Lag stor bakke (Menn) · 1. omgang
Trondheim · VM · NRK1| 4. hopp | ||||
|---|---|---|---|---|
| 1 | ![]() | Slovenia · A. Lanisek | 137.0m | 523.0p |
| 2 | ![]() | Østerrike · J. Hörl | 129.5m | 501.5p |
| 3 | ![]() | Norge · M. Lindvik | 137.5m | 483.1p |
Det har vore eit ruskevær i Trondheim, noko som gjorde at kombinertkonkurransen vart utsett, men laghopp ser ut til å gå som normalt!
Det er en halvtime til start. Johann André Forfang, Robin Pedersen, Kristoffer Sundal og Marius Lindvik er Noregs lag - og dei skal hoppe i den rekkefølgja.
-- Dei to beste hopperne er fyrst og sist. Det er for å få ein ryddig start og fin avslutning, seier Magnus Brevig til NRK.
I VM i Planica var det Slovenia som tok gullet føre Norge. Også då var Sundal, Lindvik og Forfang på laget. Østerrike tok bronse den gong.
- Kan være en genistrek, seier Remen Evensen på NRK om valet med Forfang som fyrste norske hoppar.
Noreg har tre VM-gull i denne øvinga. Dei kom i 1982, 1993 og 2015.
Øvelsen har begynt
Då skal vi starte. Zhen starter for Kina.
Kina i ledelsen!
Zhen hopper Kina i leiinga med eit hopp på 84 meter. Den leiinga vara nok ikkje lenge, får vi tru.
Kazakhstan med Nazarenko la seg like foran Kina, men Finland med Valto levera det fyrste "skikkelege" hoppet med 125 meter og klar leiing.
Amerikanske Bickner landa på 117,5 meter og legg seg på andreplass bak Finland.
Noreg er lag ti av elleve.
Litt venting her no på grunn av vind. Sveits er neste nasjon.
Dei andre landa er Polen, Japan, Slovenia, Tyskland, Noreg og Austerrike.
Wasser landa på 109,5 meter og inn til foreløpig tredjeplass. -Det er tunge forhold i bakken no, seier Remen Evensen.
Polen inn på tredjeplass. Deira fyrste hoppar har så vanskeleg namn at vi lar det gå forbi.
Nikaido levera 122 meter. Det er ein klar andreplass, to poeng bak Finland.
No er det klart for Slovenia. Dei regjerande verdsmeistrane.
Tja, tja. 128,5 meter. Det er foreløpig leiing, men er det godt nok når Tyskland, Austerrike og Noreg kjem?
127 meter på Karl Geiger. Legg seg inn eit halvt poeng bak Slovenia.
No er det klart for Forfang.
Det er eit solid hopp!
128,5 meter på Forfang. Han har tyngre forhold enn Slovenia - så det blir leiing med 6,9 poeng!
Noreg nummer to!
Tschoefing med 127 meter i fyrste omgangs siste hopp. Det blir leiing 0,4 poeng foran Noreg.
Då er det rett i gong med andre runde.
Trur vi står over å rapportere så mykje frå Kina og Kasakhstan. Dei hopper 30-40 meter kortare enn resten.
122,5 meter på Palosaari. Eit meget godt hopp. Kan dei blande seg inn i kampen om ein fjerdeplass?
-Eg skulle gjerne ha skilt oss meir ut etter fyrste pulje, men det er eit bra hopp synes eg. Eg får maks ut av det, seier Forfang om sitt eige hopp.
Sveits og USA har hoppa. Begge legg seg bak Finland.
Ei heller Polen klara å tukte finnane.
Japan med Sato skal ut før det er klart for Domen Prevc for Slovenia.
Eit meget godt hopp frå Sato. 129,5 meter er dagens lengste so langt - og Japan i klar leiing.
For eit hopp frå Prevc med eit strålande nedslag. 135 meter!
I leiinga med 28 poeng ned til Japan. Det var eit viktig og godt hopp frå slovenarane.
Så svikta Leyhe for Tyskland! 122,5 meter.
Då er Tyskland nede på foreløpig tredjeplass. 33,6 poeng bak Slovenia. No venter Robin Pedersen.
Neineinei.
Robin Pedersen landa på 123,5 meter! Då er Noreg 20,1 poeng bak Slovenia.
