Author avatar

Ble dekket av NTB

    Då er begga laga ute på Riverplate Stadion, og vi er ein liten halvtime unna kampstart!
    Det er ikkje ofte at det er slikt storfint besøk i Larsnes/Gursken-området, noko vi ser bra på den store til strøyminga som finn stad. Fasilitetane er sjølvsagt ikkje dei aller beste, men alle dei frivillige som er til stades her gjer sitt til at alle skal få oppleve ein skikkeleg folkefest!
    Larsnes/Gursken held til dagleg til i 3. divisjon her på Sunnmøre, men det er ikkje mange sesongane sidan dei var nokre divisjonar ned. Ei god satsing der dei to laga blei slått saman og fleire tidlegare storspelarar blei henta tilbake etter å ha prøvd seg på høgare nivå. Blant anna har Anders Vaagen fleire sesongar i fjorårets NM-vinnar Hødd, medan Preben Sætre, Thomas Sætre Hauge og Ronny Jørgensen også har vore innom nabolaget frå Ulsteinvik.
    Som tradisjonen er, stiller Tippeliga-laga med eit tilnærma toppa lag. Sidan førre kamp mot Sarpsborg har Staw, Nordvik, Skagestad og Carlsen kome inn på laget. På benken finn vi blant andre Aarøy og James.
    Larsnes/Gursken har akkurat starta sesongen, og berre spelt ein kamp hittil. Laget til Per Rune Tødenes leia 1-0 etter scoring av Christoffer Rekdal like før slutt, men ei sein utlikning av Erik Rundi sørgja for at Sunndal fekk med seg 1-1 og eit poeng.
    AaFK har som kjent starta sesongen veldig bra, og leiar Tippeligaen etter fire strake sigrar. Hittil har dei slått Haugesund (3-0 heime), Sandnes Ulf (1-0 borte), Hønefoss (4-3 heime) og Sarpsborg (2-0 borte). Michael Barrantes er toppscorar med tre nettkjenningar hittil.
    Dagens domartrio består av Even Myrheim, Bjørn Magne Bakkom og Simon Ytterland.
    No har dei to laga kome på bana, og spelarane helsar på kvarandre.
    Gursken/Larsnes skal spele mot høgre i første omgang.
    Kampen har startet
    Nesten 0-1 etter 10 sekund! Barrantes ser at Fure står langt ute og prøvar seg. Keeperen rekk tilbake.
    1'
    Stewart med eit innoverskrudd innlegg som nesten går i mål. Fure får fista unna.
    2'
    Heimelaget slår i bakrom, men ballen endar berre opp hjå Staw.
    4'
    Rekdal avsluttar, men forsøket går utanfor.
    5'
    Nære på at Hamdallah kjem åleine igjennom. Fure kjem kjapt ut og snappar.
    6'
    Jørgensen kjem for seint inn i Matland. Frispark.
    8'
    Det blir teke kjapt, men AaFK får ingenting ut av det.
    8'
    Nordvik får bakhovudet til Jørgensen i nasa og må ta teljing. Andre gong allereie at den tidlegare RBK- og VIF-spelaren får seg ein smell.
    11'
    Hamdallah prøvar seg frå skrått hald. Endar til side for mål. God sjanse, det!
    12'
    Nære på at bortelaget får spelt seg igjennom. Oskar Gunnarstein med ei viktig takling.
    14'
    Hamdallah blir spelt igjennom, men blir avvinka for offside.
    14'
    Endar til slutt med at Moltubakk får avslutta, men skotet blir blokkert.
    18'
    Jørgensen med ei avslutning som ikkje går altfor langt unna.
    19'
    Nære på at Hamdallah kjem åleine igjennom. Fure får fanga kula.
    20'
    Stewart avsluttar frå utanfor boksa. Over mål og Fure har kontroll.
    21'
    Matland blir felt på veg igjennom. Frispark i fin posisjon for AaFK.
    23'
    Nesten 0-1! Stewart prøvar å leggje kula i næraste. Fure reddar fint.
    23'
    Endar etter kvart i ein ny corner.
    24'
    Nordvik headar over frå bakerste stolpe.
    24'
    Frispark til heimelaget midt på bana.
    26'
    Blir slått langt, men rett i klypene på Staw.
    26'
    God sjanse for AaFK! Barrantes får eit innlegg midt framføre mål, men han kjem ikkje høgt nok over kula og hovudstøytet går over.
    28'
    Wembangomo med eit hardt innlegg frå høgre. Forbi alle.
    31'
    Hamdallah går veldig lett i bakken inne i LGFK sin sekstenmeter. Domaren vinkar spelet korrekt vidare. Det blir nok eit gult kort neste gong han gjer det!
    32'
    No er det Myklebust sin tur til å gå lett i bakken. Nok ein gong vinkar domar Myrheim spelet vidare.
    33'
    Gult kort til LARSNES / GURSKEN
    Christoffer Brune Rekdal
    Sparkar vekk ballen etter at laget hans har fått frispark imot.
    34'
    Matland står klar.
    35'
    Nesten mål! Fure feilbereknar ballbana, men får gitt til corner.
    35'
    Er farleg slått, men Larsnes/Gursken får klarert.
    36'
    Mål for Aalesund!
