Hei, og velkommen til 1. runde i NM-cupen, og til oppgjeret Førde - Fyllingsdalen!
Begge desse laga serieopna førre helg. Førde tok ein råsterk 4-3 siger borte mot Stjørdals-Blink, medan Fyllingsdalen tapte mot 0-1 mot Egersund på heimebane.
Heimelaget må klare seg utan midtstoppar Joakim Kvist, som er i Sverige i begravelse.
Spesiell kamp for Førde-angripar Ståle Steen Sæthre, som kom frå nettopp Fyllingsdalen. Han scora to mål i første seriekamp, og kan bli ei viktig brikke om Førde skal ta seg vidare til neste runde.
Førde sitt cupeventyr dei siste åra har tatt tidleg slutt. I 2012 kom dei ikkje til 1. runde, medan i 2013 og 2014 var dei utslått av Florø i 1. runde. Når det gjeld FFK har dei avansert vidare til 2. runde, men tapt mot Vard Haugesund (2013) og Brann i fjor.
Norsk Tipping held heimelaget som favorittar i dette oppgjeret, og gir i skrivande stund 1.75 gongar att pengane for heimeiger.
Vi kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart.
Då er laga klare, og Førde-trenar Glomnes har gjort to endringar på laget som vann mot Stjørdals-Blink i førre runde. Ut går Kvist og Spurkeland, medan Laugsand og Flatjord kjem inn. Hos gjestene er det tre endringar sidan serieopninga. Ut går Radojkic, Sande og Nilsen, medan Bidne, Aase og Stormyr er inne på laget.
Spelarar og dommarar er ferdige med si oppvarming, og dei ruslar i garderoben for å gjere sine siste førebuingar før kampstart.
Akkurat no er det høljregn og sur vind på stadion.
Laga er på veg ut på bana.
Kampen har startet
Førde tek avspark!
1'
Første skot på mål, signert FFK. Rett på keeper.
2'
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
Blir avklart.
2'
Frispark til FFK inne på Førde sin banehalvdel. Blir rydda unna av Førde-forsvaret.
4'
Halvsjanse for FFK, men skotet blir blokkert. Ettersom sidekommentator Berntsen er ute med skulderskade, var det vanskeleg å sjå kven som avslutta. Underteikna sit plassert heilt på motsett ende, ved hjørneflagget.
6'
Stor sjanse for FFK! Skyt via eit Førde-bein, og ballen går like over!
7'
Fyllingsdalen får tildelt et hjørnespark
Jens Aase
Blir rydda unna.
8'
Fyllingsdalen får tildelt et hjørnespark
Jens Aase
Heimelaget får kontroll.
8'
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
Keeper boksar ut.
9'
Gjestene har vore nærmast scoring så langt.
10'
Stormyr testar skotfoten, men keeper har grei kontroll på skotet.
11'
Fyllingsdalen får tildelt et hjørnespark
Jens Aase
Utpsark frå mål.
12'
Trenarane Glomnes og Bjarnason held seg begge roleg på sidelinja så langt.
15'
Mål for Fyllingsdalen!
Førde 0 - 1 Fyllingsdalen
Mål: Tobias Heltne Alme
Målgivende: Johan Stormyr
Flott angrep av gjestene! Rullar opp langs venstrekanten, og Stormyr slår nydeleg inn til Heltne. Den er ikkje ferdigscora, men Heltne er likevel sikker frå åtte meter.
15'
Fortent leiing til Fyllingsdalen etter slik spelet har vore det første kvarteret.
18'
Steen Sæthre skyt frå 16 meter, men ballen går utanfor.
18'
Savland skyt frå langt hold. Får corner, som han ikkje trudde han skulle få.
20'
Førde får tildelt et hjørnespark
Tor Are Dvergsdal
Blir avklart på første stolpe.
20'
Kraftig regnvær på stadion, og grasmatta blir nok tung å spele på den siste omgangen.
22'
Frispark til gjestene like utanfor sekstenmeteren, heilt nede ved dødlinja.
23'
Frisparket blir slått flatt gjennom heile feltet, og det går eit stort sukk gjennom heimefansen. Gjestene får corner.
24'
Fyllingsdalen får tildelt et hjørnespark
Jens Aase
Ny corner.
24'
Aase skyt, og Knezovic må ut i full strekk for å redde skotet. Corner.
24'
Fyllingsdalen får tildelt et hjørnespark
Jens Aase
Keeper held ballen.
24'
Gjestene klart best så langt.
25'
Fyllingsdalen får tildelt et hjørnespark
Jens Aase
Førde får ballen unna.
25'
Fyllingsdalen får tildelt et hjørnespark
Jens Aase
Utspark frå mål.
26'
Det står 1-10 i cornerstatstikken så langt etter 27 min.
27'
Flatjord kjem rundt på høgrekanten, men gjestene har grei kontroll på innlegget.
28'
Ny sjanse for Fyllingsdalen! Bidne skyt, og keeper slår til corner!
28'
Fyllingsdalen får tildelt et hjørnespark
Jens Aase
Ufarleg.
29'
Flatjord nok ein gong på raid langs høgrekanten, men får ikkje lagt inn i boksen. Det vil seg ikkje for heimelaget i kveld.
29'
Lund Holm med takling på midten, og får tilsnakk av dommar Nord Haugland.
