0-1
0-2
Flo61'
1-2
1-3

Ble dekket av NTBNTB

    Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Sogndal - Fredrikstad!
    Dette er første kamp på det nye kunstgraset på Campus. Det er venta mange tilskodarar på fredagens kamp, då dette oppgjeret går samstundes som Lerum Cup i bygda.
    Sogndal er nummer ni på tabellen, med 3-5-4 og 12-15 i målskilnad etter dei første 12 kampane. Gjestene kan berre vise til 2-3-7 og 18-20, og dermed under streken før helgas serierunde.
    Tarik Elyounoussi er toppscorar for Fredrikstad med fem mål. Hos Sogndal har både Ulrik Flo og Tonny Brochmann funne vegen til nettmaskene tre gonger denne sesongen.
    FFK-spelar Ole Jørgen Halvorsen er tilbake i saftbygda, der han spelte tre sesongar. I fjor vart han mellom anna lagets toppscorar, med seks mål.
    Om du har innspel, tips eller spørsmål - så er Twitter møteplassen. Der treff du meg på @AsgeirArdal
    Vi kjem tilbake med meir informasjon om kveldens kamp når det nærmar seg avspark på Fosshaugane.
    Sogndal har gjort ei endring på laget som spelte 2-2 mot Aalesund sist kamp. Bakke går inn for Badji.
    Laga er i garderoben, og dei gjere no sine siste førebuingar før kampstart.
    Publikum reiser seg, og tek imot dei to laga!
    Kampen har startet
    Sogndal tek avspark.
    1'
    FFK opnar bra dei første minutta. Valsvik må gi til innkast.
    3'
    Langt innkast, og Valsvik bommar på ballen. Ruud Tveter får ikkje skikkeleg treff, og Udjus får kontroll.
    4'
    Bakke legg Tarik i bakken. Frispark til FFK, ved Halvorsen.
    4'
    Sogndal avklarar, og stormar rett i angrep.
    4'
    Mane dreg seg inn i feltet og skyt. Skotet blir blokkert, og ballen går ut til innkast til vertane.
    5'
    Nytt innkast nede ved hjørneflagget. Teniste kastar langt inn, men FFK-forsvaret får kontroll.
    7'
    Fredrikstad får tildelt et hjørnespark
    Svak corner, som Furebton avklarar på første stolpe.
    7'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Per Egil Flo avatarPer Egil Flo
    Flo nikkar utanfor.
    9'
    Kampens første sjanse! Tarik stormar framover og slår inn i feltet. Ruud Tveter avsluttar med pannebrasken. Like utanfor!
    11'
    Tydeleg å sjå at FFK har kome til Fosshaugane for å jakte alle tre poenga. Heilt open kamp etter dei første ti minutta.
    12'
    Bra med tilskodarar på tribunen. Det er berre bak målet til Udjus på bortefeltet at det er mange ledige plassar.
    13'
    Tarik utfordrar og finn Halvorsen på høgrekanten. Han legg inn - rett i klypene til keeper Udjus.
    15'
    Mane testar skotfoten frå 25 meter. Over!
    16'
    Langt innkast, og Brochmann får sjansen på volley frå ti meter. Han skyt, men skotet blir blokkert!
    19'
    Lang ball mot Halvorsen, men berre godt stopparspel av Valsvik hindar scoring. FFK nære der.
    19'
    Flo blir hindra, og slår ein feilpasning i neste trekk. Dommar Berntsen viser at han har mange år på dette nivået, og gir heimelaget frispark.
    21'
    Langt FFK-innkast, og Sogndal avklarar. Der er Halvorsen i returrommet. Han bankar ballen - like over!
    23'
    Tarik i løpsduell mot Patronen, men den finske midtstopparen får avklart til innkast. Heimepublikum gir applaus.
    25'
    Mål for Fredrikstad!
    Sogndal 0 - 1 Fredrikstad
    Mål: Khalifa Jabbie
    Langt innkast, som Sogndal avklarar ut i returrommet. Der står Jabbie på 20 meter og bankar ballen i det lengste hjørnet, bak Sogndal-keeper Udjus! 0-1 på Fosshaugane!