    LARSNES / GURSKEN 0 - 1 Aalesund
    Mål: Abderazak Hamed-Allah
    Målgivende: Michael Barrantes
    Der sit den til slutt for Aalesund! Barrantes blir flott spelt fri på høgrekanten og er tilmodig og ventar til Hamdallah har kome seg i posisjon. På femogførtigraderspasninga scorar Hamdallah kontrollert.
    37'
    Frispark til AaFK i fin posisjon. Hamdallah skyt utanfor.
    38'
    No er det heimelaget som får frispark. Midt på bana. Det skal vel slåast longt.
    39'
    Frisparket endar i ingenting.
    40'
    Redning på strek! Ein AaFK-spelar får avslutta, men ein Larsnes/Gursken-spelar reddara på streken.
    42'
    Endar i ein ny corner.
    44'
    Endar til slutt med frispark for heimelaget.
    44'
    Pause
    45'
    Aalesund FK leiar fortent 1-0 over Larsnes/Gursken etter dei første 45 minutta. Bortelaget har som venta styrt heile oppgjeret, og også kome til fleire store sjansar. Heimelaget har vore oppe på AaFK sin halvdeldel nokre gongar, men utan å skape noko særleg. Vi håpar på at 2. omgang vil bringe fleire mål, og at Larsnes/Gursken vil stå for eitt eller to av dei.
    Merkeleg nok blir Tromsø sin cupfinalesong spelt over stadionanlegget her. Det hadde vore meir på sin plass å spele låta til naboklubben Hødd!
    2. omgang
    45'
    Vaagen prøvar seg frå fin posisjon. Rett på Staw.
    48'
    1208 betalande tilskodarar på River Plate i dag. Det er sjølvagt rekord!
    49'
    Lite som har skjedd her dei førtse minutta av 2. omgang.
    51'
    Nære på at Sætre Hauge blir stussa igjennom av Jørgensen. Fint forsøk.
    53'
    AaFK lar heimelaget ha ballen no. Sjølv ligg dei djupt og tek det roleg.
    57'
    Mål for Aalesund!
    LARSNES / GURSKEN 0 - 2 Aalesund
    Mål: Jonatan Tollås Nation
    Målgivende: Michael Barrantes
    Barrantes slår eit flott frispark inn i boksa, og Tollas stussar kula i nettet. Utakbart for Fure.
    58'
    Jørgesen blir felt. Frispark til heimelaget.
    61'
    Nære på redusering! Frisparket er bra slått, og ein AaFK-spelar beinar ballen over eige mål.
    61'
    Vaagen får ballen inne i boksa, men får ikkje avslutta.
    62'
    Det drøyar før Stewart kjem seg av bana etter at han har fått seg ein smell.
    64'
    Mål for Aalesund!
    LARSNES / GURSKEN 0 - 3 Aalesund
    Mål: Abderazak Hamed-Allah
    Målgivende: Jo Nymo Matland
    Larsnes/Gursken rotar utanfor eigen sekstenmeter og Matland speler Hamdallah fri. Han rundar Fure og set ballen i det tome buret.
    66'
    Spillerbytte - LARSNES / GURSKEN
    Inn: Aleksander Kostopoulos Rekdal
    Ut: Johnny Moltubakk
    67'
    Sætre slår inn i boksa, men Tollås headar kontrollert inn til Staw.
    70'
    Gult kort til LARSNES / GURSKEN
    Aleksander Kostopoulos Rekdal
    70'
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Edvard Skagestad
    Ut: Fredrik Ulvestad
    71'
    Nære på at Hamdallah finn Aarøy framføre mål. Endar i innkast.
    75'
    Hjørnespark til Aalesund
    75'
    Mål for Aalesund!
    LARSNES / GURSKEN 0 - 4 Aalesund
    Mål: Abderazak Hamed-Allah
    Hamdallah ordar 4-0 etter klabb og babb i feltet. Hans tredje for dagen!
    75'
    Gult kort til LARSNES / GURSKEN
    Kjem for seint inn i endå ein duell og får sjå det gule.
    77'
    Jørgensen slår inn, men Staw kjem ut og snappar.
    79'
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Izantullah Ahmadzai
    Ut: Jo Nymo Matland
    79'
    Nesten 0-5! Hugues Wembangomo avsluttar frå fin posisjon, men rett på Fure.
    81'
    Småpent spel av heimelaget. Dei kjem derimot aldri til avslutning.
    83'
    Barrantes avsluttar, men like utanfor.
    84'
    Hjørnespark til Aalesund
    87'
    Mål for Aalesund!
    LARSNES / GURSKEN 0 - 5 Aalesund
    Mål: Andreas Nordvik
    Aarøy headar corneren på mål, men forsøket blir redda. Returen set Nordvik inn frå kloss hald.
    87'
    Det blir lagt til fem minutt her.
    90'+1
    Aarøy finn Hamdallah, men sistnemnde legg avslutninga over mål.
    90'+3
    Det ser nok ikkje ut til at Larsnes/Gursken skal få målet sitt her.
    90'+4
    Og der kom nesten målet! Jørgensen avsluttar frå fin posisjon, men like utanfor. Heimelaget sin beste sjanse.
    90'+5
    Kampen er slutt
    90'+6
    AaFK vinn fortent 5-0 og er med det vidare frå 1. runde av NM. For Larsnes/Gursken stoppa draumen kjapt og brutalt, men dei fekk uansett med seg ei fin oppleving. Takk for fylgjet!
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her