1-1
1-2
1-3

Ble dekket av NTBNTB

    Hei og velkomne til den 4. runden i Tippeligane og kampen mellom Sogndal og Strømsgodset.
    Eit meir topp mot bunn-oppgjer kan ein ikkje få det når fjorårets serimester, som ligg på 1.plass i årets Tippeliga, møter Sogndal som ligg spikra nederst på tabellen.
    Godset med to solide heimesigrar og ein uavgjort i Stavanger ligg på topp med 6-2 i målskilnad. Sogndal har eit poeng etter kampar mot Sarpsborg, Stabæk og Bodø-Glimt og 3-8 i målskilnad.
    Sjølv om Sogndal ligg i botn har dei faktisk toppscoraren i Tippeligaen då Ulrik Flo har satt alle dei 3 måla sogningane har fått i år.
    For Godset har Thomas Sørum og Gustav Wikheim 2 mål kvar.
    Tidlegare spelarar som har spelt for begge klubbar er Ousman Nyan og Ingolf Fardal, men den mest kjente er nok Jostein Flo som i dag er sportsjef i Strømsgodset. Tidlegare nemnte Ulrik Flo er nevøen av Jostein.
    Dei siste 17 møta på Fosshaugane har gjeve 4 sigrar til Sogndal og 3 til Godset, mens heile 10 har enda uavgjort. I fjor utklassa Godset Sogndal med heile 5-0 og drammensarane er store favorittar i dag og.
    Sogndal har hatt store skadeproblem i starten av sesongen med viktige spelarar som Azar Karadas, Taijo Teniste og Hannu Patronen ute. Karadas vert sannsynlegvis ikkje klar til i dag, men Teniste og Patronen skal nok være klare.
    For Godset er Nana ute etter ein operasjon. Utanom dette ser det ut som Godset stiller med tilnerma toppa lag. Her er i allefall troppen godset.no har lagt ut reiser til til Sogndal: Lars Sætra, Simen Brenne, Muhamed Keita, Øyvind Storflor, Peter Kovacs, Martin Rønning Ovenstad, Adam Larsen Kwarasey, Iver Fossum, Thomas Lehne Olsen, Gustav Mendonca Wikheim, Mohammed Abu, Thomas Sørum, Tokmac Nguen, Lars Christopher Vilsvik, Jarl André Storbæk, Marius Høibråten, Sead Ramovic, Martin Ødegaard, Patrick Olsen
    Då vil vi ynskje velkomne tilbake til Fosshaugane Campus ca. 1 time før kampstart for lagoppstillingar og stemingsraport frå saftbygda.
    Då er vi klar på Fosshaugane Campus og vi ventar på lagoppstillingane som vanlegvis vert gjort offentlege 1 time og 15 minutt før kampstart. Det vil seie no.
    Då er laga ute og varmar opp. Godset sin danske assistentrenar David Nilsen tar instruksane på engelsk slik at ingen skal missforstå.
    Litt overraskande at Rune Bolseth skal spele spiss, men ein kan forvente eit relativt deffansivt Sogndal i dag.
    Allereie godt med folk frå godsetunionen på tribuna. Saftkokarane frå Sogndal tel enn så lenge berre tre stykk.
    Som sagt tidlegare så vann Godset 5-0 i fjor og allereie etter halvtimen var spelt så hadde drammensarane putta 4 mål. Kanskje det er det akkurat det Sogndal prøver å unngå med sin deffansive formasjon i dag.
    Heilt fantastiske forhold for fotball i dag. 16-17 grader, sol og nesten vindstille. Ingen grunn til å ikkje ta turen på fotballkamp med slike værtilhøve og viss du no ikkje har anledning så veit du at du kan fylgje kampen minutt for minutt her.
    Godsetunionen kan sole seg på den eine kortsida og har allereie godt over 100 menn og kvinner på plass.
    Då går begge laga i garderoben og om vel ti minutt er vi klare for den 4.runden i Tippeligaen og dette topp mot botn-oppgjeret frå Fosshaugane Campus.
    Som vanleg når godsetunionen er i Sogndal så synge dei: 'Det er bare en Flo i Norge'. I Sogn og Fjordane har ein godt av Flo'a å velga i så her slit ein nok med å finna ut kven drammensarane syng om.
