Då ønskjer vi velkomne til Firda og ANB si LIVE-dekning av 2. serierunde i Tippeligaen og oppgjeret Sogndal - Hønefoss.
Vårleg og heilt OK grasmatte på Fosshaugane Campus 1. april. Flotte speleforhold, sol, eit par plussgrader. Noko vind.
Det begynner å fylle seg opp på tribunene. Nær 4000 billettar skal vere selde på førehand til det som blir Sogndal-trenar Jonas Olsson sin første test på si nye heimebane.
I førre serierunde overraska dagens heimelag alle då dei knuste Odd Grenland 4-0 i Skien. Hønefoss på si side heldt Lillestrøm til 0-0 på heimebane.
Dagens dommartrio vert leia av Trygve Kjensli frå Nesodden IF.
Begge lag stiller med nøyaktig den same første 11-aren som sist helg. Noko som mellom anna inneber at Sogndal sine aldrande heltar Tore Andre Flo og Eirik Bakke begge startar på benken.
Vi er klare for avspark.
Kampen har startet
Sogndal går umiddelbart i angrep ved Ulrik Flo og Malick Mane. Endar med utspel frå Clark i HBK-buret.
1'
Kenneth di Vita Jensen får gå aleine farleg langt inn i heimelaget sin 16-meter, men Sogndal får avklart. Udjus spelar ut.
4'
Tendensar til full krig på midtbana. Mendy og Hønefoss kjem best ut.
6'
Heftig duell mellom Udjus og Kenneth di Vita Jensen på hjørnet av Sogndal sin 16-meter. SIL-keeperen får til ei slags avklaring.
9'
Kampens første store målsjanse. Ulrik Flo kjem seg fri på høgreflanken og slår presis inn til Malick Mane som lurer i boksen. Headinga vert avverga av Clark. Nesten for Sogndal.
10'
Kenneth di Vita Jensen no i tilsvarande posisjon for Hønefoss. Mendy klarer imidlertid ikkje få kontroll over ballen, og forsøket ebbar ut i ingenting.
11'
Kenneth di Vita Jensen ligg nede omkring midt på bana og held seg til hovudet. Ser ut som han kjem seg på beina att.
12'
Remond Macougne Mendy er god for Hønefoss. Rundar to SIL-forsvarar og har berre Udjus igjen. Får ikkje til ei skikkelig avslutning.
14'
Gult kort til Sogndal
Kenneth Udjus
Får eit merkeleg gult kort av dommar Kjensli. Ingen i publikum forstår heilt kvifor, men mykje tyder på at ein utstyrsfeil er årsaka. Udjus hadde ei synleg grå T-skjorte under den rosa keeperdrakta, noko som ikkje er tillete.
14'
Mykje dårleg pasningsspel frå begge lag i øyeblikket. Spelet er konsentrert rundt midten.
18'
Gult kort til Hønefoss
Helge Haugen
19'
Taijo Teniste av alle hamrar til med eit brukbart skotforsøk frå 20-25 meter hald. God redning av Steve Clark, som held ballen.
21'
Frispark til bortelaget såvidt inne på SIL sin banehalvdel. Bolseth tar det.
22'
Riku Riski spring over heile Sogndal sin banehalvdel før han ved starten av 16-meteren sler over til Heiner Mora på motsett. Mora vert pressa ut og over dødlinja. Utspel frå Udjus.
24'
SIL-stoppar Jasmin Mecinovic ligg nede i full strekk midt på eigen halvdel. Uklart om han kan fortsette. Blir førebels tatt av bana.
25'
Jasmin Mecinovic entrar bana att i dette øyeblikk. Ser ikkje heilt pigg ut når han joggar, men Sogndal har få fullgode alternativ på stopparplass.
27'
Rune Bolseth får vandre lenge og vel heilt inn i Sogndal sin 16-meter. Legg ut til Heiner Mora som skyt godt, men like til side for mål.
30'
Spillerbytte - Sogndal
Inn: Gustav Valsvik
Ut: Jasmin Mecinovic
Der kom det venta byttet. 19 år gamle Valsvik inn for ein skadd Jasmin Mecinovic.
