0-1
Abdellaoue50' (Str.)
Author avatar

Ble dekket av NTB

    Hei og velkomen til fotballfest på Spjelkavik stadion. Det er klart for eit historisk 1. runde-møte i NM mellom Spjelkavik og Aalesund!
    Det har blitt selt bra med billettar på førehand og det er liten tvil om at stadion vil bli nokså stappfull etter kvart. Sola skin og lukta av pølser og traktekaffi har vore i lufta lenge allereie.
    Kampen har startet
    Då er vi endeleg klare til å fylgje kampen live også frå Spjelkavik. Vi beklager stort at vi ikkje er inne før no, men på grunn av tekniske problem stoppa heile livesystemet opp.
    23'
    Begge laga har hatt kvar sine store sjanse så langt i oppgjeret. Kirkeskov prøvde seg først for AaFK, men sendte forsøket i stolpen frå ein eigentleg vanskeleg posisjon. Så var det Sunde som fekk stå heilt åleine og avslutte inne i bortelaget si boks, men dessverre for heimelaget endte forsøket høgt over målet til Andreas Lie.
    25'
    Det er for øvrig bra med folk til stades på Spjelkavik stadion, men så langt har det ikkje vore spesielt kraftig trøkk frå tribunene.
    25'
    Spjelkavik held til dagleg til i 3. divisjon avdeling 8 på Sunnmøre. I støtteapparatet til klubben finn vi mange som bør vere godt kjende for dei som har fylgt norsk fotball dei siste 10-15 åra. Hovudtrenar er Frode Fagermo, som fekk ein haug med kampar for AaFK fram til og med sesongen 2005. Elles er han kjend for å ha delteke på Farmen. Assistenten hans er Tor Hogne Aarøy, som nikka inn scoringar både for AaFK og JEF United i Japan.
    26'
    Nære på for AaFK! Abdellaoue kjem seg åleine inn i boksa, men avsluttar utanfor.
    28'
    Orry Larsen vender bort næraste motspelar med ei kroppsfinte, men det påfølgjande skotet blir blokkert.
    29'
    Dei er ikkje flust med fjes i startellevaren til Spjelkavik, men ein kan vel nemne at midtbanespelar Emil Viddal har fleire kampar for Hødd. Av andre profilar på laget finn vi Tore Johan Gjerde, som blir omtala som «Øya sin store son» og spiss Markus Kampenes som i fylgje rykta har lagets merkelegaste dialekt.
    31'
    Gult kort til Aalesund
    John Arne Riise
    Riise blir rundtlurt av Stensøe og svarer med å sparke han ned bakfrå. Soleklart gult kort.
    32'
    Stensøe med eit godt innlegg frå høgre. Så vidt AaFK får stanga unna.
    34'
    Gyasi slår inn frå venstrekanten sin. Forbi alle inne i feltet.
    34'
    John Arne Riise skyt frå utanfor sekstenmeteren. Via ein mespelar og over mål. Såg farleg ut, det forsøket!
    35'
    AaFK har hatt ein svak start på sesongen og ligg på 14. plass med berre tre poeng på dei fire første kampane, og hittil har dei ikkje imponert noko særleg mot 3. divisjonslaget Spjelkavik heller.
    37'
    Spjelkavik får tildelt et hjørnespark
    Emil Viddal
    Ballen går farleg inn i feltet, men trillar utruleg nok forbi alle. Spjelkavik yppar seg her!
    37'
    Hovudtrenar Trond Fredriksen har gjort nokre endringar på laget etter 1-0-tapet for Rosenborg i helga. Edvard Skagestad, Daniel Gretarsson, Marlon Da Silva, Edwin Gyasi og Mustafa Abdellaoue er alle nye på laget. Vebjørn Hoff, den einaste av AaFK-spelarane med fortid i Spjelkavik, startar oppgjeret på benken.
    39'
    Aalesund får tildelt et hjørnespark
    Mikkel Kirkeskov
    Går rett i beina på næraste motspelar. Svak dødball.
    39'
    Gult kort til Spjelkavik
    Daniel Stensøe
    Stensøe held igjen Orry Larsen og får eit fortent gult kort.
    43'
    Orry Larsen prøvar seg frå langt hald. Ufarleg rett på keeper Odd Einar Hatløy.
    44'
    Da Silva steller i stand litt trøbbel på Spjeljavik si venstre side, men heimelaget klarer å ordne opp.
    45'
    Vertane prøvar ei kontring, men AaFK ordnar greitt opp.
    45'+1
    Pause
    45'+2
    Det står 0-0 til pause i NM-kampen mellom Spjelkavik og AaFK. Laga har skapt nokre gode sjansar kvar, men vi har endå til gode å høyre nettsus. Forhåpentlegvis får vi både scoringar og spaning etter kvilen!
    Begge laga har no kome utpå bana igjen.
    2. omgang
    Ingen endringar på laga i pausa etter kva vi kan sjå.
    46'
    Heimelaget slår ballen inn i feltet, men AaFK får beina unna.
    46'
    Nære på at Orry Larsen klarer å tre igjennom ballen til ein medpelar inne i boksa. Heimelaget får blokkert i siste liten.
    47'
    Abdellaoue blir forsøk felt to gongar inne i feltet, og domaren bles for straffe.
    49'
    Aalesund scorer på straffe!
    Spjelkavik 0 - 1 Aalesund
    Mål: Mustafa Abdellaoue
    Keeper Hatløy går rett veg, men straffa frå Mos er hard og velplassert. AaFK i føringa i Spjelkavik!
    50'
    Kan Spjelkavik klare å svare her då? Har yppa seg ved nokre høve allereie.
