Hei, og velkommen til Florø - Aalesund, og 2. runde i NM-cupen! Kampstart er 1800.
Heimelaget tok seg vidare til 1. runde etter siger over divisjonskollega Årdal. I første ordinære runde vann dei 2-1 over 2. divisjonslaget Førde. Dermed blir dette lagets første kamp på heimebane i årets NM.
Florø er eitt av fem lag frå 3. divisjon att i årets NM-cup.
Aalesund har vore sterke i NM-cupen dei siste sesongane. I 2009 vann dei mot Molde, medan det i 2011 var Brann som vart eit nummer for små i cupfinalen. Men både i 2010 og i 2012 rauk laget ut i 3. runde, mot høvesvis Løv Ham og Sandefjord.
Det er venta fulle tribuner og god stemning i Florø 1. mai. I fjor var det fleire tusen tilskodarar både når Sogndal og Brann vitja klubben. Då vart sogningane audmjuka, og sendt heim med 3-0 tap i 1. runde. I 2. runde vart Brann for sterke, og vann konfortabelt 6-1. Mot Brann var det over 2500 tilskodarar på tribunen.
Begge desse laga har fått ein god start på sesongen. Florø er nummer to i 3. divisjon avdeling 8, etter to sigrar og ein uavgjort. AaFK er førebels landets beste fotballag, og toppar tabellen i Tippeligaen etter seks serierundar. Laget står bokført med fire sigrar, ein uavgjort, og tap no sist helg mot Vålerenga.
Aalesund har dei siste sesongen ofte hatt problem når dei ikkje har fått spelt heime på Color Line Stadion. I fjor vart det berre ein fattig siger i Tippeligaen, medan det året før vart to sigrar på bortebane i serien.
Florø må klare seg utan Halvor Solheim Olsen og Simen Reksten Solheim i denne kampen, medan Christer Husa mest truleg er tilbake på laget.
Vi kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart. Har du spørsmål eller innspel undervegs kan du treffe underteikna på Twitter med @AsgeirArdal. Vil du diskutere heile cuprunden kan du gjere dette med hasjtag 'livefotball', og dine tweets kjem opp i høgre kolonne i livesenteret.
Då er lagoppstillingane klare, og Aalesund stiller med eit sterkt lag. Mellom andre er Barrantes å finne på AaFK sitt lag på Florø stadion i kveld.
Spelarane i full gang med oppvarming. Florø-trenar Rognsø har fått på seg pelslua, og er klar til å ri av stormen frå tippeligalaget AaFK klokka 18!
Jon Ophuus frå Flaktveit er dagens dommar. Han har med seg kameratane Stian Aaland og Andreas Sandal som assistentdommarar, begge frå Haugen IL.
Det er opphaldsvær, men sterk vind i Florø akkurat no.
Der kjem regnet - og sola. Vi ventar på regnbuen, og spelarane!
Laga er på veg ut på bana.
Kampen har startet
Florø tek avspark.
1'
Husa slår Barrantes i luftrommet, men AaFK får innkast like etter.
1'
Heimelaget opnar friskt. Får frispark på midten, og får applaus frå dei frammøtte på tribunen.
2'
AaFK kjem seg rundt på venstrekanten. Ballen går heilt over til Barrantes, som avsluttar på direkten med venstrefoten. Lett match for Kvammen i Florø-buret.
3'
AaFK får frispark på venstrekanten. Tek det tidleg.
4'
Aalesund får tildelt et hjørnespark
Keeper Kvammen boksar ut. Gjestene får innkast.
4'
Innkast til Florø ved Knapstad på midten.
6'
Aase leiker seg på høgrekanten, og Nation må legge teknikaren i bakken. Frispark i fin posisjon for vertane!
6'
Fin sjanse for Florø! Husa slår inn, og Ryland er nære på å setje ballen i mål, men keeper Staw får kasta seg fram.
6'
Florø får tildelt et hjørnespark
Beintøff takling på midten.
7'
Jamn kamp dei første minuttane her på Florø stadion.
