0-1
Gakpo45'+1
1-1
2-1
3-1
Supporterfordeling på VG
5 974
2 239

Hvem var banens beste?

Cody Gakpo
42%
Mohamed Salah
49%
Andy Robertson
4%
Curtis Jones
5%
1901 stemmer
Author avatar

Ble dekket av Sander Randeberg Hauan

    For Leicester ser vi at Hermansen ikkje vart klar til dagens kamp. Stolarczyk får sjansen i målet. Ei heller Jamie Vardy vart klar for dagens kamp.
    Liverpools lag er klart. Ingen Luis Diaz fra start. Nunez får tillit frå start saman med Gakpo.
    Szoboszlai også benka etter at han leverte ein fantastisk kamp sist.
    Fulham tok knekken på Chelsea på overtid tidlegare i dag. Det betyr at Liverpool kan lede ligaen med sju poeng etter kveldens kamp - med ein kamp til gode.
    VG Live svarer
    L
    Szloboszlai er ikke benket. Ny kamp til søndag. Rotasjon mellom Jones/Szlobo og slik det er med Diaz/Gakpo/Nunes
    Men han sit på benken...?
    Litt historisk kontekst: Dei siste seks sesongane har ligaleder etter Boxing Day berre vunne serien to gonger. Manchester City (21/22) og Liverpool (19/20).
    VG Live svarer
    Ompalompa
    Skrevet i stein at Vardy goaller 0-1 i 90+
    Vardy er skada og derfor ikkje i tropp.
    VG Live svarer
    LEIF
    Litt historisk kontekst: Dei siste seks sesongane har ligaleder etter Boxing Day berre vunne serien to gonger. Manchester City (21/22) og Liverpool (19/20). Ledet noen av de fire som ikke vant serien like mye som Liverpool gjør nå?
    I 2018/19 var luka på 7 poeng. Dei tre andre var differansen mellom ligaleiar og laget som vann på 5 poeng.
    VG Live svarer
    Per
    Herregud Nunez fra start- hjelpe oss....her blir det masse sløseri og kontinuerlig offside. KUN Professor Tjærnås som helt klart mener Nunez er verdens mest geniale fotballspiller, send han til Portugal i bytte med svensken
    Tjærnås eller Nunez som skal byttast med svensken?
    VG Live svarer
    VG Live-bruker
    Har Salah som tripele kaptein i dag tror det kan være smart?
    Leicester har 0-7 i målforskjell siste to. Her er det moglegheiter! Lukke til!
    Olav er sterk
    Tottenham, Chelsea og United tap. City uavgjort. Plis Jesus la oss vinne. YNWA
    Laga står klare utpå matta.
    VG Live svarer
    Tom
    Hvilket kanal vise kampen?
    Vsport Premier League.
    VG Live svarer
    Erik Peder Larssen
    Tror du Liverpool vinner PL? Jeg håper det.
    Eg trur det.
    VG Live svarer
    Christian Buch
    Prøver her også da ikke journalisten på ManU kampen ville svare. Muligen for ManU rykker ned?
    Det trur eg du får bra odds på.
    Kampen har startet
    Då er laga igang på Anfield!
    1'
    Det har vore tåke over store delar av Merseyside i dag. Det er framleis litt inne på stadion - men sikten verker å vere god.
    1'
    VG Live svarer
    Tommy
    Fuck nynorsk, får følge på tv2.no istedet
    Ha det godt, Tommy! Skulle gjerne hatt deg her - men det vel du sjølv.
    Liverpool har beleira banehalvdelen til Leicester i opninga.
    4'
    VG Live svarer
    Thomas
    For en forvandling Gravenberch har vært under Slot
    Einig! Han har vore meget god. Fått fram det potensialet det har vore snakka om i ei årrekke.
    Oioioi! Det er nære.
    4'
    Store sjansa!
    For nokre sjanser frå Liverpool. Salah mottar ein nydeleg krosser. Avslutninga frå egyptaren blir redda av Stolarczyk. Curtis Jones tar ned ballen på femmeteren, men den polske sisteskansen hiv seg ned i beina på engelskmannen og får den unna.
