332
153
Hei! Velkommen til denne livedekninga av oppgjeret mellom Lyn og Kolbotn i Toppserien sin 14. runde.
Dei tre første sluttspelplassane i Toppserien er ubestridte med Brann, VIF og RBK. Den fjerde plassen er derimot heilt åpen, og Lyn er for tida laget som har den. Om det er på lån eller ikkje gjenstår å sjå. Med seier i dag vil Kolbotn vere to poeng bak Lyn. Det er derfor alt å spele for på kunstgraset ved Sognsvann i det vi har igjen 5 rundar av grunnspelet.
Det er steikande solskinn med ein lett bris på Kringsjå i dag. Ein fin laurdag i hovudstaden. Begge lag køyrer som forventa før start. Aahjem på topp for Lyn har seks mål på dei første 13 kampane i år. Er det ho som skal skape hodebry for Soleng Hansen og gjestane frå Nordre Follo?
Det kan vere verdt å få med seg at LSK spelar samtidig. Dei er eit av laga som pustar Lyn i nakken. Går alt mot Lyn i dag med tap for eigen del og seier for LSK, vil faktisk sistnemnde gå forbi dei på målskildnad.
Etter myntkast og litt high fives er det klart for avspark!
Kampen har startet
1'
Hernes tek avspark og vi er i gang!
1'
Tandberg viser gode tendensar i det ho fintar bort forsvaret til Kolbot og forsøker å spele gjennom Melgård. Det blir berre nesten for heimelaget.
3'
Eit innlegg frå Closs gjer at Paengstuen må i aksjon, ballen glepp litt ut av hendene og vertane får hjørnespark.
4'
Lyn Fotball får tildelt et hjørnespark
Blir heada ut, og i ein oppfølgande duell får gjestane frispark.
5'
Kvernevolden tar med seg ballen inn i bana og avsluttar frå 18 meters hald i litt ubalanse. Initiativet er godt, men presisjonen er ikkje heilt med i det ballen seglar litt over og litt til side for mål.
8'
Kolbotn trillar ball no og ser litt småfarlege ut.
10'
Eit innlegg frå Lång går rett i klypane til Odden Sundsfjord i Lyn-målet.
11'
Tøff takling frå Jorde på Pedersen. Kolbotn-spelaren blir liggande og ballen blir spelt ut medan ho får tilsyn.
12'
Pedersen blir tatt på kanten av 16-meteren til Lyn. Den kan svingast inn!
13'
Kolbotn er best no. Ingen store sjansar, men det er dei blå som har satt eit visst press. Soleng Hansen er god til å jage opp forsvaret og stå høgt med laget.
16'
Soleng Hansen lagar frispark.
18'
Stor sjanse for Østerås og Kolbotn! Spissen tek i mot ein retur og ladar kanonen. Skuddet er hardt, men går midt på keeper. Der er Lyn og Odden Sundsfjord heldige.
23'
Elvebakken tek ingen sjansar i eigen boks i det ho er feilvendt og spelar ut ballen til hjørnespark.
24'
Lyn Fotball får tildelt et hjørnespark
Ballen blir heada ut, men Lyn får avslutta med Holmen. Skuddet er hardt, men ballen går rett på Panengstuen i Kolbotn-målet.
24'
Mål for Lyn Fotball!
Lyn Fotball 1 - 0 Kolbotn
Mål: Emilie Closs
Så sitt den for heimelaget! Aahjem sett fart på venstresida og slår inn til Holmen som får avslutta. Keeper reddar mesterleg, men er ikkje i nærheten på returen frå Closs.
27'
Elvebakken ladar kanonen frå distanse og Odden Sundsfjord får ein liten fingerspiss på ballen som går over målet. Det er ikkje dagens kampleiar einig i. Heldigvis har vi god sikt frå bua og kan med sikkerheit seie at Kolbotn vart snytt for hjørnespark.
31'
Melgård sett på turboen på høgresida hjå Lyn. Ho sklir gjennom alt og (nesten) alle før det seier stopp. Bra trykk frå vertane no!
33'
Tandberg får ballen inne i 16-meteren og smeller ballen i tverrliggaren! Stor moglegheit for å doble leiinga frå bursdagsjenta!
41'
Mål for Kolbotn!
Lyn Fotball 1 - 1 Kolbotn
Mål: Sarah Dyrehauge
Målgivende: Julie Hoff Klæboe
For ei skåring! Danske Dyrehauge Hansen curlar ballen frå 18 meter i krysset!
42'
Kolbotn får frispark høgt oppe på deira høgre side etter at Kvernvolden får ein alboge i fjeset.
43'
Beinar ballen opp og Lyn står etter og vinn eit kast på Kolbotn sin halvdel.
45'+1
Melgård får avslutta inne i 16-meteren, men Panengstuen er nede og reddar.
