3 123
3 291
Hvem var banens beste?
Christy Pym
50%
George Mceachran
8%
Darragh Burns
6%
Harry Maguire
35%
433 stemmer
Andre Onana er altså tilbake i laget etter å ikkje ha spelt dei to fyrste kampane i sesongen. Ayden Heaven, Tyler Fredricsson og Kobbie Mainoo får også sjansen i denne cupkampen.
Grimsby Town held til i League Two til vanleg. Dei står med tre sigra og to uavgjort etter dei fyrste fem kampane på nivå fire i England.
Mathias
Endelig Mainoo i startoppstillingen😃
VG Live svarer
Roger
Hvem sender kampen på tv?
Viaplay og Vsport 1 (sending frå 20:50).
VG Live svarer
VG Live-bruker
blir det 3 dagers landsorg i vg redaksjonen hvis man utd taper
Vi skal nok klare å overleve det.
Sesko debutera frå start. Scorer han sitt første for United?
Ja!
57%
Nei, han er sjanseløs.
38%
Scorer? Det blir flere mål fra ham!
5%
820 stemmer
Laga er på veg ut på bana!
Kampen har startet
Grimsby rett i angrep, men den vert klarert unna.
1'
Grimsby har starta godt. Burns kjem til innlegg frå høgre - men den går over alt og alle.
1'
Dorgu spelt fri ute til venstre. Dansken set fart!
2'
Spela tilbake til Cunha, men innlegget er for dårleg mot Amad. Må begynne på nytt, gjestane.
2'
Amad vert felt av Vernam. Frispark 30 meter frå mål.
2'
Cunha skal slå inn.
3'
Maguire får skuffla den vidare, men Sesko når ikkje fram til den. Laga til slutt frispark, slovenaren.
3'
Det skal, bokstaveleg tala, vere divisjonsforskjell på desse to laga, men vertane har starta bra i nordaust-England!
5'
Grimsby angrip på venstresida. McJannett slår inn, men Maguire headar unna.
5'
Sesko og Cunha kjem begge til avslutning - men begge vert blokkert av oppofrande Grimsby-forsvarar. Ender til slutt hjå Christy Pym i Grimsby-målet.
7'
Alex
Grimsby på dødballer er skummelt
Cunha mista ballen langt inne på eigen halvdel. Sløvt av brasilianaren.
8'
Grimsby bit seg fast, men Garner er uoppmerksom og rota ballen utover dødlinja.
8'
Ein liten funfact om Grimsby-manager David Artell. Han har sju landskampar for Gibraltar. Den informasjonen får de bruke som de vil.
9'
Grimsby har vore det beste laget fyrste ti minuttane.
10'
Amad Diallo køyrer kontra - men vert stoppa kontant av McJannet. Får seg ein trøkk, ivorianaren.
10'
VG Live svarer
Rolf
Er det Bayindir's "prestasjoner" som har satt ham på benken ? Eller har Onana blitt degradert til cup-keeper ?
Godt spørsmål. Kan også vere ein måte å fase Onana inn etter at han har vore ute ei stund?
Skrekkeleg pasning av Fredricsson på veg fram, men Grimsby klarer ikkje å få kontroll over ballen.
11'
Det er urovekkande at gjestane slit med å spele seg ut mot eit League Two-lag.
11'
Ayden Heaven slår ut med armane. Finn ikkje alternativ lenger framme på bana.
13'
Sesko får ballen ute til høgre. Spissen slår inn og treff panna til Cunha, men headinga vert blokkert.
13'
Heaven skal spele ein kort pasning fram til Dorgu. Den er upresis - og går utover sidelinja.
14'
Grimsby Town får tildelt et hjørnespark
Vertane kjem seg frampå på ny og sikrer seg hjørnespark frå venstre.
15'
Hjørnesparket er innoverskrudd, men Onana slår den enkelt over til hjørnespark frå andre sida.
