Velkommen til livedekning av den viktige botnkampen Sogndal - Aalesund frå Fosshaugane Campus!
Gjestene frå Ålesund har ikkje vist si beste form i det siste. Sidan 2.juli har laget berre eit poeng og 4-13 i målskilnad. Medan gjestene har slitt, har Sogndal funne formen etter ein treg sesongstart. Laget har ikkje tapt på fire kampar, og imponerte i førre runde med 3-0 over Lillestrøm på Åråsen.
Ole Jørgen Halvorsen er Sogndal sin toppscorar med seks mål. Hos Aalesund er Demar Phillips mestscorande, med sine fem nettkjenningar.
Aalesund har tradisjonelt eit godt tak på vertane. Sogndal har faktisk ikkje vunne ein obligatorisk kamp mot orangetrøyene sidan 1996. I vår vart det 1-0 til AaFK på Color Line stadion, etter at Fredrik Ulvestad vart matchvinnar like før full tid. I 2008 møttest laga i kvalifiseringsspel til Tippeligaen. Det enda med 2-7 samanlagt til helgas gjester.
Sogndal har henta inn to nye spelarar som kan få sin debut mot AaFK. Taijo Teniste kjem på lån frå den estiske klubben Levadia Talinn, medan Ruben Holsæter kom frå Førde i august. Han var innbytar mot LSK, men kom ikkje på bana den gongen.
Då er laga i full gang med oppvarming. Publikum strøymer til Fosshaugane og det er snart klart for folkefest i Sogndal!
Spelarane på veg ut på bana!
Fotballpresident Yngve Hallen er på plass, saman med over 4000 andre tilskodarar.
Kampen har startet
AaFK tek avspark.
1'
Larsen med pasning opp mot Post, men Sogndal får innkast.
1'
Larsen driv framover på nytt, og prøver å finne Sellin på høgrekanten. Pasningen blir for hard.
2'
Stor sjanse til AaFK! Matland slår inn frå venstrekanten, men verken Post eller Sellin når fram på innlegget. Ballen går gjennom heile forsvaret, og til utpspel frå Udjus.
3'
Solheim med svakt tilbakespel mot Udjus, og Post er nære med å snappe opp ballen. Keeper får kontroll.
4'
Kraftig regn på Fosshaugane no. Fleire av spelarane slit med underlaget.
5'
Sogndal med fint angrep. Hovland slår langt mot Hansen som legg inn i feltet. Der kjem Halvorsen, men får ikkje skikkeleg treff på avslutninga.
6'
Aalesund er det førande laget dei første minutta.
7'
Hopen med bra driv framover og AaFK-forsvaret fryktar at ungguten skal lade skotfoten. Det gjer han ikkje, men prøver å finne Bakke på løp. Grytebust snappar opp.
9'
Orry Larsen testar skotfoten. Via eit Sogndal-bein og til corner.
12'
Aalesund får tildelt et hjørnespark
Fin sjanse for AaFK etter corner frå Matland. Sogndal sin Elvis er først på ballen, og den stryk stolpen! Nesten sjølvmål av ivorianaren. Ny corner.
12'
Aalesund får tildelt et hjørnespark
Sogndal får kontroll.
13'
Frispark til gjestene etter at Hansen og Furebotn begge er for ivrige inne i feltet.
15'
Flo prøver å finne Elvis på løp, men ballen skyt ekstra fart på det våte underlaget. Utpsel frå Grytebust.
16'
Heimelaget betre med no, sjølv om Hovland leverer ein sjeldan feilpasning mot Halvorsen.
18'
Barrantes skyt frå eigen banehalvdel og Udjus må gi til corner! Godt og frekt forsøk!
19'
Aalesund får tildelt et hjørnespark
Enar Jääger
Heimelaget får rydda unna.
20'
AaFK får frispark ved hjørneflagget. Jââger slår inn mot Post. Får corner.
21'
Aalesund får tildelt et hjørnespark
Keeper boksar ut.
22'
Flo går framover frå sin midtstoppar-posisjon. Prøver å finne Furebotn, men pasningen blir for hard.
22'
Mykje lange ballar hos begge lag. Vanskeleg å spele fin fotball langs bakken.
25'
Hopen med frispark frå 40 meter.
25'
Hopen slår frisparket inn i feltet. Halvorsen får ballen, vender og skyt. Over!
26'
Gult kort til Sogndal
Cato Hansen
Takling på kanten...
27'
Stormen frå Ålesund har vore ivrige på tribunen til no i kampen. Fin steming!
30'
Elvis med frekk ball mot Halvorsen, men Grytebust kontrollerer ut til utspark frå eige mål.
32'
Nordfjordingen Orry Larsen er tilbake i heimfylket. Han er sentral på gjestene si midtbane. Absolutt ein mann Sogndal bør ha på si liste over aktuelle spelarar!
33'
Fint Sogndal-angrep. Solheim slår inn mot Hansen, men Jââger er først på ballen og gir til corner.
34'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Keeper boksar ut.
35'
Hovland tek med seg ballen framover og spelar vegg med Elvis. Midtstopparen er litt uheldig med touchen, og ballen trillar inn til Grytebust. Får likevel applaus for godt iniativ!
37'
Sogndal har ikkje hatt eit einaste skot på mål til no i denne omgangen.
