0-1
Mane25'
1-1
Flo46'
2-1
2-2
Mane83'
4-2
4-3
89'

Ble dekket av NTBNTB

    Då vil vi ynskje velkomne til 3.runde i Noregsmeisterskapen 2013 frå Fosshaugane Campus. Sogndal tek i dag imot Ull/Kisa frå Jessheim.
    Sogndal har fått ein god start på Tippeligaen og ligg som nr.8. Ull/Kisa gjorde det glimrande i årets treningskampar, men når seriespelet tok til så var det lite krutt i kanonen og per dags dato er laget frå romerike nr.14 i Adeccoligaen.
    Ull/Kisa med ein del taktiske endringar før dagens kamp. I staden for den vanlege 4-4-2 formasjonen satsar dei no på ein 4-2-3-1 formasjon. Ifølge hjelpetrenar Eivind Emblemsvåg vil ein i dag satse på raske kantar for å utfordre backane til Sogndal. Samtidig har ein fått inn Martin Rosenkilde i forsvaret for å prøve å matche Sogndal si hovudstyrke, då primert gjennom Azar Karadas.
    Hjelpetrenar Emblemsvåg har og tidlegare vore student i Sogndal og har i dag tatt med gutta på lang gåtur i sogndalsnaturen. Han kunne nok ikkje valt ein bedre dag for å vise fram den tidlegare studiebygda si. Over 20 grader og solskin gjer dette og til ein glimrande dag for fotball. Så får vi sjå kor inspirerte gutta frå Romerike er.
    Sogndal har måtta gjort ein del endringar frå laget som spelte uavgjort mot Start på søndag. Ut med skade har Sidny Sagna og Taijo Teniste gått. Inn på backen har Espen Ness Lund komme og sentralt på midtbana skal Kristoffer Nesse Stephensen fylle rommet etter senegalesaren Sagna.
    Speaker Tom Wolf Navarsete har i dag fått frie tøylar og det dunkar heftige rocketoner ut frå anlegget på Fosshaugane Campus. Så får vi sjå om kampen vert ein rocka opplevelse også.
    I dag kan du og sjå kampen direkte i vårt nett-tv studio. Følg denne direktelinken for live bilder og Stig Roger Eide si mjuke røyst: www.firda.no/vis/cupvideo/
    Sogndal med eit byte i siste sekund. Ut med Erik Dahlin og inn med reservekeeper Leif Lysne.
    Då nermar vi oss kampstart. Kapteinane Bolseth og Jørstad skal no avgjere kven som skal starte med ballen og kven som skal få sola i anlete dei fyrste 45 minutta.
    Kampen har startet
    Då er vi i gang og det er Ull/Kisa som startar med å slå langt opp, men der er Valsvik konge i lufta og nikkar unna.
    1'
    Lang ball opp mot Flo men Rosenkilde får avvrega til corner.
    2'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ruben Holsaeter
    Kisa klarerar til kast.
    3'
    Det er Holsæter som kastar langt, men igjen er Kisa flinke i boksen og får ballen ut.
    4'
    Kisa med høgt press og tvingar Sogndal til å slå langt.
    5'
    Lang ball opp mot Karadas som vinn og legg igjen til Mane. Han skyt frå 35 meter, men Vangen har god kontroll og skjermar ballen ut.
    5'
    Sogndal rullar opp igjen og Ness Lund slår inn. Keeper Vangen virkar derimot sikker og plukkar ballen ned i duell med Flo.
    6'
    Sogndal med eit visst trykk dei første minutta. Denne gong er det Holsæter som kjem til avslutning, men Vangen held skotet lett.
    7'
    Jørstad og Giæver kombinerar fint. Sistnemnte gir ein stikkar til Dos Santos. Han prøver eit skot frå 16 meter, men Patronen får blokkert.
    9'
    Kisa klarer å trille ball langt inn på Sogndal sin banehalv. Frispark no til frå ca.20 meter.
    11'
    Giæver og Andresen står klar.
    11'
    Mål for Ull/Kisa!
