Beite2'
1-0
278
255
Hei og velkomen til livedekning av 2. runde-oppgjeret mellom Brattvåg og Hødd!
Kveldens to motstandarar var begge å finne same 2. divisjons-avdeling i fjor, rett nok i kvar sin ende av tabellen. Hødd enda øvst og rykka opp til 1. divisjon, medan Brattvåg stoppa opp på 9. plass til slutt. Laget frå Ulsteinvik gjekk sigrande ut av begge møta, og spesielt var 2-1-kampen i Brattvåg essensiell for at dei til slutt kom seg ut av 2. divisjons-sumpen.
Totalt har laga møttest 12 gongar i nyare tid. Statistikken her er jamnare enn kva ein eigentleg skulle tru. 6-1-5 er tala i favør Hødd. På Brattvåg stadion har laga vunne tre gongar kvar. I NM-samanheng kjempa dei sist mot kvarandre i 2016. Eit Jan Philip Berglund-mål sørgja for avansement for Haram-laget.
Laget til René Skovdahl tok seg vidare frå 1. runde etter 2-1 mot Herd. Marius Refsnes og Håkon Bjørdal Leine sørgja for måla. Hødd fekk det på si side langt enklare mot 3. divisjons-laget Spjelkavik. Blåtrøyene stilte med få spelarane i førsteellevaren, men vann likevel 5-0.
Den store helten i Hødd sin 5-0-siger var ungguten Daniel Notanes Brandal. I sin debut frå start gav ikkje 20-åringen før han hadde putta fire ballar i nettet. Det er gledeleg å sjå at han får fornya tillit i dag.
Hødd stiller også i denne runda med eit litt redusert lag. Bodø-Glimt-innleigde Syver Skeide speler frå start, elles er dei fire andre i dei fremste rollene spelarar som ikkje speler fast på a-laget. Forsvaret er nokså inntakt, med unntak av portugisiske Bernardo Morgado og 17-åringen Mirza Mulac. Joakim Dragsten har likevel mange kort å spele ut, for den innbyttarbenken dei stiller med må vere blant det sterkaste laget har hatt på mange år.
René Skovdahl har på si side gjort fire endringar på laget sidan 4-0-oppgjeret mot Fløy-Flekkerøy på måndag.
Emil Dahle, Benjamin Sveinsson, Erik Leandersson og Agwa Obiech er ute til fordel for Magnus Thøfner, Nicholas Azzone, Håkon Bjørdal Leine og Jørgen Fylling.
Det er fleire av heimelaget sine spelarar som har ei fortid i nettopp Hødd. Målvakt Marco Priis Jørgensen , Sondre Sandnes Beite og Håkon Bjørdal Leine har alle ikledd seg den blå trøya ved fleire høve. Likevel ønsker dei nok å gjere alt for å slå blåtrøyene ut av cupen.
Kampen har startet
1'
Heimelaget opnar med å slå langt opp, men Hødd-forsvaret klarerer greitt.
1'
Fylling kjem seg inn i boksa og får lagt inn, men forsøket blir blokkert. Såg ut til å bli halde litt igjen også der, Brattvåg-spelaren.
2'
Mål for Brattvåg!
Brattvåg 1 - 0 Hødd
Mål: Sondre Sandnes Beite
Brattvåg går i føringa på eigen stadion! Heimelaget får avslutta inne i boksa, men Alme reddar. Hødd får ikkje rydda vekk ballen skikkeleg og den endar i beina på eks-Hødd-spelar Beite. Han er iskald og ventar ut Alme før han trillar ballen enkelt i mål. 1-0!
2'
Ein meget god start på kampen av Brattvåg, som verkeleg har sjokkert Hødd her.
5'
Leine får avansere med ballen og avsluttar via ein Hødd-spelar og til corner.
6'
Brattvåg får tildelt et hjørnespark
Sondre Sandnes Beite
Alme fistar til nytt hjørnespark.
6'
Brattvåg får tildelt et hjørnespark
Endar med ingenting.
7'
Sundnes skal kaste langt for Hødd.
8'
Stor sjanse for Hødd! Kastet frå Sundnes dett ned i beina til den unge stopparen Mulac, men frå fem meter set han den utanfor. Nære for bortelaget!
8'
Beite med ein stikkar i bakrom til Leine, men Alme er kjapt ute og plukkar.
9'
Hødd får tildelt et frispark
Kjetil Holand Tøsse
Midt på Brattvåg sin halvdel. Ballen skrur forbi alle i feltet.
9'
Hjelmeseth stussar til Brandal, men den unge spissen klarer ikkje å få avslutta.
11'
Liten tvil om at Hødd har teke over initiativet etter scoringa.
11'
Tattum slår inn frå høgre, men Alme plukkar kula.
