Slutt

1-1

0-1
(sm)67'
1-1
3,9k
1,8k
0Ditt Profeten-tips
? - ?
Author avatar

Ble dekket av Einar Orten Trovåg

    Då endar det 1-1 i Seattle. Det vart ein kamp som etter kvart vart veldig underhaldande. Begge laga kunne ha scora mange fleire mål. Så kanskje var det greitt med uavgjort, sjølv om Belgia hadde ein ganske seig 1. omgang? Snakkisen etter kampen blir truleg betydninga Lukaku fekk for utfallet. Etter 22 sekund (!) på bana provoserte han fram utlikninga. Vi takkar så mykje for følget. Følg med vidare på vg.no for reaksjonar.

    Kampen er slutt

    Tielmans slår inn. Mechele får låret (?) på ballen, men ballen går over lengste hjørne.

    90'+5

    Trossard skaffar Belgia eit frispark godt inne på Egypt sin halvdel, skrått frå mål.

    90'+4

    Belgia pressar på her no. Tre minutt igjen.

    90'+3
    Einar Orten Trovåg svarer
    VG Live-bruker
    Såg ut som klink straffe til Egypt!
    Fekk ikkje med meg detaljane i farten, men ut frå reprisene ser det ut som ei haldning på utsida av 16-meteren.

    Det er lagt til fem minutt.

    90'+1
    John Kenneth
    Fort lukaku kan avgjøre dette i overtidsminuttene!

    Då er også Egypt ferdigbytta. Så spørst det kor mykje som blir lagt til her.

    90'
    Dr Jonathan SugarcaneS
    Lukaku vart vel meir eller mindre ein meme-spelar etter Euro 2020(?), men han har då levert brukbart for både Inter, Roma og Napoli sidan. Tør påstå han er Belgia sitt beste alternativ på topp.
    Niklas
    To lag som sjanser og ønsker å vinne, deilig!
    Einar Orten Trovåg svarer
    Alex
    Belgia 2022 og 2018 var mye bedre. Hva synes du?
    2018-varianten var nok deira beste i moderne tid.

    Lukaku frampå igjen. Headinga frå kort hald går over mål. Der kunne ringreven fort ha avgjort kampen.

    88'

    Då har Belgia brukt opp alle fem bytta. Egypt har to igjen - dersom dei vil.

    87'
    Siam
    Kallenavn er vanvittig vanlig i Egypt siden mange heter det samme. Er du god i fotball i ung alder får du ofte et fotballspiller kallenavn og plutselig følger det deg helt til VM som med noen av disse gutta!

    Det bølgar fram og tilbake. Vi har hatt ein veldig artig 2. omgang. Men får kampen ein vinnar?

    85'

    Kjemperedning av Shobeir! Heading med god retning frå Mechele som Egypt-keeperen får fista vekk.

    83'

    Frispark til Belgia på kanten av 16-meteren etter at Doku vart tatt.

    82'
    Er Lukaku undervurdert som spelar i 2026?
    Ja, omtrent umulig å skubbe seg på.
    39%
    Nei, han er oppskrytt.
    32%
    Veit ikkje. Han har for få minutt på bana til å bli vurdert.
    29%
    856 stemmer

    Og så er Egypt på ein visitt igjen. Ebbar ut i eit innkast. Uansett viktig for Egypt å få pusta litt igjen med ballen i laget.

    80'

    Lukaku farleg frampå igjen. Forsøket blir blokkert.

    79'
    Spillerbytte - Egypt

    Bursdagsbarnet gir seg for dagen. Han noterte seg for ein assist.

    77'

    Eit ikonisk bilete om Belgia skulle få med seg poeng her. Lukaku rett inn frå benken og framprovoserte inn ei scoring etter 22 sekund.

    76'
    Maddy Grassy / AP / NTB

    Ser ut som Sayed skal innpå for Egypt.

    75'

    No har Belgia ballen i laget. Har dei tatt over momentumet i kampen permanent?

