0-1
0-2
0-3
0-4
Hintsa90'+2
Supporterfordeling på VG
208
303

Hvem var banens beste?

Kasper Skaanes
46%
Oliver Hintsa
41%
Sebastian Pedersen
8%
Kristoffer Steinset
4%
134 stemmer

Ble dekket av NTBNTB

    Velkommen til livedekning av kampen mellom Sandviken og Sogndal i 2. runde i cupen!
    I den første runda møtte Sandviken NHHI. Der såg det lenge ut til at det skulle bli cupexit, men Garmann sikra uavgjort for Sandviken 3 minutt på overtid. I ekstraomgangane fekk dei to nye scoringar, og dei vann til slutt 3-1. Sogndal tok turen til Volde i den første runda. Der fekk dei ein tøff start då Volda satt inn 1-0 tidleg i kampen, men sogndølene klarte å snu kampen til slutt etter scoringar frå Mensah og Flataker.
    Begge laga kjem frå gode resultat i serien i deira siste kamp. Sandviken tok ein sterk siger på bortebane mot Jerv. Sogndal tok sin første siger i serien mot Ranheim.
    Det er eit par spelarar i troppen til Sandviken som har vore på besøk i Sogndal i løpet av dei par siste åra. I vinter var Sogndal på jakt etter ny høgreback, og Sandviken sin back, Henrik Flagtvedt, var på prøvespel i saftbygda. Han leverte brukbart der, men Sogndal enda opp med å hente Diogo Bras og Ronney Onyango. Vebjørn Høynes var på prøvespel i Sogndal tilbake i 2023. Han signerte for Førde kort tid etterpå. I dag får dei sjansen til å vise seg fram mot klubben dei kunne ha signert for om ting hadde gått litt annleis.
    I fjor vart det tap for Sandviken i den første runda i cupen, då dei tapte mot Bjarg i ein dramatisk kamp. Det vart også dramatisk for Sogndal då dei fekk sin cupexit i den tredje runda mot Eliteserielaget KFUM. Det vart til slutt tap på straffesparkkonkurranse, men kampen var langt ifrå ferdig etter det. Det viste seg at KFUM hadde brukt ein suspendert spelar, og håpet om avansement vart på nytt tent for Sogndal. Til slutt vart det berre ein økonomisk straff for KFUM, og Sogndal var ute av cupen. Heile denne situasjonen førte til at Sogndal følte at dei gjekk glipp av ei moglegheit til å gå langt i cupen, og det er noko dei ønskjer å revansjere i år. Då må dei ta seg forbi Sandviken på Stemmemyren i det som kan bli ein tøff bortekamp for Sogndal som ikkje har funne toppnivået sitt under Pimenta endå.
    Begge laga gjer fleire endringar etter førre kamp. Trætteberg er inne i forsvaret til Sandviken. På midtbana har både Dalstø og Lotsberg kome inn. Vebjørn Høynes er inne som spiss og Kristoffer Røttingen kjem inn på venstrekanten. Bortelaget gjer to byter i forsvaret. Haruna og Onyango er inne. På midtbana får Borgthorsson og Steinset sjansen. Nundal startar på topp og har med seg Pedersen som startar sin første kamp for Sogndal.
    Kampen har startet
    1'
    Høynes tek avspark, og kampen har starta!
    1'
    Vapne skaffar ein corner tidleg i kampen for bortelaget.
    1'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Lukass Vapne
    Granheim headar høgt, og Bergvsik tek i mot ballen.
    1'
    Det blir skummelt i boksen til Sogndal. Onyango slår ballen ut til corner.
    2'
    Sandviken får tildelt et hjørnespark
    Sebastian Skåre
    Pedersen headar ballen vekk ved første stolpe.
    2'
    Ny corner for Sandviken etter eit langt innkast.
    3'
    Sandviken får tildelt et hjørnespark
    Sebastian Skåre
    Landar i eit farleg område, men Sogndal slår vekk ballen.
    3'
    Sandviken har vist fram både hjørnespark og lange innkast i starten av kampen. Det kan vere ein nøkkel viss dei skal klare å true Sogndal.
    5'
    Bergsvik rotar det nesten til i eigen boks, men får frispark.