15'
Grimsby Town får tildelt et hjørnespark
Burns skal slå inn.
16'
Amad på veg framover på høgresida. Går seg fast.
17'
Kristian
Ryker United her i kveld så går jeg tom for ord....
Ser bekymra ut, Amorim.
18'
Mainoo forsøka å vri spelet til Dorgu. Den går utover sidelinja.
18'
VG Live svarer
John
Hvem preser hvem ?
Grimsby presser United.
Dalot får ballen ute til høgre. Elendig berøring og Grimsby overtek igjen.
19'
Vertane kjem på venstresida. Green møter veggen i det han går i Maguire. Får ikkje frispark på kanten av 16-meter, men Grimsby beheld ballen.
19'
Det er utruleg, men sant: Det ser ut som Manchester United møter eit lag på same nivå akkurat no.
20'
VG Live-bruker
Alltid ekstra stas når Andreas oppdaterer på nynorsk. KØYR!
Manchester United går seg fast på midtbana. Her kan Grimsby køyre kontra.
21'
Mål for Grimsby Town!
Grimsby Town 1 - 0 Manchester United
Mål: Charles Vernam
Målgivende: Darragh Burns
HAN SJOKKERA MANCHESTER UNITED! Burns slår nydeleg over på bakre stolpe. Vernam dempa ballen, får kontroll og dunka den i korthjørnet forbi Onana!
22'
VG Live svarer
Rolf
Kan du forklare meg hva Manchester United driver med ?
Det er ikkje godt å seie. Det er NULL kreativitet på midtbana. Ingen som tek på seg press før siste tredel. Då er det vanskeleg å skape overtal og rom.
Skudd på mål, Manchester United
Cunha går og går med ballen utafor 16-meteren, men fyrer aldri. Spela heller til dårlegare plasserte Diallo som skyt rett på keeper.
25'
"Sacked in the morning" runger frå heimesupportarane.
26'
Mainoo spela fri Sesko. Han slår inn - men Grimsby får klarert.
26'
Skudd på mål, Manchester United
Sesko kjem seg laus i mellomrommet og fyra av frå 20 meter, men også den vart blokkert.
27'
SÅ SIT DEN I MÅLET IGJEN! Men ballen sprett i handa til Gardner - og då vert scoringa annullert.
28'
Grimsby Town får tildelt et hjørnespark
Hjørnespark for vertane frå venstre. Dei køyrer kampen!
29'
Mål for Grimsby Town!
Grimsby Town 2 - 0 Manchester United
Mål: Tyrell Warren
MEN I ALLE DAGER. Hjørnespark og Manchester United er katastrofe! Hjørnesparket blir tatt kort. Så kjem innlegget og Onana er ute og surra det til i feltet. Då kan den tidlegare Manchester United-spelaren Tyrell Warren spasere den inn i målet.
30'
Kva no Ruben Amorim? Dette er jo rett og slett ei katastrofe - og det er ikkje å smøre tjukt på ein gang.
31'
Thor
Vi blir rett og slett pissa på 😡
VG Live-bruker
Hva er vi vitne til ??????
Skudd på mål, Manchester United
Maguire spela fri Sesko. Slovenaren kjem seg til avslutning frå skrå vinkel, men Pym har kontroll.
32'
Kai Jørgensen
Taper manu denne kampen må Amorim ta hatten sin å gå detta er pinlig
Ugarte tar Green nede til høgre - like ved hjørneflagget. Får vi sjå 3-0 no då?
34'
Blir utoverskrudd denne gong.
34'
Heaven får den unna.
34'
Dorgu forsøka seg med eit innlegg. Men det kunne han ha droppa. Skrekkeleg. Langt over mål.
35'
Gult kort til Manchester United
Laga frispark midt på eigen halvdel. Ser meir ut som ein hendig kollisjon der begge prøva å heade ballen. Uheldig der, midtstoggaren.
