Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Førde - Florø!
Florø har hatt eit solid overtak på Førde dei siste kampane. Det står 19-0 i målskilnad dei siste fire oppgjera laga i mellom.
Gjestene slit med skader i troppen sin, har har 6-8 spelarar frå A-stallen ute. Likevel vil nok trenar Rognsø gi spelarar så langt med lite speletid sjansen i dag.
Ingen rå start for nokon av desse laga i serien. Førde står med to strake tap i si avdeling i 3. divisjon, medan Florø har 0-3-1 på sine første kampar i OBOS-ligaen.
Begge lag er i full gang med oppvarming. Stimen frå Florø kjem ruslande inn på tribunen i samla flokk.
Sol, men litt vind i Førde i kveld.
Som vi ser av lagoppstillingane så er Marius Storevik inne på backplass for heimelaget. Reknar med at Flatjord er skyvd over på venstrebacken, for å prøve å matche farten til Rashad.
Fire unge jenter finn ei opning i gjerdet, og snik seg inn på stadion. Vil nok ikkje bruke sparepengane på denne kampen.
Laga på veg inn på bana. Straks avspark!
Florø vil ha vinden og sola i ryggen i første omgang, og byter side.
Kampen har startet
0'
Myrkaskog tek avspark.
1'
Lang ball opp mot Myrkaskog, og Reksten avklarar rett i Holsæter. Han får ikkje skikkeleg kontroll på ballen.
1'
Halvsjanse for Florø! Aase slår gjennom Rotihaug som slår hardt inn i feltet. Der er Dvergsdal på rett plass og avklarar!
2'
Kim Vik får ein fin sjanse! Får ballen på 16 meter, men avslutninga skremmer ingen på stadion.
3'
Gjestene som festar grepet om kampen.
4'
Florø får tildelt et hjørnespark
Blir avklart.
4'
Det er blitt slått mykje langt dei første minuttane av kampen.
6'
Reksten slår Rotihaug gjennom, men keeper Hanssen les spelet godt og avklarar til innkast.
7'
Holsæter og Reksten Solheim i løpsduell, men Førde-kapteinen får berre innkast.
7'
Roti med Førde sin første sjanse. Skot over frå 20 meter.
8'
Publikum står framleis i kø ved inngangen. Godt teikn, det!
9'
Rashad slår eit langt innlegg mot Vik på bakerste stolpe, men dagens venstrekant når ikkje fram.
10'
Kampen har roa seg litt ned no.
11'
Florø får tildelt et hjørnespark
Stor sjanse for Florø! Kort cornervariant, innlegg inn i feltet og Vik flikkar ballen vidare. Der er Hanssen nede og reddar!
12'
Savland får frispark i fin posisjon for Førde. Holsæter og Myrkaskog står ved ballen.
14'
Holsæter skyt - via muren og til corner.
15'
Førde får tildelt et hjørnespark
Ruben Holsaeter
Ny corner - no på motsett side.
15'
Førde får tildelt et hjørnespark
Ruben Holsaeter
Fin Førde-sjanse! Holsæter treff Myrkaskog som stangar ballen over!
15'
Begge lag har hatt kvar sin store sjanse.
16'
Førde får tildelt et hjørnespark
Ruben Holsaeter
Dvergsdal nikkar ballen tilbake i feltet, men der er Hollevik og skjermar ballen ut.
17'
Florø opna best, men akkurat no er Førde fullt på høgde.
18'
Kvist slår eit frispark frå midstreken rett ut over sidelinja. Du kan betre.
19'
Rashad skyt, via eit Førde-bein til corner.
20'
Florø får tildelt et hjørnespark
Kort variant til Aase, men Førde får avklart.
20'
Rotihaug aleine med keeper, men Hanssen reddar! Det er Aase som er arkitekten bak og som spelar spissen gjennom.
22'
Rashad får frisark på midten.
26'
Rashad set opp turboen, men ballen sprett i alle retningar i det han skal føre ballen. Den store duken som skulle gi gode forhold på graset har førebels ikkje gitt resultat.
29'
Florø får tildelt et hjørnespark
Reksten Solheim brenn ballen over frå seks meter! Midtstopparen får faktisk to sjansar, men første vart blokkert. Returen går altså over.
31'
Aase skyt frå død vinkel, og Hanssen reddar med beina.
