1-0
1-1
Haugen (sm)34'
Supporterfordeling på VG
4 348
9 196

Ble dekket av Magnus Leite GilleshammerNTB

    Velkommen til Rosenes by og storkampen mellom Molde og Rosenborg.
    Molde åpna sesongen med eit overraskande tap borte mot Tromsø. I dag ønsker fjorårets seriemester revansje mot rivalen Rosenborg.
    Rosenborg trakk det lengste strået i fyrste runde heime mot Viking.
    Rosenborg har tatt turen til Molde uten Ole Sæter og Per Ciljan Skjelbred.
    Rosenborg har ikkje vunne ein kamp på Aker Stadion sidan 2017 og står kun med 2 sigrar på dei siste 10 kampane her i Rosenes by.
    Molde på si side har hatt eit skuffande 2023 med tap mot blant anna Bodø/Glimt og Hødd på Aker Stadion i treningskampar. I tillegg til dette gjekk dei ikkje vidare i straffesparkkonkurransen mot Stabæk i kvartfinalen i NM.
    Sola skin i Molde by, temperaturmålaren viser 14 grader og alt ligg til rette for ein nydeleg kveld her på Aker Stadion!
    Rosenborg går i garderoba til enorm jubel frå dei tilreisande. Det nærmar seg kampstart på Aker Stadion.
    Kampen har startet
    1'
    Der er vi i gong. Molde startar med ballen.
    1'
    Eit uvanleg godt oppmøte på Aker Stadion i dag med god stemning frå begge lag sine supporterar.
    1'
    Rosenborg er frampå etter eit innlegg frå Pereira, men Molde-forsvaret får klarert! Rosenborg har tatt initiativet i kampen!
    2'
    Innlegg frå Haugen til Berisha på bakerste, men Rosenborg får klarert til corner.
    3'
    Molde får tildelt et hjørnespark
    Magnus Wolff Eikrem avatarMagnus Wolff Eikrem
    Dårleg slått av Molde-kapteinen...
    4'
    Rosenborg prøvar seg på eit høgt press når Molde har ballen.
    5'
    Rosenborg har gitt opp det høge presset og Molde trillar ball.
    7'
    Enorm sjanse til Molde! Haugen kjem fri på ventresida og legg fint inn til Berisha som kan breiside ballen inn, men på eit eller anna vis så bommar han på mål! Der slepp Rosenborg billig unna!
    7'
    Rosenborg slit med å slå tre pasningar innad i laget og Molde har tatt full kontroll over kampen slik det står no.
    9'
    Ny stor sjanse! Denne gong til Brynhildsen. Igjen er det Haugen som blir spelt fri på venstresida og legg eit flott innlegg foran mål langs bakken, men heller ikkje denne går i mål.
    9'
    Nelson spelar vekk ballen etter eit stopp i spelet og Molde-fansen vil ha gult kort på spelaren, men han slepp unna.
    11'
    Rosenborg er litt meir med i kampen slik det står no.
    13'
    Frispark til Rosenborg i god innleggsposisjon! Pereira blir felt av Linnes.
    14'
    Nelson og Pereira står klar. Det blir Pereira, men kvaliteten er ikkje god nok.
    15'
    Rekdal gir instruksar til Pereira frå sidelinja. Blir det ei endring hos Rosenborg?
    16'
    Holse lagar frispark i farleg posisjon. Eikrem gjer seg klar.
    17'
    Mål for Molde!
    Molde 1 - 0 Rosenborg
    Benjamin Tiedemann avatar
    Mål: Benjamin Tiedemann
    Målgivende: Magnus Wolff Eikrem
    Der sitt den! Eikrem svingar inn frisparket og det treff Tiedemann Hansen perfekt på panna og han gjer ingen feil! Eit veldig godt innlegg og ei god heading! Molde er i føringa noko som er fortjent etter kampens sjansar og spel.
    18'
    Molde er frampå igjen, men det endar til slutt med utspel frå målet til Hansen.
    20'
    Linnes presterar å ta eit feilkast...
    21'
    Molde trillar ballen med eit lavt tempo og Rosenborg flyttar seg enkelt frå side til side.