36'
Godt innlegg frå Burns, men ingen Grimsby-spelarar er på plass i feltet. Farleg situasjon igjen!
37'
Nok eit innlegg frå Grimsby. Dalot gir til eit unødvendig hjørnespark. Ingen i nærleiken.
38'
Grimsby Town får tildelt et hjørnespark
Slår den lågt. United klarera.
39'
Manchester United går på kontra! Cunha finn Dorgu ute til venstre.
39'
Innlegget går mot Sesko, men den vert stanga ut. Så vert Dorgu takla i neste situasjon av Rodgers. Dansken ligg nede med vondt i ankelen.
39'
Manchester United får sjansen frå frispark. Skapa kaos - men Grimsby får klarert.
40'
Stor sjanse!
Mainoo slår inn til Diallo som prøva seg med eit brassespark. Forsøket blir redda - og han er jo 3 meter offside, utan at det vert vinka.
41'
Stor sjanse for Sesko
Dalot slår eit innlegg mot Sesko. Den vert slått med snø på - men Sesko får mykje ut av lite. Headinga er hard - men går rett på Grimsbys sisteskanse.
42'
Gjestane meir med no. Men det skulle berre mangle, eigentleg.
43'
Dorgu slår inn - men den vert på ny klarert frå eit Grimsby-bein.
43'
VG Live svarer
Jonny Puma
Bare meg som tror Man United vinner denne kampen?
Vi køyrer poll i pausen!
Cunha forsøka seg frå 18-19 meter. Igjen via eit Grimsby-bein. Dei ligg så kompakt og godt, vertane.
44'
Ugarte med avslutning inne i 16-meteren, men kva skjer? Jo Grimsby blokkera på ny. Dei er overalt!
45'
Det er lagt til to minutt.
45'+1
Har United ei scoring i seg før pause då?
45'+1
Dei trilla ball på Grimsby sin banehalvdel, men gjestane klara ikkje å bryte ned League Two-laget.
45'+1
Dalot slår inn, men det er svakt og går rett inn til Christy Pym.
45'+2
Pause
Der er det pause! Grimsby leiar 2-0 - dei har levert ein fyrsteomgang for historiebøkene. Kva skal Amorim seie til sine gutar no - for det her har vore sjokkerande svakt.
VG Live svarer
Ismail
Helt ærlig Andreas Hopen, snakker du nynorsk til daglig?
Nei. Eg snakka med mi sunnfjord/eikefjord-dialekt.
Rolf
Hvilket av lagene var det som spiller på nivå FIRE ?
Kjem Manchester United tilbake frå dette?
Nei! Det er slutt. Det er ferdig. Gratulerer Grimsby.
57%
Jaja, Amorim's at the wheel. Det her går!
20%
Kan vi skru klokka fram til sesongstart 2026? Eg orka ikkje meir.
23%
2066 stemmer
Se 2-0-scoringen her: https://tv.vg.no/video/340239/united-rystes-av-niva-fire-lag-se-pa-disse-scenene
Amorim tar grep i pausen!
Trippelbytte på gang
2. omgang
Spillerbytte - Manchester United
Inn: Bruno Fernandes
Ut: Manuel Ugarte
46'
Spillerbytte - Manchester United
Inn: Matthijs De Ligt
Ut: Tyler Fredricson
46'
Spillerbytte - Manchester United
Inn: Bryan Mbeumo
Ut: Patrick Dorgu
46'
Sesko tar avspark!
46'
Per Berg
Få tilbake Solskjær.
Heaven bryt foran og tek med seg ballen framover. Fyrste gang det er blitt spelt av press på den måten.
46'
Innlegget hamnar hos Mbeumo som header inn. Gode takter frå start frå gjestane.
47'
Mainoo mista ballen på veg fram. Slår laus på grasmatta, engelskmannen. Tydelig rasande.
50'
Gigantisk sjanse!
Maguire støter og plutseleg er det fullstendig overtall av Grimsby-spelarar i feltet. Innlegget kjem, men går via skuldra til Heaven og ut til hjørnespark. Nære 3-0!