30'
Frisk duell mellom Helge Haugen og Tonny Brochmann eit stykke inne på Sogndal sin halvdel. Brochmann vinn frisparket.
36'
Skotforsøk frå Rune Bolseth mot Sogndal-målet. Patronen blokkerer med skuldra.
39'
Malick Mane vinn Sogndal eit frispark litt innpå HBK sin halvdel. Hopen tar det og ekspederer leikent vidare til Brochmann, som skyt rett i Hønefoss-forsvaret.
40'
Helge Haugen får eit greitt frispark midt på eigen halvdel. Sigurdsson slår langt og Hønefoss får kampens første corner.
41'
Hønefoss får tildelt et hjørnespark
Rune Bolseth
Udjus plukkar ned hjørnesparket.
41'
Udjus plukkar ned hjørnesparket og Sogndal overtek.
42'
Hønefoss vrir spelet med ein fin stikkar frå Riku Riski. Vert etterkvart ståande fast og Malick Mane overtek for Sogndal.
43'
STOR sjanse for heimelaget. Rullar sakte opp langs venstrekanten ved Mane, ballen går via Badji før Brochmann avsluttar knallhardt med eit skot som stryk stolpen.
44'
Dommarteamet har lagt til 1 minutt.
45'+1
Tonny Brochmann vert avblåst for offside og Steve Clark kan spele ut for Hønefoss.
45'+2
Pause
45'+2
2. omgang
45'
Sogndal sett i gong 2. omgang.
46'
Taijo Teniste med omgangens første avslutning frå vel 25 meter. Godt til side for mål.
48'
Kenneth di Vita Jensen jobbar hardt, men rekk ikkje å nå igjen ein langpasning før den passerer dødlinja. Ufarleg.
50'
Taijo Teniste og Ørjan Hopen med fine kombinasjonar på hjørnet av HBK-feltet. Hopen vert for uforsiktig på den siste, og Clark får spele ut.
51'
Tonny Brochmann imponerer med lekre finter midt inne på HBK sin halvdel. Fell etter kvart i bakken og ropar på frispark, utan å få det. Ser ut som ei rett avgjerd av dommaren.
52'
Tonny Brochmann imponerer med lekre finter midt inne på HBK sin halvdel. Fell etter kvart i bakken og ropar på frispark, utan å få det. Ser ut som ei rett avgjerd av dommaren.
52'
Arnor Sveinn Adalsteinsson med lekker tversoverball til Kenneth di Vita Jensen som knallar til på heilvolley. Udjus vert utfordra der og må gi til corner.
53'
Hønefoss får tildelt et hjørnespark
Rune Bolseth
54'
Hønefoss får tildelt et hjørnespark
Rune Bolseth
54'
To kjappe hjørnespark for Bolseth og Hønefoss no. Sogndal får avklart på siste og kan overta.
55'
Corner til Sogndal etter forsøk frå Taijo Teniste og Tonny Brochmann.
56'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Ørjan Hopen
56'
Utspel frå Steve Clark i HBK-buret no.
56'
Grasmatta på Fosshaugane begynner å sjå køyrt ut etter 57 minutt med Tippeligafotball. Mange humpar og grastustar som gjer til at ballen ikkje trillar rett. Til sommaren er det forøvrig varsla omlegging til kunstgras på arenaen.
58'
Hønefoss får tildelt et hjørnespark
Alexander Groven
59'
Matchen har tatt seg betrakteleg opp dei siste 15 minuttane. Mykje bra fotball no.
61'
Rapportar frå indre bane fortel at Sogndal har sendt Eirik Bakke i oppvarming. Det står att å sjå kven han skal erstatte.
62'
Hønefoss får tildelt et hjørnespark
Alexander Groven
62'
Aiaiai! Sogndal er millimeter frå å ta leiinga i dette øyeblikk. Enorm sjanse for Tonny Brochmann som skrur ballen hardt rett i hjørnet av treverket bak Steve Clark.
