0-1
0-2
Supporterfordeling på VG
330
439

Ble dekket av NTBNTB

    Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande lokaloppgjeret mellom Hødd og Aalesund! Det er klart for 2. runde av Noregsmeisterskapet på Høddvoll!
    Det er to tidlegare noregsmeistrar som møtest i eit vindfullt Ulsteinvik i dag. Hødd gjennomførte si største bragd i klubbens historie i 2012, då laget slo Tromsø i straffesparkkonkurransen etter 1-1 etter ordinært spel og ekstraomgangar. Mannen som leia Hødd til denne triumfen var ingen ringare enn noverande AaFK-trenar Lars Arne Nilsen.
    Aalesunds FK har på si side to triumfar. Det første cupgullet kom i 2009 etter ein nervepirrande straffekonk mot fylkesnabo Molde, medan det andre kom i 2011, då Brann blei slått 2-1.
    Vi blir også vitne til ein duell av eit spesielt slag i dag. Nemnde Lars Arne Nilsen har nemleg sin eigen son på motstandarlaget Hødd. Ola Heltne Nilsen trivast, som sin eldre bror Sivert, på fotballbana, og har denne sesongen spelt seg fast inn på laget til nyansatte Joakim Dragsten.
    Begge kveldens to motstandarar er no godt i gang med oppvarming i form av possesion på lite område. Tenninga virkar å vere på plass!
    Hødd strevar framleis med å kome seg opp frå nivå 3 i seriesystemet, men har starta årets sesong ganske godt. Laget ligg øvst etter 11 runder, a poeng med Ull/Kisa. Det har blitt eit sju poengs gap ned til lag nummer tre, så det spørs om det ikkje blir desse to som kjem til å kjempe mot kvarandre for å nå opp til 1. divisjon.
    AaFK har også hatt eit bra comeback til Eliteserien, og ligg i skrivande stund på 7. plass etter 4-4-3 så langt. Førre runde blei det 2-2 heime mot Våleregna, ein kamp ålesundarane såg ut til å vinne, men to seine VIF-scoringar øydela.
    Hødd og Aalesund har møttest 25 gongar sidan 1991. Den statistikken leiar faktisk Hødd, som har vunne 10 av oppgjera. Ålesundarane har vunne 8, medan 7 har enda uavgjort.
    I NM-samanheng har derimot Aalesund vore best, og dei har teke seg vidare fire av dei fem siste møta. Sist dei kjempa mot kvarandre, i 2015, var det faktisk Hødd som tok det lengste strået. Magnus Myklebust scora kampens einaste mål. PS: AaFK sin Torbjørn Kallevåg kom inn som innbyttar for Hødd i den kampen.
    No kjem begge laga inn på bana, og både Blåsarane og Stormen lagar ei fin ramme med bluss i laga sine respektive fargar.
    Kampen har startet
    0'
    Kallevåg skjer innover med ballen, men Nersveen klarerer.
    2'
    Scriven blir spelt fri i bakrom, men Lansing er vaken og kjem raskt ut og får rydda opp.
    4'
    Veldig tett i starten her. Begge lag prøvar å vere direkte når dei vinn ballen.
    5'
    Hjelmeseth med innlegg frå venstrekanten, men langt forbi alle i feltet.
    8'
    Kristoffer Barmen med kveldens første langt utanfor. Langt utanfor målet til Ole-Monrad Alme.
    9'
    Tangotrøyene med meir initiativ no, men Hødd ligg kompakte bakover. Noko dei har gjort gjennom stort sett heile sesongen, der dei berre har sleppt inn 6 mål på 11 kampar.
    13'
    Bortelaget med ei langpasning som berre dalar ned i klypene på Hødd-målvakt Alme.
    13'
    Haugen er nære ved å kome seg åleine igjennom mot Alme, men Heltne Nilsen gjer ein veldig god defensiv jobb og får hindra spissen.
    15'
    Mål for Aalesund!
    Hødd 0 - 1 Aalesund
    Mål: Dario Canadjija
    AaFK går i føringa! Moe slår inn eit innlegg frå venstre som blir klarert, og ballen dett i beina på Canadjija. Han gjer ei flott skotfinte før han plasserer ballen forbi Alme og i mål.
    15'
    Det spørs om eit tidleg mål i mot var ein del av planane til Hødd-trenar Joakim Dragsten. No får vi sjå kva laget er laga av offensivt!
