216398
Då er det klart for første runde i cupen! Her på Fosshaugane Campus er det Fjøra mot Aalesund som står på menyen.
Det er Eliteserien mot 4. divisjon, så det er ingen tvil om kven som i utgangspunktet er klare favorittar i kveld. Likevel er det eit godt lag med gode resultat så langt i år som Aalesund skal møte. Fjøra er ubeseira på dei fem første seriekampane. I forrige kamp blei det heile 9-0 då dei møtte Vik! Dei har også fått minst to mål i kvar kamp dei har spelt denne sesongen. Aalesund er nyopprykka til Eliteserien, og har hatt ein heilt grei start på sesongen. Dei ligg på tiande plass etter sju spelte kampar, noko som må vera innafor for eit lag som spelte i OBOS-ligaen i fjor. På dei siste fem kampane har det berre blitt ein seier for dei. Laget frå Sunnmøre ønskjer nok å bruke denne kampen på å styrka sjølvtilliten, men motstandarane frå Sogndal har nok lyst til å stoppe den planen.
Sidan Fjøra er eit lag frå Sogndal er det naturlegvis ein del Flo-ar i troppen. Mest kjend av dei er nok Ulrik Flo som mange sikkert hugsar frå sine mange år i Sogndal. Han har også vore innom Odd og Fredrikstad. No har han trappa ned og tatt turen til Fjøra og 4. divisjon. Mathias Flo er også i Fjøra. Han har også vore innom Sogndal, men slo ikkje heilt igjennom på a-laget. No er også Johan Flo i klubben, son av Tore Andrè Flo! Utanom å spele for Fjøra jobbar også Johan i medieavdelinga til Sogndal Fotball i tillegg til at han driv firmaet JandO Client Shopping. 23-åringen har altså mange ballar i lufta!
Aalesund er no på plass på Fosshaugane Campus, og inspiserar kunstgraset litt før dei går i garderoben.
Det er ti minutt igjen til kampstart, og laga er no på veg inn i garderoben etter oppvarminga.
Kampen har startet
0'
Kampen er i gang!
1'
Aalesund går rett i angrep, men ballen opp mot Määttä blir for lang.
1'
Määttä med eit innlegg, men blir heada ut igjen.
2'
Diaw med ein avslutning over mål.
6'
Bolkan Nordli får ballen inne i feltet og avsluttar. Ballen går over mål.
8'
Diaw prøver å finne Ammitzbøll, men Rutlin plukkar opp ballen.
9'
Det er Aalesund som har kontrollert kampen dei første ti minutta.
10'
Määttä spring frå midtbana og avsluttar frå 18 meter. Rett på keeper.
12'
Kaos inne i boksen, og ballen går til slutt ut til corner for Aalesund.
13'
Aalesund scorer!
Mål: Isak Määttä
Ballen sprett fram og tilbake og ender til slutt inne i målet til Fjøra. Aalesund før starten dei ville ha. Määttä er sist på den.
14'
Fjøra er for første gong inne i boksen til Aafk, men det blir ingen avslutning.
16'
Solnørdal spelar seg inn i boksen, og set ballen i stolpe. Nære 2-0.
21'
27'
Bolkan Nordli får ballen på 19 meter, og sender ballen til side for mål.
29'
Aalesund spelar seg inn i boksen. Diaw får ballen, men avslutninga går alt for høgt.
30'
Bolkan Nordli med ein ny avslutning som går over målet til Rutlin.
32'
Johan Flo headar mot Ulrik Flo, men den går heilt inn til keeper.
32'
Johan Flo siktar på Årdal. Blir litt for lang.
35'
Stor jubel når Fjøra får eit innkast høgt i bana. Første gang laget står så høgt.
35'
Frispark til Fjøra frå høgresida. Blir klarert.
36'
Nesten 1-1 når Hatlehol sentrar skummelt tilbake til keeper.
37'
Fjøra har faktisk kome litt meir inn i kampen dei siste minutta!
38'
Fjøra slår eit frispark som går forbi alle. Dei vil ha corner, men får det ikkje.
38'
Määttä sitt innleg blir klarert av Stokkenes.