45'+1
Pause
45'+2
Då er det pause her på Kringsjå etter 45 spelte minutt. Etter ein god start frå gjestane, tok Lyn over initiativet i kampen og tok fortent leiinga med Emilie Closs som var agressiv på ein retur frå gjestane si sisteskanse. Det såg ut som Lyn skulle ri fint inn til pause med 1-0, men det var den danske midtbanejuvelen Dyrehauge Hasen ueinige i. Ho lada børsa frå boga på 16-meteren og lagde lik balanse i regnskapet. Det blir spennande med dei siste 45. Vi gledar oss!
2. omgang
45'+1
Spillerbytte - Lyn Fotball
Inn: Monica Isaksen
Ut: Cathinka Tandberg
45'+1
No skjer det mykje rart. Først vil Soleng Hansen ha frispark i det ho mistar ballen. Så oppstår det ein ny duell inne i 16-metern som blir til eit uventa skudd i det Østerås klarerar inn i Melgård. Odden Sundsfjord får avverga til hjørnespark.
50'
Lyn Fotball får tildelt et hjørnespark
Kolbotn får klarert.
50'
Melgård skyt ein meter utanfor frå 12 meters hald. Grei moglegheit, men ho rakk nok ikkje å tenkje mykje før ho avslutta. Dermed vart kvaliteten ikkje den beste på avslutninga.
52'
Frispark til Kolbotn nokre meter inn på Lyn sin halvdel. Det kan sjå ut som Lång skal slå den inn i boksen.
53'
Lyn vil ha straffe i det Melgård går i bakken i feltet. Fløyta var på veg i retning munnen til Skurdal, men ho bles ikkje.
57'
Gult kort til Kolbotn
Det kan sjå ut som Lindbak Hørte må ut for å skifte ei strømpe. I det ho skal inn på bana, blir det ikkje godkjent av dommar. Ho går rett inn og taklar. Frispark til Lyn.
57'
Østerås og Kolbotn kontrar. Østerås finn Kvernvolden som får avslutta fra 20 meters hald. Ballen går via stolpen og ut til femmeter. Flaks for Lyn!
60'
Stopp i spelet. Isaksen ligg nede utanfor bana.
64'
Gult kort til Lyn Fotball
64'
Spillerbytte - Lyn Fotball
Inn: Jenny Røsholm Olsen
Ut: Monica Isaksen
64'
Hjørnespark til Kolbotn etter at ei pasning blir blokkert.
65'
Kolbotn får tildelt et hjørnespark
Fanny Lång
Lyn får klarert.
66'
Litt kaotisk i første halvdel av omgangen frå begge lag her. Litt dommarfokus, spelet sitt ikkje og litt store avstandar.
70'
Eit innlegg går via ein Kolbotn-spelar og til hjørnespark.
71'
Lyn Fotball får tildelt et hjørnespark
Gjestane får rydda unna.
71'
Lyn har eit lite overtak no. Kjem ikkje til dei heilt store sjansane. Likevel er dei flink til å stå etter med laget.
75'
Hjørnespark til gjestane.
78'
Kolbotn får tildelt et hjørnespark
Lyn klarerar både første og andre bølge.
78'
Aahjem spring frå forsvaret til Kolbotn, men Odden Sundsfjord er fantastisk ein mot ein og stoppar avslutninga frå Lyn-spissen!
81'
Hjørnespark til Lyn.
82'
Lyn Fotball får tildelt et hjørnespark
Når bakerste med Røsholm Olsen som sleivar den ut til målspark.
82'
Spillerbytte - Kolbotn
Inn: Nathalie Jørgensen
Ut: Ingrid Kvernvolden
82'
Spillerbytte - Lyn Fotball
Inn: Ida Habbestad
Ut: Julie Jorde
83'
Frispark til Kolbotn i god innleggsposisjon på deira venstreside.
83'
Habbestad når nesten Røsholm Olsen som er ein hårsbredd frå å kunne avslutte aleine med keeper.
84'
Aahjem snur seg med ein spelar i ryggen inne i 16-meteren, men ryggsekken gjer at ballen går retning Kringsjå Studentby.
86'
Røsholm Olsen prøvar seg frå distanse, men avslutninga går rett på Panengstuen.
86'
Det manglar litt kvalitet i siste tredjedel hjå begge lag. Sitt den avgjerande pasninga, kan det også vere det som gjer at eit av laga stikk av med alle tre poenga.
89'
Habbestad klinkar til inne i 16-meteren! Skuddet er knallhardt og stryker stolpen. Kjempegod moglegheit for innbyttaren!
90'
Det er lagt til tre minutter.
90'+1
Lyn i angrep no. Siste moglegheit.
90'+3
Kampen er slutt
90'+4