503
413
Då er det klart for runde tre av cupen! På Fosshaugane Campus skal Sogndal ta imot Moss.
På veg til runde tre måtte Sogndal ta seg forbi Førde og Lysekloster. Mot Lysekloster vart ikkje kampen avgjort før dei måtte ut i ekstraomgangar. I tillegg blei Isaac Twum utvist i den kampen. Moss tok seg forbi Drøbak-Frogn i første runde. Deretter slo dei ut Kvik Halden. Det er betydeleg tøffare motstand for begge lag i dag sjølv om dei første rundane ikkje gjekk heilt knirkefritt.
I runde tre av OBOS-ligaen var det Moss som tok imot Sogndal. Då var det Sogndal som stakk av med alle tre poenga då kampen enda 1-2. Moss får altså allereie no moglegheita for revansje. Begge lag har hatt ein grei start på sesongen med tanke på utgangspunktet. Sogndal, som vil rykke opp, ligg no på andreplass bak Kristiansund. Moss ligg på ein åttandeplass midt på tabellen. Det skal også nemnast at Sogndal enno ikkje har tapt på heimebane i år, så dette kan bli ei stor utfordring for Moss.
Kampprogrammet er tett, og det er forventa at begge lag gjer nødvendige justeringar for at ikkje belastninga på spelarane skal bli for stor. Nokre endringar på laga vil det nok bli, men samtidig er det såpass tøff motstand at dei må sende ein god del av sine beste spelarar på bana for å gå vidare. Det som er sikkert er at begge lag helst vil unngå ekstraomgangar.
Moss gjer heile ni endringar frå kampen mot Ranheim! Sogndal gjer eit par byte der Diaz og Flo kjem inn for Flataker og Sjølstad.
Det er ein liten gjeng frå Kråkevingen som har teke turen sjølv om det er midt i veka. Så satsar me på at det blir god trøkk frå begge supportargrupperingane i dag!
Kampen har startet
1'
Diaz sparkar i gong kampen.
1'
Sogndal med kampens første sjanse. Innlegg frå Ingimundarson som treff Flo. Volleyen går ein halv meter over målet.
3'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Blir klarert.
4'
I stolpen frå Diaz! Det er kaotisk i boksen etter ein corner. Ballen ender opp hos Diaz til høgre som smeller til rett i stolpen.
4'
Det er heimelaget som har teke kontroll over kampen dei første minutta.
6'
Moss får låne ballen litt. Andresen prøver seg på eit skot frå langt hald, men den går langt utanfor.
8'
Farah tek seg til baksida av låret. Kjenner på noko, men held fram med å springe.
9'
Sogndal får tildelt et frispark
Jónatan Ingi Jónsson
Islendingen slår frisparket over alle.
10'
Sogndal får tildelt et frispark
Kristoffer Nesso
Held ballen i laget.
11'
Sogndal får tildelt et frispark
Sondre Ørjasæter
12'
Hoven er tøff i ein duell mot Askar, og det blir frispark.
15'
Moss FK får tildelt et frispark
Sivert Haugli
Slår langt.
15'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Jónatan Ingi Jónsson
Per-Egil Flo er først på den, og headar rett på keeper.
16'
Sogndal ropar på straffe då Diaz får ein dytt i ryggen. Hagenes meinar at han går for lett ned.
18'
Farah treng medisinsk hjelp. Har kjent på noko heile kampen. Ser ut som at det er baksida av låret som er problemet.
19'
Moss FK får tildelt et frispark
Lorent Callaku
Går forbi alle, og til utspark.
20'
Spillerbytte - Moss FK
Inn: Cláudio Braga
Ut: Anas Farah
Farah må gi seg.
21'
Då er det tid for drikkepause i varmen!
23'
Sogndal har stort sett kontrollert kampen så langt utan å skape spesielt mykje. Ei avslutning har gått i stolpen.
24'
Moss FK får tildelt et frispark
Sivert Haugli
Brukar lang tid før han tek frisparket. Slår opp til midtbana.
29'
Frispark til Sogndal i god posisjon frå høgre.