    74'

    Meunier får avslutta eit fint angrep, men med venstrefoten klarer ikkje høgrebacken å true Shobeir tilstrekkeleg.

    74'
    VG Live-bruker
    Nesten trist at det der blir regnet som selvmål

    Så er det drikkepause igjen. Og det trengst nok i 30 varmegradar i Seattle. Og for ein 2. omgang vi hadde fram til pause. Og for eit innhopp av Lukaku.

    71'
    Egypt scorer selvmål!

    Er det mulig? Kor mange sekund hadde du vore på bana før det målet der, Lukaku? Det er rett nok ikkje Lukaku er sist på ballen, men han gir jernet og provoserer fram målet. Eit innlegg frå høgre går via Hany og i mål. Men innbytar Lukaku skal ha all mogleg ære for det målet.

    67'
    Spillerbytte - Belgia

    Stemninga stig mange hakk på stadion i Seattle når kraftpluggen kjem innpå her.

    66'

    Marmoush med farleg avslutning som går via eit Belgia-bein og til hjørnespark.

    65'

    Kraftpluggen vi snakka om er sjølvsagt Lukaku. Men bytet er tydelegvis utsett eit par minutt.

    65'

    Shobeir ligg nede. Men ser ikkje veldig alvorleg ut. Spelet er fort i gang igjen.

    65'

    Men først skal Belgia ta eit hjørnespark. Blir til slutta plukka enkelt av Shobeir.

    64'

    No skal ein skikkeleg kraftplugg inn her.

    64'

    De Bruyne får avslutta frå 13 meter. Sleivar og skyt rett på Shobeir.

    63'
    Seb
    Hvis det ikke var straffe, så skulle ikke Tyskland hatt straffe i går heller.

    Endar med ein skikkeleg susar frå Tielmans. Eit godt forsøk, men går like til side for mål. Farleg!

    62'
    Hjørnespark

    Corner til Belgia.

    62'

    Doku vil ha straffe, men det blir for tynt. Om det ikkje var filming var det i alle fall ein slags konstruksjon.

    61'
    Einar Orten Trovåg svarer
    Mads
    Hører rykter om at den avslutningen til Ashour faktisk gikk til innkast. Stemmer det?
    Det fekk eg ikkje med meg, men det var i den retninga ballen gjekk i alle fall.

    Marmoush er åleine gjennom, men nølar for lenge og blir tatt igjen av Onana - slik han blir pressa til å skyte utanfor.

    60'

    Her ser vi kor nær de Bruyne var 1-1.

    60'
    Albert Gea / Reuters / NTB

    Kampen har altså tatt seg kraftig opp etter pause. Frå stongskot som kunne gitt 1-1 til sleivtreff som burde ha gitt 2-0. Kva som skjer vidare her er ikkje godt å spå.

    58'

    Aj, aj, aj! Der burde Ashour ha scora sitt andre for dagen. Courtois gir ein retur som hamnar på sølvfot hos Ashour. Men avslutninga går ikkje ein gong på mål. Svakt.

    56'
    Hjørnespark

    Egypt slår kontra og skaffar seg eit hjørnespark.

    55'

    Stonga! De Bruyne prøver å legge ballen i Shobeir sitt høgre hjørne. Metallet står i vegen. Nær 1-1 der.

    54'

    Doku blir tatt av Attia. Frispark til Belgia 18 meter frå mål. No skal vel De Bruyne prøve å avslutte?

    52'

    De Bruyne går for ein kort variant. Endar med at Trossard går seg vekk, før Belgia vinn tilbake ballen ved Doku. Blir atter ein gong stoppa av Egypt-blokka.

    51'

    Frispark til Doku i brukbar posisjon. Blir tatt av Zico.

    50'

    Reprisene viser at spesielt den første ved Zico nok var meir enn ein halvsjanse. Belgia både heldige og gode der.

    49'

    To halvsjansar på rappen til Egypt. Men verken Zico eller Marmoush får skikkeleg klem på avslutningane.