-Det er ikkje eit teknisk godt nok skihopp, seier Remen Evensen om hoppet til Pedersen, som er det usikre kortet på Noregs lag.
Då er det Ortner frå Austerrike.
130,5 meter på Austerrikaren. Det betyr andreplass, 4,4 poeng bak Slovenia.
Noreg ned på tredje
Det betyr at Slovenia er i leiinga 4,4 poeng foran Austerrike og 20,1 poeng foran Noreg.
-Eg trur det blir ein nerve gjennom heile konkurransen, seier landslagssjef Brevig til NRK.
116,5 meter på Finland. Det er for svakt. Kjem nok til å bli større avstanda opp til tettrioen no.
-Eg kjente at det flaug fort nedover. Slik vart det denne gongen, seier Robin Pedersen om sitt hopp.
Strålande hopp frå Wasek. 131 meter og leiing på polakkane!
Nakamura med 127 meter for Japan. Då er dei tilbake i føringa, 7,4 poeng føre Polen. No er det Zajc for Slovenia.
Eit strålande hopp.
136,5 meter og eit flott nedslag.
Leiing med 47,7 poeng! Og no er det Raimund for Tyskland.
Fint hopp frå tyskaren. 135,5 meter og soleklar andreplass, 36,8 poeng bak Slovenia.
Då er det Sundal. No treng vi eit godt hopp!
Det blir det ikkje.
124,5 meter. - Han er rett og slett uheldig, Kristoffer, sier Forfang og visa til forholda.
Det betyr at Noreg er nede på tredjeplass. 41,8 poeng bak Slovenia - og bak Tyskland.
Stefan Kraft sit på bommen og ventar på grønt lys.
Det er ikkje gode nok forhold i bakken no. Kraft går av bommen.
No har Kraft fått klarsignal.
Voldsom fart på Kraft nedover bakken!
134 meter på austerrikeren. Det betyr andreplass.
Noreg utafor pallen
Slovenia leda med fem poeng ned til Austerrike. Tyskland er 36,8 bak på tredjeplass. Noreg ligg på fjerdeplass, 41,8 poeng bak.
VG Live svarer
Freddy
Hopper man egentlig langt eller dypt, slik bakkene nå er konstruert? Kunne man gravd 4-500 meter dypere i f.eks Vikersund og flydd en halv kilometer?
Det her er eit veldig godt spørsmål, som eg ikkje har svaret på.
Vi er inne i siste runde i denne omgangen. Noreg har igjen Marius Lindvik. Han bør levere eit strålande hopp, om Noreg skal ha sjans på gullet.
-Det var eit jævlig kjipt hopp. Det vart veldig kort, seier Eriksen Sundal om hoppet under vanskelege forhold.
-Vi er framleis ikkje heilt ute av medaljekampen, fortset han.
-40 poeng er mykje, men det er framleis fem hopp igjen, seier Sundal om poenga opp til Slovenia som er i leiinga.
Polen i leiinga etter Kubacki sitt hopp. Dei, USA og Finland er då kvalifisert for andre omgang.
Kobayashi landa på 133,5 meter og Japan går i leiinga og er også klare for andre omgang.
Då er det Anze Lanisek for Slovenia.
Han gjere ingen feil. 137 meter og dagens lengste hopp.
Wellinger skal ut no før det er Lindvik.
Det blir 132 meter på Wellinger. Inn til klar andreplass, 43,7 poeng bak Slovenia. Det begynner verkeleg å bli avstanda.
For eit hopp frå Lindvik!
137,5 meter og Noreg er med i kampen igjen!
Får applaus frå kronprinsen, Lindvik.
Noreg 39,9 poeng bak Slovenia. Og så bommar Hörl!
Han landa på 129,5 meter, og ligg då berre 18,4 poeng foran Noreg!
Slovenia er i føringa, 21,5 poeng foran Austerrike. Noreg nummer tre, 39,9 poeng bak. Tyskland fire, Japan, Polen, USA og Finland følger. Det er dei som er vidare.
-Veldig sterkt hopp av Lindvik til slutt, og så trur eg resten av gutta har meir inne, seier landslagssjef Espen Brevig til NRK.
Kina, Kasakhstan og Sveits er altså ute - og skal ikkje hoppe meir i dag.
Øvelsen er ferdig


