Hei og velkomen til livedekning av den 2. runda av NM og oppgjeret mellom Hødd og Molde. I kveld er det Sunnmøre mot Nordmøre på Høddvoll!
Det er to lag med gode NM-opplevingar som møtest i Ulsteinvik. Hødd tok eit sensasjonalt NM-gull i 2012, då dei slo Tromsø etter straffesparkkonkurranse. Tidlegare i turnerninga kvitta dei seg med lag som Haugesund og Brann. Sidan den gongen har det gått meir opp og ned for Hødd. To gongar kom dei seg til kvalifiseringsspel til Tippeligaen utan å klare å ta steget, men i fjor gjekk det derimot motsett veg og laget rykka ned etter å ha hamna på 14. plass.
Ole Gunnar Solskjær sitt Molde har på si side vunne denne turneringa fire gongar tidlegare: 1994, 2005, 2013 og 2014. Dei har likevel mykje å hemne, for i fjor gjekk dei på ein skikkeleg smell og rauk allereie i 3. runde, då vesle Stjørdals-Blink blei for sterke og vann 2-1.
Molde har også eit inntrykk å rette opp etter den mindre gode kampen dei gjorde i førre runde, der 4. divisjonslaget Volda klarde å utlikne til 2-2, før eit seint mål av Sander Svendsen sikra avansementet.
Hødd tok seg på si side vidare etter å ha slått Tor Hogne Aarøy og Frode Fagermo sitt Spjelkavik 4-1 etter at det stod 1-1 ei lita stund.
Heimelaget har etter kvart funne forma i 2. divisjon, og står med tre strake sigrar der. Sist blei tetlaget Nardo slått 2-0 her i Ulsteinvik.
Molde fekk seg også ein opptur i Tippeligaen sist, etter ei periode med svake resultat. 7. plass og fire tap på dei 10 første er ikkje ein medaljekandidat verdig.
Kveldens kamp blir ekstra spesiell for Molde sin midtbanespelar Fredrik Aursnes. Hareidsdølingen fekk sitt gjennombrott i nettopp Hødd, og hadde fleire gode år her. Han starta den nemnde NM-finalen mot Tromsø, og blei då Hødd til slutt vann den yngste NM-vinnaren nokon gong med sine 16 år og 351 dagar. Aursnes startar oppgjeret i kveld.
Begge laga har no kome ut på grasmatta, og Hødd-hymna 'Liten - men stor' rungar utover stadionanlegget.
Kampen har startet
0'
Frispark til heimelaget. Midtstopparane blir flytta opp. Kallevåg skal slå inn.
3'
Blir lempa mot bakerste stolpe der Moltu headar inn framføre mål. Molde får klarert.
3'
Svendsen set fart, men blir felt. Frispark i veldig god posisjon.
4'
Sander Svendsen skyt sjølv. Ufarleg over mål frå 16,5 meters hald. Dårleg utnytta.
5'
Rise skal kaste langt for Hødd.
6'
Gjestane får nok ein gong klarert.
6'
40-45 supporterar har også teke turen frå Molde.
8'
Kegueni går i bakken inne i feltet til Hødd, men domar Grøtta vinkar spelet vidare.
9'
Gode vilje frå heimelaget i starten her. Varierer presshøgda si.
10'
Sætre med eit godt innlegg frå venstresida. Molde får klarert.
11'
God sjanse for Molde! Svendsen blir spelt fri i bakrom, men er under hardt press og klarer ikkje å overliste Urke med avslutninga.
11'
Endå større sjanse for Molde! Ballen dett ned i feltet til Kegueni, men frå kort hald klarer han ikkje å få ballen på mål. Ein Hødd-spelar blokkerer.
12'
Dette er for øvrig det åttande møtet mellom laga i nyare tid. Sidan 1994 har Hødd vunne to, Molde tre og to har enda uavgjort. I 2013 tok Molde seg vidare i NM etter å ha vunne 5-4 på straffespark. Hødd leia lenge den kampen, men heile fire minutt på overtid utlikna Magnus Wolff Eikrem. Også i ekstraomgangane fekk dei eitt kvar.
18'
Heimelaget har beleira eiga boks no. Badr er den mest offensive spelaren, ti meter inne på heimelaget sin halvdel.
19'
Kegueni går nok ein gong veldig enkelt i bakken i duell med ein Hødd-spelar. Domaren overser han også ved dette høvet.
20'
Sander Svendsen kjem seg fri og avanserer mot heimelaget sin sekstenmeter, men det påfølgjande skotet endar ufarleg utanfor.
21'
Dødball for Hødd. Kallevåg står klar.
22'
Andreas Linde stig til vêrs og boksar greitt unna.
22'
Molde prøvar ein overgong, men må nøye seg med eit hjørnespark.
22'
Molde får tildelt et hjørnespark
Endar med at heimelaget får snappa ballen og setje fart.
22'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Bendik Rise
Rise sender ballen så vidt over alle i feltet.
