Solheim61'
1-0
Hei, og velkommen til Sogndal - Sarpsborg 08 frå Fosshaugane Campus!
Sogndal er det laget i Tippeligaen med færrast scora mål. No møter dei Sarpsborg, som er det laget i avdelinga med flest baklengsmål, 31 i talet.
Viktig kamp for begge lag. Gjestene har to poeng ned til Viking på nedrykksplass, medan Sogndal framleis er tabelljumbo med sine 12 poeng.
Sarpsborg 08 er einaste laget i Tippeligaen som ikkje har vunne på bortebane denne sesongen. På sine åtte kampar står laget med 0-3-5, medan Sogndal har 2-2-3 på sine sju heimekampar.
For gjestene er Øyvind Hoås laget sin toppscorar med fem mål. Spissen vart sett ut av spel grunna skade, men er no i gang med opptrening. Hos Sogndal er Ole Jørgen Halvorsen mestscorande, med sine fire nettkjenningar. Skal har klare å score mot sin gamle klubb?
Sogndal spele treningskamp mot 2.divisjonsklubben Førde på tysdag, og vann 2-1 etter mål av Ulrik Flo og Espen Olsen. Der spelte også Tore Andre Flo, 17 år etter sist gong han spele kamp for klubben. Får vi sjå gamle Flo-finter på Campus søndag?
Vi kjem tilbake med meir informasjon når det nærmar seg kampstart, søndag kl.1600.
16-åringane Stefan Aase og Peter Aase signerte denne veka for Sogndal, og er klar for spel for klubben frå 1.januar 2012. Dei skal ta til på vidaregåande skule i saftbygda. Duoen har vore innom aldersbestemte landslag, og er rekna som fylkets største fotballtalent for tida.
Spelarane er i full gang med oppvarming. Nærmar seg kampstart på Fosshaugane!
Gjestene må i dag klare seg utan Øyvind Hoås, Berat Jusufi og Tom Erik Breive. Hos heimelaget er det også nokre skader. Henrik Furebotn og Eirik Bakke er blant desse.
Spelarane på veg ut på bana!
Kampen har startet
Gjestene tek avspark.
1'
Sogndal legg om formasjonen og går frå 5-2-3 til 5-3-2 i denne kampen.
2'
Sarpsborg trillar ball dei første minutta.
2'
Trenar Aabrekk rasande alt etter to minutt. Vil ha meir trøkk og press på ballførar i laget sitt.
3'
Wiig og Roberts kombinerer fint. Ballen går ut til Gjæver som skyt, men får ikkje skikkeleg treff.
5'
Gjestene har opna friskt dei første fem minutta, og legg press på heimelaget.
5'
Kader prøver å finne Hansen, men Heieren Hansen les spelet godt og bryt foran.
6'
Gjæver får ballen på 25 meter og skyt. Utanfor!
8'
Dagens kapteinar er Even Hovland og Kjetil Berge.
9'
Hovland viser klasse, og taklar Roberts på veg gjennom på høgrekanten.
10'
Dommar Kjensli dømmer i dag sin andre tippeligakamp i karriera. No får han kjeft av Scheel, som meiner han burde hatt innkast i duell mot Wiig.
11'
Kader kjem gjennom på venstrekanten, men prøver å finne Elvis utanfor sekstenmeteren. Pasningen er for svak, og gjestene bryt.
12'
Framleis Sarpsborg som trillar ball, og har vore nærmast scoring til no i kampen.
14'
Frispark av Matland, men keeper Udjus boksar ut.
14'
Wembangomo prøver seg på høgrekanten og stormar inn i feltet, men Kader skjermar ballen inn til Udjus.
16'
Flo med lang ball mot Hansen, og keeper plukkar lett.
17'
Sist gong Sarpsborg vann i Tippeligaen var mot Aalesund 19.mai. Kjem neste siger i dag?
18'
Mange av tilskodarane på tribunen er nok komne for å sjå Tore Andrè Flo i aksjon. Mest truleg får 38-åringen sjansen på slutten av kampen.