41'
Aalesund leiter etter ein veg inn i boksen til Fjøra. Blir eit par halvsjansar, men ikkje noko som truar Rutlin.
42'
Diaw prøver seg på eit brassespark, men får frispark imot når han sparkar ein motspelar i ansiktet.
44'
For ein redning av Rutlin! Kallevåg for tidenes moglegheit, men Rutlin står på rett plass.
45'
Pause
45'+1
Aalesund leiar 1-0 etter dei første 45 minutta. Dei har kontrollert heile kampen, og har hatt mange moglegheiter til å få fleire mål. Det nærmaste Fjøra var skåring, var då det blei litt rot i forsvaret til Aafk, og keeper akkurat klarte å klarere før ein Fjøra-spelar var på den.
2. omgang
45'
Andreomgang har starta. Fjøra har gjort eit byte i pausen.
46'
Høyland kjem til eit innlegg, men den går over alle.
47'
Diaw avsluttar på Rutlin. Omgangens første avslutning.
48'
Ulrik Flo kjem åleine med keeper, men står i offside først.
48'
Johan Flo klarerer eit innlegg frå Solnørdal.
49'
Bolkan Nordli blir sparka ned når han avsluttar. Får ikkje straffe.
50'
Olsen går ned i feltet og ropar på straffe! Dommar gir han ikkje noko. Kunne blitt skummelt for Aafk.
51'
Fjøra heng meir med no enn i førsteomgang.
52'
Aalesund scorer!
Mål: Mamadou Diaw
Målgivende: Torbjørn Kallevåg
Diaw blir spelt gjennom. Han vender og sender ballen roleg forbi Rutlin. No blir det tungt for Fjøra.
53'
Aalesund scorer!
Mål: Mamadou Diaw
Målgivende: Torbjørn Kallevåg
Diaw set sinn andre for dagen! Ganske lik oppbygging som hans første. Blir spelt gjennom og vender. Avslutninga er litt høgare og hardare denne gongen.
55'
No ser det veldig stygt ut for Fjøra. Ikkje lett å kome tilbake no.
58'
Khamurzayev blokkerer eit skot frå 18 meter.
60'
Diaw lurer forsvaret og kjem åleine med Rutlin. Keeper reddar.
63'
Olsen får ein avslutning på keeper, men blir avvinka for offside.
64'
Hovland får Fjøra sin første avlsutning! Skrur seg vekk frå målet.
69'
Diaw kjem seg inn i boksen, men snublar før han får avslutte.
73'
Johan Flo vinn eit frispark i farleg posisjon!
75'
Hovalnd sender frisparket rett i muren.
76'
Diaw avsluttar nok ein gang rett på Rutlin. Begge har hatt ein god kamp.
80'
Spillerbytte - Aalesund
Inn: Henrik Olset
Ut: Mamadou Diaw
Mannen med to mål er ferdig for dagen. Får applaus av bortefansen.
80'
Stokkenes slår inn mot Flo. Lansing er ute og snappar.
82'
Høyland avsluttar frå langt hold. Rett på Lansing.
84'
Ballen blir spelt ut når Johan Flo ligg nede etter ein duell. Han kjem seg opp igjen.
85'
Olsen blir avvinka for offside. Ingen på tribuna var einig med dommaren.
87'
Rafn kjem til ei avslutning som går over mål.
88'
Tida renn ut for Fjøra no. Dei aller fleste har gitt opp håpet om ei cupbombe. Ein skåring har dei framleis trua på.
88'
Hatlehol har gått fram i bana, og avsluttar over målet.
89'
Kampen er slutt
90'+4
Det er over på Fosshaugane og Aalesund går vidare. Det blei til slutt enkelt for Aalesund, men dei leia berre med eitt mål etter dei første 45 minutta. Määttä stod for den skåringa. Fjøra hadde eit lite håp då andreomgang starta, men det håpet slukna fort når Diaw satt inn to kjappe. Aalesund gjorde mange endringar i løpet av kampen, og fleire unge fekk prøvd seg. Fjøra er nok ikkje ekstremt skuffa over å ryke ut mot Aalesund, men dei ville kanskje helst hatt med seg eit mål. Det blei veldig få sjansar for Fjøra, og Aalesund kontrollerte stort sett heile kampen.