23'
Vertane ligg kompakte bakover og stengjer rom, men må samtidig springe mykje utan ball.
26'
Hødd rullar opp eit bra angrep, men Sereba øydelegg ved å sende eit innlegg forbi alt og alle. Var heilt upressa der, den tidlegare Lyn- og Follo-spelaren.
30'
Kegueni ordnar corner etter å ha dytta ein Hødd-spelar i ryggen.
32'
Molde får tildelt et hjørnespark
Blir slått inn i eit område utan Molde-spelarar. Urke boksar unna.
32'
Urke brukar knyttnevane igjen. Ryddar unna nok eit Molde-innlegg.
33'
Breivik blir spelt fri på kanten av Kallevåg, men backen misser med nedtaket samtidig som han er i offside.
36'
Lengje sidan MFK har skapt noko her. Solskjær kan umogleg vere fornøgd med det han har sett så langt.
37'
Ottar Karlsson får avslutta frå god posisjon, men sender skotet rett på Urke som slit med å halde det. Ingen i kvitt er på returen.
38'
Hødd-trenar Sindre Eid får tilsnakk etter å ha protestert på eit innkast. Unødvendig bruk av kreftene av sjefen til blåtrøyene, det.
39'
Remmer kjem seg enkelt bak Sereba og får lagt inn. Endar med corner.
40'
Molde får tildelt et hjørnespark
Endar med ei ufarleg heading utanfor.
40'
Frispark til Hødd nokre meter inne på Molde sin halvdel.
41'
Endar etter litt fram og tilbake med corner.
42'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Endar med at Moltu lempar ballen ufarleg over mål.
42'
Nære på at Badr får tredd igjennom til Rise i bakrom. Sarr stoppar forsøket.
44'
MFK fullstendig utan press no. Står og ser på at Hødd trillar ball i forsvar.
45'
Pause
45'
Det står 0-0 til pause etter ein ganske tam omgang på Høddvoll. Heimelaget har forsvart seg godt og ikkje sleppt favorittane frå Molde til så mange store sjansar. Svendsen og Kegueni hadde nokre forsøk i starten av omgangen, men etter det tetta blåtrøyene godt igjen bakover. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Ørjan Håskjold Nyland har teke turen ut på kunstgrasmatta for å bli intervjua. Han er NM-helt for både Hødd og Molde, og tok gullmedalje tre år på rad frå 2012 til 2014.
2. omgang
45'
Spillerbytte - Molde
Inn: Fredrik Brustad
Ut: Ottar Magnus Karlsson
Tidleg byte frå Solskjær. Står med tre scoringar hittil denne sesongen, innbytaren.
46'
Avslutning på Urke frå distanse, og målvakta blir overraska. Gir ein farleg retur, men ein medspelar får klarert.
50'
Molde får tildelt et hjørnespark
Endar med ingenting.
50'
Stor sjanse for Molde! Kegueni avsluttar frå veldig kort og spisst hald, men Urke reagerer kjapt.
50'
Farleg Molde-angrep. Heimelaget får reinska unna ved straffemerket.
52'
Kegueni får eit presist innlegg, men sender det mange meter utanfor buret til Urke.
53'
Urke er endå ein gong raskt ute og reagerer i det Molde trillar ballen bak Hødd-forsvaret. Har verkeleg stått fram i dag, Hødd sin nummer 1.
55'
Ole Martin Rindarøy avsluttar frå distanse. Eit godt stykke over mål frå backen.
56'
Offensiven Molde baud på rett etter kvilen har no roa seg noko. Hødd har grei kontroll defensivt, men har endå ikkje produsert ei avslutning på mål i oppgjeret.
58'
Kegueni tek ned ballen inne i Hødd si boks, men klarer å rote den utover sidelinja. Lite som stemmer for MFK no.
59'
Urke med ei farleg utboksing etter eit skot frå Kegueni. Har ikkje prøvd å halde eit einaste skot i dag, målvakta.
60'
Molde får tildelt et hjørnespark
Rett i nevane til Urke. Solid keeperspel.
60'
Mork Breivik på ein sjeldan visitt framover i bana. Prøvar å drible og misser ballen. Kunne ha prøvd eit innlegg der.
61'
1.083 tilskodarar på Høddvoll i kveld. Skuffande lite. Ingen tvil om at klubben sin popularitet har dala etter nedrykket.
62'
Molde kontrar og Brustad får lagt inn i feltet. Moltu sklir ballen vekk. Godt stopparspel.
62'
Molde får tildelt et hjørnespark
Blir teke kort før ballen blir slått utover sidelinja.
62'
Så er det plutseleg noko som minner om ein liten sjanse for Hødd. Breivik legg inn og dårleg kommunikasjon mellom Sarr og Linde fører til corner for heimelaget.
64'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Bendik Rise
Endar med nok ein corner.
64'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Bendik Rise
Moltu prøvar å møte på bakerste stolpe, men ballen går utover sidelinja.