20'
Jonvik prøver seg med eit frekt skot frå over 40 meter, men Udjus som står langt ute let seg ikkje lure! Keeperen plukkar ballen lett ned.
21'
Gult kort til Sogndal
Isak Scheel
Holding i trøya.
21'
Heimelaget er framleis i feriemodus, og let gjestene styre kampen på Fosshaugane.
23'
Gjæver skyt, men Hovland blokkerer skotet frå 30 meter.
25'
Sarpsborg 08 får tildelt et hjørnespark
Morten Giæver
Over heile feltet, og til utspark frå mål.
25'
Kampens første corner etter 25 minutt..
26'
Ole Jørgen Halvorsen stormar mot mål, men Heieren Hansen får avklart i det Sogndal sin toppscorar skal skyte! Heimelaget sin første sjanse i kampen.
27'
Solheim legg inn til Halvorsen som avsluttar på mål med pannebrasken. Offside.
29'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Ørjan Hopen
Hopen slår ein god corner inn i feltet. Heieren Hansen er først på ballen ,som går i tverrliggjaren! Ny corner.
30'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Ørjan Hopen
Sarpsborg får avklart.
31'
Sogndal er inne i sin beste periode i kampen akkurat no.
32'
Flo slår inn, og Berge avklarar til corner.
33'
Roberts ligg nede for telling og går av bana for å få behandling.
33'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Ørjan Hopen
Stor sjanse for Sogndal. Nok ein fin corner frå Hopen og Solheim er høgst i feltet. Han avsluttar - like over!
33'
Spillerbytte - Sarpsborg 08
Inn: Mohamed Elyounoussi
Ut: Glenn Roberts
36'
Brytekamp mellom Berge og Olsen. Den vinn Sogndal-spissen, men pasningen vidare frå Kader mot Hansen er for upresis.
38'
Kjempesjanse for Cato Hansen som kjem aleine med keeper Heier! Resten av forsvaret er parkert, men den lynraske spissen set ballen utanfor!
40'
Cato Hansen har ikkje scora på over 30 tippeligakampar i karriera. Spørst om det var desse tankane som kom fram aleine med keeper..
42'
Halvorsen får ballen i feltet, men skotet frå ti meter blir blokkert.
43'
Laga har hatt kvar sin halvdel av første omgang. Etter at gjestene var best dei første 25 minutta, har heimelaget dominert dei siste minutta.
43'
Sarpsborg 08 får tildelt et hjørnespark
Morten Giæver
Nok ein gong over alle i feltet og til utspark frå mål. Opp med presisjonen, gut!
44'
Det er lagt til minumum eit minutt.
45'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Ørjan Hopen
Ballen går ut til Hansen som skyt frå 20 meter. Over!
45'
Pause
45'
Dommar Trygve Kjensli bles av for første omgang. Sarpsborg opna klart best, men heimelaget kom betre med etterkvart ut i omgangen. Kampens største sjanse hadde Cato Hansen, aleine med keeper Joacim Heier. Avslutninga gjekk utanfor, og dermed står det framleis 0-0 på Fosshaugane.
Då er laga klare for andre omgang.
2. omgang
45'
Sogndal tek avspark.
46'
Ingen av laga har gjort byter i pausen.
46'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Ørjan Hopen
Forsvaret får avklart.
48'
Supportarane frå Sarpsborg skaper god stemning på tribunen.
49'
Matland skyt med utsida av venstrefoten, men skotet går over!
50'
Tore Andrè Flo i oppvarming, og publikum ventar spent om dei får sjå Flonaldo i aksjon i dag.
51'
Frispark til gjestene midt på Sogndal sin banehalvdel.
52'
Matland prøver seg med eit frekt skot, men det går over.
52'
Aabrekk kjeftar på Espen Olsen, og får svar tilbake frå tribunen: - Byt han ut dao, veit eg!
54'
Sogndal får tildelt et hjørnespark
Ørjan Hopen
Keeper Heier heng høgt, og plukkar enkelt.
54'
Solheim slår inn frå høgre, men ballen går heilt ut til Kader som kjem stormande ned langs venstrekanten. Han slår tilbake i feltet, men Hansen når ikkje opp i duellen mot sterke midtstopparar.