    26'
    Frispark til Sogndal i god posisjon. Flo og Furebotn står ved ballen.
    27'
    Flo slår inn, men FFK-forsvaret avklarar.
    28'
    Ikkje noko å sei på at FFK tek leiinga i denne kampen. Laget har hatt dei største sjansane, sjølv om kampen er relativt jamnspelt.
    28'
    Lang ball i retning Tarik, men Valsvik nikkar tilbake til eigen keeper.
    29'
    Brochmann slår inn mot Bakke i feltet, som hoppar over ballen. Dermed overtek FFK.
    30'
    Fredrikstad får tildelt et hjørnespark
    30'
    Mål for Fredrikstad!
    Sogndal 0 - 2 Fredrikstad
    Alexander Ruud Tveter avatar
    Mål: Alexander Ruud Tveter
    Målgivende: Jørgen Horn
    Lang corner inn i feltet. Først reddar Furebotn på strek, før Ruud Tveter skyt knallhardt i mål frå seks meter!
    30'
    I løpet av fire minutt har FFK sett ein skikkeleg trøkk i dei rundt 4000 tilskodarane på tribunen. Kjem Sogndal tilbake no?
    32'
    Mane legg inn og Furebotn skyt frå åtte meter. Utanfor!
    34'
    Horn fekk seg ein trøkk (les: kutt i panna), og får hjelp på sidelinja.
    35'
    Bakke prøver å finne Flo på løp, men pasningen blir for hard. Publikum fortviler!
    37'
    Midtstoppar Horn er tilbake på bana.
    37'
    Teniste går ned for telling. Stans i spelet.
    38'
    Denne gongen er det Teniste som fekk eit kutt i panna, og backen går rett i garderoben for å sy.
    39'
    Valsvik for tøff i kroppen på Halvorsen og FFK får frispark nede ved hjørneflagget. Tarik gjere seg klar.
    40'
    Han slår inn i feltet, og Bakke bommar på ballen i det han skal avklare. Heldigvis for Sogndal får dei kontroll.
    42'
    Det vil seg ikkje for Sogndal i dag. Klarar ikkje å skape dei heilt store målsjansane.
    43'
    Mane går og går med ballen - heilt over dødlinja. Utspark frå Knudsen og FKK.
    43'
    Teniste er ferdig med å sy, og får applaus i det han entrar bana igjen. Det tok fem minutt!
    44'
    Kaptein Bakke har ikkje klart å tatt tak i sitt Sogndal-mannskap. Blir det endringar i pausen?
    45'
    Det er lagt til minimum to minutt.
    45'+1
    Stor sjanse for Sogndal! Langt innkast, og Brochmann får sjansen på heil volley frå kort hald. Han brenn til - over!
    45'+3
    Pause
    45'+3
    Då går laga til pause på 0-2. FFK har vore effektive, og scora to mål som begge har kome etter avklaringar frå Sogndal-forsvaret. Sogndal har hatt eit par sjansar, og aller nærmar var nok Brochmann på overtid. Skal det bli poeng for heimelaget i kveld må laget opp fleire hakk dei siste 45 minutta.
    2. omgang
    45'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Ørjan Hopen
    Ut: Taijo Teniste
    46'
    Jabbie skyt frå 20 meter - Udjus reddar meisterleg!
    47'
    Fredrikstad får tildelt et hjørnespark
    Furebotn avklarar.
    47'
    Tarik går i bakken, og gjestene får frispark.
    49'
    FFK leikar seg med Sogndal-forsvaret no. Tarik stormar framover, og legg tilbake til Ruud Tveter. Han får akkuret ikkje avslutta.
    51'
    Hopen klinkar til frå 30 meter - rett i Martinsen. Det skotet var knallhardt!
    52'
    Innlegg frå kanten, og Hopen får sjansen frå 12 meter. Skotet med høgrefoten utanfor!
    53'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Tonny Brochmann avatarTonny Brochmann
    Corner inn i feltet, og Bakke avsluttar i tverrliggjaren! Stor sjanse for Sogndal der!
    53'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Tonny Brochmann avatarTonny Brochmann
    Ny corner.