64'
Aursnes prøvar eit langskot, men forsøket blir blokkert.
66'
Sondre Beite skal straks inn for heimelaget. Ein spanande spelar som kan skape litt av kvart.
66'
Gult kort til Molde
Amang går lett i bakken for n-te gong og får det gule kortet av domar Grøtta.
66'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Sondre Sandnes Beite
Ut: Didrik Sereba
No skal heimelaget prøve å kontre litt her.
67'
Mål for Hødd!
Hødd 1 - 0 Molde
Mål: Bendik Rise
Målgivende: Bendik Torset
Hødd har teke leiinga på Høddvoll! Ballen blir lagt igjen til Rise som avsluttar via ein motspelar og i mål forbi ein utspelt Linde. Fullstendig mot spelets gong, men mål er mål!
68'
Spillerbytte - Molde
Inn: Eirik Hestad
Ut: Tobias Svendsen
69'
No har Molde fått veldig dårleg tid på seg. For Hødd sin del vil det bli langt 20 minutt å halde på leiinga.
71'
Det har også opna seg for Hødd framover i bana. Spesielt Beite kan utnytte dette.
71'
Solskjær sit for øvrig heilt stille på benken no. Det vil nok murre veldig i MFK-leiren om dei ryk ut her i kveld.
74'
Urke brukar bra med tid med ballen.
74'
Frispark til Molde i veldig farleg posisjon.
74'
Via ein Hødd-spelar og over. Corner.
75'
Molde får tildelt et hjørnespark
Blir teke kort før ballen dalar ned i fanget til Urke. Svakt utnytta.
75'
Nytt frispark til MFK. Midt på bana.
76'
Aursnes slår ballen håplaust utover sidelinja.
77'
Rise vinn innkast midt på bana. Hødd kan bruke tid.
78'
Torset avsluttar frå returromet, men forsøket blir blokkert.
80'
Erling Braut Håland står klar til å kome innpå for MFK.
80'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Sondre Sandnes Beite
Forbi alle i feltet. Svakt slått.
80'
Mål for Molde!
Hødd 1 - 1 Molde
Mål: Thomas Amang
Molde utliknar etter ei tabbe av Hødd-forsvaret! Moltu stig til vêrs for å klarere ei langpasning, men endar i staden med å stusse Amang åleine igjennom. Kamerunaren scorar sikkert mot Urke. 1-1 og ein skikkeleg kalddusj for heimelaget.
81'
Hødd prøvar å gå rett i angrep, men mislukkast.
83'
Utan tvil fortent at Molde har utlikna på Høddvoll, men for heimelaget er det sjølvsagt veldig trist når det skjer etter ein personleg miss.
84'
Molde rullar bra opp eit angrep, men den avgjerande avslutninga frå Aursnes endar over mål.
87'
Amang får høyre buing i det han ligg nede nok ein gong.
87'
Spillerbytte - Molde
Inn: Erling Braut Haaland
Ut: Thomas Amang
87'
Sander Svendsen kjem plutseleg åleine med ballen inne i boksa, men rekk ikkje å avslutte får han misser ballen.
88'
Stor MFK-sjanse! Torset driblar inne i eigen sekstenmeter og misser ballen til Håland som får skotet sitt blokkert.
88'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Magnus Myklebust
Ut: Bendik Rise
Hødd har dermed gjort to byte i kampen.
89'
Inne i det siste speleminuttet no. Det nærmar seg ekstraomgangar her.
90'
Nære på igjen for Molde! Håland legg inn til Brustad som prøvar å flikke ballen i mål med hælen. Urke reddar.
90'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90'+1
Mål for Molde!
Hødd 1 - 2 Molde
Mål: Etzaz Hussain
Hussain får stå heilt åleine utanfor sekstenmeteren med ballen og plassere den i mål. Eit veldig bra skot, men rett og slett elendig press av Hødd.
90'+2
Hødd står oppe med mange no.
90'+3
Stor sjanse for Hødd! Myklebust stussar til Badr som avsluttar bra. Linde reddar.
90'+3
Hødd får tildelt et hjørnespark
Sondre Sandnes Beite
Også keeper Urke er oppe, men det heile endar berre med at Torset avsluttar svakt utanfor.
90'+4
Kampen er slutt
90'+5
Molde tek seg vidare til 3. runde av NM med eit naudskrik!
Hødd kjempa som heltar i dag og klarde også å ta leiinga ved Rise i det 68. minutt. Molde sleit med å kome til sjansar etter dette, men så sørgja ein stor feil av Moltu i Hødd-forsvaret for at Amang kunne kome åleine med keeper og score. Etter dette såg det ut som om det skulle ende med ekstraomgangar, men eit langskot frå Hussain sørgja for Molde-leiing med kort tid att å spele. Hødd kom til ein stor sjanse på overtid, men Linde reddar meisterleg. Dermed enda det 1-2 her.
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!