14'
Bra sjanse for Hødd! Tøsse finn Håheim-Eleveseter på 17 meters hald, men skotet frå ungguten går rett på Brattvåg sin danske keeper.
17'
Sandnes Beite skal kaste igjen.
18'
Stor sjanse for Hødd! Kastet frå Sundnes dett ned bake i feltet der Hjelmeseth bankar til frå litt skrått hald. Forsøket går over mål.
18'
Refsnes kjem til avslutning, men på halvspretten sender han den høgt over mål.
22'
Etter ei periode med fleire store sjansar for bortelaget har det roa seg litt no. Brattvåg verkar å ha relativt grei kontroll.
26'
Skeide vender raskt opp og slår i bakrom til Brandal, men Priis Jørgensen er kjapt ute og avvergar.
28'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Blir klarert vekk, før den blir slått inn igjen. Priis Jørgensen fangar kula nok ein gong.
28'
Brattvåg skapar mykje uorden i Hødd si boks, og Leine får til slutt avslutta, men skotet blir blokkert. Samtidig bles domar Barsøe for frispark til gjestane.
30'
Mulac rotar og gir vekk ballen til Fylling, men stopparen får ordna opp kjapt.
31'
Gult kort til Brattvåg
Marius Refsnes
Refnes får kampens første gule kort etter å ha hindra ein Hødd-spelar ulovleg.
31'
Hødd rullar bra opp og Nersveen legg inn frå venstre. Vertane får klarert.
32'
Så er det innlegg frå høgre, og ballen blir sendt inn i boksa. Der får Brandal avslutta med hovudet, men forsøket går ufarleg utanfor.
33'
Hødd får tildelt et frispark
Kjetil Holand Tøsse
Slår inn mot bakerste stolpe der Mulac headar via Azzone og til corner.
35'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Utoverskrudd, men forbi alle i feltet.
36'
Så skal Sundnes kaste langt igjen.
36'
Leine får stanga unna ved første stolpe. God defensiv jobb av den lange spissen.
37'
Hødd fortset å trille ball, men Brattvåg ligg komptakte bakover og forsvarar seg bra.
39'
Skeide misser ballen utanfor Brattvåg si boks og vel i staden i sparke ned Fylling som snappar den. Er nok heldig som slepp det gule kortet der, talentet som allereie har signert for Bodø-Glimt, og som er tilbake i Hødd på lån ut sesongen.
42'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Dett ned på bakerste stolpe der Mulac avsluttar med venstrefoten utanfor.
43'
Sundnes kastar langt inn, og Hødd får stussa ballen vidare. Dessverre for dei tilreisande går ballen utover sidelinja.
45'+1
Pause
45'+2
Brattvåg leiar 1-0 over Hødd etter første omgang i denne 2. runde-kampen av NM. Sondre Sandnes Beite scora allereie etter 2 minutt etter det som var ei veldig bra opning på oppgjeret av heimelaget. Etter dette tok OBOS-laget Hødd over initiativet, og dei kom også til fleire store sjansar. Utgangspunktet for ein spanande 2. omgang er i alle fall på plass. Det er berre å glede seg!
Då rungar Dropkick Murphys si feite låt "Shipping up to Boston" over høgtalaranlegget og vi er få straksar unna avspark i 2. omgang!
2. omgang
45'+1
Spillerbytte - Brattvåg
Inn: Emil Dahle
Ut: Jorgen Eilertsen Fylling
Viktige Dahle kjem inn til 2. omgang.
45'+1
Det ser ikkje ut til at Joakim Dragsten har endra noko på sitt Hødd, men om dette resultatet står seg vil det nok bli endringar innan 15-20 minutt er min spådom.
47'
Innlegg inn i Brattvåg si boks. Priis Jørgensen står på streken og plukkar. Har ikkje blitt sett på dei store prøvene endå, den danske målvakta.
49'
Hødd rullar bra opp, men Hjelmeseth brukar altfor langt tid på avslutninga og sender den i ein motspelar éin meter unna.
51'
Sundnes sit nede og vi har ein stopp i spelet.
54'
Innkastspesialisten til Hødd slit med ryggen. Spørs om han må ut.
54'
Hødd ser ut til å gjere fleire endringar. Scriven og Kallevåg står klare.
55'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Torbjørn Kallevåg
Ut: Martin Håheim-Elveseter
55'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Alfred Scriven
Ut: Daniel Brandal
56'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Halvard Kvamme Urnes
Ut: Kjetil Holand Tøsse
56'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Marius Svanberg Alm
Ut: Sander Munkeby Sundnes
56'
Hødd stiller langt sterkare no!
59'
Stor sjanse for Hødd! Nersveen slår presist inn frå venstre, men frå seks meter klarer berre Hjelmeseth å sende headinga rett på Priis Jørgensen.
59'
Skeide tek med seg ballen framover og avsluttar høgt over mål frå 17-18 meter. Får ironisk jubel frå heimefansen.