8'
Hove dreg av eit par spelarar i eige forsvar, men midtstopparen har kontroll. Publikum pustar letta ut!
9'
AaFK-frispark på midten.
10'
Halv-sjanse for AaFK! Wembangomo kjem rundt på venstrekanten og legg inn. Hove er best i luftrommet, rett foran hovudet på James.
10'
Aalesund får tildelt et hjørnespark
Frispark til Florø i feltet.
11'
Nære for Florø og Husa. Aase spelar venstrebacken fri inne i feltet, men litt uheldig touch gjer til at AaFK-forsvaret slepp med skrekken.
13'
Hamed-Allah slår inn frå død vinkel, men Kvammen har bra kontroll.
13'
Aggresivt Florø-press, som tvinger gjestene til feilpasning på midten. Heimelaget får innkast, og heimepublikum er nøgde!
14'
Florø-frispark, og Husa gjere seg klar.
14'
Han slår inn i feltet, men keeper får frispark i duell mot Hove i luftrommet.
15'
Langt utspark frå Staw, og ballen sprett over Florø-forsvaret. Knapstad får kontroll ved hjørneflagget.
16'
Florø spelar fint ball på midten, men Vik går i bakken i det han skal jakte framspelet.
17'
AaFK-trenar Jønsson er ute og dirigerer mannskapet sitt. Det same gjer trenarkollega Rognsø på Florø-benken.
18'
Fin sjanse for Florø! Vinn ballen høgt i bana, og Ryland klinkar til frå 20 meter. Skotet blir blokkert!
19'
Framleis jamnspelt på Florø stadion. AaFK har ikkje imponert nokon til no - i alle fall.
20'
Fin sjanse for AaFK! Innlegg frå venstrekanten, som går gjennom heile feltet utan nokon orange-trøyer er på ballen.
21'
Lang ball mot Barrantes, men tippeligaprofilen møter veggen når Husa skal skjerme ballen ut.
22'
Det har vore blanding mellom sol, regn og opphaldsvær dei første 20 minuttane. No haglar det på Florø stadion!
23'
AaFK tatt over litt av banespelet dei siste minuttane.
24'
Barrantes klinkar til frå 25 meter. Utanfor!
25'
Hamre ligg nede for telling, og dommar bles av ettersom midtbanespelaren held seg til hovudet.
26'
Han er tilbake på beina att, og AaFK må starte på nytt.
27'
Kampens største sjanse! Kvammen boksar ut, og James klinkar til på direkten frå ti meter. Keeper Kvammen leverer ei flott beinparade!
27'
Frispark til Florø på midten.
28'
Husa slår inn, og Florø får innkast høgt oppe i bana.
29'
Hamre slår gjennom til Knapstad som er på løp inne i sekstenmeteren. Nordvik får avklart til corner.
29'
Florø får tildelt et hjørnespark
Keepermat.
29'
Kjempesjanse for Florø! Ryland legg inn frå venstrekanten, og Hamre er berre centimeter frå å setje inn 1-0! Midtbanespelaren får seg ein trøkk i duellen om ballen, og blir liggjande att på bakken.
30'
Fleire av Florø-spelarane ropte på straffe når Hamre gjekk i bakken, men dommaren frå Flaktveit ville det annleis.
32'
Spelet er i gang igjen.
32'
Florø kjem på overgang, men Book sitt innlegg blir blokkert ut til hjørnespark.
33'
Florø får tildelt et hjørnespark
AaFK får kontroll.
33'
Aalesund får tildelt et hjørnespark
Michael Barrantes
Knapstad får avklart.
35'
Kampen er framleis heilt open, og Florø er for alvor med i diskusjonen om å smelle årets cupbombe.
37'
Gult kort til Aalesund
Hugues Wembangomo
Legg Ryland i bakken på midten.
38'
AaFK-trenar Jønsson noterer på notatblokka si, og er tydeleg missnøgd med det laget sitt har prestert til no den første omgangen.
39'
Aase jaktar eit framspel, men blir for sein. Får frispark imot, og tilsnakk frå dommaren.
