0-1
0-2
0-3
0-4
Andersen68' (Str.)
0-5
Author avatar

Ble dekket av NTB

    Hei, og velkomen til fyrste runde i cupen direkte frå Eide Stadion!
    Det gode vårværet er over og temperaturen har falt. Det samme kan vi vel seie om Molde sin motstandar i kveldens cup-kamp, etter at dei søndag kveld tok imot Rosenborg på Aker Stadion er det i dag klart for Eide og Omegn på langt mindre Eide Stadion.
    Eide og Omegn spelar til vanleg i 4. divisjon kor dei etter to kampar står med ein seier og eit tap. Seieren kom i fyrste kamp heime mot Kristiansund FK. Eide og Omegn vann kampen 4-3. Molde har på si side hatt ein svært god start på sesongen og toppar tabellen i Eliteserien. På søndag slo Molde sin største rival Rosenborg 3-0 heime på Aker Stadion.
    Eide og Omegn har allerede spelt to kvalifiseringsrunder i cupen for å kunne spele i dagens kamp. Fyrste kvalifiseringskamp var allerede i mars. Eide og Omegn spelte borte mot Tomrefjord og vann kampen 2-1. Etter dette var det Åndalsnes som kom på besøk til Eide, for å spele om retten til ein plass i fyrste runde. Eide og Omegn slo Åndalsnes 3-0.
    Eide og Omegn sin trenar er ein gammal Molde-kjenning, Odd Berg. Han har både spelt på og trent Molde sitt A-lag. I 1974 vart Odd Berg toppscorar i Norges øverste divisjon med 13 mål.
    Det er begynt å bli nokon år sidan Molde sist hadde suksess i cupen. 2014 var sist dei vann cupen. Foruten semifinalen i 2017 har cupen vore ein stor skuffelse for Molde i sesongane etter 2014. I fjor rauk Molde ut allerede i andre runde mot 2.divisjonslaget Brattvåg. I 2016 kom ikkje Molde lenger enn tredje runde, kor dei måtte sjå seg slått av Stjørdals-Blink. Med mange signeringar i forkant av årets sesong, i tillegg til ein god sesongstart er det knytta store forventningar til Molde i både serie og cup.
    Kampen har startet
    0'
    Der er vi i gong.
    1'
    Molde går rett i angrep og skaffar corner. Corneren kjem inn lavt og blir klarert.
    1'
    Eide med frispark på midten. Endar med corner.
    2'
    Svingar ballen rett i nettveggen.
    2'
    Molde trer seg framover, men Eide er tøffe i duellane og klarerar godt.
    3'
    Telo utfordrar på venstresida, men blir skjærma ut av bana.
    4'
    Molde rotar litt i starten og klarar ikkje å ta ned ballen og spele.
    5'
    Eide ser langt og kjapt ved ein kvar anledning. Ikkje presise nok i starten.
    6'
    Sjølstad slår langt på Telo, backen skal slå inn, men innlegget går rett til keeper.
    7'
    For ei redning! Leke James trer gjennom Sjølstad som kjem aleine og avsluttar, men der er Colley i Eide-buret. Der burde det stått 0-1!
    8'
    Tas kort.
    10'
    Mål for Molde!
    Eide og Omegn FK 0 - 1 Molde
    Mål: Leke James
    Corneren tas kort før den svingast inn til ein Leke James som har plassert seg flott og headar ballen enkelt i mål! Då smell nok ikkje cupbomba her.
    10'
    Molde fortsett å presse på, men Eide får klarert.
    12'
    Molde går på skudd fra 25 meter, men keeper Colley er nok ein gong med på notane.
    12'
    Aursnes er tøft inne i ein duell med ein Eide spelar og lagar frispark. Ein etterlengta pust i bakken for Eide-forsvaret.
    13'
    Keeper Colley er med på notane nok ein gong! Denne gong blir det corner.
    15'
    Langt denne gong. Colley slår til ny corner.
    15'
    Godt slått corner, men Colley er oppe og boksar ballen ut og blir etterkvart ny corner.
    15'
    Corneren blir farlig! Forren får skutt og det blir styring på avslutninga, men eit Eide bein klarar å klarere.
    16'
    Ulland Andersen drar seg oppover sida og slår eit godt innlegg, men Leke James klarar ikkje å få tåa på ballen.
    17'
    Molde er frampå og treff tverliggar, men det blir blåst for offside.
    19'
    Mål for Molde!
    Eide og Omegn FK 0 - 2 Molde
    Mål: Eirik Ulland Andersen
    Målgivende: Christoffer Remmer
    Remmer drar seg oppover høgresida og slår inn. Der står Ulland Andersen og prikkar ballen ned i hjørnet! Iskald avslutning!