33'
Florø-kaptein Reksten held seg til baksida av låret. Lukter eit byte her no.
34'
Runar Hove skal inn på midtstopparplass. Ny skade i Florø-stallen, og trenar Rognsø likar ikkje det han ser.
34'
Spillerbytte - Florø
Inn: Runar Hove
Ut: Andre Reksten
34'
Reksten Solheim tek over kapteinbindet.
35'
Førde-stoppar Dvergsdal har vore god i lufta så langt. Vunne mange duellar så langt.
36'
Kjempesjanse for Florø! Gjestene kombinerer fint, og Hove får til slutt ballen. Han skyt frå 16 meter, og keeper Hanssen må ta fram sitt aller beste for å redde. Han ligg heilt flat, og reddar avslutninga nede ved stolperota.
36'
Lindquist skyt - høgt over.
38'
Indreløper Erlend Hove kjem ofte i avslutningsposisjon. Den gjer han også no, men avslutninga på hovudet går opp på nettaket.
39'
Gigantsjanse for Florø! Rashad legg tilbake til Aase som klinkar til frå åtte meter. Skotet blir blokkert!
40'
Gjestene som er nærmast scoring her.
40'
Florø får tildelt et hjørnespark
For ein sjanse! Kim Vik, kva tenkjer du på der? Klinkar kula over frå to meter!
41'
Kim Vik med ny stor sjanse! Aase slår igjennom, men Hanssen tek seg av avslutninga på meisterleg vis!
43'
Myrkaskog med fint skot frå 20 meter, men Storevik med FIFA-redning.
45'
Straks pause.
45'
Myrkaskog gjennom, men linjemann er oppe med flagget.
45'+1
Sjanse-bonanza mot Førde-målet! Ny god sjanse. Vik slår ut til Hove som skyt over frå ti meter.
45'+2
Pause
45'+2
Laga går til pause på stillinga 0-0. Held det fram slik omgangen avslutta, så er det ikkje lang tid før det smell i nota bak Hanssen.
Dei to tidlegare Førde-spelarane Odd Anders Vie og Thor Jørgen Spurkeland står på tribunen og analyserer første omgang. Er nok glade for at heimelaget heldt nullen til pause.
2. omgang
45'
Florø tek avspark.
46'
Eirik Høydal hos Florø er russ. Sender eit blikk i retning Førde-russen før han set seg ned på benken att.
46'
Rashad testar skotfoten frå distanse. Utanfor og over.
48'
Florø-fansen på tribunen med små lette spensthopp på tribunen. Om det er for å halde varmen, trene, eller støtte laget veit eg ikkje.
49'
Førde-keeper Hanssen bruker lang tid på eit frispark. Vil nok ha 0-0.
50'
Myrkaskog blir trakka av skoen, og held seg til foten. Har ilt.
51'
Lindquist viser fram driblekunset som han har lært i Godset. Må likevel slå ein støttepasning.
52'
Florø får tildelt et hjørnespark
Rashad Muhammed
Myrkaskog avklarar.
52'
Florø eig kampen no, og dei styrer oppgjeret.
53'
Myrkaskog dreg seg forbi Hove, men avslutninga står ikkje i stil med forarbeidet! Skotet er for laust, og Storevik kjenner knapt ballen gjennom keeperhanskane.
55'
Florø er lite interessert i ekstraomgangar her. Bruker kort tid ved alle innkast, og vil ha tempoet opp i kampen.
56'
Kjempesjanse for Førde! Marius Storevik slår eit fint innlegg til Myrkaskog, som tek ned ballen inne i feltet. Der får han stå heilt aleine, men Jacob Storevik reddar meisterleg!
58'
637 tilskodarar ser kampen.
59'
Florø får tildelt et hjørnespark
Svak corner, og Kvalvågnes beinar ballen unna.
59'
Rashad går i bakken inne i feltet, men dommaren vinkar han på beina att.
60'
Aj aj aj! Gigantisk sjanse for Førde! Myrkaskog kjem aleine med keeper, vippar kula forbi keeper, men der er kjem Reksten Solheim skliande og reddar på streken!
61'
Straffe til Florø
Dvergsdal riv ned ein Florø-spelar.
62'
Gult kort til Førde
Martin Dvergsdal
62'
Florø bommer på straffe!