    5'
    Sandviken får tildelt et frispark
    Magnus Bruun-Hansen
    Slår tilbake til keeper før dei slår langt.
    5'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Martin Høyland
    Frispark midt på bana. Slår ned til Haruna.
    6'
    Sandviken vil ha straffespark når Røttingen går i bakken. Han blir vinka opp igjen.
    7'
    Flagtvedt prøver å ta imot eit innlegg, men er for tøff mot Bras. Frispark.
    8'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Lars Jendal
    Frispark i eigen boks.
    8'
    Pedersen får lyst til å avslutte etter eit fint forarbeid av Borgthorsson, men han blir pressa før han får avslutta mot målet.
    9'
    Sandviken får tildelt et frispark
    Slår langt mot Flagtvedt. Blir halvskummelt, men Granheim får heada ballen vekk.
    10'
    Sogndal har ikkje klart å ta kontroll over kampen sjølv om det skal vere divisjonsforskjell mellom laga.
    11'
    Trætteberg får eit frispark når han blir tråkka på av Borghtorsson. Får ganske vondt, og frisparket er soleklart.
    12'
    Stopparen må få tilsyn av medisinsk personell etter duellen. Han kjem seg opp til slutt, og vil halde fram i kampen.
    13'
    Sandviken får tildelt et frispark
    Aksel Bergsvik
    Slår langt.
    14'
    Sandviken får tildelt et frispark
    Thorvald Sverdrup Trætteberg
    Slår opp til Flagtvedt. Blir nesten farleg når han slår inn. Fleire duellar i boksen før Sogndal slår ballen ut av farleg område.
    14'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Lars Jendal
    Frispark inne i eigen boks etter ein hands.
    16'
    Skåre Tune kjem til ein brukbar sjanse! Han blir spelt gjennom åleine med Jendal av Dalstø. Avslutninga går rett på keeperen.
    17'
    Pedersen vinn ballen høgt i bana, og prøver på ein chip frå distanse. Går langt over målet.
    18'
    Heimelaget leiter ofte etter Flagtvedt ute til høgre. Han kjem seg ofte forbi Bras, og har slått eit par innlegg som kunne blitt til sjansar.
    19'
    Gult kort til Sogndal
    Kristoffer Steinset
    Held i trøya til Skåre Tune for å stoppe ei kontring.
    21'
    Sandviken får tildelt et frispark
    Held ballen i laget.
    22'
    Flagtvedt får slått inn igjen! Han finn Høynes inne i boksen, men han klarar ikkje å gjere anna enn å legge til rette for at Jendal kan plukke opp ballen.
    22'
    Frispark til Sandviken når dei skal klarere eit innlegg frå Sogndal.
    23'
    Sandviken får tildelt et frispark
    Aksel Bergsvik
    Slår opp til Dalstø i midtbana.
    24'
    Dommaren stoppar spelet for å sjekke om det går bra med Dalstø. Han har litt vondt, men klarar å halde fram.
    25'
    Dalstø set seg ned på graset. Kan sjå ut som at han må ut.
    27'
    Spillerbytte - Sandviken
    Inn: Casper Thorsen
    Ut: Lars Dalstø
    28'
    Sandviken har fått sett inn på Thorsen, og kampen kan fortsette.
    28'
    Spillerbytte - Sandviken
    Inn: Kristoffer Garmann
    Ut: Vebjørn Høynes
    Høynes er nettopp tilbake frå skade, og må ut igjen etter berre ein halvtime.
    32'
    Bras slår ballen tilbake til Jendal som tek den opp med hendene. Sandviken kan ikkje forstå at det ikkje blir dømt tilbakespel der.
    35'
    Sogndal forsøker seg på eit innlegg ute til høgre, men det treff ingen av spelarane som står inne i boksen.
    36'
    Det har ikkje vore mange store sjansar so langt i kampen. Bortelaget har ikkje skapt noko. Heimelaget har ein stor sjanse med Skåre Tune.
    37'
    Corner for heimelaget. Denne gongen til høgre i bana.
    37'
    Sandviken får tildelt et hjørnespark
    Sebastian Skåre
    Blir kaos i boksen etter eit overhopp. Blir ein ny corner frå den andre sida til slutt.
    38'
    Sandviken får tildelt et hjørnespark
    Sebastian Skåre
    Jendal boksar ballen ut til ein ny corner.