39'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Ballen går ut til Hopen som klinkar til! Rett på keeper!
41'
Hopen ivrig med taklingane i dag. Også denne gongen får han frispark imot seg.
42'
Eit stort sukk går gjennom publikum etter at Start har utlikna mot Vålerenga.
45'
Det er lagt til minimum eit minutt.
45'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Ørjan Hopen
AaFK får kontroll.
45'
Pause
45'+1
Laga går til pause på 0-0. Det har vore ein jamn første omgang, med få sjansar til begge lag. Den andre omgangen blir likevel svært spennande, så det er god grunn til å følgje med!
Laga klare til andre omgang.
2. omgang
45'
Spillerbytte - Aalesund
Inn: Solomon Okoronkwo
Ut: Kjell Rune Sellin
46'
Hansen får sjansen like utanfor sekstenmeteren. Skotet går ti meter over!
46'
Hovland går med ballen frå eigen banehalvdel. Han skyt frå 20 meter - utanfor!
47'
Lang ball mot Post som er på feil side av forsvarsrekkja. Offside.
49'
Grytebust med svakt utspel, som går til Sogndal-innkast på midtstreken.
50'
Hansen utfordrar AaFK-forsvaret og får corner.
51'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Lang ball mot Solheim som ikkje får avslutta skikkeleg.
51'
Elvis får frispark i duell mot Orry Larsen. Nordfjordingen tek likevel med seg ballen, og får advarsel av dommaren.
53'
Gult kort til Aalesund
Advarsel etter at han tek med seg ballen etter Sogndal-frispark.
53'
Kjempesjanse for AaFK! Okoronkwo lurer Hovland og legg inn mot Post. Der kjem Scheel med ein lang fot, og får avklart. Der var det nære 0-1!
54'
Hansen jobbar godt og får frispark ved hjørneflagget. Halvorsen skal slå inn.
57'
Han slår frisparket inn i feltet. Der er Post og stangar ballen ut.
57'
Arnefjord med nokre svenske gloser i retning Post. Spissen går i offside.
59'
Hansen ligg nede for telling. Strekk på baksida av låret.
60'
Spillerbytte - Aalesund
Inn: Fredrik Ulvestad
Ut: Fredrik Carlsen
60'
Spillerbytte - Sogndal
Inn: Tonny Brochmann
Ut: Cato Hansen
60'
Fin Sogndal-overgang, men pasningen frå Furebotn mot Elvis blir snappa opp.
63'
Aalesund får tildelt et hjørnespark
Rett i nettveggen.
64'
Danske Brochmann viser seg fram. Får ballen på 25 meter og klinkar til. Like utanfor!
64'
Barrantes viser fram sin teknikk på midten, men ballen går i feil retning. Gjestene må framover om det skal bli tre poeng frå Fosshaugane.
67'
Halvorsen får ballen og Hopen vil ha ballen i midten. Det får han ikkje, og pasningen mot Bakke inne i feltet blir for hard.
69'
Frustrajon i Sogndal-laget no. Veit at dei helst bør vinne slike kampar.
70'
Sogndal frispark 30 meter frå mål. Hopen står klar..
72'
Han slår frisparket inn i feltet, men klarar ikkje å løfte ballen skikkeleg. AaFK avklarar.
72'
Lite som skjer på Fosshaugane no.
73'
Langt frispark frå Hovland inn i feltet. Gjestene avklarar til innkast.
74'
12 av Sogndal sine 17 mål har blitt scora i det siste kvarteret av omgangane. Skjer det i dag også?
77'
Stormen har også stilna på Fosshaugane. Lite trøkk i supporterane frå Ålesund no.
79'
Hovland går i kroppen på Post og vinn luftduellen. Får applaus.
80'
Spillerbytte - Sogndal
Inn: Ulrik Flo
Ut: Eirik Bakke
81'
Hovland tek over kapteinsbindet.
81'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Ørjan Hopen
Stor Sogndal-sjanse! Hopen slår ein god corner, og Scheel er først på ballen. Avslutninga stryk stolpen!
82'
Heimelaget jaktar 1-0 no!
83'
Brochmann prøver å gå gjennom AaFK-forsvaret, men blir stoppa.
84'
4831 tilskodarar ser kampen. Årsbeste!
85'
Hopen får sjansen frå 25 meter, men skotet blir blokkert!
86'
Furebotn slår inn i feltet, men Halvorsen får ikkje panna på ballen.
87'
Det går mot 0-0 og poengdeling på Fosshaugane.
87'
Hopen med fin pasning mot Halvorsen som tek ballen ned på kassa. Grytebust let seg ikkje lure og er på hugget.
89'
Spillerbytte - Aalesund
Inn: Edvard Skagestad
Ut: Michael Barrantes
89'
Det er lagt til tre minutt.
90'
Spillerbytte - Sogndal
Inn: Taijo Teniste
Ut: Ole Jørgen Halvorsen
90'
AaFK med ballen no på eigen halvdel.
90'+2
Kampen er slutt
90'+3
Det vart 0-0 på Fosshaugane. Sjansefattig kamp der ingen av laga klarte å produsere dei heilt store sjansane. Begge lag hadde likevel sine få moglegheiter, men ingen fann vegen til nettmaskene. Ettersom både Start tapte sin kamp i Oslo er det no sju poeng ned til nedrykk for Sogndal. Takk for i kveld!