    4'
    Mål for Leicester City!
    Liverpool 0 - 1 Leicester City
    Jordan Ayew avatar
    Mål: Jordan Ayew
    Målgivende: Stephy Mavididi
    I alle dager! Mavididi set fart ein mot ein mot Alexander-Arnold. Innlegget hamnar hos Jordan Ayew. Han får vendt opp med Robertson i ryggen- og skyt via Virgil Van Dijk og bak ein utspelt Alisson.
    6'
    Anette
    Fantastisk at de nyttar nynorsk! Godt jobba, VG!
    Liverpool får tildelt et hjørnespark
    Salah ordnar hjørnespark for vertane. Vert ingenting av det.
    8'
    Leicester City får tildelt et hjørnespark
    Målscorar Ayew skal slå inn.
    10'
    Ballen går via Van Dijk og ut. El Khannouss er på returen - men skyt over.
    10'
    Curtis Jones får ein vanskeleg ball frå Gomez. Mista den utover sidelinja.
    11'
    Eit par tøffe duellar. Daka hiv seg ned etter å ha vore borti Van Dijk. Heilt riktig av dommer å vinke spelet vidare.
    12'
    VG Live svarer
    Tore Vatne
    Hvem dømmer kampen i kveld
    Darren Bond!
    Robertson slår inn mot Nunez, men Vestergaard rager høgst. Ikkje rart då dansken er 1.99 på strømpelesten.
    13'
    VG Live svarer
    Erlend W
    Er sikten bedre for spillerne enn oss som ser kampen på TV?
    Eg vil tru det - ellers hadde nok ikkje kampen blitt spelt.
    Leicester ligg disiplinerte i ramma - og venter på feil frå Liverpool. Gjere det at vertane ikkje tørr å spele på høg risiko?
    14'
    Nydeleg innlegg frå Alexander-Arnold mot Gakpo, men Justin får hovudet sitt på den.
    15'
    Liverpool får tildelt et hjørnespark
    Trent skal slå inn frå venstre. Bør vere moglegheita her - med kanskje ligaens beste høgrefot ute ved cornerflagget.
    15'
    Hjørnesparket vert forlenga av Nunez - ut til nytt hjørnespark.
    16'
    Liverpool får tildelt et hjørnespark
    Trent står klar. Liverpool-laget tar plass på bakre stolpe.
    16'
    Soumare stangar unna.
    16'
    Harry Winks køyrer kontra!
    16'
    Heldigvis for Liverpool er ikkje Winks av dei raskaste og vertane kjem seg på riktig side.
    16'
    Liverpool fortset med høge innlegg i boks. Vestergaard styrer foreløpig luftrommet i boksen. Kan snart søke på stillinga som flygeleiar, dansken.
    17'
    Benjamin
    Helt konge å få inn litt nynorsk her! Hilsen Oslogutt
    Forsvarar seg i ein stram 4-4-2, Leicester. Lite rom for backrekka til Liverpool å finne.
    18'
    Frykteleg feilpasning frå Liverpool. No kjem Leicester med mange!
    20'
    Kristiansen har mange å spele til. Vel å spele inn mot Daka - og det ser ut til å vere det beste valet, men pasningen er litt for upresis og går heile vegen inn til Alisson.
    21'
    Salah prøvar å spele Nunez gjennom på første berøring, men pasningen vert stoppa.
    21'
    Salah har blitt pakka godt inn fyrste tjue minuttane. Mavididi jobba iherdig defensivt.
    22'
    VG Live svarer
    Thomas
    Hva ser du som Liverpools svakhet? Om man kan si det
    Denne sesongen? 1. omgang. Dei har vore klart betre etter kvilen i dei fleste kampane.
    Tåka vert stadig tjukkare på Anfield. Vi får håpe at det berre øydelegge tv-opplevinga og ikkje for dei nede på bana.
    23'
    Liverpool får tildelt et hjørnespark
    Salah får nokre få centimeter med rom i 16-meteren og då hugg han til! Skotet går via Kristensen og til hjørnespark.
