Hei og velkomne til Høddvoll og livedekning av NM-oppgjeret mellom Hødd og Molde. Det er duka for oppgjer mellom fjorårets cup- og ligameister!
Beklager sein oppdatering for øvrig. Nettverket på Høddvoll sviktar i augneblinken kraftig.
Eit veldig interessant moment ved dagens kamp er at Ørjan Håskjold Nyland startar kampen for Molde mot sine tidlegare lagkameratar i Hødd. Unge Nyland var NM-finala 2012 sin store, store spelar, og Hødd hadde aldri makta kunstykket å slå Tromsø i denne avgjerande kampen utan voldingen. Etter ein del benkesliting i Molde har han i det siste vore førsteval for Ole Gunnar Solskjær.
Hødd og Molde har møttast i NM fleire gongar før. Sist var i 2009, då laget frå Ulsteinvik lenge stod i mot, men to scoringar av Mame Biram Diouf den siste halvtimen sikra avansement for laget frå Rosenes by. I 2002 var det derimot Hødd som gjekk sigrande ut, etter at Erling Ytterland scora kampens einaste mål.
I ligasamanheng har Hødd og Molde spelt fire gongar sidan 1994, då begge var i 1. divisjon. Begge laga rykka opp den gongen, men for Hødd blei oppturen kortvarig. I dei to møta blei det 2-2 på Høddvoll og heile 7-2 til Molde på Molde Idrettspark.
Hødd har opna ligasesongen ganske bra, og etter ni spelte kampar ligg dei på ein god 4. plass med 6-0-3 så langt. Heime på Høddvoll har det blitt 4-0-1. Dei to siste ligakampane, mot henhaldsvis Mjøndalen og Kristiansund, har blitt vunne med 1-0.
Etter tidenes verste sesongstart av ein ligameister er cupen Ole Gunnar Solskjær sin siste sjanse til å ho eit gjevt trofè denne sesongen. Etter 12 runder i ligaen er dei på nestsisteplass med 2-4-6 hittil.
På Høddvoll er det fantastiske forhold for fotball. Det har vore strålande sol og rundt 19-20 grader i dag. Sjølve grasmatta er ikkje optimal endå, men forhåpentlegvis vil laga få til litt bra fotball.
Det har blitt seld mange billettar til dagens oppgjer, men likevel er det ikkje like fullt i dag som når Hødd møtte Brann i fjorårets semifinale. Uansett er det liten tvil om at det vil vere fantatisk stemning på Høddvoll i dag!
No kjem laga på bana!
Ein del har også teke turen frå Molde for å sjå dagens kamp. Vi tippar det er 100-150 frå Tornekrattet til stades.
Dagens hovuddomar er Tommy Skjerven. Han blir assistert av Anders Velo og Frode Ølmheim.
Laga byter side før kampstart. Molde skal spele mot høgre.
Kampen har startet
Helland skal kaste langt for Hødd.
1'
Det endar med at Molde får frispark utanfor eigen sekstenmeter.
2'
Mange duellar innleiingsvis. Relativt labert tempo også.
4'
Stor sjanse for Molde! Berget lurar vekk Latifu og legg flatt inn til Ekpo som skyt over frå god posisjon.
4'
Spel i bakrom mot Chukwu, men pasninga blir litt for lang og Lie kjem ut og fangar den.
6'
Helland med frispark midt på bana. Avleveringa dett fint ned i feltet, men ingen i blått er i nærleiken og ballen sprett inn til Nyland.
6'
Ekpo skjer flott innover og sender ein stikkar igjennom til Berget. Sistnemnde blir avvinka for ein klar offside.
8'
Helland skal kaste langt for Hødd. Molde stangar unna, før Helland sjølv sender returen langt utanfor.
9'
Standal kjempar om å få tak i ballen inne i Molde si boks, men Hovland gjer ein god defensiv jobb og headar inn til eigen keeper.
10'
Latifu kjem seg fint forbi næraste motspelar på høgrekanten, men pasninga inn i boksa blir altfor svak og Molde får teke over.
11'
Simonsen med kampens sleiv så langt. Forsøket på innlegg går langt, langt utanfor.
11'
Hødd er litt meir med no, men hittil har Molde hatt veldig god kontroll defensivt.
12'
Nære på at Chukwu kjem seg åleine igjennom, men Moltu kjem til med ei viktig takling.