    18'
    Aalesund får tildelt et hjørnespark
    Blir slått flatt inn foran mål. Hødd får klarert.
    19'
    Hødd-talentet Syver Skundberg Skeide er nære ved å snappe ballen utanfor AaFK sin sekstenmeter, men oransjetrøyene får akkurat rydda opp i tide.
    20'
    Nesten for AaFK! Bolkan Nordi skjer innover og avsluttar, men skotet blir blokkert.
    22'
    Aalesund får tildelt et hjørnespark
    Simen Bolkan Nordli avatarSimen Bolkan Nordli
    Endar etter kvart hjå Canadjija som avsluttar langt utanfor.
    23'
    Bortelaget kombinerer fint, men den avgjerande stikkaren frå Haugen til Nordli blir for upresis.
    27'
    Gult kort til Hødd
    Magnus Bruun-Hansen avatarMagnus Bruun-Hansen
    Domar Halsen meiner at Bruun-Hanssen stoppar ei AaFK-kontring på ulovleg vis og blir belønna med det gule kortet.
    28'
    Mål for Aalesund!
    Hødd 0 - 2 Aalesund
    Sigurd Haugen avatar
    Mål: Sigurd Haugen
    Målgivende: Simen Bolkan Nordli
    AaFK doblar! Bolkan Nordli bankar eit frispark frå veldig spiss vinkel. Ballen går forbi alle i feltet, og på bakerste stolpe har Haugen snike seg fri og får nærast takla kula i nettet. 0-2!
    29'
    Laget til Lars Arne Nilsen held fram med å stå høgt og trille ball. Ser ikkje bra ut for Hødd, dette.
    32'
    Haugen blir spelt fri i bakrom og Alme kjem ut. Målvakta tek ball og så spelar, så domar Halsen let spelet gå.
    34'
    Aalesund får tildelt et hjørnespark
    Jeppe Moe avatarJeppe Moe
    Endar med ingenting.
    34'
    Saunes med eit småfarleg innlegg frå venstrekanten, men Lansing kjem ut og plukkar ballen greitt.
    35'
    Hødd prøvar å presse litt høgt, men det blir litt halvvegs og AaFK kan enkelt spele seg ut.
    40'
    Aalesund får tildelt et hjørnespark
    Simen Bolkan Nordli avatarSimen Bolkan Nordli
    Blir stussa til innkast på motsett side.
    40'
    Haugen blir nok ein gong spelt fri i bakrom, men blir avvinka for offside.
    42'
    Småfarleg frå bortelaget igjen, men Hødd får klarert.
    45'
    Pause
    45'
    AaFK leiar fortent 2-0 etter dei første 45 minutta av denne 2. runde-kampen av NM. Det var jamt dei første 5-10 minutta, men så har dei oransje teke meir og meir over. Hødd må verkeleg kome ut med ei ny giv etter kvilen om dei skal klare å kome tilbake her. Vi er snart tilbake med 2. omgang!
    2. omgang
    45'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Isak Skotheim
    Ut: Kristoffer Ødven
    46'
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Oscar Solnørdal
    Ut: Simen Bolkan Nordli
    46'
    Spillerbytte - Aalesund
    Alexander Juel avatarDavid Fällman avatar
    Inn: Alexander Juel
    Ut: David Fällman
    46'
    Bra sjanse til AaFK! Haugen får ballen inne i boksa til Hødd og avsluttar like utanfor frå skrå vinkel. Den hadde aldri Alme rukke.
    49'
    Skeide prøvar å slå inn mot bakerste stolpe, men Scriven og Saunes misforstår kvarandre og ballen går til utspel frå bortelaget.
    51'
    Benjaminsen kjem til innlegg frå inne i boksa for første gong i kampen. Blir blokkert.
    51'
    Brukbart frå Hødd. Nersveen kastar langt inn og kula blir stussa til Hjelmeseth som får sett hovudet på den. Spissen får derimot ikkje noko klem på headinga og Lansing fangar lett.
    53'
    Stor sjanse for bortelaget! Kallevåg får gå og gå med ballen, og får dermed avslutta frå bra posisjon. Alme kjem derimot ut og får blokkert forsøket.
    53'
    Hjelmeseth står feilvendt utanfor AaFK si boks og dempar ballen til Scriven. Den tidlegare Mjøndalen-spissen bankar ballen høgt over mål.
    55'
    AaFK-forsøk frå distanse. Alme reddar greitt.