    Då kjem laga ut på bana og om nokon minutt er vi klar for den 4.runden i Tippeligaen.
    Godt med konfetti i Godsetunionen og no har saftkokarane og komme seg godt opp i tosifra antal så ramma for dagens kamp er no perfekt.
    Sogndal vinn myntkastet og det betyr at det er Larsen Kwarasey som får sola i ansiktet denne omgangen. Stor sjanse for at den har gått ned over fjella til 2.omgang så dette kan være viktig for Sogndal.
    Kampen har startet
    Då er vi i gang og Godset slår lang opp mot Kovac, men etterkvart får Sogndal klarert.
    1'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ørjan Hopen
    Endar i kast for Sogndal.
    1'
    Teniste kastar langt og Sogndal får corner igjen.
    2'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ørjan Hopen
    Mykje klabb og babb. men Kovac får klarert.
    2'
    Sogndal veldig aggresive i starten her så ydmykelsen frå i fjor heng nok i bakhovudet og skal revansjerast.
    4'
    Sogndal bryt og Ulrik Flo prøver seg frå 45 meter. Litt optimistisk.
    4'
    No er det Godset som kjelar med ballen og Sogndal ligg djupt.
    5'
    Kovac kjem på kant og legg inn til Sørum. Utvik klarerer til kast.
    6'
    Stor sjanse då Valsvik og Dyngeland misftostår kvarandre. Valsvik stussar til corner.
    6'
    Strømsgodset får tildelt et hjørnespark
    Øyvind Storflor avatarØyvind Storflor
    7'
    Mål for Strømsgodset!
    Sogndal 0 - 1 Strømsgodset
    Marius Høibråten avatar
    Mål: Marius Høibråten
    Klabb og babb i feltet og til slutt er det Høibråten som er på rett plass og dunkar ballen opp i nettaket. Flott start for Godset.
    7'
    Frispark til Sogndal på 17 meter.
    9'
    Hopen vil veldig gjerne skyte.
    9'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 1 - 1 Strømsgodset
    Mål: Ørjan Hopen
    Dunkar ballen i keeperhjørna. Larsen Kwarasey bør kanskje ta den, men det er så hardt og med sola midt i mot verdt det vanskelig for ghanesaren.
    10'
    For ein start på kampen her på Fosshaugane Campus.
    11'
    Sogndal polar ballen opp kvar gong dei har den. Spørs om Ronny Deila er så imponert over sogningane sin taktikk. Deila har tidlegare vore særs negativ til Sogndal sin måte å spela fotball på.
    12'
    Kast til Sogndal og Teniste skal kaste langt.
    12'
    Ny lang ball inn og Storbæk klarer å presse Flo slik at han ikkje får avslutte.
    13'
    Innkast til Godset no.
    13'
    Kastar kort og prøver å småspele seg gjennom, men Sogndal klarerar.
    14'
    Utvik slit og det spørs om ikkje Sogndal må gjere eit byte.
    14'
    Abu snublar når han fører ballen framover. Det er vatna før start, men kunnstgraset vert veldig tørt og har lite friksjon når det er tørt vær.
    16'
    Bolseth vinn ein duell mot Storbæk og Flo ser litt overraska ut så han når ikkje fram på slutten.
    19'
    Eit soleklart kast til Sogndal, men Fossum er rutinert. Tek ballen og kastar og dommar Døvle lar Godset få kastet.
    20'
    Frispark til Godset og Storflor skal svinge innover.
    20'
    Sogndal får klarert, men innsvingaren er veldig god og Kovac er ikkje langt frå å få skallen på ballen.
    21'
    Innkast til Sogndal på høgd med 16-meteren.
    22'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ørjan Hopen
    Går gjennom heile feltet og ut til 5-meter.
    22'
    Gode kombinasjonar av Godset og Vilsvik får lagt inn. Dyngeland er ute og snappar forran Sørum.
    24'
    Godset med ball og Sogndal med heile laget 20 meter inn på eigen halvdel.
    25'
    Sogndal har grei kontroll på Godset, men når drammensarane set opp balltempo så har sogningane sitt å stri med.
    27'
    Innlegg frå Storbæk og Kovac knuser Utvik i lufta. Headinga går ein liten meter over målet til Dyngeland.