12'
Nære på at Berget får spelt fri Mostrøm. Pasninga blir brote av ein Hødd-spelar.
14'
Simonsen kjem seg nok ein gong til innlegg på høgresida, og no treff han langt betre. Heimelaget klarer likevel å få rydda unna.
15'
Grodås dreg i gong eit fint angrep for heimelaget, men når Helland får ballen klarer han ikkje å få gjort noko med den.
16'
Bortelaget med frispark. Simonsen slår det svakt rett i nærmaste Hødd-spelar.
17'
Frispark til Hødd no. Nært midtsirkelen. Då skal det slåast langt.
18'
Sandal slår inn, men bortelaget får renska unna. Hødd beheld likevel kula.
19'
Helland jobbar fram kampens første corner for Hødd.
19'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Erik Sandal
Rett i klypene til tidlegare Hødd-keeper Nyland.
19'
Grodås slår i bakrom, men pasninga går rett til utspel frå Molde-keeperen.
21'
Nære på 0-1! Ballen dett ned til Simonsen som skyt eit slags innlegg via ein motspelar før ballen går i stolpen, via fingrane til Lie.
21'
Molde med kampens to største sjansar hittil. Hødd har ikkje skapt noko nemneverdig.
23'
Nære på at Sandal får spelt Magnussen igjennom.
23'
Aursnes blir dytta unna på midten, og Hødd får nok ein dødball.
25'
Stor sjanse for Molde igjen! Chukwu speler til Berget som ikkje heilt klarer å få til ei avslutning åleine med Lie. Godt forsvarsspel av Latifu som pressa Molde-spelaren.
26'
Simonsen kjem fram på høgresida og slår flatt inn. Der står det berre ein spelar i blått og får renska ballen unna.
28'
Nære på at Sandal får sendt Helland åleine igjennom på motsett ende. Det endar i staden med corner.
28'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Går farleg inn i feltet, men ingen i blått kjem til avslutning.
28'
Grodås med innkast for Hødd. Blir teke kort.
31'
Det kan verke som om det er litt nervar ute og går blant Hødd-spelarane. Mange enkle feil som blir gjort.
31'
Helland med eit avslutningsforsøk. Nyland reddar utan noko særleg problem.
32'
Første tredjedelen av oppgjeret mellom fjorårets cup- og ligameister er unnagjort. Det har vore relativt jamt i ballfordelinga, men Molde har hatt alle dei tre store sjansane som har vore. Hødd har ikkje skapt noko særleg framover.
34'
Ole Gunnar Solskjær er oppe og står litt. Ut i frå kva laget hans har skapt offensivt bør han vere delvis fornøgd.
35'
Gult kort til Hødd
Heltne Nilsen stoppar ein framoverstormande Hussein på ulovleg vis og får eit riktig gult kort.
35'
Frispark til bortelaget i fin posisjon.
36'
Jo Inge Berget bankar frisparket høgt over mål.
37'
Mål for Hødd!
Hødd 1 - 0 Molde
Mål: Erik Sandal
Målgivende: Pål André Helland
Hødd går i føringa! Molde står høgt i bana og heimelaget slår kontra. Helland vinn ein løpsduell på høgrekanten og stormar fram mot Molde sitt mål. Der slår han flatt femogførti grader ut til Sandal som bankar ballen forbi Nyland og i mål.
38'
Nære på 2-0! Det er klabb og babb i Molde sitt forsvar, og frå nærast liggande posisjon får Standal avslutta inne i boksa. Ballen snik seg like utanfor målet til Nyland.
40'
Molde-manager Solskjær står på sidelinja no. Hødd-scoring var nok ikkje akkurat det han håpa på.
41'
Det er tydeleg at scoringa hjalp på sjølvtilliten til Hødd.
42'
Hussein prøvar å slå langt, men bommar totalt med avleveringa. Det er ikkje mykje konstruktivt Molde får til no.
44'
Simonsen skal slå eit frispark inn i boksa. Frå midten.
45'
Frisparket blir i staden teke kort, før det blir slått bak mål og endar med utspark frå Lie.
45'
Det blir lagt til minimum eitt minutt denne omgangen.
45'+1
Molde kjem til innlegg frå venstrekanten, men forsøket går forbi alle.
