Hei og velkomne til livedekning frå Fosshaugane Campus og den 3.runden i årets Noregsmeisterskap.
Hønefoss vitjar i dag Sogndal for andre gong denne sesongen og har planar om å snu førre kamps 2-1 tap i til siger og avansement i Noregsmeisterskapet. Så får vi sjå om heimelaget som er ubesigra sidan 30.april vil la hønefossingane få denne sjansen.
Sist møte mellom desse laga her i Sogndal var den 19. april og etter at Hønefoss tok leiinga etter berre fem minutt kom Sogndal tilbake og vann 2-1 etter to mål av Kristian Fardal Opseth. Vinnarmålet var eit minneverdig mål frå 60 meter.
I serierunden i helga vann Sogndal 3-0 heime mot eit tamt fredrikstadlag, mens Hønefoss måtte ta til takke med 2-2 heime mot Ranheim etter at bortelaget fekk ei sein redusering.
Hønefoss har allereie dagen før kamp lagt ut startoppstillinga si på si heimeside og visst det ikkje skjer noko uforusett på vegen over fjellet så vil dette være laget dei stiller med i kveld: Tarjei Aase Omenås, Abdoulaye Seck, Sigurd Svendsen, Kristoffer Hay, Miguel Macardo Hamutenya, Morten Hæstad, Andrija Kaludjerovic, Martin Thomassen, Kujtim Ismajli, Malick Mane, Ole Petter Berget. Mange nye andlete her i forhold til kampen mot Ranheim så heilt klart at Skarsfjord ikkje priorietar cupen så høgt.
På benken vil desse sitje: ?ukasz Jarosi?ski, Ibrahima Dramé, Christian Aas, Kevin Beugre, Daniel Østebø, Christian Mørck Vad og Kreshnik Krasniqi. 14 år gamle Krasniqi får altså i dag og ein plass på benken og det vert spennande å sjå om supertalentet får nokre minutt på bana.
For Sogndal veit vi endå ikkje kven Eirik Bakke vil velje ut, men den ferske trenaren brukar vanlegvis å rotere litt frå kamp til kamp og spesielt no når kampane kjem litt tett. Derimot så har Bakke og kjørt ganske like startoppstillingar på bortebane og heimebane, så om det blir dei same 11 som starta no sist søndag får vi får vente til ca. kl. 1700 med å sjå. Då er vi tilbake med startoppstillingane og litt statistikk laga mellom. Vel møtt!
Og der fekk vi troppen til Sogndal og. Mathias Dyngeland, Stefan Hagerup, Taijo Teniste, Eirik Skaasheim, Victor Grodås, Hannu Patronen, Christophe Psyché, Bjørn Inge Utvik, Babacar Sarr, Petter Strand, Rune Bolseth, Jim Johansen, Kristian Fardal Opseth, Ulrik Flo, Lars Christian Kjemhus, Simen Brekkhus, Fredrik Flo, Mahatma Otoo.
Frå kampen mot Fredrikstad er både Dyngeland, Fredrik Flo og ikkje minst Fardal Opseth nye namn på blokka. Sistnemnte kanskje klar for å gjenta 60-metersmålet frå sist kamp mot Hønefoss? Vi får sjå kl. 1800.
Då har vi fått laga klare og vi ser at Sogndal har nokre endringar frå helgas kamp, mens for Hønefoss er det som sagt store utskiftingar.
i fylgje statistikkane våre har Hønefoss aldri vunne ein kamp mot Sogndal i Sogndal. I 2008 vann laget frå Buskerud 1-0, men dette var i ein treningskamp. Difor får vi sjå om den fyrste offisielle sigeren kan komme i dag.
Norsk Tipping har derimot lite tru på dette då dei gjev 6.50 i odds på bortesiger, mens berre 1.35 på at Sogndal tek seg til 4.runde i cupen.
Vinn Sogndal denne kampen så vil det være deira sjuande siger på rad i cup og seriespel.
Straks klart for kamp her frå Fosshaugane Campus. Det er kaldt og det blæs. Heilt rett å fylgje denne kampen frå livesenteret. Ikkje kjekt på stadion!
Kampen har startet
Hønefoss med avspark.