30'
Savland kjem i fin posisjon, men møter sterk midtstoppar i Ringstad som ryddar opp. Godt stopparspel.
32'
Framleis gjestene som er best, og dei er nærmare 0-2 enn det Førde er 1-1 for augneblinken.
34'
Gult kort til Fyllingsdalen
Legg Steen Sæthre i bakken, og får gult kort. Avstand frå mål: 25 meter.
34'
Vennberg gjer seg klar og skyt - men keeper reddar.
35'
I stolpen frå Fyllingsdalen! Ellingsen skyt frå 20 meter, og keeper får returen rett i ansiktet i det han skal snu seg for å sjå om ballen ligg i nettmaskene. Nær 0-2 der!
36'
Stormyr leiker seg på venstrekanten, og får nok ein corner.
39'
Fyllingsdalen får tildelt et hjørnespark
Jens Aase
Aase sin svakaste corner i kveld. Bak mål.
39'
Bjarnason står under tak ved benken, medan Glomnes står i regnet.
40'
Ødegaard og Savland byter plass, og den tidlegare Kniksen-vinnaren er no midtspiss.
42'
Det nærmar seg pause. Der har nok Glomnes og Førde mest og snakke om. Skal heimelaget til Ullevaal må dei gjere grep.
43'
Gult kort til Førde
Kristoffer Iversen
Iversen alt for sein i takling, får korrekt gult kort. Frispark på 20 meter.
44'
Mål for Fyllingsdalen!
Førde 0 - 2 Fyllingsdalen
Mål: Geir André Herrem
Flott frispark, men ikkje like fint keeperspel. Herrem direkte frå frispark - via tverrliggjaren og i mål.
45'
Fyllingsdalen får tildelt et hjørnespark
Jens Aase
Knezovic på ny bærtur og bommar på ballen, og det er svært nære 0-3! Får frispark i feltet tre sekund etter.
45'+2
Pause
45'+3
Fyllingsdalen-keeper spring iskald i garderoben, og det fortel mykje om dei første 45 minutta. Det har vore eit jamnt trøkk mot Førde-forsvaret, og Fyllingsdalen har vore nærmare både tre og fire nettkjenningar - enn det Førde har vore sitt første.
2. omgang
45'
Fyllingsdalen tek avspark.
46'
Førde-frispark i fin posisjon. Dvergsdal skyt - rett på keeper.
47'
Lang ball i retning Savland, men Fyllingsdalen-forsvaret ryddar opp.
51'
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
Ufarleg.
51'
Betre takter av Førde etter kvilen.
53'
Fyllingsdalen med berre to baklengsmål dei siste fire kampane, begge på straffespark. Trygge bakover - også i kveld.
54'
Lite som skjer for augneblinken, og det er årsaken til manglande oppdateringar dei siste fire minuttane.
58'
Førde styrer banespelet, men slit med å produsere målsjansar.
59'
Frispark til Fyllingsdalen, ein meter utanfor sekstenmeterstreken.
61'
Glesnes klinkar til - høgt over.
61'
Gjestene kjem aleine med keeper, men Knezovic reddar! God redning, der.
63'
Mål for Fyllingsdalen!
Førde 0 - 3 Fyllingsdalen
Mål: Johan Stormyr
Ope som ein låvedør i Førde-forsvaret. Fyllingsdalen kontrar, og Stormyr får ballen innanfor sekstenmeteren. Han sender Dvergsdal på rumpa, og set ballen iskaldt nede til høgre for keeper.
63'
Då er vel kampen avgjort.
65'
Gult kort til Fyllingsdalen
65'
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
Blir avklart.
66'
Gult kort til Førde
Tor Are Dvergsdal
Takling. Greitt gult kort.
67'
Spillerbytte - Fyllingsdalen
Inn: Vladan Radojkic
Ut: Tobias Heltne Alme
67'
Mål for Fyllingsdalen!
Førde 0 - 4 Fyllingsdalen
Mål: Geir André Herrem
Ny keepertabbe av Knezovic. Skot frå 20 meter, som han må gi retur på. Klarar ikkje å snappe returen, og Herrem har ei enkel oppgåve. 0-4.
68'
Spillerbytte - Førde
Inn: Daniel Kvalvågnes
Ut: Eirik Lund Holm
70'
Spillerbytte - Førde
Inn: Erlend Moen Taule
Ut: Kristoffer Iversen
70'
Spillerbytte - Fyllingsdalen
Inn: Eirik Kampenes
Ut: Geir André Herrem
72'
Lite som skjer. Begge lag ventar på at dommar Haugland skal blåse av kampen. Men framleis 15 minutt att.
77'
Førde sin største sjanse. Savland skyt - i nettveggen!
81'
Karl Vie er innom bua på veg heim. Sjeldan den veteraren går før kampslutt.
82'
Førde får tildelt et hjørnespark
Tor Are Dvergsdal
Over alt og alle.
89'
Det er lagt til to-tre minutt.
90'+1
Fyllingsdalen får tildelt et hjørnespark
Kristoffer Valsvik
Kort variant til Hella.
90'+2
Mål for Fyllingsdalen!
Førde 0 - 5 Fyllingsdalen
Mål: Anders Hella
Fyllingsdalen leiker seg. Hella scorer enkelt frå ti meter. 0-5.
90'+4
Kampen er slutt
90'+5
Fyllingsdalen vinn enkelt 5-0, og vi gratulerer gjestene med avansement til neste runde.