45'+2
Pause
45'+2
Molde er i skrivande stund ute av Noregsmeisterskapet! Hødd leiar 1-0 etter dei første 45 minutta av dette 3. runde-oppgjeret. I banespelet har det vore nokså jamt, men det er gjestane frå Molde som har skapt dei fleste sjansane. Den første store for Hødd måtte vi vente til det 38. minutt for å sjå, men då gjekk den attpåtil inn, etter at Sandal møtte eit innlegg frå Helland og breisida det i buret. Det blir spanande å sjå kva grep Ole Gunnar Solskjær tek i pausa. Magnus Wolff Eikrem er nok ein soleklar kandidat til å kome innpå grasmatta her nokså fort.
No kjem laga inn på bana att!
Molde står klare på graset, men heimelaget let vente på seg!
Spillerbytte - Molde
Inn: Magnus Wolff Eikrem
Ut: Daniel Berg Hestad
Solskjær tek som venta grep. Eikrem kjem inn.
45'
2. omgang
45'
Hussein slår langt opp mot Chukwu, men forsøket endar berre opp hos Lie.
46'
Nok eit oppspel mot Molde sin spiss. Nok ein gong kjem Lie ut og fangar kula.
47'
Latifu prøvar å finne Standal. Heller ikkje Hødd lukkast med sine oppspel i starten her.
48'
Molde vinn fleire innkast oppe på Hødd sin halvdel.
50'
Simonsen prøvar å slå inn, men Hødd bryt. Sandal prøvar å setje fart, men får i staden berre frispark.
50'
Utruleg nære på for Molde! Berget kjem seg heilt inn i boksa med ballen og slår den flatt inn framføre mål. Der kjem Chukwu stormande, men nigerianaren har nokre skostorleikar for små og når ikkje ballen.
51'
Det er tydeleg at Molde har gira opp her no. Ei cupfadese mot det som skal vere ein svakare motstandar, kan ikkje Solskjær og co vere bekjente av.
53'
Helland kjem seg fri på høgrekanten og får lagt inn, men forsøket går i nettveggen. Trøndaren blir så sitjande i graset.
54'
Helland går langs sidelinja, og slit tydeleg med noko. Ikkje bra for Hødd si offensive slagkraft dette.
55'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Andreas Brune Rekdal
Ut: Pål André Helland
Andreas Rekdal, som scora den avgjerande straffa i cupfinala mot Tromsø, kjem inn for ein skadd Helland.
55'
Også Agnaldo står klar til å kome innpå for Molde.
57'
Nære på at Chukwu får avslutta inne i boksa. Latifu blir rundtlurt gang på gang her. Corner.
59'
Molde får tildelt et hjørnespark
Blir teke kort, men når pasninga til slutt blir sendt inn i boksa får Moltu beina ballen unna.
59'
Grei sjanse for MFK. Chukwu vendar opp og avsluttar hardt, men rett på Lie.
60'
Molde er aggressive og vinn ballen høgt i bana svært ofte no.
61'
Erik Sandal prøvar seg på ein frekk frå svært langt hald. Forsøket går utanfor.
61'
Solskjær og co skal faktisk gjere sitt tredje byte no.
62'
Latifu snurrar rundt med den eine Molde-spelaren etter den andre midt på bana, og får til slutt det han er på jakt etter: eit frispark.
63'
Spillerbytte - Molde
Inn: Zlatko Tripic
Ut: Jo Inge Berget
Dermed har Molde brukt opp alle sine tre innbyte, med ein halvtime att å spele.
63'
Aursnes med ein fin pasning i bakrom til Standal, men ørstingen er litt for hissig på å springe og blir avvinka for ein klar offside.
64'
Molde trykkar på her no. Hødd lev farleg.
65'
Tripic chippar kula inn i Hødd si boks, men den sprett berre inn til Lie.
65'
Hødd har ikkje noko eige offensivt spel no. Men ein liten halvtime att å spele skal dette nok halde hardt.
66'
Simonsen med innlegg frå høgre, men backen sender forsøket høgt over.
68'
MFK får frispark nokre meter inne på Hødd sin halvdel.
68'
Bendik Torset står klar til å kome innpå for Hødd. Det er definitivt eit defensivt byte for Hødd.
70'
Sandal kjem seg fri på høgrekanten og slår inn. Magnussen er borti kula, men MFK tek kjapt over. Første visitten til Hødd høgt i bana på lang tid.