1'
Hønefoss med feipasning og ballen til Sogndal som gjer det same. Fin start her på Fosshaugane.
1'
Otoo med kampens fyrste avslutning. Skyt over frå 16 meter.
2'
Hønefoss kanskje meir i ein 4-3-3 eller 4-5-1. Hæstad, Kaluderovic og Thomassen sentralt på midten. Berget og Isjmaili på kantane og Mane lengst framme.
3'
Frispark til Sogndal ti meter inne på Hønefoss sin banehalvdel.
4'
Slått hardt inni feltet der Sarr headar utafor.
5'
Det bles godt i Sogndal, men vinden kjem frå alle kantar så vanskeleg å seie kven som har fordel av den. Akkurat no har Sogndal ein ganske god medvind.
7'
Jamnt så langt. Hønefoss jobbar godt og forstyrrar Sogndal såpass i det oppbyggande spelet at serieleiaren i 1.divisjon ikkje får til så mykje.
8'
Lang ball opp på Mane som er i offside.
9'
Igjen ball på Mane i bakrommet, men Psyche kjem framfor han og får heada ballen tilbake til Hagerup.
10'
Hønefoss trillar ball, men kjem ikkje meir enn nokre meter inn på Sogndal sin banehalvdel før dei mistar den.
11'
Sarr vinn alt i lufta sentral på midten. Kanskje ikkje så rart då Hønefoss sine midtbanespelarar ikkje ruvar i landskapet.
13'
Så langt ein meget dårlig cupkamp her frå Fosshaugane. Det meste av spelet har foregått frå den eine 16-meteren til den andre.
14'
Frispark til Sogndal ca. 35 meter frå Hønefoss sitt mål. Litt ute på kanten.
15'
Jim Johansen med innsvingar, men over alle og ut til 5-meter for Omenås.
15'
Hønefoss kjempar seg framover og vinn eit innkast på høgd med Sogndal sin 16-meter.
17'
Tek eit kort kast og det heile endar i 5-meter for Sogndal si solide sisteskanse Hagerup.
17'
Eitt baklengsmål er fasiten for Hagerup som kom til Sogndal frå Fyllingsdalen for fem kampar sidan.
18'
Kampens største sjanse! Den går til Sogndal. Hagerup dunkar ballen opp og med god medvind går ballen over Seck. Dette oppdagar Flo som er nesten på blank kasse, men vel å avslutte på direktene og skotet frå rett på Omenås.
20'
Så er Otoo kjapt frampå i boksen. Snappar opp ballen og avsluttar, men Omenås får til ein beinparade og Sogndal vinn ein corner.
22'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Jim Johansen
23'
Ny stor sjanse til Sogndal på corneren då Otoo får tak i ballen og frå fem meter set han ballen forbi Omenås. Dessverre for ghanesaren klarar ein hønefosspelar å redde på strek. Såg ikkje heilt kven denne spelaren var.
24'
Sogndal har gira opp eit hakk her no. Hønefoss slit med å komme seg over midten, men vann no eit frispark ti meter inne på Sogndal sin banehalvdel etter at ein sogndalforsvarar var for tøff i duellen med Mane.
25'
Tek frisparket kort og rotar vekk ballen.
25'
Hæstad vinn ein hovudduell mot Sarr. Sterkt av Hæstad som er 20cm mindre.
27'
Hønefoss frampå, men innlegget frå Berget er elendig og Sarr snappar ballen. Må få meir kvalitet i det dei gjer framover Hønefoss viss dei skal ha nokon sjans fordi det er Sogndal som styrer kampen.
30'
Hønefoss klarar å opprettholde eit lite press på Sogndal no.
31'
Mane tvingar fram ein corner.
31'
Hønefoss får tildelt et hjørnespark
Seck er høgast, men klarar ikkje å styre headinga på mål.
31'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Jim Johansen
Ny corner.
34'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Jim Johansen
Over alle og ut til 5-meter.
35'
Mykje upresist frå Hønefoss. Heilt klart at desse spelarane ikkje er heilt vane med å spele kamp i lag.
36'
Ikkje det at Sogndal har vore så presise heller og dei stiller med tilnerma 1.lag.
