Slutt

0-2

0-1
Soltvedt9' (Str.)
0-2

Ble dekket av NTBNTB

    Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande NM-oppgjeret mellom Hødd og Sogndal. Det er duka for ein skikkeleg fight på Høddvoll!
    -Det er flott å kome til Ulsteinvik, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke før kampen. -Vi er i same situasjon som Hødd, med ein ung og spanande gjeng. Vi satsar på å slå Hødd og gå vidare i cupen.
    -Vi har stor tru på ein god prestasjon og eit godt resultat, varsla den unge Hødd-sjefen Sander Nyland like før avspark. -Vi skal gå i kjellaren for å få det til.
    Hødd slo Træff 4-3 i 1. runde av NM. Ulsteinvikarane strevde lengje, men klarde til slutt å ta seg vidare. Brautaset, Rise, Sætre og Shroot stod for scoringane. Sogndal gjekk på si side vidare etter å ha slått Stryn komfortabelt med 5-0. Soltvedt, Sveen (2), Steiring og Flo stod for måla.
    Hødd held til dagleg til i 2. divisjon, og har foreløpig ikkje makta å ta seg opp att på det nest øvste nivået etter veldig mange sesongar her gjennom tidene. I skrivande stund ser det derimot ikkje så bra ut, med 11. plass etter dei seks første kampane. Laget til Sander Nyland var sist i aksjon 16. mai, då det blei eit uventa tap for Brattvåg her på Høddvoll.
    Sogndal har også opna 2019 svakt, og er for tida nærare 2. divisjon enn Eliteserien. 8 poeng på 8 kampar har ført til at dei no er å finne på 13. plass. 16. mai blei det tap 0-1 borte mot Nest-Sotra.
    André Knudsen Arnholt er kveldens hovuddomar.
    Kampen har startet
    0'
    Osvold blir spelt fri i bakrom, men blir avvinka for offside.
    2'
    Når det gjeld NM-historie, så er det Hødd som har mest å vise til. I 2012 gjekk høddarane som kjent heilt til topps, etter å ha slått Tromsø i finalen. Det beste Sogndal har å vise til er tapande finalist i 1976, då Brann vann 2-1.
    4'
    Bortelaget med initiativet i starten her. Står oppe med tre angrepsspelarar.
    5'
    Innkast til Hødd høgt i bana. Eid skal kaste langt.
    6'
    Endar til slutt med at Eid får tilbake ballen og rotar den utover sidelinja.
    7'
    Osvold avsluttar frå grei posisjon. Dyngeland er raskt nede og fangar ballen.
    8'
    Straffe til Sogndal
    Ein Sogndal-spelar blir felt i det han er på veg igjennom. Såg klar nok ut den. Wrele var syndaren.
    8'
    Gult kort til Hødd
    Fekk det gule kortet etter å ha laga straffe.
    8'
    Sogndal scorer på straffe!
    Hødd 0 - 1 Sogndal
    Joachim Soltvedt avatar
    Mål: Joachim Soltvedt
    Soltvedt bankar ballen høgt i mål! Alme går rett veg, men er ikkje nære ved å ta den.
    9'
    No spørs det korleis dei to laga vil respondere på dette.
    10'
    Frispark til bortelaget i god innleggsposisjon. Jensen slår inn, og Sansara er nære ved å sleive kula i eige mål. Corner.
    11'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Blir teke kort. Soltvedt får slått inn frå venstre, men ein totalt umarkert Schulze klarer ikkje å få headinga på mål. Kjempesjanse!
    11'
    Hødd får tildelt et hjørnespark
    Saunes får både eitt og to forsøk på å slå inn, men treff ikkje nokon medspelar.
    14'
    Hødd får tildelt et hjørnespark
    Endar med ein god sjanse til Hødd! Hjelmeseth slår inn og ballen blir heada inn foran mål igjen. Frå meget god posisjon klarer ikkje Osvold å stange ballen forbi Dyngeland.
    14'
    Bra opprulling av Sogndal. Soltvedt gir ballen vidare til Ramsland inne i boksa, men sistnemnde får si pasning blokkert.
    16'
    Tillaup til kaos inne i Hødd si boks i det Soltvedt nok ein gong legg inn. Heimelaget får med naud og neppe ordna opp.
    17'
    Haugen mottek ballen rundt Hødd sin sekstenmeter, men blir avvinka for offside.
    18'
    Saunes prøvar å slå inn, men forsøket blir blokkert. Corner.
    18'
    Hødd får tildelt et hjørnespark
    Endar opp hos Bjørnebye som får lagt inn. Hødd får ny corner etter rot av Sogndal-forsvaret.
    18'
    Hødd får tildelt et hjørnespark
    Landar på skallen til Sansara, men engelskmannen får forsøket sitt blokkert av ein Sogndal-spelar på streken.