70'
Ballen ser ut til å bli slått i handa på Rekdal heilt på kanten av sekstenmeteren. Ingen protestar, og domar Skjerven gjer ingenting med det heller.
72'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Bendik Torset
Ut: Espen Standal
Ein spiss ut, og ein defensiv midtbanespelar inn. Då tek nok Magnussen over spissrolla.
72'
Molde får tildelt et hjørnespark
Blir teke kjapt, men Heltne Nilsen får stanga kula unna.
73'
Hødd prøvar å setje i gong ei kontring, men ballen blir diverre for dei spelt utover sidelinja.
75'
Både Chukwu og Hovland går i same duell inne i Hødd si boks, og ingen av dei vinn den.
75'
Også Vegard Heltne blir sendt i oppvarming av heimelaget.
76'
Det er for øvrig Erik Sandal som ligg lengst opp av Hødd sine spelarar.
76'
Langt oppspel i Hødd si boks. Andreas Lie, som er innleigd frå AaFK, kjem ut og plukkar.
77'
3415 tilskodarar på Høddvoll i dag. Ikkje fullt, men absolutt godkjent.
77'
Chukwu blir felt på kanten av Hødd sin sekstenmeter, men får ikkje frispark av domar Skjerven. Det burde nok nigerianaren hatt.
79'
Heimepublikummet gjer sitt for å halde laget sitt oppe. God stemning på Høddvoll.
79'
God sjanse for Hødd! Magnussen kjem seg heilt inn i Molde si boks, men blir for uegoistisk og prøvar å finne ein medspelar i staden for å skyte sjølv. Han er likevel heldig i det han får att kula. Avslutning ligg derimot Nyland nede og ventar på.
79'
Det har opna seg gode overgangar for Hødd dei siste minutta. Molde satsar sjølvsagt det meste dei har framover, noko som opnar opp roma bakover.
81'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Vegard Heltne
Ut: Erik Sandal
Kampens einaste målscorar hittil går av til fordel for Vegard Heltne.
81'
Ole Gunnar Solskjær står konstant ved sidelinja no. Så langt har ikkje denne tilstadeveringa skremt spelarane til bra nok innsats.
82'
Heile støtteapparatet til Molde står faktisk ved langsida no. Med exit her i dag vil denne sesongen allereie vere ein gedigen fiasko.
83'
Bendik Torset kjem til avslutning frå bra posisjon, men larsnesingen sleivar kula langt utanfor. Det er Hødd som skapar sjansane her no!
84'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Vegard Heltne
Blir teke kort, og Hødd prøvar å bruke tid. Molde tek kjapt over.
84'
Fem minutt pluss eventuell tilleggstid att. Framleis nok tid for dei regjerande ligameisterane å kome tilbake her, men i augneblinken skapar dei null og niks.
86'
Hødd sine Blåsarane gjer sitt for å hjelpe laget sitt, men frå Tornekrattet er det sørgeleg stille, forståeleg nok.
87'
God sjanse for MFK. Eit innlegg blir sendt opp i Hødd si boks, men Hovland headar ballen utanfor.
87'
Chukwu dett, og Molde får frispark i fin innleggsposisjon. Er det på ein dødball dei skal klare det, då?
88'
Wolff Eikrem sender kula inn på bakerste stolpe, men Chukwu er ikkje akrobatisk nok til å få beina ballen i mål.
88'
Torset kjem til nok ei avslutning frå god posisjon, men forsøket blir blokkert.
89'
Ulideleg spanande på Høddvoll no. Skal fjorårets store, store Askeladd leggje ut på eit liknande eventyr også i år?
90'
Ørjan Nyland rotar litt på eit tilbakespel, men får til slutt måka kula unna.
90'
Frispark til MFK midt på bana. Hødd får rydda unna i første omgang.
90'
Rindarøy slår inn frå venstre. Jesper Törnqvist får beina unna.
90'+1
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90'+1
Molde får tildelt et hjørnespark
Nyland går opp! Skal keeperen scora mot sitt gamle lag her?
90'+1
Hødd får frispark etter ein duell i boksa. Då går tida heimelaget sin veg.
90'+2
Alle på Høddvoll reiser seg no. Magisk stemning på stadion!
90'+2
Molde med innkast på eigen halvdel.
90'+3
Tripic slår inn, men kula hamnar berre hos Lie.
90'+3
MFK med innkast høgt i bana. Blir teke kort.