    19'
    Molde går rett i angrep igjen! Leke James får ein god ball, men klarar ikkje å time løpet. Ballen går inn til keeper.
    21'
    Total overkjøring fra Molde no! Skapar ikkje dei største sjansane, men dei har full kontroll og gjer akkurat som dei vil!
    22'
    Telo signaliserar at ikkje alt er som det skal og han må kanskje ut.
    25'
    Spillerbytte - Molde
    Inn: Ruben Gabrielsen
    Ut: Christopher Telo
    25'
    Mål for Molde!
    Eide og Omegn FK 0 - 3 Molde
    Mål: Leke James
    Der står det 3-0! Ulland Andersen får ballen frå Knudtzon og fyrar avgårde eit skudd. Keeper reddar, men på returen står Leke James og sett inn sitt andre for dagen! Enkel scoring for Leke James.
    26'
    Ulland Andersen testar skuddfoten nok ein gong, men denne gong blir den blokkert.
    29'
    Leke James går nok ein gong på løp inn bak forsvaret, pasninga kjem, men han klarar ikkje å dempe ballen og den går ut til utspark.
    30'
    Molde får corner etter eit klarert innlegg.
    31'
    Corneren blir svinga inn og der rotar keeper og det blir kaos. Eide får etterkvart endeleg klarert.
    31'
    Ulland Andersen blir felt og får frispark i drømmeposisjon.
    32'
    Han skal sjølvsagt ta det sjølv! Frisparket går rett i muren. Eit dårleg forsøk.
    33'
    Gabrielsen kjem oppover sida si og skal avslutte aleine med keeper, men litt skrått hold. Keeper kjem ut i stjerne og gjer ei kvalifisert redning.
    34'
    Spillerbytte - Eide og Omegn FK
    Inn: Chris-Robin Gundersen
    Ut: Stig-Roar Søbstad
    35'
    Colley med ei god redning fra 30 meter som resulterar i corner.
    37'
    Svingast inn på fyrste stolpe og der klarerar Eide enkelt.
    37'
    Molde med eit massivt press. Eide klarar ikkje å komme seg over midten og har sjeldent ball i meir enn to trekk.
    39'
    Molde kjem nok ein gong inn i sekstenmeteren, men den siste pasning blir for lang og Colley plukkar ballen enkelt.
    40'
    Ny corner for Molde.
    40'
    Nok ein gong på første stolpe og Eide klarerar.
    40'
    Sjølstad ser Aursnes som går på eit sjeldent løp, men pasninga blir for hard og endar i utspark.
    42'
    Gult kort til Eide og Omegn FK
    Riv ned Mostrøm.
    42'
    Ulland Andersen prøvar seg på frisparket, men ballen snik seg nokre centimeter over mål. Bedre forsøk denne gongen.
    43'
    Det går mot pause her på Eide Stadion.
    44'
    Ulland Andersen får stå på 15 meter og prikke skuddet! Ned i hjørnet ligg Colley og plukkar! God redning av svensken!
    45'+1
    Pause
    45'+1
    Det står 3-0 til Molde til pause. Omgangen kan best oppsummerast med 'lekestue' og hjørnespark. Leke James satte 1-0 før Ulland Andersen satte inn 2-0. Leke James scorte sitt andre for dagen når han satte inn 3-0. Det regnar som berre det, og undertegnande må få ladda PC-en til 2.omgang.
    2. omgang
    45'
    Der er vi i gong med 2. omgang. Eide startar med ball.
    46'
    Spillerbytte - Molde
    Inn: Eirik Hestad
    Ut: Erling Knudtzon
    46'
    Hestad går på skudd, men det blir blokkert og nok ein corner.
    47'
    Kort corner som til slutt endar i utspark.
    47'
    Moldes keeper Craninx får vere bort i ball for ein sjelden gang.
    49'
    Leke James vendar flott opp og skyt, men der kjem ei lang Eide-tå og blokkerar skuddet akkurat.
    49'
    Molde har ikkje starta like friskt i denne omgangen og Eide er litt meir med.
    50'
    Rett i stanga for Molde! Mostrøm slår ein god ball til Sjølstad som tar ein touch før han bankar ballen i stanga! Stor sjanse for Molde!
    51'
    Hestad får ballen på midten og ser at Colley er langt ute fra streken. Han prøvar seg, men skuddet er for høgt og for hardt. Ingen store problem for Colley der.
    53'
    Molde rotar på midten og Eide snappar ballen. Sett fart og får eit innlegg som blir corner.
    55'
    Molde klarerar enkelt.
    55'
    Eide kjem nok ein gong! Tidlig innlegg denne gongen, men der er ingen på enden av innlegget og Craninx plukkar enkelt.