64'
Badji får frispark mot seg i duell mot tidlegare Sogndal-kaptein Rune Bolseth.
67'
Korrekt idømt frispark til Hønefoss og Heiner Mora kring 35 meter frå Udjus i Sogndal-målet.
68'
Riku Riski skyt for å score. Kenneth Udjus reddar enkelt.
69'
Arnor Sveinn Adalsteinsson med nok eit solid innlegg. Finn Remond Macougne Mendy ved kanten av 16-meteren, men Hønefoss-spissen klarer ikkje forvalte sjansen så godt som han burde. Framleis 0-0.
70'
Publikum frys på Fosshaugane Campus. Sterk og iskald vind bles innover stadion.
71'
Kenneth Udjus avvergar Hønefoss-leiing ved å bokstaveleg talt setje seg på ballen etter ei grei avslutning frå Hønefoss. Sjansen kom etter mykje møljespel inne i boksen.
73'
Herleg forsøk på ei gjennombrotspasning frå Ulrik Flo. Malick Mane rekk imidlertid ikkje heilt fram, og Hønefoss får klarert til eit innkast.
76'
Herleg forsøk på ei gjennombrotspasning frå Ulrik Flo. Malick Mane rekk imidlertid ikkje heilt fram, og Hønefoss får klarert til eit innkast.
76'
Malick Mane heilt aleine på hjørnet av HBK-feltet. Går for corner framfor å utfordre, og lukkast med det.
77'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Ørjan Hopen
77'
Spillerbytte - Sogndal
Inn: Tore André Flo
Ut: Ulrik Flo
Ja. Du har sett det før: Sogndal bytter ein Flo mot ein annan. Stormande jubel på Fosshaugane for den eldste i familien som framleis er aktiv.
77'
Bolseth dreg Ørjan Hopen over ende på midten. Sogndal får ikkje frispark og den tidlegare Sogndal-helten som no spelar i Hønefoss-drakt får høyre det frå sitt gamle heimepublikum.
80'
Skulle dette resultatet verte ståande vil Sogndal framleis vere serieleiar. I alle fall fram til Rosenborg møter Lillestrøm seinare i kveld.
82'
Hønefoss får tildelt et hjørnespark
Rune Bolseth
Risku får avslutte og vinn HBK eit nytt hjørnespark.
83'
Hønefoss får tildelt et hjørnespark
Alexander Groven
84'
Bolseth skyt eit godt stykke over mål og Udjus kan spele ut for Sogndal.
84'
3886 tilskodarasr ser årets første seriekamp på Fosshaugane Campus. Nokre få er alt begynt å gå, noko den bitande kalde vinden må ta meir skuld for enn sjølve spelet.
87'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Ørjan Hopen
87'
Frispark fordel Hønefoss midt på deira eigen halvdel. Tore Andre Flo er ikkje heilt einig i den avgjerda.
89'
Spillerbytte - Sogndal
Inn: Ruben Holsaeter
Ut: Tonny Brochmann
89'
Remond Macougne Mendy med eit av kampens siste forsøk. Til side for mål. Udjus spelar ut.
90'+3
Gult kort til Sogndal
Henrik Furebotn
Litt temperatur på slutten.
90'+3
Kampen er slutt
90'+4
Der meiner dommar Trygve Kjensli og hans kollegaer at nok får vere nok. Kampen er over, og det endar 0-0 mellom Sogndal og Hønefoss.
Tonny Brochmann (Sogndal) Kenneth di Vita Jensen (Hønefoss) var begge spelarar som markerte seg positivt i dag. Friske angrepsspelarar på kvart sitt lag.
I det legenda Tore Andre Flo spaserer av bana saman med eit kobbel autografjegarar takkar vi for oss. Neste serierunde er måndag om 8 dagar (2. påskedag). Då tar Hønefoss i mot Fredrikstad heime på AKA Arena medan Sogndal tar turen til Lerkendal for toppoppgjer mot Rosenborg. Kven hadde trudd det før sesongstart?
Ha ei riktig god påske!