90'+3
Skal Molde klare å redde ekstraomgangar her på slutten?
90'+4
Heltne beinar ballen unna.
90'+4
Torset prøvar seg frå langt hald, men skyt utanfor.
90'+4
Mål for Molde!
Hødd 1 - 1 Molde
Mål: Magnus Wolff Eikrem
Molde har utlikna! Bortelaget pressar på, og til slutt får Eikrem putta kula i mål.
90'+4
Pause
90'+5
For eit drama her! Molde utliknar til 1-1 fire minutt på overtid! Valdsam buing på domar Skjerven som vel å legge til fire minutt på tampen her.
1. ekstraomgang
90'
Hødd var nokså sluttkøyrde på tampen her, og når Molde i tillegg no har fått trua på avansement skal det bli tøft for laget frå Ulsteinvik.
91'
Molde får tildelt et hjørnespark
Moltu headar unna.
91'
MFK med innkast høgt i bana.
92'
Ekpo prøvar seg frå distanse. Skotet går over.
93'
Lie med utspel.
94'
Labert tempo no. Lie tek seg god tid på utspela.
95'
Frispark til Hødd i vanlegvis god innleggsposisjon. Heltne gjer seg klar.
96'
Nyland stig flott til vêrs og fangar kula.
96'
Hødd med alle 11 inne på eigen halvdel no.
97'
Mange slitne bein på grasmatta no. Det blir gjort fleire feil.
98'
Grei sjanse for Molde. Agnaldo prøvar å plassere frå distanse, men Lie ryggar tidsnok og har bra kontroll når han fangar kula.
98'
Aursnes med frispark for Hødd midt på bana.
99'
God sjanse for Hødd! Aursnes slår presist inn og Moltu headar like til side for mål.
99'
Grodås skal slå langt opp.
100'
Nyland kjem fint ut og plukkar. Keeperen har vore solid i møtet med laget han vann NM med i fjor.
101'
Wolff Eikrem prøvar seg frå langt hald. Godt over buret til Lie.
101'
Magnussen slår inn frå venstre, men forsøket går bak mål.
102'
Ein Molde-spelar ligg nede etter ein duell. Det er nok snakk om ei krampe på Mostrøm.
103'
Chukwu og Tripic prøvar å skape noko, men Hødd-spelarane er tett oppi dei og forsøket blir spolert.
105'
Ein susar frå Victor Grodås! Avkommet til tidlegare Noreg-keeper Frode Grodås klemmar til frå langt hald. Nyland får redda. Corner.
105'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Nyland får til slutt fanga ballen.
105'+1
Agnaldo kjem til avslutning, men utanfor.
105'+2
Pause
105'+2
Då byter de to laga halvdel og får i seg litt drikke og taktikkerier frå trenarane.
Molde med sola i auga den siste ekstraomgangen.
2. ekstraomgang
105'
Tripic prøvar å skape noko på venstrekanten, men det endar berre med utspel frå Lie.
107'
Latifu gjer ein god defensiv jobb og får innkast etter ein duell med Tripic.
108'
Torset kjem til nok ei avslutning, men også denne gongen blir skotet blokkert.
110'
Gult kort til Molde
Er for sein inn i ein duell med Lie og får sjå det gule kortet etterpå.
110'
Andreas Lie brukar bra med tid på alle situasjonar no.
111'
Wolff Eikrem får plutseleg stå nokså åleine utanfor Hødd si boks, men Moltu er vaken og får snappa ballen.
112'
Latifu er for hardhendt med Tripic og lagar frispark. Eikrem skal slå inn.
112'
Mål for Molde!
Hødd 1 - 2 Molde
Mål: Even Hovland
Målgivende: Magnus Wolff Eikrem
Frisparket dett ned hos Hovland som får tuppa den i mål. Molde har snudd det!
112'
Gult kort til Hødd
Victor Grodås
Meiner han skulle ha hatt frispark etter ein duell på frisparket.
113'
Moltu jagar eit framspel og er ikkje langt unna å nå kula foran Nyland.
114'
Skal Hødd klare å kome tilbake her?
114'
Vi kan for øvrig nemne at det no er skikkeleg liv i Tornekrattet for første gong i dag.
115'
Hødd med innkast. Ballen blir stussa vidare mot mål, men der står Nyland parat og fangar kula.
116'
Heltne slår inn frå venstre, men bortelaget får renska unna.
