144
189
Hvem var banens beste?
Åsmund Roppen
40%
Fredrik Hanssen
21%
Mathias Helgheim
23%
Fredrik Gjerde
16%
70 stemmer
Velkommen til livedekning av kampen mellom Førde og Hødd i den første runda i cupen 2025/2026!
Dette blir det tredje oppgjeret mellom desse laga i cupen. Første kamp var i 2003, og då vann Hødd heile 7-0. Neste kamp var i 2022, og det vart også ein komfortabel siger for laget frå Ulsteinvik då også. Då vart resultatet 1-5 på Førde Stadion. Hødd må naturlegvis bli sett på som favorittar i dag også, men det har ikkje vore lett å møte Førde på Førde Stadion i år. Dei har berre tapt ein kamp der i år, og det var mot topplaget Bjarg.
Me vil truleg sjå to lag som stiller i formasjonen 3-4-3 i dag, og det er ikkje tilfeldig. Førdetrenar Alexander Lekva har Manchester United som favorittlag, men det er faktisk Marius Bøe, og ikkje Ruben Amorim som er grunnen til at han har begynt å spele 3-4-3 med Førde i år. Lekva var på besøk hjå Hødd før denne sesongen, og kunne hente mykje inspirasjon frå det Marius Bøe og Hødd held på med.
Førde har hatt ein god sesong i 3. divisjon, og ligg på 2. plass bak Bjarg. Hødd skal altså møte eit lag som tek med seg mykje sjølvtillit inn i denne kampen. Men det er ikkje berre Førde som har hatt ein brukbar sesong. Nyopprykka Hødd har klart å ta steget opp til OBOS-ligaen, og held nedrykkskampen på god avstand. Det er sju poeng ned til Stabæk på nedrykkskvalik, og det er fem poeng opp til Lyn på opprykkskvalik.
Freek van Herk er hovuddommar i dag. Han har med seg Petja Cink og Kjell August Ytre-Eide som assistentar.
Lagoppstillingane er ute, og Førde stiller som venta i 3-4-3. På papiret står Hødd oppført med det same, men med denne lagoppstillinga er det vanskeleg å sjå kven som skal fylle kva slags rolle. Fleire unggutar får sjansen medan ein del av dei som stort sett startar kvar kamp ikkje er med til Førde denne gangen.
Laga går ut på grasmatta medan den gamle hymna til Eliteserien blir spelt på anlegget. Sunnfjordingane har møtt opp, og har trua på ei cupbombe.
Kampen har startet
1'
Hødd tek avspar, og den første runda i cupen har starta!
1'
Tidleg corner for bortelaget!
1'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Åsmund Roppen
Ballen går rett inn hendene til Hanssen. Skrur seg nesten rett i målet.
1'
Førde får tildelt et frispark
Ola Rognebakke
Frispark langt inne på eiga halvdel.
2'
Førde slår langt opp mot Helgheim. Ballen går for langt, og keeper Alme slår den ut til innkast.
3'
Mål for Hødd!
Førde 0 - 1 Hødd
Mål: Marcus Mikhail
Mikhail bankar Hødd i leiinga! Han får ballen ved hjørnet av feltet, og bankar til. Den går hardt inn bak keeper Hanssen, og då fekk Hødd den starten dei ville ha. Ballen treff ein Førdespelar på vegen, og då blir det vanskeleg for Hanssen.
5'
Det er eit lite stopp i spelet etter at Heggheim har fått seg ein smell.
7'
Brandal prøver seg på ei avslutning når han blir pressa. Ballen sklir av foten, og ut til utspark for keeper.
8'
Aamelfot kjem seg inn i boksen, men Blikstad er sterk, og klarar å stoppe han før det blir farleg.
9'
Heimelaget prøver seg på ei kontring, men pasningane blir ikkje presise nok til at dei kjem seg langt nok fram i bana.
11'
Elias Rognebakke sklir inn i eigen boks, og sender ein ball ut til corner. Bra stopparspel.
12'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Åsmund Roppen
Det blir utspel for keeper etter corneren.
12'
Gult kort til Førde
Mathias Lambrechts Sagevik
Sender Skotheim hardt i bakken. Frispark litt framfor midtbana.
13'
Hødd får tildelt et frispark
Åsmund Roppen
Førde vinn duellane i boksen.
14'
Førde får tildelt et frispark
Jacob Bergset
Får ikkje ta frisparket kjapt. Då rekk Hødd å kome seg ned i bana.
14'
Venstreback Lorgen viser fram fine detaljar ute til venstre, men Førde klarar ikkje å kome seg forbi det siste leddet til Hødd.
17'
Riise slår inn i boksen, men innlegget er alt for høgt, og Førde tek over ballen.
19'
Brandal slår inn i boksen, og ballen går ut til Skotheim. Han får eit svakt treff på ballen, og den går langt utanfor målet.
21'
Gult kort til Hødd
Fredrik Gjerde
Sklitaklar Helgheim knallhardt. Gult kort.
22'
Førde får tildelt et frispark
Slår langt.