57'
Sarpsborg 08 får tildelt et hjørnespark
Scheel avklarar til ny corner.
57'
Sarpsborg 08 får tildelt et hjørnespark
Elvis avklarar.
58'
Ulrik Flo gjere seg klar for Sogndal.
58'
Kampen er heilt open. Her kan begge lag ta med seg alle poenga!
60'
Mål for Sogndal!
Sogndal 1 - 0 Sarpsborg 08
Mål: Mats Goberg Solheim
Målgivende: Cato Hansen
Halvorsen slår inn i feltet, og Hansen får gitt til Solheim som er på rett plass inne i feltet, og set inn 1-0 frå kort hald!
61'
Viktig scoring for Sogndal som med tre poeng vil klatre heilt opp i ryggen på dagens motstandar, med ein kamp mindre spelt.
64'
Tore Andrè Flo tek eit hardt drag på 15 meter. Får vi sjå 38-åringen på bana snart?
65'
Jonvik skyt frå 35 meter - rett i Hovland!
67'
Fin ball mot Wiig, men spissen er i offside. Frispark.
68'
Akkurat no er Sogndal over streken i Tippeligaen, med Sarpsborg på plassen foran.
69'
Cato Hansen dreg seg fri nede ved dødlinja, og blir lagt i bakken av Heieren Hansen. Frispark i god posisjon.
69'
Gult kort til Sarpsborg 08
Ole Hansen
Etter taklinga på Hansen.
69'
Hopen tek frisparket - bak mål.
70'
Halvorsen med kjempesjanse mot gamle lagkameratar! Han spelar vegg med Flo og klinkar til frå åtter meter. Kjemperedning av Heier!
71'
Ny stor sjanse for Sogndal! Nok ein gong er Halvorsen på hugget. Han får ballen i feltet og skyt - like utanfor!
72'
Halvorsen i sentrum no! Blir lagt i bakken på sekstenmeterstreken, men dommar Kjensli vinkar spelet vidare.
72'
Hopen klinkar til frå 30 meter med venstrefoten. Utanfor!
74'
Fin sjanse for Sarpsborg. Gjæver skyt hardt frå 25 meter - rett på Udjus!
75'
Keeper Heier er langt ute, og Halvorsen får ballen. Han prøver å lobbe over forsvaret og i mål, men ballen blir blokkert.
77'
Sarpsborg 08 får tildelt et hjørnespark
Morten Giæver
Elvis ryddar opp.
77'
Sarpsborg 08 får tildelt et hjørnespark
Morten Giæver
Solheim avklarar.
78'
Berge med pasning mot Wiig, men Hovland bryt foran. Godt stopparspel av kapteinen.
80'
Nok ein gong kan Mats Solheim bli matchvinnar for Sogndal. Den tidlegare Stryn-spissen er blitt høgreback i Sogndal, men veit framleis kvar målet står.
82'
2812 tilskodarar ser kampen.
83'
Kjempesjanse for Sogndal! Lang ball mot Flo i feltet. Ballen går ut til Halvorsen som prøver å skyte frå 20 meter. Ballen går over! Cato Hansen fortviler, etter at han stod heilt aleine til venstre i feltet. Der burde heimelaget scora 2-0 målet!
86'
Sarpsborg jaktar 1-1 no!
88'
Det er lagt til minimum to minutt.
90'
Utspark frå målet til Heier, og gjestene flyttar opp spelarar.
90'
Frispark til Sarpsborg på midtstreken. Skal dette bli lagets siste sjanse?
90'+1
Frisparket går opp i feltet, men heimelaget ryddar unna.
90'+1
Kampen er slutt
90'+3
Heimelaget tek tre svært viktige poeng, etter Mats Solheim sitt mål i andre omgang. Spelarane takkar Saftkokaradn for støtta, medan dei blåkledde gjestene ruslar skuffa i garderoben. Laget kjempa tappert gjennom 90 minutt, men får ikkje poeng for heiderleg innsats.