    Sogndal 0 - 1 Ull/Kisa
    Mål: Morten Giæver
    Skrur ballen rundt muren og ned i Lysne sitt lengste hjørne. Følsomt og elegant av Giæver.
    11'
    Då skal tippeligalaget Sogndal få litt å jobbe med her!
    13'
    Suleiman ligg nede, men han ligg utafor bana så kampen vert ikkje stansa.
    14'
    Kisa held fram med å angripe og har ikkje tenkt å legge seg bakpå sjølv om dei leiar. Fullt på høgde og kanskje betre spelemessig enn Sogndal.
    15'
    Holsæter riv ned Ihugba og Helgerud er i tvil om han skal gje kort. Lar tvilen komme den tiltalte til gode.
    17'
    Rosenkilde med god kontroll på Karadas sålangt. Vinn dei fleste duellar.
    19'
    Sogndal ligg under 0-1 mot eit Adeccoligalag, men pressar lågt på heimebane.
    20'
    Kim Brenna dreg seg fri på 20 meter, men skotet går like utafor.
    20'
    Unge Johan Kolbjørnsrud er banens yngste. Har klart seg veldig godt med rutinerte tippeligaspelarar.
    23'
    Ingen store sjansar i det siste. Ganske jamnt i banespelet, men Sogndal sine trenas Jonas Olsson har gjeve klar beskjed til sitt offansive skyts om å gire opp eit hakk.
    24'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 1 - 1 Ull/Kisa
    Mål: Malick Mane
    Mane skyt via ein Kisa-spelar og ned i det høgre hjørnet for Vangen.
    25'
    Ved fleire høve har Ahmed Suleiman vore ute for å få behandling. Han vil derimot ikkje byte og det har gjort at Kisa i fleire minuttar har spela 10 mot 11. Dette skjedde og like før Mane sitt mål.
    26'
    Fleire duellar sentralt no mellom Ihugba og Bolseth. Helgerud indikerar at den neste som gjer noko gale vil få kort.
    27'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ruben Holsaeter
    Går gjennom heile feltet, men Sogndal bygger opp på nytt.
    28'
    Innlegg til Flo som får til ei heading, men Vangen held forsøket frå stryningen.
    29'
    Etter ein halvtime har det ikkje vore mogleg å sjå divisjonsskilnad på laga.
    31'
    Skaasheim bryt og set fart framover. Kombinerar fint og kjem til linja. Innlegget går i Kolbjørnsrud og tilbake i Skaasheim og ut. Godt initiativ av Skaasheim sjølv om det ikkje resulterar i noko.
    33'
    Ihugba skyt over frå 20 meter.
    33'
    Ull/Kisa får tildelt et hjørnespark
    Truls Jørstad avatarTruls Jørstad
    Ness Lund stangar ballen ut.
    34'
    Gult kort til Ull/Kisa
    Martin Rosenkilde
    Riv ned Flo på ei kontring.
    35'
    Frispark til Sogndal frå 35 meter. Holsæter slår inn.
    36'
    Kisa vinn duellane i feltet og til slutt kan Vangen plukke ballen rolig opp.
    36'
    Godt initiativ av Kolbjørnsrud, men den siste pasningen er upresis og går inn til Lysne.
    36'
    Kisaspelarane har fått beskjed om å skyte på Sogndal sin reservekeeper Lysne. Denne gong er det Suleiman som klinkar til frå 30 meter. Lysne held skotet relativt greitt.
    37'
    Frispark til Sogndal frå 30 meter.
    38'
    Mane skyt ufarlig over.
    38'
    Nytt frispark til SOgndal frå 30 meter, men denne gongen ute frå kant og Holsæter skal legge inn.
    39'
    Flo får avslutta, men det var dømt offside.
    39'
    Ihugba gjer ein glimrande jobb sentralt. Riv og slit slik at Sogndal ikkje får byggje opp noko spel.
    40'
    Lite som skjer akkurat no på Fosshaugane Campus.
    42'
    Kamplotteri no. Ganske spennande faktisk. Iallefall for tilskodarane med lodd.
    43'
    Simen Kind Mikalsen låg nede etter ein duell, men er oppe igjen no.