    28'
    Igjen er Kovac igjennom og denne gong avsluttar han med beina. Men no går ballen ein meter utafor stolpen.
    28'
    No er det berre eit lag på bana. Godset spelar og spelar, mens Sogndal måkar ballen opp på Bolseth som spring til inga nytte. Derimot lite Godset skapar av sjansar.
    30'
    Sogndal farleg frampå ved to høve her no. Slår lange ballar opp som dei krigar på og Godset ser ikkje heilt komfortable ut når dette skjer.
    31'
    God sjanse for Sogndal. Innlegg frå Teniste og Flo er eigentleg på blank kasse, men headar rett på Kwarasey.
    32'
    Ovenstad kjem fint rundt på kant og igjen er Kovac nære på når innlegget kjem.
    34'
    Abu falle veldig lett og det samme gjer Fosum. Dette likar publikum på Fosshaugane dårlig.
    35'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ørjan Hopen
    Går gjennom heie feltet igjenn.
    36'
    Det er vert å merke seg at ingen av Sogndal sine fire mål i år har komme frå innsida av 16-meteren.
    38'
    Det er Godset som spelar, men Sogndal satsar alt på kontringar. No var dei farlig frampå igjen med islendingen Logi.
    40'
    Innlegg frå Strand som igjen går gjennom heile feltet. Sogndal har hatt fleire gode halvsjansar i denne omgangen og sjølv om det er Godset som styrer så kunne det like godt vært sogningane som hadde fått eit mål.
    42'
    Stillingskrig no. Skal vi få eit mål før pause?
    44'
    Frispark til Sogndal skrått 30 meter frå Kwarasey sitt mål.
    45'+1
    Går inn til godsetkeeperen.
    45'+1
    Pause
    45'+1
    Jamn kamp sjansemessig, men det er Godset som styrer det meste av banespelet. Sogndal kjem på overgangar og har sprunge veldig mykje i denne omgangen. Vi får sjå om sogningane har kondis til å følge opp i 2.omgang eller om serieleiiaren får sjansane dei treng for sikre ein ny trepoengar.
    Då er laga på bana og vi er kalr for 2.omgang frå Fosshaugane Campus.
    2. omgang
    45'
    Sogndal med avspark og dei slår ein lang ball på Flo, men Storbæk har kontroll.
    46'
    God sjanse for Sogndal på eit innlegg, men Strand treff ureint på ballen.
    47'
    Framleis sol i Sogndal og Dynglenag får ei låg kveldssol å stri med. Så får vi sjå om Godset klarar å utnytte dette.
    47'
    Sogndal klart best sålangt i denne omgangen. Godset ikkje komme heilt i gang endå.
    49'
    Midtbanekrig her no.
    51'
    Mål for Strømsgodset!
    Sogndal 1 - 2 Strømsgodset
    Gustav Wikheim avatar
    Mål: Gustav Wikheim
    Innlegg frå kant og Sørum er først på ballen. Får flikka den vidare i feltet og ballen treff Wikheim i ansiketet før den snik seg inn ned i Dyngeland sitt høgre hjørne.
    52'
    Ny god sjanse for Godset. Kovac når høgaste på eit legg frå Vilsvik, men styrer ballen utafor. Vil ha corner, men Døvle er ueinig.
    55'
    Enorm sjanse for Godset. Vilsvik på ny med innlegg og Sørum står åleine på bakerste. Headinga hans går nokre centimeter utafor.
    56'
    Strand skjer innover og skyt, men den går ein meter over målet til Kwarasey.
    56'
    Godset kjem ved fleire høve oppover høgresida si og får gode innlegg i boksen. Det var og slik målet kom.
    58'
    Strand fintar Fossum på rompa og for appaus frå heimepublikummet.
    58'
    Haugen ligg nede med skade.
    59'
    Bergensaren er oppe igjen. Sårt tiltrengt drikkepause for begge laga dette.
    61'
    Kast til Sogndal på høgd med Godset sin 16-meter.
    61'
    Godset kontrar og Wikheim når nesten fram til Sørum, men Dyngeland er ute og får avverga.
    62'
    Hopen prøver seg frå 20 meter, men skotet går rett på Kwarasey.
    63'
    Kovac høgast i feltet og denne gong får han ballen på mål. God redning av Dynglenad sjølv om han får ballen rett på seg.