    49'

    Om kampbiletet og stillinga står seg, så får vi nok sjå Lukaku på bana etter kvart her. Men i kva slags form er han i no?

    47'
    BLAKE DAHLIN / Reuters / NTB

    Så er vi i gang igjen. På sju forsøk har Egypt aldri vunne ein VM-kamp. To uavgjorte i 1990 er det nærmaste dei har vore. Skal det endeleg bli tre poeng på kvittrøyene i dag?

    46'
    2. omgang

    Pause på 1-0 til Egypt. Og det er vel greitt nok. Om vi legg godviljen til leiar Egypt sjansestatistikken 3-2. Sjølv om Doku har veldig nær to minutt på overtid, så har Egypt i all hovudsak hatt god kontroll. Vi kjem snart tilbake med 2. omgang.

    Pause

    To cornerar til Egypt på tampen her. På den andre ser det ikkje ut som Courtois har kontroll, men det ebbar ut i ingenting.

    45'+5

    Marmoush får avslutta frå spiss vinkel, nesten 90 gradar. Ikkje ufarleg, men Courtois reddar ganske enkelt.

    45'+4
    Einar Orten Trovåg svarer
    Eivind Broder Tænnis
    Tapte nettopp en betydelig sum på Spania… Tenkte å vinne tilbake alt på Belgia, er det muligheter for seier?
    Ikkje umulig det. Men Belgia må finne ei oppskrift for å sy seg gjennom eit kompakt Egypt-forsvar på. Så lenge Egypt leiar 1-0, kjem dei neppe til å legge frå seg store rom som Belgia kan boltre seg i.

    Så får Doku sjansen frå 12 meter. Men han bles ballen over mål med eit sleivtreff. Der kunne det og kanskje også burde det ha stått 1-1.

    45'+2
    Tina
    Belgia er veldig stillestående og !! Doku er mye finter men lite sluttprodukt

    Belgia har hatt initiativet ei god stund no. Men for Egypt sin del er jo kampbiletet heilt fint så lenge dei leiar 1-0.

    44'
    Einar Orten Trovåg svarer
    VG Live-bruker
    Du må tippe på kort Tor. Det er det man blir rik på
    Tre kort til no og mange tøffe duellar. Ser ikkje vekk frå at det blir fleire.
    Einar Orten Trovåg svarer
    Tor
    Har du troen på 9 hjørnespark iløpet av kampen? Jeg begynner å tvile
    Kor mykje har du lagt i potten på det?

    Målscorar Ashour ligg nede. Men ser ut som han skal kunne klare å riste av seg smertene.

    40'

    Belgia klarer å bygge opp eit fint og langvarig angrep. Men dei slit med å få avslutta skikkeleg. Trossard bommar rett og slett på ballen ved eitt høve, og eit anna forsøk frå De Bruyne blir blokkert.

    39'

    Egypt har hatt mest å juble for til no. Men spelemessig er dette ganske jamt, så her kan det meste skje.

    38'
    Manu Fernandez / AP / NTB
    Einar Orten Trovåg svarer
    Stian
    Føler Egypt har vært i forsvar hele kampen, og kun har spilt kontringsfotball. Hva tenker du?
    Nei. Det har dei ikkje. Men når Belgia har hatt ballen i laget, så har dei slite med å spele ut eit kompakt Egypt-forsvar.
    Gult kort til Egypt

    Tøff takling på Doku.

    35'

    Frekk avslutning frå Zico. Går hardt langs bakken frå skrått hald, men denne gongen er Courtois med på notane og får ei hand på den.

    33'

    Belgia halvfarleg frampå. Castagne slår inn frå venstre. Tielemans lurer seg inn i eit ledig rom i 16-meteren. Men headinga blir altfor svak.

    31'
    Einar Orten Trovåg svarer
    Anders Øgla Lærum
    Har dere trua på Kevin De Bruyne som spilleren med flest assist dette verdensmesterskapet?
    Trur i grunnen ikkje det. Belgia har hamna i ei ganske tøff pulje. Ville ha tippa ein spelar på eit lag som scorar mange i gruppespelet - og kan gå langt deretter.

