FirdaNett ønskjer hjarteleg velkomne til Florø stadion og 1. rundekamp i NM mellom erkerivalane Florø og Førde!
Dette er faktisk 3. året på rappen at desse laga møtast i NM. Både i 2012 og ifjor vann Florø 2-1, hhv. i 2. kvalikrunde og i 1. runde, noko Førde sjølvsagt er interessert i å revansjere.
Florø er i det heile tatt eit sterkt cuplag. I 2012 slo dei fylkets Tippeligalag Sogndal med heile 3-0 her i 1. runde. I G 16- og G 19-NM har dei hevda seg sterkt i fleire år, ifjor kom dei til kvartfinalen i den eldste klassen, der med stammen i det laget som skal opp mot Førde i kveld.
Begge laga serieopna i Oddsenligaen avd. 3 2. påskedag. Florø fikk med seg eitt poeng etter 1-1 i Egersund medan Førde gjekk på eit surt 1-2 tap for Åsane i Bergen.
Jonny Skjerven frå Kaupanger er dagens kampleiar. På linjene har han assistanse av Vebjørn Nord Haugland, Eid og Andreas Sandal frå Haugen. Vi kan og legge til at leiar i Sogn og Fjordane Fotballkrins, Robert Endestad frå Tempo er sett opp som dommarrettleiar.
Vi kjem attende med lagoppstillingar og anna førehandsstoff når vi nærmar oss avspark.
Laga er komne ut for oppvarming og vatnspredarane er akkurat slått av på Florø stadion. Ein halvtime til avspark.
Det fyllast opp på tribunen, slik det brukar å gjere når desse to erkerivalane møtast. Kanskje eit av dei mest klassiske nabooppgjera i landet, på linje med Tynset - Alvdal og Volda - Ørsta.
Florø har ei særs hektisk kampveke og har difor gjort nokre endringar frå kampen mot Egersund måndag. Mellom anna sit Peter Aase, Simen Reksten Solheim og målskårar då, Bjørnar Hove, på benken. Laurdag er det junior-NM 1. runde mot Bjarg med mange A-.lagsspelarar aktuelle og på søndag kjem avdelingsfavoritt Vard på besøk til seriekamp.
Førdetrenar Knut Erik Folland derimot har berre gjort ei endring. Stortalentet Daniel Kvalvågnes kom inn frå benken og skåra mot Åsane måndag, og er belønna med startplass på bekostning av Erlend Moen Taule.
Det snakkast om at det allereie har kome omlag 1000 tilskodarar til Florø stadion.
Så kjem meldinga frå Førdeleiren om at Øystein Vetti måtte melde pass på oppvarminga. Inn som stopparpartnar for kaptein Vegar Gjermundstad kjem Gisle Isene.
Laga kjem inn på banen til stor applaus frå eit entusiastisk publikum!
Vel, vi glemte at Førde har gjort ei endring til frå måndag. Kroaten Ante Knezovic får sin A-lagsdebut mellom stengene og erstattar Fredrik Hanssen.
Kampen har startet
Florø tok avspark eitt minutt på overtid grunna litt trøbbel med Florøburet.
1'
Kast av Førde på høgre, Myrkaskog og Kvalvågnes prøvar å kome til avslutning, men heimeforsvaret får klarert.
2'
Florø får tildelt et hjørnespark
Isene heddar ut til ny kårner ved nærmaste stolpe.
2'
Florø får tildelt et hjørnespark
3'
Straffe til Florø
Isene felte husa etter kårneren - straffe!
3'
Florø bommer på straffe!
Knezovic peikar til høgre for seg sjølv, dit skyt Aase, og der er Knezovic og reddar!
4'
Skot Valsvik - blokkert!
6'
Myrken prøvar å spele gjennom Kvalvågnes, men naustedølen går ikkje på den då han ser at vil bli offside.
6'
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
Hedda ut i sikkerheit. Men Førde beheld presset.
7'
Myrkaskog får skjennepreik av dommar Skjerven på midten.
9'
Ødegaard feller Sørensen på høgre, kan bli farleg frispark til Florø dette!
10'
Mål for Florø!
Florø 1 - 0 Førde
Mål: Runar Hove
Målgivende: Christer Husa
Knezovic når ikkje fram på frisparket og Runar Hove heddar i tomt bur og sender Florø stadion til himmels!
10'
Florø får tildelt et hjørnespark
Isene klarerar.