Rashad Muhammed
Hanssen reddar straffesparket! Rashad skyt nede til venstre, men der er Hanssen i full strekk!
63'
Hanssen leverer til 9 på Firda-børsen så langt. Fin revansj for sisteskansen som først i år har blitt funne god nok til å vere keeper i moderklubben sin.
64'
Florø held fram trøkket.
65'
Florø får tildelt et hjørnespark
Kort variant, men gjestene får innkast på motsett side.
65'
Florø får tildelt et hjørnespark
Kvalvågnes tek ned ballen, men berre slår ballen ut av sidelinja. Seier litt om kor pressa Førde er.
66'
Spillerbytte - Florø
Inn: Monir Benmoussa
Ut: Kim Ødegård Vik
67'
Aase skyt - får corner.
69'
Florø får tildelt et hjørnespark
Runar Hove får gå umarkert opp, og stangar ballen mot mål. Der er Hanssen med ny refleksredning!
69'
Florø har snart hatt fleire sjansar enn det Brann hadde i fjor i tilsvarande NM-kamp i Førde.
70'
Spillerbytte - Førde
Inn: Johan Skorge
Ut: Eirik Flatjord
Flatjord ut med en liten skade.
72'
Totland si Pepsi-flaske er snart tom. Førde-trenaren er nok spent på om dette held inn.
74'
Frispark i fin posisjon for Florø. Blir slått hardt inn i feltet, men Hanssen knyt nevane og boksar.
75'
Florø får tildelt et hjørnespark
Ufarlig.
75'
Førde køyrer kontring, og Florø er i ubalanse. Gjestene får kontroll.
76'
Savland med saksetakling, men treff ingen. Kunne fort blitt stygt.
77'
Spel mot eitt mål no.
78'
Og det er mot Førde-målet.
78'
Holsæter held seg til hofta, medan Roti held seg til lysken 15 meter bortafor. Begge har tatt telling nede på matta. Blir det dobbeltbyte?
79'
Spillerbytte - Førde
Inn: Mathias Lambrechts Sagevik
Ut: Oskar Roti
79'
Totland er ikkje redd for å sleppe unge lokale gutar til. Det likar heimefansen og gir applaus.
80'
Gult kort til Førde
Ruben Holsaeter
Vil ikkje leggje ballen på rett plass.
82'
Mål for Florø!
Førde 0 - 1 Florø
Mål: Rashad Muhammed
Der sit den for Florø! Langt oppspel mot Rashad, og keeper Hanssen kjem stormande ut. Florø-angriparen vippar ballen elegant over og det står 0-1!
82'
Gult kort til Florø
Erlend Hove
Litt før tøff i ein duell på midten.
84'
Hanssen har storspelt i 80 minutt, men vart nok litt for ivrig i det han skulle ut på 16-meteren der.
85'
Spillerbytte - Førde
Inn: Fredrick Adrian Rørstadbotnen
Ut: Marius Storevik
85'
Gult kort til Førde
Carl Joakim Kvist
Blir lurt i pølseboden av Aase, og er alt for seint inne i duellen.
87'
Stor sjanse for Førde. Og nok ein gong er det Myrkaskog som er frampå. Han lurer seg fri på eit frispark frå Holsæter, men han tek på ryggsekken og bles den over.
89'
Mål for Florø!
Førde 0 - 2 Florø
Mål: Rashad Muhammed
Parkerer Holsæter og kjem aleine med Hanssen! Han skyt i det lengste hjørnet og sender Florø vidare til andre runde!
89'
Spillerbytte - Florø
Inn: Eirik Høydal
Ut: Rashad Muhammed
90'
Vi er no på overtid.
90'+1
Hanssen kåra til dagens Førde-spelar av ein lokal jury. Støttar den!
90'+2
Straks slutt.
90'+3
Begge lag vil heim. Dommaren kan snart blåse.
90'+4
Kampen er slutt
90'+4
Kampen er slutt, og Florø vinn fortent. Dei eigde banespelet og styrte kampen slik dei ville. Førde hadde likevel sine sjansar, men det ville seg ikkje. Begge målvaktene leverte to gode kampar, og får nok klapp på skuldra i sine garderober. Rashad brente straffespark, men gjorde alt godt igjen med to mål på tampen. Takk for følget, og vi ynskjer Florø lukke til på vegen til Ullevaal.