    44'
    Knallharde duellar mellom Ihugba og Mane. Førstenemnte kjem sigrande ut og Kisa vinn eit kast.
    45'
    God sjanse for Sogndal. Flo kjem rundt på kant og slår 45 grader ut. Karadas kjem nesten fram, men Andresen får gjeve til corner.
    45'+1
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ruben Holsaeter
    Andresen klarerar igjen.
    45'+1
    God snajse for Kisa. Prlver å spele seg gjennom i midten og berre ei lang tå frå Patronen hindrar Dos Santos i å avslutte.
    45'+2
    Pause
    45'+2
    Pause på Fosshaugane Campus. Ingen forskjell på laga og 1-1 er eit greitt resultat.
    Sogndal på bana. Vi ventar på Kisa.
    Og der kom dei gule og grønklede. Vi er klar for 2.omgang frå Fosshaugane Campus.
    2. omgang
    45'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 2 - 1 Ull/Kisa
    Ulrik Flo avatar
    Mål: Ulrik Flo
    Målgivende: Malick Mane
    Sogndal rett i angrep. Stephensen slår ut til Mane som legg inn. Der er Ulrik Flo på riktig plass og Sogndal går opp i 2-1. Ein skikkelig kalddusj for Kisa dette.
    46'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ruben Holsaeter
    Frispark for Vangen.
    47'
    Kolbjørnsrud veldig sein i ein duell med Holsæter. Sogndal får fordel.
    49'
    Ull/Kisa får tildelt et hjørnespark
    Truls Jørstad avatarTruls Jørstad
    Får to moglegheiter, men til slutt får Lysne kontroll.
    49'
    Kisa slit med å finne kvarandre i denne omgangen. Spørs om dei er blitt litt stressa etter det tidlege målet til Sogndal.
    51'
    Enorm sjanse for Sogndal. Flo dreg seg fri langs sida. legg 45 grader ut til Mane som plasserer ballen fin til side for Vangen, men sistnemnte er som ein tiger og reddar. På returen headar Karadas over.
    52'
    Sogndal verkar å ha senka skuldrane litt meir no. Ikkje det at dei spelar så veldig bra, men dei har fått litt meir sjølvtillit i pasningspelet.
    54'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ruben Holsaeter
    Karadas får avslutta, men Vangen er på plass og held ballen.
    54'
    Martin Rosenkilde har vunne mykje av duellane bak hjå Kisa i dag. Sterkt når han spelar mot mellom anna Azar Karadas.
    56'
    Holsæter driv framover på ei kontring og spelar til Mane. Han er i offside, men den såg veldig tvilsam ut.
    57'
    Ull/Kisa med nokon fine kombinasjonar, men innlegget til Ihugba går rett i klypene til Lysne.
    58'
    Spillerbytte - Ull/Kisa
    Inn: Christian Aas
    Ut: Kim Brenna
    59'
    God sjanse for Sogndal. Mane dreg seg lett forbi Kolbjørnsrud og slår inn, men ballen går gjennom heile feltet og ut til 5-meter for Vangen.
    61'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Magnus Stamnestrø
    Ut: Espen Næss Lund
    Går inn på kanten og Holsæter vert flytta ned som back.
    62'
    Sogndal med betre press i denne omgangen og Kisa slit meir med å få til spelet sitt.
    63'
    Sogndal prøver seg med nokon fikse kombinasjon, men innlegget frå Skaasheim går over alt og alle i boksen.
    64'
    Mane snublar ved hjørnefalgget og får hjelp av assistentdommaren til å komme seg på beina igjen.
    65'
    Kisa med ein halvsjanse. Aas med innlegg, men avslutninga frå Dos Santos går langt utafor.
    66'
    God sjanse for Kisa. Kolbjørnsrud kjem rundt på kant og slår inn. Etter litt five-a-side i boksen avsluttar Ihugba over.
    68'
    Giæver med skot. Kisa på veg inn igjen i kampen no.
    68'
    Ull/Kisa får tildelt et hjørnespark
    Truls Jørstad avatarTruls Jørstad
    Kjempesjanse. Gjennom heile feltet og ut til ny corner.