    24'
    Kjempesjanse igjen til Molde! Eriksen og Eikrem kombinerar fint, men det endar til slutt opp med corner.
    24'
    Molde får tildelt et hjørnespark
    Magnus Wolff Eikrem avatarMagnus Wolff Eikrem
    Eikrem tar den kort til Mannsverk som slår inn på bakerste til Eriksen som headar over mål.
    25'
    Molde er frampå igjen! Nok ein gong er det Kristoffer Haugen som fossar oppover langs sida. Innlegget er godt, men Berisha headar like til side for mål!
    27'
    Holse er frampå og skaffar frispark i god innleggsposisjon!
    29'
    Pereira og Nelson står klare. Blir det venstrefot eller høgrefot? Det blir Pereira med venstrefoten, det endar til slutt med corner.
    29'
    Rosenborg får tildelt et hjørnespark
    Jayden Nelson avatarJayden Nelson
    Nelson svingar den inn. Børkeeiet står godt plassert inne i feltet og får den på volley, men ballen går over mål!
    30'
    Molde går rett i kontra og Linnes kjem i skuddposisjon, men ballen glir av foten til rutinerte Linnes.
    31'
    Nelson med ein god mulighet! Han ventar litt for lenge og skyt rett i blokka! Han får ein ny sjanse og skaffar corner.
    33'
    Rosenborg får tildelt et hjørnespark
    Jayden Nelson avatarJayden Nelson
    34'
    Molde scorer selvmål!
    Molde 1 - 1 Rosenborg
    Kristoffer Haugen avatar
    Mål: Kristoffer Haugen
    Målgivende: Jayden Nelson
    Der sitt utlikninga! Nelson slår ein god corner og Haugen er uheldig og sett ballen i eige mål! Rosenborg-fansen feirar målet med pyro.
    34'
    Molde får tildelt et hjørnespark
    Magnus Wolff Eikrem avatarMagnus Wolff Eikrem
    Molde får sjansen på ein corner, men det renn ut i sanden.
    36'
    Rosenborg har fått ny giv etter utlikninga. Alt ligg til rette for ein underholdande kamp!
    38'
    Mannsverk får behandling på bana, men det ser ut til å gå greit med Sogningen.
    39'
    Eikrem kombinerar med Haugen og Molde får ein corner etter eit blokkert innlegg.
    40'
    Molde får tildelt et hjørnespark
    Magnus Wolff Eikrem avatarMagnus Wolff Eikrem
    Eikrem slår den inn i feltet, men der står Henriksen og stangar unna!
    40'
    Henriksen blir felt av Eirik Haugan og får frispark.
    41'
    Gult kort til Molde
    Eirik Haugan avatarEirik Haugan
    Gult kort etter fellinga av Henriksen.
    41'
    Frispark til Rosenborg i skuddposisjon! Pereira og Nelson står klare nok ein gong. Det blir Pereira som svingar den inn, men Eriksen får klarert til corner.
    42'
    Rosenborg får tildelt et hjørnespark
    Adrian Nilsen Pereira avatarAdrian Nilsen Pereira
    Inn i feltet, men Karlstrøm er på ball og boksar unna.
    42'
    Molde er frampå igjen! Litt klabb og babb og der står Linnes på bakerste. Han ladar kanona, men Rosenborg-spelarane hiv seg inn og får blokkert!
    44'
    Nok ein skuddmulighet for Molde! Denne gongen er det Eikrem som får stå aleine! Eit dårleg treff frå Eikrem og ballen går i blokka.
    45'
    Molde blir avblåst for offside
    Veton Berisha avatarVeton Berisha
    Molde er nok ein gong frampå, men Berisha er i offside.
    45'
    Holse ligg nede etter ein duell med Eriksen. Han reiser seg opp igjen og spelet er i gong igjen.
    45'+2
    Pause
    45'+3
    Der går laga til pause på stillinga til 1-1. Molde har vore det klart beste laget, men det står altså likt til pause.
    2. omgang
    45'+1
    Der er vi i gong. Rosenborg startar med ball og spelar mot egne fans i denne omgangen.
    45'+1
    Molde er frampå. Ei dårleg avslutning som Hansen bør ha full kontroll på, men han rotar litt før han får kontroll.