30'
Sogndal får tildelt et frispark
Jónatan Ingi Jónsson
Pedersen headar ballen vekk.
30'
Sjanse for Sogndal! Ørjasæter prøver seg først. Bachke slår den vekk. Jonsson set returen i nettveggen.
33'
Moss FK får tildelt et frispark
Sivert Haugli
Slår langt.
34'
Enorm redning frå Sætren! Alle trur det står 0-1 etter ei heading. Sætren kastar seg ned i siste liten, og tek den.
35'
Moss FK blir avblåst for offside
Marius Andresen
35'
Gult kort til Moss FK
Alt for sein inn i ei takling på Ingimundarson.
35'
Sogndal får tildelt et frispark
Daniel Arrocha
Slår kort til Skaanes.
36'
Sogndal får tildelt et frispark
Daniel Gjerde Sætren
37'
Moss FK får tildelt et frispark
Elias Bachke
Slår frisparket langt.
37'
Sogndal får tildelt et frispark
Kasper Skaanes
Slår tilbake til forsvaret.
38'
Det har vore mange frispark så langt. Tøffe duellar.
38'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Jónatan Ingi Jónsson
Ut frå Haugli.
39'
Bachke får beskjed om å ikkje bruke for lang tid med ballen.
40'
Sogndal får tildelt et frispark
Per Egil Flo
Venstrebacken slår frisparket kort.
40'
Braga prøver å kontre. Jonsson gjer eit bra retturløp, og vinn ballen.
42'
No er det Askar som går ned. Han treng også hjelp.
42'
Askar er tilbake på bana.
44'
Sogndal blir avblåst for offside
Alejandro Díaz
Juksar litt når han går i bakrom.
45'
Gult kort til Moss FK
Marius Andresen
For sein inn i mannen.
45'+1
Sogndal får tildelt et frispark
Per Egil Flo
Kort variant.
45'+2
Moss FK får tildelt et frispark
Kristian Strande
Slår langt.
45'+4
Pause
45'+5
Det står 0-0 til pause. Sogndal har skapt flest sjansar, men skulle nok ønske at dei skapte litt meir. Moss var nære då Sætren måtte vise sine ferdigheiter med ein enorm redning på streken. Spelarane kjenner at kampane har kome tett, og bortelaget har allereie måtte gjort eit byte.
Potur skal inn for Moss. Det same gjeld Makosso.
2. omgang
45'+1
Spillerbytte - Moss FK
Inn: Aksel Potur
Ut: Amin Askar
45'+1
Spillerbytte - Moss FK
Inn: Kaya Makosso
Ut: Sander Wold
45'+1
Svak avslutning frå Moss som går rett på Sætren.
48'
Sogndal får tildelt et frispark
Jónatan Ingi Jónsson
Frisparket går over alle.
49'
Brassespark frå Pedersen! Men den går langt over målet. Bra forarbeid av Braga.
50'
Sogndal får tildelt et frispark
Mansour Gueye
Gueye slår kort til Skaanes.
52'
Ingimundarson slår eit innlegg frå høgre. Rett på Bachke.
54'
Mål for Sogndal!
Sogndal 1 - 0 Moss FK
Mål: Kasper Skaanes
Skaanes sender Sogndal i føringa! Han vinn ballen høgt i bana, og går mot forsvaret. Han ser ei opning, og fyrer av. Bachke kunne nok ha gjort ein betre jobb der. Avslutninga var ganske nærme keeper.
55'
Moss FK blir avblåst for offside
Lorent Callaku
56'
Stor sjanse for Jonsson! Blir spelt gjennom av Diaz, og er åleine med Bachke. Sisteskansen gjer ein god jobb når han stoppar den.
58'
Gult kort til Sogndal
Kristoffer Nesso
Stoppar ein overgang.
58'
Moss FK får tildelt et frispark
58'
No må Moss ofre meir om dei har tenkt å gå vidare. Bortelaget har vore farlege på eit par kontringar, men er sjeldan framme med nok spelarar.
60'
Ny redning frå Bachke. Med unntak av målet, så har han gjort ein god jobb.