    Belgia får sett eit lite press på Egypt, men afrikanarane ligg godt i ramma og er vanskelege å spele ut.

    27'

    Vi er i gang igjen etter drikkepausa.

    26'

    Temperaturen er opp mot 30 gradar i Seattle i dag, ifølgje Sky Sports.

    25'

    Så er det drikkepause. Egypt leiar ein jamspelt kamp 1-0. Før scoringa var De Bruyne farlegast frampå med eit langskot, men Ashour gjorde det belgiaren ikkje klarte på ein ganske lik sjanse: fekk ballen på rett side av stolperota.

    23'

    Vi tek med oss at Salah får notert ein assist på 34-årsdagen.

    22'

    Skal ikkje hevde at det låg eit Egypt-mål i lufta. Men det var i alle fall eit godt gjennomført angrep som vart avslutta på nydeleg vis.

    21'
    Egypt scorer!

    Ladar høgrefoten frå 18 meter. Går langs bakken nede i Courtois sitt høgre hjørne. Eit svært fint mål.

    20'

    Salah får nok eit frispark, men nok ein gong skjer det ganske lågt i bana. Salah har uansett vist at han er påskrudd i dag.

    18'

    Doku blir tatt tøft av Hany, men førstnemnde får ikkje frispark. Det var nok feil dømt.

    16'

    Rudi Garcia med ein kanskje litt uvanleg variant med slips, skjorte og Adidas-caps. Men betre det enn å få sola i auga.

    16'
    ALEX GRIMM / AFP / NTB
    Gult kort til Belgia

    Må bruke hendene for å stoppe Salah på ein overgang.

    15'
    Gult kort til Egypt

    For ei felling av Ngoy.

    13'

    De Ketelaere jobbar godt på topp for Belgia. El Hanafi avvergar ein mogleg sjanse.

    12'
    Einar Orten Trovåg svarer
    VG Live-bruker
    Langt kommer Beliga i VM?
    Skal vi tippe 1/8-finale?

    Her ser vi skotet til De Bruyne. Ikkje noko dumt forsøk.

    11'
    Albert Gea / Reuters / NTB

    Sylfrekt hælspark av De Ketelaere. Vidare til Trossard, som vil ha corner. Det får han ikkje.

    10'

    Salah knottar Onana i bakleggen. Frispark og ikkje gult kort, og det er nok korrekt dømt.

    9'

    Marmoush kjenner den godt. Men han klarer vel å springe av seg smertene?

    8'

    Marmoush blir tatt tøft midt på bana. Held seg til ryggen. Frispark til Egypt.

    8'

    Men så får De Bruyne avslutta. Frå 18 meter skyt han ein meter til side for mål. Halvfarleg.

    7'

    Så er det Belgia som viser nokre fine tendensar. Men Egypt forsvarer seg godt.

    7'

    Fine tendensar av Salah. Får han feire 34-årsdagen med tre poeng i dag?

    6'

    Doku krigar seg forbi eit par Egypt-spelarar, men Belgia mistar ballen i neste trekk.

    5'

    Høg intensitet i startfasen her. Egypt med eit knapt overtak.

    3'

    Belgia tek avspark. Vi er i gang.

    1'
    Kampen har startet
    Einar Orten Trovåg svarer
    VG Live-bruker
    Hva er grunnen til at De Bruyne ikke er kaptein lenger?
    Sånn eg forstår det ønsker Rudi Garcia å gå for ei meir langsiktig løysing.
    Einar Orten Trovåg svarer
    Rune S
    Belgia har enormt med kvalitet, men har vel aldri fått det helt ut?
    Bronse i 2018 var bra, men det er vel også det einaste som står igjen etter den gylne generasjonen deira. Burde ha klart topp fire i eit VM eller EM til?

    34 år i dag, Salah. Gratulerer!