38'
Mane i offside igjen.
40'
Hønefoss ligg veldig djupt no. 15 meter inn på eigen halvdel. Veldig vanskeleg for Sogndal å fine rom.
42'
Frispark til Sogndal på ca. 25 meter.
43'
Strand med skot rett på Omenås. Der burde kanskje nokon sogndalspelarar vore inne å forstyrra. Slapt av Sogndal.
44'
Fint oppbygd angrep av Sogndal, men Teniste sitt innlegg går bak mål.
44'
Offside på Mane. Igjen!
45'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Over alle og ut.
45'
Pause
45'+1
Ganske kjedeleg omgang her frå Fosshaugane. Hønefoss har ingen skudd på mål, mens Sogndal hadde to gode sjansar midtvegs i omgangen. Ellers var det relativt tamt i begge endar.
Trenar Bakke tek grep etter ein dårleg 1.omgang.
2. omgang
45'
Spillerbytte - Sogndal
Inn: Victor Grodås
Ut: Eirik Skaasheim
46'
Spillerbytte - Sogndal
Inn: Rune Bolseth
Ut: Ulrik Flo
46'
Sogndal med avspark.
46'
Seck klarerar til corner etter innlegg frå Johansen.
46'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Victor Grodås
Ny corner.
46'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Victor Grodås
Jim Johansne avsluttar utafor.
47'
Sogndal med mykje høgare press i denne omgangen.
48'
Øivind Kristiansen har spurt oss på twitter om det er publikumsbonanza på Fosshaugane i dag. Han har kanskje fått med seg på tv at den eine langssida er tom, men vi kan melde til unge Kristiansen at det på motsatt side er godt med folk. Akkurat kor mange veit vi diverre ikkje endå, men alle under 16 år slapp gratis inn så kanskje ikkje det betalande tilskodartalet er så høgt.
50'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Victor Grodås
Over alle, men Sogndal vinn eit kast.
50'
Endar i slutt i innkast til Hønefoss.
52'
Mane sin fyrste offside i denne omgangen. Han ligg på skjemaet sitt til fem offside per omgang.
53'
Sogndal sin keeperhelt frå forrige cupkamp, Håvard Mjelleli, har i dag tatt plass på pressetribuna. Spørs om Mjelleli kan skryta over clean-sheet i 'alle' cupkampane i årets sesong.
55'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Utvik i duell med keeper og til slutt får Grodås sjansen frå ti meter. Skyt ti meter over, men treff ein måse. Trur måsen overlevde.
56'
Utvik vert liggande etter duellen, men er oppe igjen no.
58'
Spørs om Sogndal må sette inn sin nye goalgetter Patronen viss dei skal få hol på byllen. Midtstopparen har tre mål på dei to siste.
59'
Mål for Hønefoss!
Sogndal 0 - 1 Hønefoss
Mål: Malick Mane
Vi skulle akkurat til å seie at det skal mykje til om Hønefoss skulle score og då smell det. Ein lang polar opp og komunikasjonssvikt gjer at Mane kjem åleine gjennom og sender Hønefoss opp i leiinga.
59'
Dessverre fekk vi ikkje med oss kven som slo den lange ballen opp.
61'
Mål for Hønefoss!
Sogndal 0 - 2 Hønefoss
Mål: Malick Mane
Herlig frekt av Thomassen som kjem seg til linja og legg ut til Mane som breisidar ballen i mål. Plutseleg har Hagerup slept inn fleire mål på to minutt enn han har gjort på fem kampar.
62'
Dette var og Hønefoss sine to fyrste skot på mål i kampen.
63'
Då skal serieleiaren i 1.divisjon få ein vanskelig tørn med å komme seg vidare i cupen.
64'
Om ikkje nemnt tidlegare stiller Hønefoss med eit tilnerma B-lag.
66'
Spillerbytte - Sogndal
Inn: Kristian Fardal Opseth
Ut: Bjørn Inge Utvik
66'
Frispark til Sogndal ca. 20 meter frå mål, men skrått.
66'
Elendig slått, men nytt frispark litt lenger ute.
68'
Elendig slått igjen, men vinn eit kast.