    56'
    Molde trillar fint ball no og prøvar å få kampen tilbake i sitt spor.
    58'
    Remmer legg inn frå høgresida, men ballen blir klarert til corner.
    59'
    Svingar ballen godt inn. Leke James stig til værs, men når akkurat ikkje opp. Eide får etterkvart klarert.
    59'
    Eide med frispark på eigen halvdel og brukar sjansen til eit pust i bakken.
    60'
    Leke James er sterk og held ein mann i ryggen før han legg ballen tilbake til Sjølstad som skyt rett utanfor.
    62'
    Spillerbytte - Eide og Omegn FK
    Inn: Anders Harstad
    Ut: Nikolay Bruseth
    62'
    Spillerbytte - Molde
    Inn: Emil Breivik
    Ut: Fredrik Aursnes
    62'
    Molde med full kontroll på kampen og kontrollerar det som dei vil.
    64'
    Molde får eit frispark i god innleggsposisjon.
    64'
    Ulland Andersen står klar. Han går for skudd. Det går for høgt og ut til eit utspark. Burde kanskje valgt eit innlegg.
    64'
    Eide med frispark på Molde sin halvdel. Flyttar opp folk, men Molde får klarert.
    66'
    Der skal det stå 4-0! Molde slår eit godt innlegg frå venstresida og Leke James skyt i tverligger!
    66'
    Ballen endar etterkvart opp hos keeper.
    67'
    Ulland Andersen drar seg innover i feltet og blir felt.
    67'
    Molde scorer på straffe!
    Eide og Omegn FK 0 - 4 Molde
    Mål: Eirik Ulland Andersen
    Ulland Andersen blir felt og samme mann tar straffa sjølv. Han sett den enkelt ned i venstre hjørne og scorar sitt andre for dagen.
    68'
    Tornekrattet syng at dei er på vei til Ullevål. Det er enda ei stund til det, men andre runde i cupen kjem Molde til å spele.
    70'
    Gabrielsen får ballen på venstresida, slår vidare til Ulland Andersen som legg inn. Ballen blir forlenga og ut til eit innkast.
    72'
    Mål for Molde!
    Eide og Omegn FK 0 - 5 Molde
    Mål: Eirik Ulland Andersen
    Ulland Andersen! Der sitt 5-0 og hattricket! Han bankar til på kanten av sekstenmeteren og ballen går som ein rakket bort i lengste hjørne! Eit flott mål av kampens store spelar!
    72'
    Molde held roleg på ball og stressar ikkje med å komme seg framover i bana. Eide ser utslitt ut.
    75'
    Molde har stålkontroll på kampen uten at dei produserar noko som helst i øyeblikket.
    78'
    Spillerbytte - Eide og Omegn FK
    Inn: Dennis Gjerde Eide
    Ut: Jonas Heggstad
    78'
    Eide slit stort med å få til meir enn to trekk med ballen. Dei vil, men klarar rett og slett ikkje.
    80'
    Det ser mest ut som Molde vil ha kampen overstått og gå i garderoba. No trillar dei ball fra side til side og tilbake igjen.
    83'
    Remmer drar seg innover og finn Leke James. Eide-forsvaret er tett oppe i ryggen på spissen og han klarar ikkje å kontrollere ballen.
    85'
    Eide-fansen har våkna til liv i det Eide har innkast inne på Molde sin halvdel.
    85'
    Det går mot slutt. Molde trillar ball og Eide forsvarar seg godt her i sluttminutta.
    87'
    Ulland Andersen går ned for telling. Han held seg til leggen etter ein duell på midtbana. Molde har brukt opp alle bytta sine og Molde må kanskje fullføre med ti mann.
    88'
    Dagens Eide-spelar blir presentert. Det er keeper Colley som vinn den prisen. Med seg får han 5 kilo reker sponsa av den lokale Rema-butikken.
    90'+2
    Kampen er slutt
    90'+2
    Det endar 5-0 til Molde. Det heile starta med Leke James som satte inn 1-0. Ulland Andersen satte inn 2-0 før Leke James satte sitt andre for dagen og 3-0. Det stod 3-0 til pause. I 2.omgang roa Molde det ned litt, men det sørga for at Ulland Andersen fikk satt både 4-0 og 5-0. Det endte med to mål av Leke James og tre av Ulland Andersen kor eit av dei kom på straffe. Ein profesjonell gjennomført kamp av Molde som aldri var i fare. Til tross for eit ruskete vær var det mange frammøtte på Eide Stadion idag som laga ein flott cupkamp. Då gjenstår det for meg Magnus Gilleshammer og takke for seg.
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her