50'
Grimsby Town får tildelt et hjørnespark
Takast kort.
51'
Ikkje like god kvalitet på innlegget som før scoringa. Manchester United overtar.
51'
Men Bruno Fernandes missa like utanfor eigen 16-meter. Vert ikkje straffa.
51'
Stor sjanse!
Så er det Manchester United som kjem. Amad spela fri Cunha som slår inn på førsteberøringa. Inne foran mål er det kaos, men Grimsby får den unna på hengande håret.
51'
Det bøtta ned på Blundell Park! Lyn og torden får vi servert også. Så spørs det om det kan smelle frå gjestane også.
52'
VG Live svarer
Ole
Hvor stort er det om Grimsby vinner dette??
No har ikkje eg heile Grimsby sin historie i hovudet, men det må vere noko av det største. Kom til kvartfinalen i Ligacupen i 2023, då dei vart knust av Brighton. Men å slå Manchester United heime under flomlyset. Den må henge høgt.
Flott spel av Manchester United. Fernandes chippa den lekkert gjennom til Mainoo, men innlegget er for upresist.
54'
Og så går Grimsby på kontra! Maguire ein mot ein mot Gardner og må gje hjørnespark.
54'
Grimsby Town får tildelt et hjørnespark
Frå høgre.
55'
Innoverskrudd og det er godt slått, men United får klarert. Amad køyrer kontra!
55'
Det bølger veldig no!
55'
Må begynne på ny, Grimsby.
55'
Grimsby er jo ein fiskarby - dei lar seg nok ikkje påverke av ein god regnskur!
55'
Manchester United er aggressive, men det gir også mykje rom motsatt. Står med to mann igjen - og resten foran ballførar. Skal vere forsiktig ved balltap då.
56'
Cunha får frispark ute på den klissvåte grasmatta.
56'
Stor sjanse!
Det er eit godt slått frispark frå Mbeumo. Ayden Heaven stupheader den mot mål, men ballen går like over tverrligger.
57'
Green slår inn mot målscorar Vernam, men Onana har kontroll på headinga.
58'
Vi får håpe at alle har lange skruknotta no - for det er så sleipt utpå der at jøssenamn.
58'
VG Live svarer
Bruno
Har Sesko utrettet noe?
Veldig lite. Kom til eit par innlegg og eit par skot i første omgang utan at det var all verden.
VG Live svarer
Henrik
For 11 år siden (igår) tapte Manchester United hele 4-0 mot MK Dons, som for øvrig også spiller i league two. Déjà vu?
Louis Van Gaals army, men MK Dons var i League One.
Manchester United har initiativet no, men klarer dei å skape noko då?
60'
Maguire står hardt etter i presset, men det blir frispark.
60'
VG Live svarer
Anders Polland vik
Mange mener League Two tilsvarer eliteserienivå i Norge, tanker?
Trur ingen League Two-lag hadde tatt seg til Champions League eller Europa League...
Gode takter på ny av Manchester United, men Amad er i offside i det han blir spelt gjennom i 16-meteren.
62'
Mason Mount gjere seg klar.
62'
Nydeleg pasning frå Fernandes i bakrom til Cunha!
62'
Brasilianaren forsera - og kjem seg inn i 16-metaren. Spela på tvers til Mbeumo som får avslutta, men den vert blokkert.
63'
Stor sjanse!
Bruno Fernandes banka til frå 17-18 meter. Den stussa i det våte graset, men Grimsbys sisteskanse redda meisterleg.
63'
Spillerbytte - Grimsby Town
Inn: Henry Brown
Ut: Charles Vernam
Målscoraren går av.
64'
Spillerbytte - Grimsby Town
Inn: Geza David Turi
Ut: Kieran Green
65'
Spillerbytte - Manchester United
Inn: Mason Mount
Ut: Ayden Heaven
Er det formasjonsbytte på gang?