12'
Spåurk heddar ned til Myrken som klemmar til frå 7 meter, fantastisk redning av Kvammen!
13'
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
Vennberg får frispark på kant etter kårneren. Ball mot lengste hjørne av 16, skot langt utanfor.
14'
Oppofrande angrepsspel av Florø der Bauge syner store tekniske ferdigheiter, heimelaget pressar Førde bakover no!
17'
Innlegg frå Aase på høgre, til Ryland som heddar i stanga og ut!
17'
Stockinger prøvar overlegg, men for langt og femmeter til Florø.
18'
Overlegg frå Valsvik, Solheim-Olsen vinn duell og heddar, men laust utanfor.
19'
Frispark Førde på 25 meter, takast fort, ned på kant og legg inn, men avklart av Florø.
20'
Myrkaskog skyt frå 16 etter godt angrep, Kvammen reddar og returen set Kvalvågnes høgt over!
21'
Stefan Aase tar telling på venstrekanten etter å ha landa på handa etter ein luftduell.
23'
Frispark Førde 25 meter etter sleiv av Kvammen.
24'
FDrispark Ødegaard, til kårner.
24'
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
24'
Utruleg at Førde ikkje skårer! Dobbeltsjanse, men begge skota treff Florøbein!
25'
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
Flikk bakover av Kvalvågnes, rett til Florøspåelar.
25'
Halvhjerta skot av Husa frå distanse, utanfor.
27'
Kvalvågnes avblåst for høg fot når Myrken nikkar ned til han.
27'
Førde som har overtatt spelet her no.
28'
God Florøkontring, innlegg frå Ryland, men Solheim-Olsen når ikkje fram.
29'
Innlegg Spurkeland, i klypene til keeper.
29'
Nytt godt Florøangrep, men Solheim-Olsen går i offside når han skal hedde.
30'
Solheim-Olsen på raid inn i 16, går ned, men ikkje noko og Førde kontrar.
31'
Ryland blir heldt i arma når han skal starte ein spurt, men ikkje inngripen frå dommar.
32'
Solheim-Olsen får ballen på 17 meter, men skrur den godt utanfor lengste kryss.
33'
Godt Førdeangrep der Myrken syner krigarinnstilling, men innlegget frå Spurkeland blir for langt for Kvalvågnes.
35'
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
Kvammen boksar, sleivspark, avslutning av Gjermundstad, redning på strek!
35'
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
Førde bit seg fast, avslutning i Florøbein og Kvammen tar ballen på halvspretten.
36'
Førde styrer spelet no, Florø satsar på kontringar.
37'
Florø kontrar, innlegg Book, i arma på ein forsvarar, men dommar reagerer ikkje.
38'
Florøfrispark på midten. Tas kort og heimelaget trillar ball.
40'
Ball mot Spurkeland på høgrekant, men ut til kast.
41'
Frispark Førde like innafor Florø sin banehalvdel. Inn til keeper. Spelet har roa seg litt ned no.
42'
Florø ser ut til å vere nøgd med 1-0 til pause, trillar ball.
43'
Lang ball inn i Førdefletet, Samanstøyt mellom Book og keeper Knezovic. Begge tar teljing, men er oppe att no.
44'
Lang ball inn i Førdefletet, Samanstøyt mellom Book og keeper Knezovic. Begge tar teljing, men er oppe att no.
44'
Book aleine med keeper, men sleivar!
45'
Book med dårleg innlegg, floskelmakarane vil seie at ballen sklei av foten......
45'+1
Pause
45'+1
Laga går til pause på 1-0 til Florø etter skåring av Runar Hove etter ti min. Heimelaget har og truffet aluminiumen og brent ei tidleg straffe, men utover det har Førde hatt spelet og har spolert fleire gode sjanser.
Florø har venta lenge, men der kjem Førde ut på bana. Førdekeeper Knezovic i ny oransje drakt, i 1. omgang hadde han ei blå som var rimeleg lik Florødraktene.
Myrkaskog fikk ein smell i 1. omgang og byttar med Norevik.
2. omgang
45'
Norevik som hengande spiss, Kvalvågnes opp som spydspiss.
46'
Roleg start på 2. omgang.
47'
Førdekast på høgde med 16, på høgre.
48'
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
Reksten ligg nede etter at Førde fikk kårner. Opp att. Florø heddar ut og Førde pådreg seg frispark.