116'
Latifu kastar langt og ballen blir stussa, men ingen i blått kjem på nedfallsfrukta.
117'
Gult kort til Molde
Daniel Chima Chukwu
Chukwu er usportsleg og sparkar ein ekstra ball inn på bana. Fortent gult kort.
117'
Gult kort til Molde
Regelrett sparkar ned Aursnes som er på veg framover. Molde er kyniske no.
118'
Lie tek frisparket, som er midt på bana.
118'
For ein sjanse! Nyland kjem ut, men misser kula. Hødd får beina ballen mot mål, men på streken står ein Molde-spelar og ryddar unna.
118'
Hødd får tildelt et hjørnespark
Keeper Lie står oppe no.
119'
Mål for Hødd!
Hødd 2 - 2 Molde
Mål: Sivert Heltne Nilsen
Målgivende: Akeem Latifu
Hødd har utlikna!! Corneren blir sendt inn på bakerste stolpe der Moltu får heada ballen inn foran mål igjen. Latifu får avslutta, og Heltne Nilsen får så forlenga kula vidare inn i nettet. 2-2 på Høddvoll!
120'
Straffesparkkonkurranse
120'+1
Rollene blei snudde på tampen her, og no var det Hødd sin tur å score heilt til slutt. Straffesparkkonkurranse, og dramaet lev vidare!
120'
Dette blir spesielt for Ørjan Nyland, som var den store helten for Hødd i cupfinala og straffesparkkonkurransen der! Skal han gjere det same, men denne gongen MOT Hødd?
120'
Dei to kapteinane ynskjer kvarandre lukke til. Dette er ulideleg spanande!
120'
Hødd scorer på straffe!
Hødd 1 - 0 Molde
Mål: Akeem Latifu
Latifu set straffa sikkert i mål.
120'
Molde scorer på straffe!
Hødd 1 - 1 Molde
Mål: Even Hovland
Lie går feil veg og Hovland scorar sikkert.
120'
Hødd scorer på straffe!
Hødd 2 - 1 Molde
Mål: Sivert Heltne Nilsen
Nyland går til venstre, ballen til høgre.
120'
Molde scorer på straffe!
Hødd 2 - 2 Molde
Mål: Emmanuel Ekpo
Sikkert straffe frå Ekpo.
120'
Hødd scorer på straffe!
Hødd 3 - 2 Molde
Mål: Vegard Heltne
Stang inn frå Heltne! Nyland var etter den.
120'
Molde scorer på straffe!
Hødd 3 - 3 Molde
Også Agnaldo er sikker. Seks av seks i nettet.
120'
Hødd scorer på straffe!
Hødd 4 - 3 Molde
Mål: Fredrik Aursnes
17-åringen opptrer som ein hardbarka veteran og scorar sikkert!
120'
Molde scorer på straffe!
Hødd 4 - 4 Molde
Mål: Zlatko Tripic
Tripic puttar også. Framleis like langt på Høddvoll!
120'
Hødd bommer på straffe!
Andreas Brune Rekdal
Rekdal bommar!
120'
Molde bommer på straffe!
120'
Hødd bommer på straffe!
Victor Grodås
Nok ein boma frå Hødd! No kan Rindarøy avgjere.
120'
Molde bommer på straffe!
Knut Olav Rindarøy
Har du sett! Også Rindarøy bommar! Lie tek nr to på rad!
120'
Hødd bommer på straffe!
Magnussen set ballen i metallet! Skal Molde avgjere no då?
120'
Molde scorer på straffe!
Hødd 4 - 5 Molde
Mål: Daniel Chima Chukwu
Chukwu set ballen høgt i nettaket, og Molde har kome seg vidare til 4. runde!
120'
Kampen er slutt
120'
Molde er vidare til 4. runde av NM etter eit ellevilt drama på Høddvoll!
Kampen mellom fjorårets cup- og ligavinnar hadde det aller meste ein god fotballkamp skal ha. Vi fekk scoringar heilt på slutten av både ordinær og ekstra tid, og til sist måtte det heile avgjerast på straffer. Etter at laga scora på alle sine fire første forsøk, blei det så to bom på kvar. Og når Hødd så traff metallet og den tredje strake missen var eit faktum, fekk til slutt Chukwu æra av å putte den avgjerande. For ein spenning vi var vitne til på Høddvoll i dag!