65'
VG Live-bruker
Pym har vært god i dag!
VG Live svarer
VG Live-bruker
Hva/Hvem er Pym
Keeperen til Grimsby.
Hestad
Kjekt med en Sunnfjording bak rattet. Det er for få av oss. Forhåpentligvis sitter du lengre enn Anorim.
Godt innlegg av Kobbie Mainoo mot Sesko, men Warren er fyrst på den. Innkast for gjestane.
66'
Amad med nok eit godt innlegg. Denne vert heada ut til hjørnespark.
67'
Manchester United får tildelt et hjørnespark
Mount skal slå frå venstre.
67'
Vert heada unna på fyrste stolpe.
68'
Mbeumo slår inn igjen i feltet. Mount er på den, men det er ingen som plukka opp andreballen.
68'
De Ligt med inn i feltet. Får ballen frå Mbeumo, men avslutninga går over tverrliggeren.
68'
VG Live svarer
Glufsmund
Hvordan er stemningen på tribunen? Stinn brakke i kveld?
Mett fjøs - og god stemning ser det ut som.
Ser slitne ut no - fleire av vertanes spelarar.
69'
Det er meir rom å utnytte, men det evna ikkje Manchester United. Går mykje på tvers, mange berøringa og lite framdrift.
69'
VG Live svarer
VG Live-bruker
Hva skjer ved uavgjort?
Rett til straffesparkkonkurranse.
Cunha med godt innlegg. Mbeumo heada den inn igjen i feltet, men der er Grimsby-forsvaret sheriff og får den unna.
70'
Grimsby scora igjen - men det vert blåst for offside. To scoringer og to annullerte for vertane i kveld.
72'
Mainoo med ein skrekkeleg pasning på veg framover. Slår den bak medspelar - og ut til innkast.
72'
VG Live svarer
Auden-Magnus
Noen tanker om hvorfor United drøyer med å hente Donnarumma?
Anten: Donnarumma ynskjer seg til Manchester City eller liknande. Eller: Manchester United er ikkje villige til å betale den astronomiske løna til Donnarumma som ikkje er i henhold til den nye lønssstrukturen.
Spillerbytte - Grimsby Town
Inn: Jaze Kabia
Ut: Cameron Gardner
73'
Spillerbytte - Grimsby Town
Inn: Clarke Oduor
Ut: George Mceachran
73'
Brown forsøka seg på eit innlegg. Amad blokkera forsøket.
74'
VG Live svarer
VG Live-bruker
VAR?
Er ikkje VAR på innleiande runder i Ligacupen.
Mål for Manchester United!
Grimsby Town 2 - 1 Manchester United
Mål: Bryan Mbeumo
Målgivende: Kobbie Mainoo
Scorer sitt første for Manchester United! Nydeleg kontring for gjestane. Kobbie Mainoo med ein flott pasning opp til Mbeumo som avsluttar lekkert i lengste hjørne.
75'
Snur Manchester United dette?
Ja - nå renner det inn!
45%
Nei, det var bare et blaff.
55%
1320 stemmer
Amad med et litt panisk innlegg. Fernandes maner til ro.
77'
Manchester United har aldri tapt mot et lag fra nivå fire i Ligacupen.
77'
VG Live svarer
Hansi
Tror du Amorim sitter trygt om han ryker ut her nå?
Ja, eg trur det. Kva eg meiner har forsovidt ingenting med noko å gjere - men eg trur ikkje noko skjer før i starten av oktober - gitt at det ikkje vert tap i samtlege kampar framover.
Spillerbytte - Grimsby Town
Inn: Reece Staunton
Ut: Harvey Rodgers
79'
VG Live svarer
Oddbjørn
Siste annulleringen til Grimsby er feil da United spilleren aktivt prøver å spille ball og spiller den til en Grimsby spiller. Om spilleren ligger i offside er da uten betydning da ball kommer fra motspiller
Livet utan VAR.