48'
Fjeldal Olsen dreg av to mann på veg inn i feltet, skyt, redning til kårner!
51'
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
OVER ALT OG ALLE, MEN TIL SLUTT NY KÅRNER.
51'
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
Først sleiv, så brasseklarering av Florø!
51'
Kvalvågnes går ned, men Skjerven dømmar ikkje.
52'
Spillerbytte - Florø
Inn: Peter Aase
Ut: Kristoffer Valsvik
53'
Frispark Florø på høgre, rett innanfor Førde sin banehalvdel, blir tilslutt eit innlegg der Peter Aase brenn til frå 18 meter, stryk like over krysset!
56'
Frispark Florø, stuss bakover av forsvarar til keeper.
57'
Florø har satt Ryland på kant, Solheim-Olsen på topp.
59'
Gult kort til Førde
Johan Vennberg
Litt for sein i takling, frispark 25 meter rett på mål, farleg!
59'
Kjemperedning av Knezovic! Er oppe i vinkelen og fistar over Husa sitt frispark!
60'
Florø får tildelt et hjørnespark
Vart ikkje noko ut av den.
60'
Overlegg som Kvammen mistar, blir innlegg Førde, men Florø får klarert.
63'
Mål for Florø!
Florø 2 - 0 Førde
Mål: Stefan Aase
Målgivende: Peter Aase
Florø bryt på 35 meter, ballen blir slått fram til Stefan Aase, som med ein markkrypar innmed stanga doblar leiinga for Florø!
64'
66'
Peter Aase heddar i mål, men står i offside.
67'
Spurkeland leggast ned på 18 meter. Vennberg tar det kjapt, men keeper er med på notane og snappar ballen.
68'
Florøfrispark, S. Aase blir felt på 25 meter. Husahald. Skyt mot lengste, men der er Knezovic og slår til kårner.
69'
Florø får tildelt et hjørnespark
Florø bit seg fast, men etter mykje om og men får Førde avklart.
69'
Førde har ramla litt i hop etter 0-2.
71'
Florø kontrollerar og trillar ball.
73'
Fjeldal Olsen dreg til frå 35 meter, i ein Florøspelar.
74'
Innlegg Florø, Ryland når ikkje fram, klarering til Book som ikkje får stokka beina.
75'
Framspel mot Fjeldal Olsen på høgre, for langt, kast Florø.
76'
Avslutning Husa, himmelhøgt over!
77'
Overlegg mot Book som heddar over i offsideposisjon, frispark Førde.
79'
Førde står høgt no.
80'
Gjermundstad må ut, klarer ikkje å spring Førdekapteinen.
81'
At det går an Book! Ryland med flott raid, legg inn og Book set ballen uforståeleg over frå kort hald!
81'
Husa slår overlegg mot lengste, offside på Solheim-Olsen.
84'
Husa slår overlegg mot lengste, offside på Solheim-Olsen.
84'
Gult kort til Florø
Munnbruk.
86'
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
Attende til Vennberg, som sleivar når han skal legge inn. Dette går Florø sin veg,.
87'
Ryland kjem igjennom, skyt utanfor!
88'
TRampeklapp på Florø stadion når frispark slås inn i feltet - utanfor.
89'
Gult kort til Førde
Matias Olsen
Frustrasjonskort.
90'
Ryland førar opp, inn til Dyrstad, Knezovic reddar med eit tigersprang!
90'+2
Knezovic reddaR IGJEN!
90'+3
Seieren er vår rungar over Florø stadion!
90'+3
Innlegg S. Aase, Ryland ein centimeter frå 3-0!
90'+4
Førde får tildelt et hjørnespark
Johan Vennberg
Florø klarerar, før stempling og frispark Førde. Blir til sluitt kast Førde.
90'+4
Kampen er slutt
90'+5
For 3. år på rappen slår Florø ut sine erkerivalar Førde frå cupen. Dei fleste av dei 1100 tilskodarane hyllar no sine heltar.
Førde hadde godt med sjansar i 1. omgang og burde minst hatt 1-1 då. Men utan Myrkaskog etter kvilen vart det altfor tannlaust og Florø vinn fortent. Til slutt var det keeper Knezovic som med nokre kanonredningar redda Førde frå eit større tap.
Spillerbytte - Førde
Inn: Bernt Marifjæren Norevik
Ut: Oystein Myrkaskog
Etter 46. min. (oppstart 2. omg.)