    38'
    Sandviken får tildelt et hjørnespark
    Sebastian Skåre
    Jendal boksar ballen vekk før Haruna headar den ut til Bras som sender den ut til eit innkast.
    39'
    Eit langt innkast ender med endå ein corner.
    40'
    Sandviken får tildelt et hjørnespark
    Sebastian Skåre
    Trætteberg er størst i boksen, men ballen blir heada langt over målet.
    40'
    No er det bortelaget sin tur til å forsøke seg på corner.
    41'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Lukass Vapne
    Ballen går rett i hendene til Bergsvik.
    41'
    Granheim er livredd for å gi vekk innkast etter å ha sett kor langt Flagtvedt kastar.
    43'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Lukass Vapne
    Slår mot bakerste stolpe, og Pedersen får seg ein smell i hovudet. Spissen kjem seg opp igjen.
    45'+2
    Sogndal sin første sjanse kjem frå ei heading av Nundal. Borgthorsson gjer ein god jobb før han slår inn. Headinga er ikkje presis nok.
    45'+3
    Heimelaget kan ta eit langt innkast rett før pause.
    45'+4
    Pause
    45'+5
    Det har ikkje skjedd mykje før pause. Begge laga har hatt ein brukbar sjanse kvar, og Sandviken sin sjanse var nok den største. Heimelaget har hatt betre kontroll enn Sogndal, som ikkje har klart å få til spesielt mykje.
    Skaanes varmar opp i pausen, og mykje tyder på at han skal inn for Sogndal. Det same gjeld Hagen.
    2. omgang
    45'+1
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Kasper Skaanes
    Ut: Kristoffer Steinset
    45'+1
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Vegard Hagen
    Ut: Óskar Borgthórsson
    45'+1
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Martin Sjølstad
    Ut: Ronney Onyango
    45'+1
    Pimenta gjer tre endringar i pausen. Det er tydeleg at han ikkje er nøgd med det han har sett so langt.
    45'+1
    Heimelaget får ein corner tidleg i omgangen.
    45'+1
    Sandviken får tildelt et hjørnespark
    Sebastian Skåre
    Jendal slår ballen vekk.
    45'+1
    Sandviken får tildelt et frispark
    Thorvald Sverdrup Trætteberg
    Frispark langt nede i bana.
    48'
    Sandviken får tildelt et frispark
    Thomas Lotsberg
    Tek frisparket kjapt.
    48'
    Nundal lobbar ein ball mot Pedersen. Han headar ballen inn igjen i bana etter at den har vore ute, og det blir dømt utspel for keeper.
    50'
    Tabbe i forsvaret til Sandviken. Ballen går til Skaanes, men han blir blokkert før han får avslutta. Sogndal har mykje høgare intensitet no enn dei hadde før pause.
    52'
    Hagen slår ballen inn til Skaanes som igjen prøver å slå inn til ein av spissane. Ballen blir akkurat blokkert før det blir farleg.
    54'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Martin Høyland
    Vender spelet ut mot venstre.
    54'
    Pedersen skaffar ein corner for Sogndal.
    55'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Lukass Vapne
    Kort variant før Vapne slår inn. Bergsvik mistar ballen, men dei klarar å slå den vekk til slutt.
    55'
    Mål for Sogndal!
    Sandviken 0 - 1 Sogndal
    Kasper Skaanes avatar
    Mål: Kasper Skaanes
    Målgivende: Lukass Vapne
    Skaanes fiksar det første målet heilt åleine! Han får ballen ute til venstre, og spring heilt inn til keeper. Når keeper kjem mot han går han for ein chip som går rett inn i målet. Godt gjort av spelaren som kom inn til pause.
    57'
    Skaanes kjenner på noko etter scoringa, og får litt behandling.
    58'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Erik Flataker
    Ut: Kasper Skaanes
    58'
    Tungt for Sogndal at Skaanes må ut. Han skapte meir på dei 12 minutta han spelte i dag enn dei andre klarte å gjere før pause.
    60'
    Kampbiletet har snudd etter pausen. Sogndal har mykje meir kontroll over kampen.
    62'
    Sjølstad dreg seg framover ute til venstre. Dei klarar ikkje å utnytte overtalet dei skapte, og ballen ender i hendene til Bergsvik.