23'
Frispark til Hødd i brukbar posisjon for innlegg.
23'
Hødd får tildelt et frispark
Åsmund Roppen
Stor sjanse! Ballen sprett i boksen, og den går forbi alle. Til slutt sprett den opp i metallet. Der er Førde heldige.
23'
Hødd får tildelt et frispark
Åsmund Roppen
Hanssen boksar ballen vekk.
24'
Aamelfot får ballen i bakrom! Han er rask, og kjem seg inn i boksen. Avslutninga er ikkje god nok, og går over målet. Førde får sin første store sjanse i kampen, og Aamelfot viser at han er ein spelar Hødd må passe på.
26'
Mikhail slår inn til Holte, som vinn ein corner.
27'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Åsmund Roppen
Ballen treff stolpen to gangar på corneren! To kjappe avslutningar, og Hanssen føler seg heldig i målet når han ser at ballen sprett ut kvar gang.
28'
Gult kort til Førde
Mathias Helgheim
Stoppar ei kontring for Hødd. Vil heller ta det gule kortet enn at det skal stå 0-2.
29'
Hødd får tildelt et frispark
Frispark på eigen banehalvdel.
30'
Hødd blir avblåst for offside
Magnus Holte
Holte er åleine med keeper, men han har juksa litt før han får ballen, og assistentdommaren vinkar med flagget.
30'
Ny corner for Hødd! Det kjem etter eit bra angrep ute til venstre.
31'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Åsmund Roppen
Førde headar ballen ut av farleg sone.
32'
Sandal kjem seg inn i boksen, og skal slå inn. Ballen går forbi alle i boksen. Dette kunne blitt ein stor sjanse for Førde, men kvaliteten på den siste ballen til Sandal var ikkje god nok.
33'
Førde får tildelt et frispark
Mathias Lambrechts Sagevik
Slår ballen opp mot Savland. Blikstad vinn duellen.
34'
Hødd får tildelt et frispark
Åsmund Roppen
Ballen blir heada rett inn til Hanssen.
36'
Førde klarar nesten å spele seg inn i boksen, men Blikstad er på plass, og stoppar den siste pasninga.
37'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Åsmund Roppen
Blir slått inn i farleg sone, men Førde får kontroll over ballen.
39'
Bergset stoppar Mikhail i boksen. Bra forsvarsspel, og ingen straffespark.
41'
Hødd får tildelt et frispark
Fredrik Gjerde
Tek frisparket kjapt på midten.
42'
Førde prøver seg på eit par innlegg, men Hødd står bra i eigen boks.
44'
Førde slår høgt mot Lorgen, men han treff ikkje reint på headinga si. Den går svakt utanfor målet, og Alme kan plukke opp ballen utan problem.
45'
Førde får tildelt et frispark
Thomas Hallstensen
Frispark ved midtbana. Slår langt.
45'+1
Pause
45'+2
Hødd har leiinga før pause, men det er framleis liv i kampen. Hødd har hatt eit par sjansar på dødball, men utanom det har det ikkje skjedd alt for mykje. Førde har moglegheitar til å snu dette, men dei må også skape fleire store sjansar då.
2. omgang
45'+1
Spillerbytte - Hødd
Inn: Jesper Robertsen
Ut: Fredrik Gjerde
45'+1
Hødd har gjort ei endring på laget, og den andre omgangen har starta.
45'+1
Robertsen viser fram innleggsfoten sin, men Førde får kontroll over ballen.
47'
Førde får tildelt et frispark
Håvard Blengsli Sund
Slår ballen ned til stopparane.
48'
Førde prøver å utfordre ute til venstre, men Helgheim går i bakken, og ballen går ut til utspel.
49'
Mål for Hødd!
Førde 0 - 2 Hødd
Mål: Magnus Holte
Målgivende: Daniel Brandal
Tidleg scoring i denne omgangen også! Dei speler seg fint inn i boksen, og Magnus Holte får stå åleine på fem meter, og sender ballen lett inn bak Hanssen. Då blir det meir komfortabelt for Hødd.
50'
Førde får tildelt et frispark
Spennande posisjon for innlegg, men ballen går ut bak målet, og det blir utspel.
52'
Savland blir teke rett utanfor boksen, men får ikkje frispark. Hallstensen prøver seg frå distanse, men han sender ballen rett i hendene til Alme.
54'
Førde får tildelt et frispark
Thomas Hallstensen
Stopparen slår ballen opp i bakrom. Får heilt ut til utspark for keeper.
54'
Førde får tildelt et frispark
Ola Rognebakke
Slår frisparket ut til venstre.
55'
Mikhail slår inn ute til venstre, men ballen går fleire meter over dei som står i boksen.
57'
Corner til Hødd etter at dei prøver seg på ei kontring.
58'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Hans-Peter Tjervaag
Ut: Noah Riise
59'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Åsmund Roppen
Førde får frispark i boksen.
59'
Førde får tildelt et frispark
Fredrik Hanssen
Slår langt.
59'
Bra spel frå Førde. Resultatet blir corner.
