Hei og velkomen til livedekning av 1. runde av NM og møtet mellom naboklubbane Larsnes/Gursken og Hødd!
Larsnes/Gursken består av dei to laga Larsnes Idrettslag og Gursken Idrettslag, begge frå kommuna Sande på Sunnmøre som har i underkant av 3000 innbyggjarar. Dei to klubbane har eksistert sidan høvevis 1938 og 1972, medan samarbeidet offisielt blei inngått i 2010 då laget rykka opp til 3. divisjon og meir formelle avtalar måtte på plass. Fleire kjende fotballspelarar har kome frå området, og spesielt er tidlegare landslagsspelar Jan Åge Fjørtoft verdt å trekkje fram. Han spelde i Gursken i sine barneår fram til 1982, då ferda gjekk vidare til dagens motstandar Hødd. Men til trass for at Fjørtoft har vore innom klubbar i England og Tyskland seinare, så har han aldri lete skjul på at moderklubben står han nært. Ein annan profil frå Sande er Magnus Myklebust, som har mange sesongar på øvste nivå i Noreg for klubbar som Lillestrøm og Odd. Også han brukte Hødd som springbrett til større oppgåver.
Dagens kamp er også spesiell for fleire noverande Hødd-spelarar. Bendik Torset, Andreas Rekdal og Steffen Moltu har alle sprunge rundt på grusen her i Sande i sine yngre år. Rekdal, som blei den store helten med sitt avgjerande straffespark i NM-finala i 2012, er den som seinast spelde for Larsnes/Gursken. Det skjedde faktisk i den nemnde jubelsesongen, då han blei henta tilbake til Hødd til si andre periode midtvegs i sesongen.
På dagens Larsnes/Gursken-lag finn vi også fleire spelarar med fortid i Hødd, deriblant Ronny Jørgensen, Anders Vaagen og Thomas Sætre Hauge. Banda mellom Larsnes/Gursken og Hødd er altså mange og tette.
Heimelaget er i 1. runde av cupen for andre gong i klubbens historie, og for andre gong på rad. Også i fjor møtte dei ein attraktiv motstandar, då AaFK kom på besøk. Over 1200 tilskodarar fekk sjå at dei svarte- og raudkledde heldt ut i omlag ein halvtime, før ålesundarane vakna til live og putta på fem scoringar.
Då er begge laga ute, og vi er få minutt unna kampstart her på stadionet med det herlege namnet River Plate Stadion. Det er også skikkeleg sør-amerikansk stemning her, men sol og god temperatur.
1. runde av NM byr alltid på herlege opplevingar for publikum, og forhåpentlegvis vil heimelaget by cupmeistrane frå 2012 på litt kamp i dag.
Ekstra stas er det at bortelaget sin trenar Sindre Eid har funne plass til alle tre høddarane som har speld for Larsnes/Gursken tidlegare.
Kampen har startet
Heimelaget prøvar å slå langt opp med ein gong, men Hødd overtek kjapt.
1'
Mål for Hødd!
LARSNES / GURSKEN 0 - 1 Hødd
Mål: Robin Shroot
Ballen går ut i feltet etter ein corner og Robin Shroot avsluttar flott i mål på halvvolley. Den tidlegare Stevenage-spiss scorar i sin første kamp frå start av for Hødd!
5'
Mål for Hødd!
LARSNES / GURSKEN 0 - 2 Hødd
Mål: Steffen Moltu
Hødd scorar etter nok ein corner! Ballen dett ned i feltet og Steffen Moltu får etter kvart nikka ballen i mot. Midtstopparen scorar med det mot sine tidlegare klubb.
10'
Hødd har ballen og pressar på.
17'
Shroot og Heltne skyt. Blir blokkert.
18'
Mål for Hødd!
LARSNES / GURSKEN 0 - 3 Hødd
Mål: Espen Standal
0-3! Keeper kjem ut og Standal rundar han elegant og set ballen i det tome buret. Game over etter 30 minutt?
21'
Hødd pressar og LG har nok med å forsvare seg.
28'
LG er framme i bana, men kjem ikkje til avslutning.
31'
Heimelaget får låne kula litt no.
35'
Frispark til LG.
36'
Endar med at Hødd får frispark.
36'
Corner Hødd. Endar med ingenting.
42'
Standal med god sjanse. Headinga går utanfor.
45'+1
Pause
45'+2
Hødd leiar fortent 3-0 etter mål av Shroot, Moltu og Standal.
Heimelaget har endå ikkje skapt noko. Kansje klarer dei det i 2. ?
2. omgang
45'
Då er vi i gong igjen. Ingen endringar på laga.
47'
Mål for Hødd!
LARSNES / GURSKEN 0 - 4 Hødd
Mål: Robin Shroot
Målgivende: Espen Standal
Standal speler fri Shroot etter ei elegant tofotsfinte, og den engelske spissen har null problem med å overliste Rekdal i LG-buret.
51'
Wrele skyt, men utanfor.
56'
Mål for LARSNES / GURSKEN!
LARSNES / GURSKEN 1 - 4 Hødd
Mål: Aleksander Kostopoulos Rekdal
Larsnes/Gursken har scora! Aleksander Rekdal viser at han ikkje har skotvegring i det han avanserer nokre meter med ballen og bankar den i ein flott boge over Urke og i mål.
57'
Det er kamp igjen no. LG pressar på!
59'
Bytte LG. Nr 6 ut, nr 14 inn.
61'
Nytt skot frå heimelaget. Over mål!
62'
Frispark for LG. Urke rotar men når att kula.
65'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Henrik Grimstad
Ut: Joakim Wrele
65'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Franjo Tepurić
Ut: Espen Standal
65'
Bytte Hødd. Wrele og Standal ut, Tepuric og Grimstad inn.
68'
Mål for Hødd!
LARSNES / GURSKEN 1 - 5 Hødd
Mål: Robin Shroot
Shroot ordnar sitt tredje mål for dagen på straffespark. Engelskmannen, som har kampar for Nord-Irland på aldersbestemte lag, scorar sikkert frå ellevemeteren.
70'
Straffe til Hødd
70'
Spillerbytte - Hødd
Inn: Robin Hjelmeseth
Ut: Robin Shroot
71'
Bytte Hødd. Shroot ut, Hjelmeseth inn.
73'
Rekdal bankar til. Like over mål.
75'
Gult kort til Hødd
Jonas Ingebrigtsen
75'
81'
LARSNES / GURSKEN scorer på straffe!
LARSNES / GURSKEN 2 - 5 Hødd
Vik får ein ball på bakerste stolpe og kan enkelt skyte i mål! Svakt forsvarsspel av Hødd, men uansett kan ein ikkje ta noko frå heimelaget. Nok ei redusering er eit faktum!
81'
LG prøvar seg igjen, men Urke reddar bra.
83'
Nok eit frispark til heimelaget.
84'
Blir teke kjapt og endar nesten i endå eit mål.
85'
866 tilskodarar her i dag.
88'
Heltne med ein stor sjanse, men han skyt over.
90'
Kampen er slutt
90'+2
Hødd vinn fortent 5-2 over naboklubben Larsnes/Gursken. NM-vinnarane frå 2012 slo an tonen frå start av og leia 2-0 allereie etter 10 spelde minutt. Heimelaget, som til vanleg held til i 3. divisjon vakna på stillinga 0-4 og klarde å redusere både ein og to gongar. Dermed blei både heime- og bortefansen tilfredse med oppgjeret, men det er uansett Hødd som er klare for 2. runde av Noregsmeisterskapet 2014.