    47'
    Rosenborg inn i Molde sin sekstenmeter, der Pereira får ballen, men avslutninga går skyhøgt over mål.
    48'
    Molde trillar ball og Rosenborg ligg lavt.
    48'
    Molde og Berisha er i innleggsposisjon, men innlegget er upresist og det endar med ingenting.
    51'
    Rosenborg har ballen no og Molde forsvarar seg med alle spelarane på eigen halvdel.
    52'
    Molde kontrar og det endar med eit innlegg mot Eriksen inne i feltet. Det endar med utspel frå mål, men Molde-fansen vil ha corner.
    54'
    Molde med trillar ball og plutselig åpnar det seg opp. Berisha slår eit innlegg som Haugen får ei avslutning på, men Rosenborg-forsvaret får blokkert. Molde trillar ball vidare og får til slutt ein corner.
    56'
    Molde får tildelt et hjørnespark
    Magnus Wolff Eikrem avatarMagnus Wolff Eikrem
    Eikrem svingar den inn. Rosenborg får ikkje skikkelig klarert og Mannsverk får til slutt ein mulighet, men også dette forsøket går i blokka.
    57'
    Eriksen prøvar seg på eit innlegg frå venstresida mot Eikrem, men det er for nærme keeper og Hansen plukkar enkelt.
    59'
    Det ser ut til at Sadiku og Broholm skal innpå om kort tid.
    60'
    Rosenborg er frampå og Thorvaldsson får sjansen, men islendingen skyt i ein Molde-spelar. Thorvaldsson har hatt ein veldig svak kamp hittil...
    61'
    Stopp i spelet når Linnes ligg nede. Ein fin mulighet til litt påfyll av væske og taktiske instruksar.
    62'
    Spelet er i gong igjen. Rosenborg har ballen.
    63'
    Spillerbytte - Rosenborg
    Agon Sadiku avatarIsak Snaer Thorvaldsson avatar
    Inn: Agon Sadiku
    Ut: Isak Snaer Thorvaldsson
    64'
    Spillerbytte - Rosenborg
    Marius Broholm avatarJayden Nelson avatar
    Inn: Marius Broholm
    Ut: Jayden Nelson
    64'
    Spillerbytte - Molde
    Markus André Kaasa avatarKristian Eriksen avatar
    Inn: Markus André Kaasa
    Ut: Kristian Eriksen
    64'
    Rett etter byttene så er Rosenborg frampå og det er Pereira som får sjansen, men nok ein gong går eit skudd i blokka.
    65'
    Linnes ligg nede, men spelet går. Der stoppar dommar Tore Hansen spelet og Linnes er på beina igjen.
    66'
    Det er solgt 10 750 billettar til denne kampen. Det viser igjen på steminga i kveldssola.
    67'
    Molde blir avblåst for offside
    Kristoffer Haugen avatarKristoffer Haugen
    Molde med ein god sjanse etter innlegg frå Haugen, men det viser seg at han var i offside.
    68'
    Brynhildsen skaffar Molde ein corner.
    69'
    Spillerbytte - Molde
    Erling Knudtzon avatarMartin Linnes avatar
    Inn: Erling Knudtzon
    Ut: Martin Linnes
    69'
    Spillerbytte - Molde
    Mathias Fjørtoft Løvik avatarKristoffer Haugen avatar
    Inn: Mathias Fjørtoft Løvik
    Ut: Kristoffer Haugen
    70'
    Molde får tildelt et hjørnespark
    Magnus Wolff Eikrem avatarMagnus Wolff Eikrem
    Eikrem svingar inn, men den blir forlenga av ein Rosenborg-spelar og går ut til innkast.
    70'
    Spillerbytte - Rosenborg
    Morten Bjørlo avatarTobias Børkeeiet avatar
    Inn: Morten Bjørlo
    Ut: Tobias Børkeeiet
    72'
    Mange bytter og lite spel no...
    72'
    Kjempesjanse til Broholm! Mannsverk er uheldig og Reitan snappar ballen og slår førti fem grader ut til Broholm som står heilt aleine på 11-meteren! Unge Broholm får eit sleivtreff som hverken treff mål eller når fram til mål...
