før den blir lempa forbi alle i feltet.
    29'
    Mål for Aalesund!
    Bergsøy 0 - 1 Aalesund
    Mål: Jernade Meade
    AaFK går oppskriftsmessig i leiinga på Havila! Meade får avansere inn i boksa utan særleg til press og avsluttar lavt i det næraste hjørnet. Aasen maktar ikkje å redde.
    30'
    Heimelaget forsøkar seg med nokre lange oppspel mot Tepuric, men spissen blir svært åleine på topp og klarer ikkje å utrette noko.
    33'
    Det må leggjast til at Bergsøy startar med ein 15-åring på sentral midtbane i dag, nemleg Pijus Marcinkevicius.
    35'
    Ikkje langt unna at Tepuric når eit tilbakespel frå ein AaFK-spelar. Omenås kjem ut og plukkar raskt.
    38'
    Gjestane får frispark i skummel posisjon. Riise skal servere ballen inn i boksa.
    39'
    Så går domar Myrheim i bakken her. Ryggar inn i 15-årige Pijus og dett over ende.
    41'
    Nytt frispark til AaFK. Målscorar Meade slår inn, men heimelaget får blokkert.
    42'
    Avslutning frå bortelaget. Aasen får redda til corner.
    42'
    Aalesund får tildelt et hjørnespark
    Endar med heading utanfor frå AaFK.
    42'
    Bergsøy vinn ballen midt på bana og prøvar å setje fart, men AaFK får stoppa ballførar Tepuric. Også han har erfaring frå høgare nivå, nemleg Hødd.
    43'
    Det er mykje rutine på AaFK sin innbytarbenk. Der finn ein namn som Lie x 2, Fridjonsson og Thrandarson.
    45'
    På Bergsøy sin innbytarbenk er der spelarar som Peter Daniel Baade, Jakob Nerland og Håvard Hundsnes. Ein god mann å kunne setje innpå mot slutten for heimelaget hadde vore Remi Vattøy, men den 1,96 meter høge kolossen er ikkje med i dag.
    45'+3
    Pause
    45'+3
    Aalesund leiar 1-0 over Bergsøy etter 1. omgang på Havila stadion. 1. divisjonslaget stiller ikkje akkurat med toppa mannskap, men har likevel langt frå imponert. Dei har hatt to forsøk på mål, og den eine gongen gjekk også ballen inn. Jernande Meade utnytta litt passivt forsvarsspel og plasserte ballen i korthjørnet til keeper Aasen. Bergsøy har på si side forsvart seg heroisk, men ikkje skapt noko som helst offensivt. Vi gler oss likevel til 2. omgang, for det står berre 0-1 og alt kan skje i fotball!
    2. omgang
    45'
    Marius Sporstøl blir flott stussa igjennom på høgrekanten, men Meade gjer ein god defensiv jobb og får overteke kula.
    47'
    Bergsøy får tildelt et hjørnespark
    Marius Sporstøl
    Bergsøy fyller opp boksa og klarer å presse Omenås til å misse kula, men dessverre for heimelaget er det ingen i kvitt som klarer å utnytte det.
    48'
    Waagan blir stussa igjennom, men blir avvinka for offside. Waagan scora for øvrig kampens einaste mål då AaFK 2 slo Bergsøy 1-0 i 4. divisjon for nokre dagar sidan.
    52'
    Sondre Fet med ei brukbar avslutning. Ein liten meter til side for Bergsøy sitt mål.
    52'
    Vertane tør faktisk å halde litt meir på ballen no.
    54'
    AaFK ser ut til å få eit litt billeg frispark i det Waagan blir felt på kanten av sekstenmeteren.
    55'
    Bjørn Helge Riise går for avslutning. Håplaust over mål.
    55'
    Torbjørn Agdestein prøvar å kome seg fri inne i Bergsøy si boks, men blir stoppa før han får avslutta.
    58'
    Meade prøvar å drible seg forbi Benjamin Leine, men backen stoppar han effektivt med ei god takling.
    59'
    Innlegg frå tidlegare Arsenal-spelar Meade. Går rett i fanget til keeper Aasen.
    61'
    Brukbart forsøk frå gjestane. Ei heading frå Waagan går nokre meter utanfor mål.
    61'
    Driveklepp får seg ein smell og blir liggjande. Får behandling ute på bana.
    63'
    Dani Rønnestad Hansen gjer seg klar til å kome innpå for Bergsøy. Driveklepp må ut.
    65'
    Tepuric blir felt i det han er på veg framover, men domar Myrheim vinkar spelet vidare til store protestar frå heimefansen.
    65'
    Spillerbytte - Bergsøy
    Inn: Dani Rønnestad Hansen
    Ut: Espen Langlo Driveklepp
    65'
    Gult kort til Bergsøy
    Franjo Tepurić
    Tepuric får det gule kortet for protestar.
    66'
    Engelske Craig Stuart Rogers på ein sjeldan visitt frå backposisjon. Sender eit innlegg rett i klypene til Omenås.
    67'
    Ironisk jubel frå heimepublikummet når Bergsøy får frispark.
    68'
    Frispark til heimelaget litt inne på AaFK sin halvdel. Roges skal slå inn.
    69'
    Skummelt slått inn i feltet, men Omenås får frispark etter å ha støtt saman med Tepuric i ein duell.
    69'
    Nesten at bortelaget tråklar seg igjennom. Endar med corner.
    71'
    Aalesund får tildelt et hjørnespark
    Bjørn Helge Riise avatarBjørn Helge Riise
    Endar med kast på motsett side.