40'
Aalesund får tildelt et hjørnespark
Michael Barrantes
Kjempesjanse for AaFK! Nordvik får stå heilt umarkert og avsluttar i stolpen med hovudet! Nær 0-1 der.
40'
Fin halvsjanse for Florø! Kjem to mot tre, og Book avsluttar frå 17 meter. Rett på keeper, som må gi retur - men får kontroll.
42'
Fin ball mot James, men kaptein Reksten viser klasse, og taklar ut til innkast.
43'
Ny fin moglegheit for Florø! Vik nikkar Ryland gjennom, men keeper Staw les spelet glitrande og snappar opp.
44'
Husa skal slå langt mot Book, men ballen treff i staden dommaren - rett i skinka. Ser upåverka ut..
45'+1
Frispark i meget god posisjon for AaFK, 21 meter frå målet.
45'+1
Barrantes står ved ballen..
45'+1
Det blir Hamed-Allah som skyt.. ..og keeper Kvammen reddar meisterleg nede ved den venstre stolperota!
45'+2
Gult kort til Aalesund
Farleg spel inne i feltet.
45'+3
Barrantes avsluttar frå 25 meter. Over.
45'+4
Pause
45'+4
Då går laga til pause og stillinga er 0-0. Heimepublikum applauderer laget sitt av bana, og er nøgde med det unggutane har levert den første omgangen.
AaFK-trenarane Jønsson og Bergersen diskuterer på veg ut i garderoben. Spørst om det blir endringar frå pause på gjestene.
Spelarane på veg ut på bana, og Barrantes køyrer sitt faste ritual i det han entrar grasmatta igjen. Nærmar seg andre omgang!
2. omgang
45'
Gult kort til Florø
Beintøff takling på midten.
6'
Spillerbytte - Aalesund
Inn: Lars Fuhre
Ut: Andreas Nordvik
46'
AaFK tek avspark.
46'
Ryland dreg seg forbi to AaFK-forsvarar, men møter veggen i tredjemann. Nesten for venstrekanten der.
47'
Bra sjanse for Florø! Lang ball over til Book, som legg ut til Sørensen. Han skyt - to meter over!
48'
Heimelaget har opna klart best dei første minuttane av andre omgang.
48'
Knapstad stormar framover, og blir lagt i bakken. Får frispark, og Husa ruslar over på motsett side for å slå inn i feltet.
49'
Kjempesjanse for Florø! Husa slår inn i feltet, og Ryland set ballen ein halvmeter til side for målet til Staw!
49'
AaFK har knapt fått lånt ballen i løpet av dei første fem minutta av andre omgang.
50'
Bauge vinn ballen, og køyrer karusell med eit par orange-kledde spelarar på midten.
52'
Mål for Aalesund!
Florø 0 - 1 Aalesund
Mål: Leke James
Lang ball mot James, og keeper Kvammen kjem på halvdistanse. AaFK-spissen har ei enkel oppgåve å setje inn 1-0 i det opne buret.
52'
Scoringa kom imot spelets gang, ettersom Florø hadde opna omgangen klart best.
54'
Ny fin sjanse for AaFK! Hamed-Allah kjem aleine med keeper, men Kvammen leverer ei glimrande beinparade!
55'
Sørensen prøver å spele gjennom Bauge, men keeper snappar opp.
55'
Målscorar James får seg ein trøkk, og Florø spelar ballen ut.
58'
Gult kort til Aalesund
Michael Barrantes
Aase får frispark, og Barrantes sparkar bort ballen. Skal du drøye ut tida, gut?
59'
Fuhre avsluttar frå 25 meter - og ballen stryk tverrliggjaren!
60'
Nytt skotforsøk frå AaFK. James skyt - over!
60'
Sørensen slår gjennom til Book, men linjemann vinkar for offside.
61'
Rundt 1100 tilskodarar ser kampen på tribuneplass i kveld.
62'
Framleis spenning i dette oppgjeret. Florø har på ingen måte gitt opp, og er for alvor med i denne kampen.