61'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Keeper fangar ballen.
61'
Moss FK får tildelt et frispark
Elias Bachke
Keeperen slår langt.
62'
Andre gule kort til Moss FK
Marius Andresen
Der er Andresen ferdig! Gult nummer to etter ein tøff duell. No blir dette tungt for Moss.
62'
Sogndal gjer seg klar til å byte. Nord og Kalstad skal inn.
65'
Moss FK får tildelt et hjørnespark
Ingimundarson headar vekk.
66'
Spillerbytte - Sogndal
Inn: Andreas Kalstad
Ut: Jónatan Ingi Jónsson
67'
Spillerbytte - Sogndal
Inn: Anders Nord
Ut: Sondre Ørjasæter
67'
Spillerbytte - Moss FK
Inn: Ian Hoffmann
Ut: Sebastian Pedersen
67'
Me er halvvegs i den andre omgangen, og det er tid for drikkepause.
69'
Skaanes prøver seg frå distanse. Rett i tverrliggar! Der kunne det fort stått 2-0.
73'
Diaz og Nord kontrar for Sogndal. Dei sentrar fram og tilbake før Diaz prøver seg. Avslutninga går ein meter over målet.
74'
To overhopp frå Sogndal før Nessø prøver seg frå venstre. Svak avslutning rett på keeper.
76'
Moss FK får tildelt et hjørnespark
Lorent Callaku
Arrocha headar ut til ny corner.
77'
Moss FK får tildelt et hjørnespark
Lorent Callaku
Arrocha headar ballen vekk.
78'
Moss FK får tildelt et frispark
Lorent Callaku
Kort tilbake til Strande.
79'
Gult kort til Moss FK
Sparkar vekk ballen på eit innkast.
79'
Spillerbytte - Moss FK
Inn: Ilir Kukleci
Ut: Oliver Stavdal
80'
Moss FK får tildelt et frispark
Lorent Callaku
Per-Egil Flo vinn duellen, og headar den vekk.
80'
Braga får vondt i ein duell mot Kalstad. Kjem seg fort opp igjen.
83'
Gult kort til Moss FK
Sivert Haugli
Munnbruk. Moss begynner å bli frustrerte no.
83'
Kukleci snappar ballen frå Sætren, men sistnevnte får frispark.
85'
Sogndal får tildelt et frispark
Daniel Gjerde Sætren
Slår til Arrocha.
85'
Sogndal får tildelt et frispark
Per Egil Flo
Vender spelet.
85'
Moss FK får tildelt et frispark
Sivert Haugli
Haugli slår langt.
86'
Frispark til Moss i god posisjon!
86'
Moss FK får tildelt et frispark
Lorent Callaku
Bra forsøk! Ballen lander på nettaket.
86'
Spillerbytte - Sogndal
Inn: Marius Årøy
Ut: Kristoffer Nesso
87'
Spillerbytte - Sogndal
Inn: Erik Flataker
Ut: Valdimar Thor Ingimundarson
87'
Moss FK får tildelt et frispark
Kaya Makosso
Sætren fangar ballen i boksen.
88'
Moss FK får tildelt et frispark
Kaya Makosso
Gueye headar ut til corner.
89'
Moss FK får tildelt et hjørnespark
Lorent Callaku
Nok ein gong er det Arrocha som klarerar.
90'
Mål for Sogndal!
Sogndal 2 - 0 Moss FK
Mål: Anders Nord
Målgivende: Marius Årøy
Der er det truleg avgjort! Det er dei lokale som gjer det. Kalstad kontrar ute til høgre. Slår inn til Årøy i midten. Han sender ballen vidare til Nord som set den hardt bak keeper.
90'
Spillerbytte - Sogndal
Inn: Mathias Øren
Ut: Daniel Arrocha
Sonen til Tommy Øren kjem inn for Sogndal.
90'+1
Flataker dukkar opp på bakerste stolpe. Han er eitt sekund for seint, og får ikkje nok kontakt med ballen.
90'+3
Kampen er slutt
90'+5