68'
Hønefoss kontrar.
68'
Last minute tackle frå Grodås som såvidt hindrar Berget i å sette inn Hønefoss sitt tredje.
69'
Sålangt ein taktisk glimrande kamp av Hønefoss. Låg svært låg og gjorde Sogndal svært frustrerte før dei utfordra feila hjå Sogndal til å score. Vi har endå ikkje sett trenar Skarsfjord på benken så viss han ikkje er med kan han kanskje ikkje ta æra for dette.
72'
Grodås prøver seg på eit brassespark inne i boksen, men kroppsbeherskelsen viser at har vore meir på Høddvoll enn Copacabana.
74'
Johansen slår knallhardt inn, men ballen går gjennom heile feltet. Symptomatisk for Sogndal sine angrep i dag.
74'
Fardal Opseth skyt ein meter utafor frå 20 meter.
76'
Nytt skot frå Opseth denne gongen på mål, men barnemat for Omenås.
77'
Innlegg frå Grodås. Kaluderovic bommar på ballen, mne ingen sogndalspelarar luktar dette og ballen går inn til Omenås.
79'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Victor Grodås
79'
Blir det ikkje mål der så blir det aldri mål for Sogndal. 3-4 spelarar har blank kasse, men kvart forsøk blir blokka av Hønefoss. Vel å merka fantastisk vilje frå hønefosspelarane. Viser at dei VIL vinne.
80'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
81'
Ny gigasjanse for Sogndal. Ballen sprett to ein meter, men det endar i ny corner.
81'
Mål for Sogndal!
Sogndal 1 - 2 Hønefoss
Mål: Christophe Psyché
Målgivende: Petter Strand
Peter Strand sin tredje assist på to kampar. Og igjen scorar Sogndal på dødball. Psyche kjem på fyrste stolpe og stangar inn redusering.
81'
Gult kort til Hønefoss
Ole Petter Berget
Sparkar vekk ballen. Dommar Toppe brukar eit halvt minutt på å prate til han så spørs om ikkje Toppe og burde hatt gult for uthaling av tid.
83'
Spillerbytte - Hønefoss
Inn: Christian Aas
Ut: Kujtim Ismajli
83'
Vi ynnskyldar alle skrivefeil her no, men det er så kaldt at fingrane har frose til. Vi les 3.juni på kalendaren.
84'
Underteikna ynskjer med andre ord ikkje ekstraomgangar. 30 minutt til ute i dette været kan føra til sjukemelding i morgon.
85'
Spillerbytte - Hønefoss
Inn: Daniel Østebø
Ut: Malick Mane
85'
539 selde bilettar i dag.
85'
Fardal gjennom, men prøver ei dragning. Endar i corner.
86'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Nye store sjansar for Sogndal.
86'
Stor sjanse for Hønefoss. Grodås opphevar offsiden slik at innbytar Østebø kjem gjennom. Han skyt, men same Grodås blokkerar to meter frå mål med hovudet.
88'
Sogndal med to skot på mål innanfor 16-meteren. Begge blokkert. Thomassen nede med skade no etter den eine blokkeringa.
89'
Spelet i gang igjen.
90'
Der er vi på overtid.
90'+1
Fire minutt tillegg.
90'+1
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Klarert.
90'+1
Sogndal med alle mann i angrep.
90'+2
Lang ball opp frå Grodås.
90'+2
Hønefoss får tak i ballen og dunkar opp.
90'+2
Frispark til Hønefoss i eigen 16-meter. No kan dette gå for Hønefoss!
90'+3
Og no såg vi faktisk Skarsfjord og. Han er her.
90'+4
Nokre sekund igjen no.
90'+4
Kampen er slutt
90'+5
Hønefoss tek ein sensasjonell siger i Sogndal og sin fyrste i saftbygda nokon sinne. Sogndal har berre seg sjølv å takke då dei vinn skotstatistikken 12-3. Åtte av Sogndal sine gjekk på mål, mens dei to skota Hønefoss hadde gjekk i mål. Ein herlig siger for eit særs B-prega hønefosslag som no feirar i lag med dei tilreisande for at dei har sikra seg ein billett til 4.rundei cupen.