61'
Innlegg frå begge kantar frå Hødd, men Brattvåg ryddar flott opp i feltet.
64'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Endar til slutt med eit bakoverspark av Hjelmeseth. Ufarleg utanfor.
64'
Kvittrøyene trøkkar veldig på no. Kan Brattvåg klare å halde unna resten av kampen?
66'
Larsen bankar ballen inn frå høgre, men Hjelmeseth kjem seg ikkje opp i duellen.
67'
Skeide prøvar seg frå distanse igjen. Nok ein gong ufarleg utanfor.
67'
Brattvåg får tildelt et frispark
Beite får frispark og heimelaget kan bruke litt tid.
68'
Spillerbytte - Brattvåg
Inn: Agwa Obiech
Ut: Magnus Ravn
69'
Hødd kontrar ved Skeide som gir til Larsen. Heimelaget får klarert til corner.
70'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Kallevåg sender corneren rett i mål, men domaren bles frispark for keeper Jørgensen umiddelbart. Hødd protesterer sjølvsagt på det.
70'
Under 20 minutt att av ordinær tid å spele. Det spørs om ikkje panikken snart byrjar å spreie seg blant OBOS-laget Hødd.
72'
Scriven og Fosu-Mensah støyter saman i ein hovudduell, og sistnemnde går i bakken.
73'
Alle pauser hjelp nok godt for vertane. Har vore under hardt press ei god stund no.
74'
Stor sjanse for Brattvåg! Refnes får stå heilt åleine og avslutte frå 15-16 meter, men skotet går over mål. Dårleg utnytta.
76'
Vi kan leggje til at Paul Fosu-Mensah er bror til meir kjende Timothy, som er å finne i Bayer Leverkusen etter å ha gått gradene i Manchester United i ungdomstida.
78'
Gult kort til Hødd
Syver Skeide
Skeide får kortet etter munnbruk verkar det som.
78'
Brattvåg tør å stå litt høgrare å presse Hødd no. Dei kvitkledde slit med å spele seg til sjansar.
80'
Larsen slår inn frå høgre, men forsøket går berre rett i hanskane til Jørgensen.
80'
Utspel for heimelaget. Då kan dei flytte opp laget og bruke litt meir tid.
81'
Flem jaktar ein ball bak Hødd-forsvaret, men Alme er raskt ute og får avverga ein potensielt farleg situasjon.
82'
Hødd har mykje ball, men dei slit med å skape sjansar no.
83'
Greitt forsøk for Hødd! Jørgensen boksar svakt unna, og ballen blir chippa over han og mot mål. Der står Syversen og ryddar unna.
84'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Stor sjanse! Corneren er presis og Mulac kjem heilt fri inne i boksa. Headinga hans går derimot over. Det vil seg ikkje for Hødd!
84'
Fosu-Mensah tek med seg ballen elegant framover, men blir til slutt felt.
85'
Under fem minutt att av ordinær tid no. Skal Brattvåg klare å ta seg til 3. runde?
86'
Nye duellar i feltet. Obiech får ein spelar i ryggen og dett framover. Får frispark.
87'
Kallevåg slår inn. Endar med corner.
88'
Hødd får tildelt et hjørnespark
88'
Ny stor sjanse! Ballen går over alle før den treff Alm på bakerste stolpe. Dessverre for bortelaget går ballen ut.
88'
Spillerbytte - Brattvåg
Inn: David Sissoko
Ut: Sondre Sandnes Beite
89'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Isak Skotheim
Ut: Robin Hjelmeseth
Litt seint med den endringa? Hjelmeseth har hatt nok av sjansar, men slitt stort med å utnytte dei.
90'
Det blir lagt til minimum fem minutt her. Fleire skader og mange innbyte.
90'+1
Mulac slår langt opp, men Priis-Jørgensen skjermar den utover sidelinja. Slikt har ikkje Hød tid til!
90'+2
Så blir det vinka for offside på Morgado.
90'+3
Krangling mellom fleire spelarar. Leine og Alm blant dei involverte.
90'+3
Gult kort til Brattvåg
Håkon Bjørdal Leine
Får kortet for krangling.
90'+4
Gult kort til Hødd
Marius Svanberg Alm
Får kortet for kranglinga med Leine.
90'+4
Brattvåg med innkast. Brukar tid.
90'+5
Hødd kjem seg ikkje inn på Brattvåg sin halvdel no.
90'+5
Ny lang ball som endar utover sidelinja for Hødd. Slikt har dei ikkje tid til!
90'+5
Priis-Jørgensen tek seg bra med tid med utspela.
90'+6
Hødd med innkast høgt i bana.
90'+6
Brattvåg kontrar!
90'+6
Flem har moglegheita til å punktere, men blir stoppa i siste liten!
90'+7
Kampen er slutt
90'+7