    19'
    Saunes fyrer av frå langt hald. Ikkje noko dårleg forsøket, men Dyngeland kan sjå ballen gå over målet sitt.
    21'
    Etter Sogndal sitt 1-0-mål er det faktisk Hødd som har styrt spelet her. Fleire gode sjansar har dei kome til også.
    22'
    Mannsverk slår inn frå venstre, men Hødd får reinska unna.
    25'
    Osvold får plutseleg ballen inne i feltet, men er litt ubesluttsam og får verken avslutta eller spelt fri nokon annan.
    27'
    Eid med eit knallhardt innlegg frå høgre. Hjelmeseth kjem til for å skli ballen i mål, men når ikkje fram i tide.
    27'
    Så er det Saunes som blir spelt fri til venstre og får heada ballen inn framføre mål. Dessverre for heimelaget blir han avvinka for offside.
    28'
    Hødd held fram med å forsøke her, men Sogndal står ganske godt i mot. Lengje sidan Eirik Bakke sitt mannskap har fått til noko offensivt no.
    32'
    Bra forsøk av Hødd! Sogndal er i ubalanse og ei langpasning frå Hjelmeseth går igjennom til Saunes. Frå skrått hald avsluttar han via metallet og over. Hadde fortent ei scoring no, blåtrøyene!
    34'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Endar med ingenting.
    36'
    Bortelaget prøvar å kontre, men innlegget frå Ramsland blir blokkert. Corner.
    39'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Endar berre med frispark til Hødd.
    39'
    Sansara med tid og rom til å slå inn, men forsøket er svakt og endar utover sidelinja. Engelske Sansara har for øvrig ei fortid i klubbar som Gefle, Walsall, Boston United og Fredrikstad. Han kom til Hødd før denne sesongen.
    42'
    Utruleg nære 1-1! Eid bankar ballen nok ein gong inn frå høgre, og inne i feltet har Osvold rive seg laus. Han sender i veg ei hard heading, men den går like utanfor mål.
    43'
    I stolpen frå Sogndal! Ballen blir slått mot bakerste stolpe, der Martin Ramsland kjem stupande inn og headar ballen i stolpen. Ikkje langt unna at bortelaget doblar leiinga, der!
    44'
    26 år gamle Ramsland står for øvrig med tre ligamål denne sesongen. Han ventar framleis på sitt første i cupen.
    45'+1
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Blir enkelt klarert ved første stolpe.
    45'+1
    Pause
    45'+1
    Ein høgst sjåverdig omgang er over på Høddvoll. Sogndal opna best og tok leiinga på straffe allereie i det 9. minutt, men etter dette jamna banespelet seg ut. Hødd hadde faktisk initiativet lengje, men til trass for at dei har skapt mange store sjansar har dei endå til gode å få kula i mål. Det er berre å glede seg til ein spanande 2. omgang!
    No har begge laga kome ut på matta igjen.
    2. omgang
    45'
    Haugen får ballen inne i Hødd sin sekstenmeter, men den sprett opp i handa hans og heimelaget får frispark.
    46'
    Tobias Bjørnebye har spelt veldig bra i starten her. Duellsterk og presis med pasningane. Han er på lån frå RBK, og er også son til tidlegare Liverpool-back og noverande sportsleg leiar i Rosenborg, Stig Inge Bjørnebye.
    49'
    Gjestane med frispark på ca 30 meters hald.
    49'
    Soltvedt speler kort ut til Ramsland som prøvar å leggje inn. Blir blokkert til corner.
    50'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Rett i nevane til Alme.
    50'
    Hødd prøvar så å kontre, men Sogndal snappar ballen og set i gong ei mot-kontring. Hødd-forsvaret gjer ein god jobb og hindrar bortelaget i å få avslutta.
    51'
    Gult kort til Sogndal
    Får kortet etter ei stygg takling på Saunes.
    53'
    Soltvedt med frispark. Blir lempa inn i boksa, men Alme er ute og plukkar.
    56'
    Ikkje veldig mange store sjansar å skrive om på Høddvoll no, men banespelet vaiar i alle fall fram og tilbake.
    58'
    Hjelmeseth jaktar ein ball i bakrom, men Dyngeland er raskt ute og snappar den.
    59'
    Ramsland blir spelt fri i bakrom, men blir avvinka for offside.
    59'
    Det har vore langt mindre som har skjedd på bana etter kvilen enn kva tilfellet var før. Hødd har ballen ein del og prøvar, men Sogndal har god kontroll bakover.
    62'
    Gult kort til Hødd
    Får det gule kortet etter å ha vore sein inn i ei takling på Ramsland.
    62'
    Ramsland får plutseleg ballen i god posisjon inne i boksa, men Husebø kjem raskt til og får blokkert.
    63'
    Bjørnebye finn Osvold med ei pasning, og sistnemnde avsluttar på direkten. Høgt over mål.