    64'
    Lang ball opp frå Valsvik, men Bolseth blir avblåst for offside. Tvilsam, men trur linjedommaren hadde rett der.
    65'
    Gult kort til Strømsgodset
    Martin Rønning Ovenstad avatarMartin Rønning Ovenstad
    Held igjen Flo på ei kontring.
    66'
    Frisparket endar i ingenting.
    66'
    Hopen med krampe. Spørs om ikkje Olsson må gjere nokre byte snart.
    67'
    Frispark til SOgndal på høgd med Godset sin 16-meter.
    67'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Ruben Holsaeter
    Ut: Ørjan Hopen
    67'
    Strand set ensten frisparket i mål, men Kwarasey får gjeve til corner.
    68'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Stor sjanse der Kovac reddar på strek.
    68'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Petter Strand avatarPetter Strand
    Kort og endar i åpent spel.
    69'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Går gjennom heile feltet og ut til 5-meter. Dette har skjedd veldig mange gonger denne kampen for SOgndal sin del.
    69'
    Sogndal styrer spelet no, men vi veit jo kor gode Godset er på overgangar så vi får nok mange sjansar utover i kampen.
    71'
    Gult kort til Strømsgodset
    Jarl Andre Storbaek
    Muleg han får på protestar på eit frispark.
    71'
    Sogndal har frispark 20 meter inn på Godset sin banehalvdel.
    72'
    Endar i åpent spel før Strand får sjansen på 16 meter. Skyt litt laust Kwarasey er på rett plass.
    73'
    Spillerbytte - Strømsgodset
    Inn: Patrick Olsen
    Ut: Gustav Wikheim
    74'
    Godset prøver konstant å dra ned tempoet i kampen og det ser det ut som dei klarar. Framstår rutinerte og sikre Godset sine spelarar.
    76'
    Godset vinn eit innkast på høgd med Sogndal sin 16 meter.
    78'
    Spillerbytte - Sogndal
    Kristian Fardal Opseth avatarUlrik Flo avatar
    Inn: Kristian Fardal Opseth
    Ut: Ulrik Flo
    79'
    Mål for Strømsgodset!
    Sogndal 1 - 3 Strømsgodset
    Mål: Peter Kovacs
    Målgivende: Iver Fossum
    Innlegg frå kant etter innkastet og Kovac vinn duellen. Headinga går i ein boge over Dyngeland. Var egentlig berre eit tidsspørsmål før Kovac skulle få scoringa si i dag.
    81'
    Gult kort til Sogndal
    Kristoffer Stephensen
    Får kort etter ein duell med Lehne Olsen.
    83'
    Sogndal litt tannlause no. Slit med å finna nokon opningar i Godset sitt fosrvar.
    84'
    Godt innlegg igjen frå VIlsvik og Utvik får klarert like forran Kovac.
    86'
    DOmmaren dømmer hands etter at linjedommaren som står 30 meter unna har vinka. Ballen var i handa, men strengt dømt. Frispark til Godset på 25 meter.
    87'
    SOgndal klarerar.
    87'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Tim Nilsen
    Ut: Rune Bolseth
    87'
    Pliktløp for Godset no.
    89'
    Gult kort til Sogndal
    Kristian Fardal Opseth avatarKristian Fardal Opseth
    89'
    Storbæk oppe igjen.
    90'
    Berre 2875 på kampen i dag. Svakt oppmøte, men sogningane vel heller å slikke den siste påskesola enn å gå på fotballkamp.
    90'+1
    Utspel frå målet til Dyngeland, men der vart nok Godset snytt for ein corner.
    90'+2
    Innkast til Godset nede ved cornerflagget.
    90'+3
    Held ballen der nede, men Sogndal får frispark.
    90'+3
    God sjanse for Opseth, men headinga går utafor.
    90'+4
    Kampen er slutt
    90'+5
    Og der var det over på Fosshaugane Campus. Godset vinn alt i alt fortent sjølv om Sogndal lenge var med. Marginane var på drammensarane si side, men og dyktigheiten i avslutningsfasen. I løpet av andreomgangen kom Vilsvik til innlegg gong på gong og det var då det vart verkeleg farleg framfor forran Dyngeland i sogndalsmålet.
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her