    65'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Lars Jendal
    Ber om å få ta frisparket for å roe ned spelet. Bruker tid før han slår langt.
    66'
    Sogndal blir avblåst for offside
    Joakim Nundal
    Står i offside når Jendal slår eit langt frispark.
    67'
    Spillerbytte - Sandviken
    Inn: Oscar Bakke Hodne
    Ut: Markus Helland Tislevoll
    68'
    Spillerbytte - Sandviken
    Inn: Andreas Velle Waraas
    Ut: Sondre Muren Gjerdsbakk
    68'
    Spillerbytte - Sandviken
    Inn: Sindre Lie
    Ut: Kristoffer Røttingen
    68'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Oliver Hintsa
    Ut: Joakim Nundal
    70'
    Hagen prøver seg frå distanse. Avslutninga treff ein motspelar, og går ut til corner.
    72'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Martin Sjølstad
    Blir eit frispark i boksen etter eit akrobatisk forsøk frå Pedersen.
    72'
    Sandviken får tildelt et frispark
    Aksel Bergsvik
    Speler ut til Bruun-Hanssen.
    73'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Martin Sjølstad
    Sjølstad slår langt inn i boksen, men heimelaget vinn duellen.
    73'
    Tida renn ut for Sandviken som slit med å skape store sjansar etter pausen.
    74'
    Gult kort til Sandviken
    Casper Thorsen
    Går hardt inn i Sjølstad. Han er ikkje einig med dommaren.
    76'
    Sogndal får tildelt et frispark
    Martin Sjølstad
    Frekk variant. Bergsvik må slå ballen ut til corner.
    77'
    Gult kort til Sandviken
    Kristoffer Røttingen
    Får gult kort etter å ha kjefta frå benken.
    76'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Lukass Vapne
    77'
    Mål for Sogndal!
    Sandviken 0 - 2 Sogndal
    Mål: Sander Granheim
    Målgivende: Jamal Deen Haruna
    Stopparane doblar for Sogndal! Haruna får ballen ute til høgre etter ein corner, og slår inn mot Granheim. Strålande innlegg og heading frå stopparparet. Då bør dei ha avgjort kampen.
    78'
    Mål for Sogndal!
    Sandviken 0 - 3 Sogndal
    Oliver Hintsa avatar
    Mål: Oliver Hintsa
    Målgivende: Sebastian Pedersen
    No skjer det mykje på kort tid for Sogndal! Dei går rett i angrep etter avspark, og Pedersen speler ballen gjennom til Hintsa i bakrom. Han sender ballen inn bak Bergsvik, og det står 0-3 på Stemmemyren.
    79'
    Thorsen kjem seg inn i boksen, og prøver å avslutte i lengste stolpe. Ballen går utanfor.
    81'
    Sandviken får tildelt et hjørnespark
    Sebastian Skåre
    Vapne headar ballen vekk.
    82'
    Endringane som Pimenta gjorde i pausen har endra kampen mykje. Nivåforskjellen mellom laga har vist seg i den andre omgangen.
    83'
    Blir skummelt på eit langt innkast frå Sandviken. Bruun-Hanssen headar ballen vidare inn i boksen, og ballen snik seg utanfor stolpen. Dei lange innkasta til Sandviken blir farlege.
    86'
    Pedersen prøver på ei blanding av ei avslutning og eit innlegg. Ballen går nesten til Hagen, men han rekk ikkje fram til den.
    89'
    Mål for Sogndal!
    Sandviken 0 - 4 Sogndal
    Oliver Hintsa avatar
    Mål: Oliver Hintsa
    Målgivende: Diogo Brás
    Hintsa rekk endå eit mål før kampen er ferdig. Hagen slår gjennom til Bras som slår inn til Hintsa. Svensken gjer eit godt løp, og headar ballen inn i målet.
    90'+2
    Pedersen snur seg, og prøver å avslutte samtidig. Ballen går utanfor stolpen. Sogndal dominerer fullstendig.
    90'+3
    Kampen er slutt
    90'+4
    Rødt kort til Sandviken
    Sebastian Skåre
    Skåre Tune får direkte raudt kort rett etter kampslutt! Han dyttar ein motspelar i frustrasjon rett etter at dommaren bles av kampen.
    94'
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her