    52'
    Gyasi prøvar å springe framover i bana med ballen, men blir sprunge opp av Runde.
    53'
    Nære på 0-2! Orry Larsen brukar skuddfinta si igjen og prøvar å curle ballen i det lengste hjørnet. I metallet og ut!
    53'
    Bortelaget med innkast. Endar med ei avslutning like utanfor.
    55'
    Spjelkavik får tildelt et hjørnespark
    Endar med ingenting.
    57'
    Møre og Romsdal har som kjent vore det store fylket i NM i fotball for menn dei siste åra. I fem av dei seks siste åra har pokalane hamna her, og AaFK har fått løfte to av dei. Sist det skjedde var i 2011, då laget slo Brann 2-1 i finalen.
    59'
    Gult kort til Spjelkavik
    Benjamin Sunde
    Kjem altfor seint inn i Gretarsson og får eit fortent gult kort.
    59'
    AaFK skal gjere ei endring her. Det er faktisk John Arne Riise som skal av.
    62'
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Vebjørn Hoff
    Ut: John Arne Riise
    Vebjørn Hoff kjem inn for Riise. Hoff har for øvrig ei fortid i nettopp Spjelkavik.
    62'
    Gyasi prøvar å tråkle med seg ballen inn i boksa, men blir stoppa nokså enkelt av heimelaget. Har ikkje imponert altfor mykje i dag, AaFK sin nummer 14.
    64'
    Ikkje langt unna at Benjamin Sunde får med seg ballen inn mot gjestane si boks. Blir stoppa med ei god takling av ein spelar i kvitt.
    65'
    Bortelaget med ein enorm sjanse! Gyasi får stå åleine med ballen på fire-fem meters hald, men klarer ikkje å overliste Hatløy i Spjelkavik-buret. Der skal det vere scoring!
    67'
    Markus Kampenes prøvar å vinne ballen utanfor AaFK si boks, men lagar frispark imot.
    68'
    Godt forsøk av heimelaget! Runde kjem på eit strålande løp bak AaFK sitt forsvar og får ballen. Han rundar Lie, men kjem for langt ut på sida til at han klarer å få avslutta på mål. Corner.
    69'
    Spjelkavik får tildelt et hjørnespark
    Farleg slått, men endar til slutt med null og niks.
    69'
    Orry Larsen har fått seg ein smell og må ta seg ei lita pause.
    73'
    Nesten for Spjelkavik! Stensøe prøvar eit skot frå distanse, og treff godt. Lie gir så ein veldig farleg retur rett ut i feltet, men klarer med naud og neppe å fange ballen att.
    74'
    Bjørn Helge Riise får ein trillar i god poisjon og fyrer av på direkten. Skotet har god retning, men blir blokkert.
    75'
    Mos lagar trøbbel inne i heimelaget si boks, men blir så avvinka for offside.
    76'
    AaFK tek lite risiko framover og speler på det trygge.
    78'
    Aalesund får tildelt et hjørnespark
    Mikkel Kirkeskov
    Mos skyt over på volley frå kort hald! Stor sjanse, det.
    78'
    Spillerbytte - Spjelkavik
    Inn: Oskar Gunnarstein
    Ut: Christian Øvrevoll Gjerde
    79'
    Vertane med to par friske bein på slutten. Skal det ende med ei scoring?
    80'
    Gult kort til Spjelkavik
    Emil Viddal
    Emil Viddal kjem for seint inn i ei takling og får det gule kortet.
    80'
    Aalesund får tildelt et hjørnespark
    Mikkel Kirkeskov
    Altfor høgt slått og går forbi alle i feltet.
    81'
    Ikkje mange minutta att her i Spjelkavik, men så lengje det berre står 0-1 er det framleis håp!
    85'
    Da Silva er nære ved å doble leiinga! Skyt frå god posisjon, men Hatløy reddar meisterleg.
    86'
    Heltne forlengjar ballen inn i AaFK si boks, men bortelaget får rydda opp. Tendensar frå Spjelkavik no!
    88'
    Innkast høgt i bana for heimelaget.
    88'
    - 0-1 eller 0-2 spelar ingen rolle! ropar trenar Fagermo på sidelinja.
    89'
    Spjelkavik med avslutning. Nokre meter utanfor buret til Lie.
    89'
    Mos stormar med ballen mot mål, men blir avvinka for offside.
    90'
    Riise kjem seg inn i boksa med ballen, men dett over ende i det han skal avslutte.
    90'+1
    Det blir lagt til minimum to minutt her. Framleis nok tid for Spjelkavik å utlikne, altså!
    90'+1
    Spillerbytte - Aalesund
    Inn: Sondre Brunstad Fet
    Ut: Edwin Gyasi
    Sondre Fet blir AaFK sin andre innbyttar i kampen.
    90'+2
    Innkast for heimelaget. Endar med ei kontring for bortelaget.
    90'+2
    Mos stormar mot ein Spjelkavik-spelar, kjem seg forbi, men misser ballen til keeper Hatløy. Svakt av spissen.
    90'+3
    Kampen er slutt
    90'+4
    AaFK har vunne og er vidare til 2. runde av NM!
    Det var ei flott ramme rundt kampen her i Spjelkavik, og heimelaget prøvde også å skape stemning ved å yppe seg på bana. Dei kom endå til til nokre gode sjansar, men utan å få uttelling. AaFK var sjølvsagt det laget som hadde presset på seg, men til trass for at dei tok seg greitt vidare imponerte dei ikkje nemneverdig. Forutan nokre stolpetreff måtte det eit straffespark til for å score mål. Det ende dermed 0-1, med Mustafa Abdellaoue som einaste målscorar.
    Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet. Ha ein fin fotballkveld vidare!
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her