Ti minutt pluss tillegg igjen.
80'
Drakta til Amad står ut som eit segl, men han får ikkje frispark. Openbart frustrert, Diallo.
81'
Spillerbytte - Manchester United
Inn: Joshua Zirkzee
Ut: Amad Diallo
Zirkzee tilbake for United!
82'
Power play frå Manchester United akkurat no. Beleira Grimsbys halvdel.
83'
Så går det troll i ord - Cunha laga frispark.
83'
Så held det på å gå gale for Grimsby. McJannet blir overrumpla av det våte graset og spring forbi ballen. Sesko overtar, men han blir takla reint og godt på veg mot mål.
85'
Mbeumo kjem seg rundt på høgresida. Inne venta De Ligt - han får hjørnespark.
85'
Manchester United får tildelt et hjørnespark
Mount skal slå frå venstre.
86'
For ein sjansebonanza
DET ER JO ALLE SJANSERS MOR, BESTEMOR OG OLDEMOR! Harry Maguire vinn duellen på bakre stolpe. Då er det fullstendig kaos i femmetaren. Pym redder vel med hovudet eller ansiktet, duella i aust og vest - men United klara ikkje å få den ballen over målstreken.
86'
Gult kort til Manchester United
Unødvendig gult kort.
87'
Det er fullstneidg kaos rundt Grimsbys felt heile tida. Grimsby-spelarane hiver seg inn på alt. Får hjørnespark no, gjestane.
88'
Gult kort til Grimsby Town
Evan Khouri
Fekk gult i situasjonen med Zirkzee.
88'
Manchester United får tildelt et hjørnespark
Mount skal slå frå venstre igjen.
88'
Så stoppast spelet to gangar i forbindelse med hjørnesparket.
88'
Gult kort til Grimsby Town
Cameron McJannett
89'
Mål for Manchester United!
Grimsby Town 2 - 2 Manchester United
Mål: Harry Maguire
Målgivende: Mason Mount
SÅ ER DET DEG DA, HARRY MAGUIRE! Manchester Uniteds beste hovudspelar. Han kjempa seg laus på bakre stolpe - og er på riktig plass til riktig tid - og stanga inn utlikninga!
89'
For ein dramatikk!
90'
VG Live svarer
Hans
Hva skjer nå, hvis det ender 2-2?
Straffesparkkonkurranse.
Inge
Hvem andre enn Harry Maguire!
Grimsby i angrep. Kan dei ta sigeren før ein straffesparkkonkurranse?
90'+1
Så kjem United igjen.
90'+1
Stor sjanse!
Mbeumo spela fri Cunha. Brasilianeren kjem til skot, men Pym er reine tigeren i buret!
90'+2
Nytt hjørnespark til United!
90'+2
Manchester United får tildelt et hjørnespark
Mount igjen. Frå venstre igjen. Klara han å finne Maguire igjen?
90'+2
Dem ender hos Mainoo - som ikkje klara å halde den i spel.
90'+3
Det er lagt til fem minutt. Halve tida er gått.
90'+3
Ein må jo føle med Grimsby. Den annullerte scoringa var jo aldri offside.
90'+3
VG Live-bruker
Grimsby sitt andre annullerte mål burde stått, da ballen kom fra en Man.U-spiller. Likevel; Grimsby sitt mål nummer to burde gjerne vært annullert, da det tydelig var hands etter at Onana bommet på ballen. Sånn sett er det "fair"
VG Live svarer
Tor
Hvordan har Mainoo spilt?
Det har ikkje vore all verden....
Halvanna minutt igjen.
90'+4
De Ligt vinn ballen på midtbana. Cunha på veg framover.
90'+4
Forsøka seg på innlegg etter innlegg. Grimsby kjempa med alt dei har.
90'+5
Mbeumo på høgrekanten. Slår inn til Sesko, men det blir blokkert.
90'+5
For ein sjanse!