    54'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ørjan Hopen
    Blir avklart på første stolpe - til innkast.
    54'
    Eit heilt anna Sogndal-lag på bana etter pause, og heimelaget jaktar redusering!
    55'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Tonny Brochmann avatarTonny Brochmann
    Lang corner, og Hopen legg inn att i feltet. Får innkast.
    55'
    Sogndal med ein corner i løpet av dei første 45 minutta. No har dei hatt fire på tre minutt.
    57'
    Hopen til Flo som legg inn i feltet. Der er Knudsen på rett plass. Keepermat.
    58'
    Lang ball mot Flo som legg tilbake til Mane. Han skyt, men skotet blir blokkert.
    59'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 1 - 2 Fredrikstad
    Ulrik Flo avatar
    Mål: Ulrik Flo
    Målgivende: Kenneth Udjus
    Langt utspel frå keeper Udjus, og ballen går over heile FFK-forsvaret. Ballen sprett i bakken og Flo nikkar den i ein bue over keeper og i mål! 1-2 og ny spenning i kampen!
    61'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ørjan Hopen
    Knudsen boksar til ny corner!
    62'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Tonny Brochmann avatarTonny Brochmann
    Lang corner, og Brochmann får ballen tilbake. Han skyt - rett på Knudsen!
    63'
    Enormt Sogndal-press no, og FFK har meir enn nok med å forsvare seg. Her luktar det fleire mål!
    64'
    Keeper Knudsen brukar lang tid på utspel no. Får nokre sognagloser i retur frå publikum.
    67'
    Skaasheim legg Rafn i bakken like utanfor sekstenmeteren. God posisjon for FFK og Halvorsen!
    68'
    Han skyt hardt - rett på keeper!
    69'
    Hopen har vore frisk etter at han kom inn ved pause.
    69'
    Skaasheim skyt får kanten av sekstenmeteren. Like utanfor krysset til Knudsen! Godt forsøk av 19-åringen.
    71'
    Fint angrep av FFK, men innlegget frå høgre går over mål.
    72'
    Spillerbytte - Fredrikstad
    Inn: Thomas Holm
    Ut: Alexander Ruud Tveter
    72'
    Gult kort til Sogndal
    Ørjan Hopen
    For tøff i duell mot Ramberg.
    74'
    Bakke er sliten no, og om trenar Olsson ser det same som underteikna er han snart å finne på benken.
    77'
    Hopen skyt frå 35 meter. Over!
    78'
    Herleg gjennomspel frå Tarik mot Holm som skyt - rett på Udjus!
    79'
    Fredrikstad får tildelt et hjørnespark
    Ole Jørgen Halvorsen avatarOle Jørgen Halvorsen
    Heimelaget avklarar.
    79'
    T.A.Flo skal inn for Sogndal no.
    80'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Tore André Flo
    Ut: Eirik Bakke
    Flo kjem inn og tek over kapteinsbindet. Får stor applaus!
    82'
    Spillerbytte - Fredrikstad
    Inn: Alex Valencia
    Ut: Simen Rafn
    83'
    5037 tilskodarar ser kampen.
    85'
    Mål for Fredrikstad!
    Sogndal 1 - 3 Fredrikstad
    Ole Jørgen Halvorsen avatar
    Mål: Ole Jørgen Halvorsen
    Målgivende: Alex Valencia
    Der er kampen avgjort! Halvorsen skrur ballen frå 20 meter - rundt Udjus og i mål! Lekkert, OJ!
    85'
    Lite jubelscener å spore frå Halvorsen der. Det var nok ei spesiell kjensle å senke gamleklubben på denne måten!
    87'
    Publikum reiser frå stadion.
    88'
    Gult kort til Fredrikstad
    90'
    Frispark til Sogndal ved Hopen. Han slår inn i feltet, men Flo avsluttar over.
    90'
    Det er lagt til tre minutt.
    90'+1
    Lite som skjer dei siste minutta her no. Kampen er avgjort!
    90'+2
    Kampen er slutt
    90'+4
    Då er kampen slutt, og FFK vinn fortent 3-1 over Sogndal!
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her