60'
Førde får tildelt et hjørnespark
Sander Aamelfot
Hallstensen prøver seg! Går hardt over målet.
60'
Førde får tildelt et hjørnespark
Sander Aamelfot
Hødd får kontroll over ballen.
61'
Hødd prøver å kontre etter corneren, men klarar ikkje å kome seg til ein stor sjanse.
62'
Hødd får tildelt et frispark
Isak Skotheim
Slår ballen ut til Mikhail.
63'
Hødd får tildelt et frispark
Tek frisparket kjapt. Kjem seg ikkje inn i boksen.
64'
Spillerbytte - Førde
Inn: Elias Løkkebø Lekva
Ut: Vegard Lorgen
65'
Spillerbytte - Førde
Inn: Ovar Undheim Høyland
Ut: Mathias Helgheim
65'
Roppen og Mikhail skaffar ein corner for Hødd.
68'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Åsmund Roppen
Farleg innlegg. Ballen sprett ut av boksen. Innkast til Hødd.
68'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Mirza Mulac
Ut: Isak Skotheim
71'
Førde får tildelt et frispark
Sander Aamelfot
Hødd headar vekk innlegget til Aamelfot.
71'
Aamelfot og Savland prøver å finne kvarandre i boksen, men dei blir stoppa av Roppen som har spelt ein god kamp.
72'
Førde får tildelt et hjørnespark
Sander Aamelfot
Rognebakke treff ballen i boksen, men klarar ikkje å skyte ballen mot målet.
72'
Gult kort til Førde
Elias Rognebakke
Kjeftar på dommaren etter at Førde får frispark. Meiner at Roppen skulle hatt gult kort.
73'
Førde får tildelt et frispark
Sander Aamelfot
Slår inn i boksen. Førde får tak i ballen, og det blir nytt frispark.
73'
Førde får tildelt et frispark
Sander Aamelfot
Prøver seg på ei avslutning. Går rett på keeper.
74'
Gult kort til Hødd
Marcus Mikhail
Tøff duell på midten. Sender Bergset i bakken, og får det gule kortet.
75'
Førde får tildelt et frispark
Fredrik Hanssen
Slår ballen høgt opp i bana.
75'
Savland prøver seg, men det blir blokkert. Tida renn ut for Førde, og Hødd nærmar seg avansement til neste runde.
76'
Roppen slår inn mot Holte som prøver å avslutte. Han får ikkje eit reint treff, og ballen sklir inn til Hanssen.
77'
Frispark til Førde relativt høgt i bana.
77'
Førde får tildelt et frispark
Sander Aamelfot
Sagevik får ballen på hovudet. Headinga hans går rett mot Alme, som har full kontroll.
77'
Aske prøver seg frå 20 meter. Hanssen heng med, og slår den vekk. Brukbar sjanse for bortelaget.
78'
Bergset ofrar seg når han taklar i boksen for å stoppe ein sjanse. Får krampe i situasjonen.
79'
Laga tek seg ein drikkepause medan Bergset får behandling for krampe.
80'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Haakon Brandal Sværen
Ut: Daniel Brandal
81'
Spillerbytte - Førde
Inn: Tian Frøiland Nistad
Ut: Jacob Bergset
82'
Førde får tildelt et frispark
Ola Rognebakke
Held ballen i laget.
82'
Hødd rotar det til, og Savland får ballen på ope mål, men vinkeleg er veldig spiss. Då trillar den rett utanfor streken, og går ikkje mellom stolpane! Nesten 1-2 på Førde stadion.
85'
Corner til Førde. Dei har sendt Hallstensen opp som spiss.
86'
Førde får tildelt et hjørnespark
Sander Aamelfot
Høyland får ballen frå distanse. Han sender ballen langt utanfor målet.
86'
Hødd får tildelt et frispark
Tage Johansen
Slår langt.
88'
Roppen slår gjennom til Holte, som prøver å slå inn i boksen. Der står det ingen, og Førde får eit innkast til slutt.
89'
Spillerbytte - Førde
Inn: Vegard Otterlei Fløholm
Ut: Thomas Hallstensen
89'
Førde blir avblåst for offside
Vegard Savland
Savland går i bakrom, men assitenten står berre eit par meter frå situasjonen, og tek opp flagget.
90'+1
Aske prøver seg på ei ny avslutning. Går utanfor målet, og Elias Rognebakke kjenner på krampe. Kampen er nok avgjort, men Førde kjempar framleis.
90'+2
Ei siste avslutning frå Ola Rognebakke. Hardt skot, men den går utanfor målet.
90'+4
Kampen er slutt
90'+5
Hødd tek seg vidare til neste runde! Dei fekk ei tidleg scoring frå Mikhail, og med ein slik start er det mykje som skal gå gale for at det ikkje blir avansement. Hødd hadde overtaket gjennom heile kampen, men skapte ikkje enormt mange sjansar i forhold til Førde. Ei tidleg scoring etter pause frå Holte avgjorde kampen, og då går Hødd vidare til runde to. Førde kjempa hardt, men nivåforskjellen mellom laga vart til slutt for stor.