    70'
    Ull/Kisa får tildelt et hjørnespark
    Truls Jørstad avatarTruls Jørstad
    Vert dømt frispark til Sogndal.
    71'
    Kampen står og vippar no. Kisa meir med dei siste ti minuttane og dette er langt frå avgjort.
    73'
    Kisa med glimrande angrep. Byggjer opp og snur spelet over til venstre. Mikalesen kjem rundt og slår inn, men Lysne er på rett plass og plukkar innlegget. Gode tendensar av Kisa.
    75'
    Valsvik og Patronen verkar solide bak og Kisa må nok prøve å komme seg rundt på kant skal dei få til noko.
    76'
    Mål for Ull/Kisa!
    Sogndal 2 - 2 Ull/Kisa
    Mål: Morten Giæver
    Målgivende: Simen Kind Mikalsen
    Fullt fortent etter fleire gode angrep av Kisa. Bygger igjen opp på venstre og Mikalsen slår inn. Denne gong treff ballen Giæver og han set den sikkert bak Lysne.
    77'
    Kisa på hugget igjen. Giæver avsluttar, men utafor.
    78'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 3 - 2 Ull/Kisa
    Magnus Stamnestrø avatar
    Mål: Magnus Stamnestrø
    Målgivende: Malick Mane
    SOgndal vinn ballen inne på Kisa sin banehalvdel. Mane vert spelt gjennom og gjer til Stamnestrø som set ballen i det opne målet.
    78'
    Fullstendig mot spelets gang dei siste ti minutta at Sogndal scora.
    80'
    Stamnestrø jobbar hardt og får til ei avslutning, men Vangen held ballen.
    82'
    Jubel og applaus når sogndølen Oddbjørn Skartun scorar sitt andre og legg på til 4-2 for Bryne.
    82'
    Kisa held fram og styrer spelet. Heilt opent på slutten her.
    83'
    Sogndal har veldig lite å komme med. Klarerar langt kvar gong dei har ballen.
    83'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 4 - 2 Ull/Kisa
    Mål: Malick Mane
    Målgivende: Magnus Stamnestrø
    Der er det avgjort. Mane får ballen av Stamnestrø. Dreg seg fri og skyt via ein kisaspelar og i mål.
    83'
    Mane kåra til dagens sogndalspelar. Egentlig ein heilt ordinær kamp av senegalesaren, men med to mål og to mågjevande vert det vanskelig å komme utanom han i kåringa.
    85'
    No er det Sogndal som trillar ball og Ull/Kisa har nok gjeve opp håpet om ei cupbombe.
    87'
    Spillerbytte - Ull/Kisa
    Inn: Lars Jørgen Mork
    Ut: Truls Jørstad
    88'
    Mål for Ull/Kisa!
    Sogndal 4 - 3 Ull/Kisa
    Kan de bli spenning alikevel? Dos Santos dreg seg fri og set ballen fint til venstre for Lysne.
    89'
    Sogndal får frispark på høgd med Kisa in 16-meter. Vert nok tatt kort for å dra ut tida.
    90'+1
    Fire minutt tillegg.
    90'+1
    Sogndal held ballen ved hjørneflagget.
    90'+2
    Kisa vinn ballen og spelar seg ut.
    90'+2
    Dos Santos kjem på ei kontring. Dreg seg fri frå to mann, men avslutninga er forferdeleg.
    90'+2
    Rosenkilde er flytta opp som spiss.
    90'+3
    Eit lite minutt igjen for Kisa no.
    90'+3
    Frispark litt over midtstreken til Kisa.
    90'+4
    Elendig slått og Sogndal klarerar.
    90'+4
    lang ball opp, men Lysne når ballen rett føre Rosenkilde.
    90'+5
    Kampen er slutt
    90'+5
    Det vart verkeleg liv i denne kampen den siste halvtimen. Kisa flytta laget høgare opp i bana og sette trykk på Sogndal. Dermed opna kampen seg og det hadde ikkje vore ufortent om Kisa faktisk tok med seg sigeren her.
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her