    Lindsey Wasson / AP / NTB
    Bjar
    Blir Doku show i dag!

    Då er laga på veg inn på bana og vi gjer oss klare for nasjonalsongane.

    Er Salah over toppen som fotballspelar?
    Ja
    74%
    Nei
    20%
    Veit ikkje
    6%
    833 stemmer
    Einar Orten Trovåg svarer
    Andreas
    To lag uten typiske spisser, enig?
    Det kan du godt seie. Men vi får vel kanskje sjå Lukaku utover kvelden her? Ingen tvil om kvar han skal spele på bana eventuelt.
    Einar Orten Trovåg svarer
    Morten
    Hva tror du stillingen blir?
    Tippar resultatet blir 1-1.

    Mykje snakk om gamle spelarar. Men vi nemne at Egypt startar med 27 år unge Omar Marmoush på topp. Det skal bli spennande å sjå kva City-angriparen kan få utretta i Seattle i dag.

    Trass i mange "gamle" spelarar, er Belgia heilt oppe på 9. plass på Fifa-rankinga. Mohamed Salah (som fyller 34 år i dag) og Egypt ligg på 29. plass på same liste.

    Er De Bruyne framleis ein verdsklassespelar?
    Nei, han er berre ein heilt grei VM-spelar.
    32%
    Ja, at De Bruyne er over toppen er berre tøys.
    36%
    Tja. Han har ikkje eldast like godt som Messi og Modric.
    32%
    522 stemmer

    Belgia på si side gjorde sin beste VM-prestasjon i 2018, då dei tok bronse i Russland. Det var høgdepunktet til Belgia sin gylne generasjon. Fem mann er igjen frå 2018-laget: Courtois, Meunier, De Bruyne, Lukaku og Tielmans. Alle desse startar i dag, minus Lukaku.

    Egypt-fansen er klare for landets første VM-sluttspel sidan 2018. Den gongen vart det ikkje avansement. Kan det gå betre denne gongen?

    BLAKE DAHLIN / Reuters / NTB

    Den belgiske fansen i Seattle begynner å bli klare.

    STEPHAN BRASHEAR / EPA / NTB
    Einar Orten Trovåg svarer
    Profeten
    Hva tror du stillingen blir
    Her har eg 1-1 på Profeten. Men så skal det seiast at eg trudde Spania skulle vinne 6-0 mot Kapp Verde. Så spørst om du bør høyre med nokon andre før du spelar vekk feriepengane?
    Andreas Hopen svarer
    RonaldoFerdigEndelig
    Stiller både de broyne og lukaku i førsteelleveren? Ps nå må de vel vinne et stort mesterskap snart, Belgia skuffer synd
    Ingen Lukaku frå start. Har slitt mykje med skade gjennom sesongen, spissen.
    Andreas Hopen svarer
    Andreas
    Kan dere endre at Salah spiller i Liverpool?
    Nei, diverre ikkje. Fram til 30. juni er han framleis Liverpool-spelar, då kontrakta hans ikkje går ut før då.

    Vert spennande å sjå korleis Egypt kjem ut. Fifa har satt dei opp i 3-5-2.

    Slik starter Egypt (3-5-2): Mostafa Shoubir - Yasser Ibrahim, Mohamed Hany, Ahmed Fatouh - Emam Ashour, Mostafa Zico, Hamdy Fathy, Mohanad Lashin, Marawan Attia - Mohamed Salah, Omar Marmoush.

    Slik starter Belgia (4-3-3): Thibaut Courtois - Thomas Meunier, Brandon Mechele, Nathan Ngoy, Timothy Castagne - Kevin De Bruyne, Amadou Onana, Youri Tielemans - Leandro Trossard, Charles De Ketelaere - Jeremy Doku

    Hei og velkommen til kveldens VM-godbit! Vi starta å oppdatere her når det nærma seg med lagoppstillinger. Fram til då kan de kose dykk med oppdatering på Spania-Kapp Verde!

VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her