63'
Straffe til Aalesund
Knapstad legg Fuhre i bakken, og dommaren dømmer straffespark, og dreg opp det raude kortet!
64'
Rødt kort til Florø
Knapstad får marsordre, etter at Fuhre går i bakken inne i feltet.
64'
Aalesund scorer på straffe!
Florø 0 - 2 Aalesund
Mål: Fredrik Ulvestad
Set straffesparket sikkert i mål.
65'
James gjennom, men keeper Kvammen leverer nok ei praktredning.
66'
Florø spelar i kraftig medvind no.
67'
Blir tøft for 3. divisjonslaget Florø å komme tilbake mot serieleiaren i Tippeligaen no.
67'
Aase med nydeleg pasning mot Book, men Skagestad får ei lang tå på ballen. Nesten for Florø der!
69'
James blir lagt i bakken innanfor sekstenmeteren, men dommaren vinkar spelet vidare. Merkeleg dømming, og AaFK-benken er rasande.
70'
Stensøe står klar på benken for AaFK, og skal inn no.
70'
Spillerbytte - Aalesund
Inn: Daniel Strandabø Stensøe
Ut: Hugues Wembangomo
71'
AaFK har fått roa seg litt ned no, etter to kjappe scoringar etter kvilen.
72'
Barrantes skyt frå 25 meter. Keeper Kvammen må gi retur, men heimelaget får kontroll.
74'
Florø spelar 4-4-1 no, med Sørensen nede på høgreback, etter at Knapstad no er i dusjen.
75'
Barrantes legg Aase i bakken på midten.
75'
Florø får tildelt et hjørnespark
Blir avklart på første stolpe.
75'
James avsluttar igjen - men Kvammen leverer nok ei redning i toppklasse!
77'
Aalesund får tildelt et hjørnespark
Lars Fuhre
Florø overtek.
77'
Sørensen driv framover, men pasningen blir for sein og Vik er i offside.
78'
Hamed-Allah testar skotfoten frå kanten av sekstenmeteren. Ballen stryk stolpen!
79'
Aalesund får tildelt et hjørnespark
Reksten ryddar unna i feltet.
80'
Mål for Aalesund!
Florø 0 - 3 Aalesund
Mål: Leke James
Skot frå 20 meter, og keeper må gi retur. Den set James enkelt i mål!
80'
Ødegaard står klar på sidelinja for gjestene.
82'
Avsnes får frispark i sin første ballberøring.
83'
Mål for Aalesund!
Florø 0 - 4 Aalesund
AaFK fossar gjennom Florø-forsvaret, og Myklebust kjem aleine med keeper. 0-4.
84'
Hamed-Allah klinkar til på heil volley. Men også denne gongen reddar Kvammen meisterleg!
86'
Mål for Aalesund!
Florø 0 - 5 Aalesund
Mål: Abderazak Hamed-Allah
Klikk-klakk inne i feltet, og Hamed-Allah skyt hardt opp i nettaket.
86'
Då er kampen punktert, for dei som lurer på det.
87'
Skagestad gir Sørensen ein dytt i ryggen, og innbytaren vil ha frispark. Får det ikkje.
88'
Vik skyt frå 22 meter. Over!
89'
Det er lagt til minimum tre minutt av kampen.
90'+1
Gjennomspel mot Sigdestad, men keeper har kontroll.
90'+2
Aalesund får tildelt et hjørnespark
Ny corner.
90'+3
Kampen er slutt
90'+4
Då er kampen slutt, og AaFK går vidare med 5-0 siger. I andre omgang vart det tøft for Florø, som måtte spele store deler av omgangen med berre ti mann. Florø-spelarane gav dei 1100 frammøtte tilskodarane valuta for pengane, og jobba hardt gjennom 90 minutt. På stillinga 0-0 hadde laget fleire sjansar til å gå opp i leiinga, men alt i alt er det ingenting å seie på at det er gjestene som avanserer til neste runde. Alt om kampen les du i Firda torsdag. Takk for oss!