    73'
    Rekdal gjer Henriksen eit par instruksar. Har Rekdal eit ess i ermet?
    75'
    Rosenborg styrer kampen no.
    77'
    Bjørlo og Pereira kombinerar seg framover på venstresida, men siste touchen er litt for lang og ballen går ut av spel.
    78'
    Laga byttar litt på å ha ballen. No er det Molde sin tur. Lite som skjer i denne fasen av kampen.
    79'
    Reitan ligg nede med krampe.
    80'
    Spillerbytte - Molde
    Magnus Grødem avatarVeton Berisha avatar
    Inn: Magnus Grødem
    Ut: Veton Berisha
    80'
    Spillerbytte - Molde
    Birk Risa avatarMagnus Wolff Eikrem avatar
    Inn: Birk Risa
    Ut: Magnus Wolff Eikrem
    80'
    Erling Moe har spelt alle korta sine og håpar at laget som er på bana no kan ordne 3 poeng.
    81'
    Risa går inn i forsvaret og Breivik går opp på midtbana.
    81'
    Gult kort til Molde
    Markus André Kaasa avatarMarkus André Kaasa
    Kaasa drar i trøya til Broholm og får fortjent gult kort.
    81'
    Rosenborg får ein corner.
    82'
    Rosenborg får tildelt et hjørnespark
    Adrian Nilsen Pereira avatarAdrian Nilsen Pereira
    Pereira svingar den innover i feltet. Der står Tiedemann Hansen og stangar unna.
    82'
    Rosenborg trillar ball. Trønderane har tatt meir og meir over kampen i andre omgang.
    84'
    Gult kort til Rosenborg
    Adrian Nilsen Pereira avatarAdrian Nilsen Pereira
    Pereira riv Knudtzon i bakken og får eit heilt fortjent gult kort! Unødvendig av Pereira...
    85'
    Cornic tar ballen med handa og stadion ropar på hands, men dommar vinkar spelet vidare.
    87'
    Gult kort til Molde
    Sivert Mannsverk avatarSivert Mannsverk
    Mannsverk får gult kort og er ikkje enig i den avgjerelsen! Mannsverk og Henriksen hiv seg begge mot ballen og blir liggande, men det er Molde-spelaren som får gult kort.
    88'
    Gult kort til Rosenborg
    Erlend Dahl Reitan avatarErlend Dahl Reitan
    Reitan får også gult kort i etterspelet av situasjonen.
    89'
    Spillerbytte - Rosenborg
    Håkon Røsten avatarErlend Dahl Reitan avatar
    Inn: Håkon Røsten
    Ut: Erlend Dahl Reitan
    89'
    Ligg det ei scoring i lufta eller ebbar det ut i 1-1?
    90'
    Tenning på benkane etter at dommar overser to klare frispark. Først er det Cornic som skal ha frispark mot seg før Risa skal ha det. Dommar Tore Hansen er uenig.
    90'+1
    Det ligg eit gult kort i lufta til Cornic etter at han riv Løvik ned.
    90'+2
    Gult kort til Rosenborg
    Leo Cornic avatarLeo Cornic
    Der kom det gule til Cornic.
    90'+2
    Molde får tildelt et hjørnespark
    Emil Breivik avatarEmil Breivik
    Breivik svingar den rett i klypene til Hansen.
    90'+2
    Det er lagt til seks minutt på Aker Stadion.
    90'+3
    Rosenborg kontrar med Broholm. Ballen blir spelt til Bjørlo, men han mistar til slutt ballen til ein Molde-forsvarar. Broholm har vore meget frisk etter innhoppet!
    90'+5
    Molde har ballen. Kan dei mobilisere dei siste sekunda?
    90'+6
    Kampen er slutt
    90'+7
    Det endar 1-1 på Aker Stadion i storkampen mellom dei to rivalane. Molde var det klart beste laget i fyrste omgang og burde ha leda med eit par mål. I andre omgang kom Rosenborg meir inn i kampen og Molde klarte ikkje å komme med noko spesielt. Rosenborg skal vere godt fornøgde med eit poeng i denne kampen. Ein god sesongstart for Rekdal sitt Rosenborg mot to tøffe motstandarar, medan fjorårets seriemester har skuffa stort i sesongstarten!
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her