Så er det så nære. Sesko får ein sjanse. Den vert blokkert, men ballen er laus. Så klara ikkje De Ligt og Sesko å bestemme seg for kven som skal avslutte den andre gangen - det blir midtstoggaren, men den går over mål frå tre meter.
90'+5
Pause
Det blir straffesparkkonkurranse!
Manchester United har tapt to av sine siste tre straffesparkkonkurranser. Sist de vant var ot Coventry i FA Cup-semifinalen i 2024.
Straffesparkkonkurranse
Grimsby skal starte.
Grimsby Town scorer på straffe!
Grimsby Town 1 - 0 Manchester United
Mål: Jaze Kabia
Den sitter! Onana er på den med venstrearmen. Straffa er ikkje spesielt god, men Onana slenger seg for langt.
Fernandes tar for Manchester United. Han bomma mot Fulham i helgas runde i Premier League.
Manchester United scorer på straffe!
Grimsby Town 1 - 1 Manchester United
Mål: Bruno Fernandes
Sikker som banken. Skotet går nede til venstre - keeper går tidleg til høgre.
Petter
Heia Grimsby 💪
For ei nerve det er her. For ei skandale om United ryk - for ein eufori om Grimsby tar ein skalp!
Grimsby Town scorer på straffe!
Grimsby Town 2 - 1 Manchester United
Mål: Darragh Burns
Stoppa i tilløpet. Sender Onana til høgre og trilla den til venstre.
Mbeumo tar neste for United.
VG Live-bruker
Heia Manchester United
Manchester United scorer på straffe!
Grimsby Town 2 - 2 Manchester United
Mål: Bryan Mbeumo
Lite hopp i tilløpet - då går Pym til venstre. Mbeumo triller den til høgre.
Oduor skal skyte for vertane.
Grimsby Town bommer på straffe!
Onana er på den med høgrearmen - får slått den i tverrliggaren. Ei strålande redning. Oduor ser knust ut.
Mount skal skyte.
Manchester United scorer på straffe!
Grimsby Town 2 - 3 Manchester United
Mål: Mason Mount
Pym er etter den, men Mount sitt forsøk ute til høgre er godt nok plassert.
Reece Staunton er neste.
Bommer han no, då er det fryktelig for Grimsby.
Grimsby Town scorer på straffe!
Grimsby Town 3 - 3 Manchester United
Mål: Reece Staunton
Det gjere han ikkje! Godt plassert til venstre - Onana går feil veg.
Dalot neste mann.
Manchester United scorer på straffe!
Grimsby Town 3 - 4 Manchester United
Mål: Diogo Dalot
Strålande straffe. Stopp i tilløpet. Sikkert nede til høgre. Pym går feil veg.
Grimsby Town scorer på straffe!
Grimsby Town 4 - 4 Manchester United
Mål: Henry Brown
Setter den, Brown. Onana er på ballen, men klarer ikkje stogge den.
Då er det Cunha. Scora han no - så er Manchester United vidare.
Tek seg tid til ein klem med Onana før straffa.
Manchester United bommer på straffe!
For ei skrekkeleg straffe! Den er svak, den er svakt plassert til høgre og Pym redda enkelt!
Grimsby Town scorer på straffe!
Grimsby Town 5 - 4 Manchester United
Mål: Cameron McJannett
Kapteinen set den! Han har vore god i dag, McJannett!
No må Zirkzee score!
Manchester United scorer på straffe!
Grimsby Town 5 - 5 Manchester United
Mål: Joshua Zirkzee
Strålande straffe. Høgt oppe til venstre. Pym går feil veg.
Turi skal ta for Grimsby.
Grimsby Town scorer på straffe!
Grimsby Town 6 - 5 Manchester United
Mål: Geza David Turi
Sikker som banken. Sender Onana til høgre - trilla den til venstre. Slik skal det gjerast!
Igjen må Manchester United score. Eller så er det over.