    64'
    Hjelmeseth slår inn i boksa, men bortelaget får klarert. Endar med corner, men samtidig ligg to spelarar nede etter duellen.
    67'
    Hødd får tildelt et hjørnespark
    Går forbi alle. Sogndal kontrar.
    67'
    Hødd rekk å kome raskt tilbake i balanse, og hindrar Sogndal i å utnytte overgongen.
    68'
    Mål for Sogndal!
    Hødd 0 - 2 Sogndal
    Sixten Dalen Jensen avatar
    Mål: Sixten Dalen Jensen
    Sogndal doblar leiinga! Bortelaget rullar pent opp og får avslutta frå godt hald, men Alme reddar flott. Returen hamnar derimot i beina på ein spelar i svart, og han trillar uegoistisk til Jensen som får ein enkel jobb med å putte ballen i det tome målet.
    69'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Wachirawut Phudithip
    Ut: Robin Hjelmeseth
    'Bam' kjem inn for Hødd. Hjelmeseth har jobba og stått på, men ikkje kome til sjansar.
    71'
    Enorm sjanse for Sogndal til å punktere kampen! Hødd rotar vekk ballen langt inne på eigen halvdel, og Ramsland speler Haugen heilt åleine med Alme. Utruleg nok set 21-åringen avslutninga utanfor målet.
    72'
    Bjørnebye med ei nydeleg vendig av spel, men Eid rotar dessverre for heimelaget ballen utover sidelinja.
    74'
    Nesten for Hødd! Shroot dreg seg innover i boksa og prøvar å curle ballen inn i det lengste hjørnet. Dyngeland er derimot parat og får redda på flott vis.
    75'
    Dødball til Hødd halvvegs inne på Sogndal sin halvdel. Rise står klar.
    77'
    Dyngeland slengjer seg, men forsøket endar uansett utanfor mål. Brukbart forsøk av Hødd sin dødballekspert.
    78'
    Haugen skjer innover og avsluttar med venstrefoten. Alme har kontroll, men må gje corner.
    80'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Blir stussa like utanfor mål. God sjanse, det!
    80'
    Spillerbytte - Sogndal
    Alioune Ndour avatarSigurd Haugen avatar
    Inn: Alioune Ndour
    Ut: Sigurd Haugen
    80'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Isak Skotheim
    Ut: Jens Husebø
    Ein svært sint Husebø brølar i det han går av. Lite fornøgd med 0-2, altså.
    81'
    Sogndal kontrar, men må nøye seg med hjørnespark.
    82'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Endar med null og niks. Hødd overtek.
    82'
    563 tilskodarar på Høddvoll. Ikkje akkurat all verda, det.
    83'
    Innbytar Ndour går i bakken inne i Hødd si boks, men domaren vinkar spelet vidare. Såg ut til å vere ei grei avgjersle.
    84'
    Utruleg sjanse for Sogndal! Ndour blir spelt fri heilt åleine inne i boksa, men maktar ikkje å få kula i mål. Der skal det vere scoring!
    85'
    Sogndal med frispark. Brukar bra med tid.
    86'
    Steiring bankar ballen høgt over mål.
    87'
    Shroot avsluttar så i motsett ende. Over mål frå briten også.
    87'
    Spillerbytte - Hødd
    Inn: Håkon Botn Brautaset
    Ut: Bendik Rise
    88'
    Få minutt att å spele. Sogndal kontrollerer dette, og tek seg greitt vidare til 3. runde av NM.
    90'+1
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Elias Mittet
    Ut: Joachim Soltvedt
    Moglegens kampens beste spelar, Soltvedt, går av til fordel for Mittet.
    90'+2
    Spillerbytte - Sogndal
    Ulrik Flo avatarMartin Ramsland avatar
    Inn: Ulrik Flo
    Ut: Martin Ramsland
    90'+3
    Saunes prøvar å finne Osvold med ei direkte pasning, men den når aldri fram.
    90'+4
    Frispark til Sogndal i grei posisjon. Blir nok det siste som skjer her.
    90'+5
    Innbytar Mittet skyt på mål, men Alme fistar den greitt over. Corner.
    90'+6
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Blir teke kort.
    90'+6
    Kampen er slutt
    90'+6
    Sogndal slår Hødd 2-0 og tek seg dermed vidare til 3. runde av NM. Bortelaget leia 1-0 etter ein førsteomgong der banespelet var jamt og begge lag skapte store sjansar. Soltvedt scora på straffe. Etter kvilen kontrollerte derimot 1. divisjonslaget Sogndal det heile nokså greitt, og slik som det utarte seg mot slutten kunne dei ha putta endå fleire enn det eine Jensen sørgja for. Hødd kan dermed fokusere alt på å spele seg opp frå 2. divisjon igjen, medan Sogndal får bryne seg på endå tøffare lag i cupen.
    Avslutningar: 10-11. På mål: 4-6.
    Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin onsdagskveld vidare!
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her