    71'
    Ikkje langt unna scoring! Fet speler ballen inn foran mål der Aasen er heilt sett ut av spel. Dessverre for AaFK er det ingen i blått som kjem først på ballen.
    72'
    Gult kort til Aalesund
    Jernade Meade
    Går farleg og hardt inn i Leine.
    72'
    Både Meade og Leine blir liggjande på kunstgrasmatta og får behandling.
    73'
    Frispark i interessant posisjon for Bergsøy dette. 6-7 meter får cornerflagget til AaFK.
    74'
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Jørgen Hatlehol
    Ut: Jernade Meade
    74'
    Spillerbytte - Bergsøy
    Inn: Håvard Apelseth Hundsnes
    Ut: Benjamin Leine
    75'
    Mål for Bergsøy!
    Bergsøy 1 - 1 Aalesund
    Mål: Franjo Tepurić
    Målgivende: Eirik Heltne
    Bergsøy har utlikna på Havila! Heltne svingar frisparket inn i boksa, og råsterke Tepuric nikkar ballen forbi Omenås og i mål. 1-1 mellom Bergsøy og AaFK!
    75'
    Nok ein stopp i spelet. Ein AaFK-spelar sit nede.
    79'
    Lars Bohinen kan umogleg vere fornøgd med det han har sett hittil. Dei som har fått tillit frå start har ikkje imponert i det heile teke.
    80'
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Nenass
    Ut: Bjørn Helge Riise
    80'
    1.029 tilskodarar på Havila stadion i kveld.
    80'
    Nytt frispark for heimelaget. Skal bli lempa inn i boksa.
    81'
    Kjempesjanse! Rogers slår inn og Jøsok Kvalsvik får heada ballen - i tverrleggaren og over. Veldig nære 2-1 til Bergsøy!
    81'
    Ikkje enkelt å sjå forskjell på laga no. Ein fantastisk engergi i Bergsøy-laget!
    82'
    Franjo Tepuric får prisen som heimelagets beste spelar av ein lokal jury.
    83'
    Nytt frispark for heimelaget. Skal dei få endå ei scoring på dødball?
    86'
    Mål for Bergsøy!
    Bergsøy 2 - 1 Aalesund
    Mål: Craig Rogers
    Rogers går for skot og sender ballen over Omenås og i mål! Det er frykteleg langt hald, men Omenås forventar nok eit skot etter at alle dødballane tidlegare har vore innlegg. For ei spaning det skal bli på tampen her!
    87'
    Spillerbytte - Aalesund
    Hólmbert Aron Fridjonsson avatarAnders Waagan avatar
    Inn: Hólmbert Aron Fridjonsson
    Ut: Anders Waagan
    88'
    Frispark for bortelaget. Blir slått inn i boksa, og det er veldig nære at ein spelar i blått får pirka ballen i mål. Aasen får til slutt fanga den.
    89'
    Vanvittig stemning på Havila stadion i Herøy no!
    90'
    Spillerbytte - Bergsøy
    Inn: Andrius Petreikis
    Ut: Marius Sporstøl
    90'
    Nok ein gong panikk i Bergsøy-feltet i det Ramsteijn er oppe og lagar trøbbel i duellane.
    90'+1
    Gult kort til Bergsøy
    Fredrik Muren
    Kjem altfor seint inn i ei takling og får eit klart gult kort.
    90'+1
    Kaos på bana no! Tillaup til slossing mellom spelarane. Ein AaFK-spelar dyttar i alle fall ein Bergsøy-spelar over ende.
    90'+2
    Gult kort til Aalesund
    Sonni Nattestad avatarSonni Nattestad
    Får det gule kortet etter å ha dytta Rogers i bakken. Det er heimefansen misfornøgde med.
    90'+3
    Heimelaget brukar sjølvsagt bra med tid no.
    90'+5
    Ramsteijn stussar eit langt oppspel, men Aasen kjem ut og plukkar.
    90'+6
    Småfarleg AaFK-heading. Aasen plukkar lett.
    90'+6
    Skal Bergsøy verkeleg klare dette?
    90'+7
    Sju minutt på overtid no. Vanskeleg å vite kor mykje domar Myrheim har lagt til.
    90'+8
    Kampen er slutt
    90'+8
    4. divisjonslaget Bergsøy har slått ut Aalesunds FK av cupen! Herøyværingane er i ekstase på Havila stadion.
    Rett og slett ein fantastisk prestasjon av laget til Toni Sandanger. AaFK tok oppskriftsmessig leiinga i 1. omgang, men overbeviste aldri i banespelet. Etter kvilen tok Bergsøy meir sjansar framover i bana, men det var på dødballar at laget verkeleg viste seg fram. Eirik Heltne serverte Franjo Tepuric på pannebrasken til 1-1 i det 75. minutt, og 12 minutt etter det banka Craig Rogers eit nytt frispark direkte i mål over ein forfjamsa Omenås. Domar Myrheim valde å leggje til heile 8 minutt etter fleire stopp i spelet, men AaFK klarde likevel ikkje å skape store sjansar. Bergsøy var kanskje ikkje det beste laget i dag, men det var likevel dei som hadde mest vilje og tæl.
    Lars Bohinen bør på si side angre på laguttaket i dag. Han sparte mange førstelagsspelarar og fekk svi for det. Lima, Hatlehol og Fridjonsson kom innpå etter kvart, men utan at det hjalp stort.
    Avslutningar: 3-9. På mål: 2-3.
    Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her