Mainoo er neste mann. Ikkje hatt ein stor kamp i kveld.
Manchester United scorer på straffe!
Grimsby Town 6 - 6 Manchester United
Mål: Kobbie Mainoo
Sikker han også. Setter den til høgre. Pym går til venstre.
Amorim sit innst i hjørnet på trenerbenken. Det ser ut som portugisaren lider no.
Jayden Sweeney skal skyte. Han har også vore god i kveld.
Grimsby Town scorer på straffe!
Grimsby Town 7 - 6 Manchester United
Mål: Jayden Sweeney
Sikker som banken også han. Sender Onana feil veg. Og det ser ut som betydde mykje for Sweeney.
Ingen Sesko enno. Harry Maguire går fram.
Mannen som sikra straffesparkkonkuranse med si scoring.
Manchester United scorer på straffe!
Grimsby Town 7 - 7 Manchester United
Mål: Harry Maguire
Reine straffespesialisten! Den er hard oppe til venstre. Pym går feil veg igjen. Maguire står fram i dag.
Khouri er neste mann.
Grimsby Town scorer på straffe!
Grimsby Town 8 - 7 Manchester United
Mål: Evan Khouri
Onana er på den, men det er ikkje nok. Khuori scora!
De Ligt no.
Manchester United scorer på straffe!
Grimsby Town 8 - 8 Manchester United
Mål: Matthijs De Ligt
Pym vel å stå i ro. De Ligt sender den til høgre.
Så er det målscorar og tidlegare United-spelar Warren.
Grimsby Town scorer på straffe!
Grimsby Town 9 - 8 Manchester United
Mål: Tyrell Warren
Der gjekk det unna! Tok seg ikkje tid i det heile tatt, og det var ein suksess.
Då er det klart for Sesko.
Manchester United scorer på straffe!
Grimsby Town 9 - 9 Manchester United
Mål: Benjamin Sesko
Den sitter! Hardt nede til høgre. Pym går feil veg.
Då er det berre keeparane igjen.
Pym er førstemann ut.
Grimsby Town scorer på straffe!
Grimsby Town 10 - 9 Manchester United
Mål: Christy Pym
Ser ut som han aldri har gjort noko anna!? Knallhardt langs bakken til høgre. Onana går andre vegen.
Onana.
Manchester United scorer på straffe!
Grimsby Town 10 - 10 Manchester United
Mål: Andre Onana
Han kopierer kollegaen sin!
Då er vi tilbake til start.
Kabia går fram.
Grimsby Town scorer på straffe!
Grimsby Town 11 - 10 Manchester United
Mål: Jaze Kabia
Sikker som banken! Straffa går til høgre. Onana går til venstre.
Då er det Bruno Fernandes. Bomma du no - då er det over.
Manchester United scorer på straffe!
Grimsby Town 11 - 11 Manchester United
Mål: Bruno Fernandes
Han lar Pym ta første steg - og så skyt han den til høgre når Pym har vist korta sine. Fasit.
Mr. Burns!
Grimsby Town scorer på straffe!
Grimsby Town 12 - 11 Manchester United
Mål: Darragh Burns
Onana er på den - men nok ein gang slår han den inn i eget mål. Straffa går til høgre - dit går Onana også, men den er hard og Onana må gje tapt.
Ser frustrert ut, kameruneren.
Mbeumo går opp.
Manchester United bommer på straffe!
Så bommer Mbeumo! Manchester United ryk ut mot Grimsby Town frå nivå fire.
MBEUMO SETTER DEN I TVERRLIGGAREN. Då er det over. Og bana blir storma!
VG Live-bruker
Amorim MÅ ut nu. Dette er jo helt skandale.
Det er elleville scener på grasmatta! Det viser kva det betyr for lille Grimsby.
VG Live-bruker
Totalt skandale. Amorin bør virkelig gå i tenkeboksen nå, er han virkelig rett mann?
Kampen er slutt etter straffespark