    55'
    Gult kort til Aalesund
    Oscar Solnørdal
    Kjem seint inn i ei takling og får kampens andre gule kort.
    55'
    Ganske jamt utpå kunstgrasmatta no. AaFK har derimot god kontroll, og Hødd har skapt minimalt så langt i kampen.
    59'
    Mål for Aalesund!
    Hødd 0 - 3 Aalesund
    Mål: Oscar Solnørdal
    Målgivende: Sigurd Haugen
    3-0 til AaFK! Haugen får dra med seg ballen langs kortsida i Hødd si boks og slå femogførti grader ut. Der står innbyttar Solnørdal klar og skyt i mål, via ein motspelar.
    60'
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Mamadou Diaw
    Ut: Sigurd Haugen
    61'
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Nenass
    Ut: Dario Canadjija
    61'
    AaFK-skot over frå distanse. Stor nivåforskjell mellom laga her.
    64'
    Bruun-Hanssen er heit i toppen og er nære ved å laget både eitt og to frispark i løpet av kort tid. Har gult kort frå før.
    64'
    Hødd får tildelt et hjørnespark
    Jann Benjaminsen
    Blir klarert ved første stolpe. Hødd beheld ballen.
    65'
    1316 tilskodarar på Høddvoll i dag.
    67'
    Frispark til bortelaget i god innleggsposisjon. To-tre meter frå hjørneflagget. Moe er klar.
    67'
    Forbi alle i feltet.
    68'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Eivind Helgesen
    Ut: Syver Skeide
    68'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Anselmi Mikael Nurmela
    Ut: Jann Benjaminsen
    68'
    Spillerbytte - Aalesund
    Jørgen Hatlehol avatarKristoffer Barmen avatar
    Inn: Jørgen Hatlehol
    Ut: Kristoffer Barmen
    68'
    Presspelet til Hødd fungerer framleis ikkje. Mykje ein og ein, og AaFK kan enkelt spele seg forbi.
    71'
    Bra forsøk av AaFK! Kallevåg set fart og kombinerer seg fri, men avslutninga blir stoppa av Alme.
    73'
    Straks to nye bytte på Hødd.
    76'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Andreas Televik
    Ut: Robin Hjelmeseth
    76'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Bendik Engen
    Ut: Alfred Scriven
    77'
    Ung trio på topp for Hødd no! Alle tre avkom til tidlegare Hødd-legender: Geir Televik, Andre Skotheim og Stig Engen.
    78'
    Nesten 0-4! Kallevåg headar eit innlegg tilbake til Diaw som avsluttar over mål frå god posisjon.
    79'
    Frispark til Hødd på 40 meters hald.
    80'
    Blir slått mot bakerste stolpe der Bruun-Hanssen prøvar å legge inn, men forsøket blir stansa.
    80'
    Skotheim avsluttar utanfor etter bra forarbeid av Helgesen. Vi ventar framleis på den første gode Hødd-sjansen!
    82'
    Diaw speler fri Kallevåg som skyt rett på Alme frå bra posisjon. Har gjort mykje bra offensivt i dag, den tidlegare Hødd-spelaren.
    83'
    Halvfarleg forsøk frå Hødd etter ei frispark av Nersveen. Ballen trillar til slutt utanfor målet til Lansing.
    85'
    Gult kort til Aalesund
    Nikolai Hopland avatarNikolai Hopland
    Får det gule etter ei tøff takling på Skotheim.
    85'
    Nersveen med frispark i god innleggsposisjon.
    86'
    Blir blokkert. Hødd beheld ballen.
    86'
    Hødd får tildelt et hjørnespark
    Eirik Saunes avatarEirik Saunes
    Heltne Nilsen går i bakken og vil ha straffe, men det blir i staden dømt utspel. Såg greitt ut det.
    88'
    Faktisk litt meir angrepsvilje frå Hødd no. Men det kjem sjølvsagt altfor seint.
    90'+1
    Kampen er slutt
    90'+4
    Aalesund vinn fullt fortent 3-0 over nabo Hødd og tek seg dermed enkelt vidare til 3. runde av NM. Med unntak av at dei første 10 minutta var jamspelte, hadde ålesundarane full kontroll på det som skjedde. Canadjija, Haugen og Solnørdal scora kvart sitt, og med litt meir utteljing kunne sigeren ha vore endå større. Hødd hadde på si side berre eitt forsøk på mål, og det var heller ikkje av den farlege sorten.
    Avslutningar: 4-14. På mål: 1-6.
    Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her