    24'
    Trent skal slå inn frå venstre.
    25'
    Svakt slått.
    25'
    Stor sjanse!
    Hjørnesparket er svakt, men Alexander-Arnold får ein sjanse til. Slår inn på hovudet til Robertson - som header den i stolpen - via keeper og ut til nytt hjørnespark.
    25'
    Liverpool får tildelt et hjørnespark
    Robertson slår frå høgre. Går forbi alle.
    26'
    VG Live svarer
    Paco Rabona
    Er du i slekt med Steinar eller Arild? Nynorsk er framifrå!
    Jada, dei er mine onklar! Eg klarte diverre ikkje å levere på deira nivå som fotballspelarar. Får heller prøve å levere på VG Live!
    Patson Daka gjekk ned etter ein duell med Van Dijk. Får kjenne på knottane til midstoggaren der.
    28'
    Liverpool rulla opp nesten som eit handballangrep. Leicester er derimot gode i blokka - og får til slutt klarert ballen opp til Alisson.
    29'
    No er det snart ikkje mogleg å sjå kven som er kven utpå der. Tjukk tåke!
    30'
    Snur Liverpool dette?
    Ja, dei vinn til slutt
    77%
    Nei, Leicester er for sterke.
    16%
    Dei klarer å redde inn uavgjort.
    7%
    2147 stemmer
    Stor sjanse!
    Cody Gakpo slår nydeleg inn til Mohamed Salah igjen. Salah er først på den - men skyt over. Får hjørnespark, egyptaren.
    32'
    Liverpool får tildelt et hjørnespark
    Trent skal slå inn igjen.
    32'
    Svakt slått på fyrste stolpe - vert klarert.
    32'
    T
    Forferdelig corner av Trent
    Liverpool leita og leita etter rommet. Alexander Arnold slår inn på ny - nok ein gang får Leicester klarert ut til hjørnespark.
    35'
    Liverpool får tildelt et hjørnespark
    Alexander-Arnold frå venstre.
    35'
    Litt betre slått - men framleis stanga unna.
    35'
    Liverpool får tildelt et hjørnespark
    Trent tek den kort denne gongen.
    36'
    Leicester fantastiske i lufta i eiget felt.
    37'
    Gult kort til Liverpool
    Joe Gomez avatarJoe Gomez
    Leicester tek kontringa. Fyrst vert Daka felt - og så Mavididi. Gomez tek sistnevnte og får det gule.
    37'
    VG Live svarer
    Tommy
    Virker som du holder med Leicester i kampen. Du bør være nøytral.
    Så kjekt at du framleis er her Tommy. Eg heier ikkje på nokon her - men eg håpar på fleire mål!
    Arne Slot verker å meine at Leicester brukar for lang tid og tek ned tempoet i kampen. Vanskeleg å vere ueinig med Liverpool-sjefen.
    39'
    No då, Liverpool! No har de rom å angripe i!
    40'
    Robertson angrip ned på venstresida, men El Khannouss er nede og vinn ballen.
    40'
    Gakpo god ein mot ein mot Justin, men Coady headar unna innlegget.
    40'
    Vestergaard beina unna nok eit innleggsforsøk. Beste omgangen eg har sett frå dansken på år og dag.
    41'
    Alexander-Arnold med eit forsøk frå distanse. Det går langt over - MEN: Eg trur Liverpool treng å prøve på langskot - slik at Leicester må støte opp og det blir rom i feltet.
    41'
    Gult kort til Leicester City
    Jordan Ayew avatarJordan Ayew
    Gakpo har vore kvikk siste minutta. Passerer Ayew som legg nederlenderen i bakken.
    44'
    Robertson skal slå inn frisparket.
    44'
    Frisparket er for upresist og går utover dødlinja. Han ser fortvila ut, skotten.
    44'
    Stor sjanse!
    Så smell det i tverrliggeren frå Liverpool. Mac Allister vinn ballen og sett i gang ei kontring. Alexander-Arnold finn Salah - og egyptaren skyt nydeleg mot lengste kryss. Diverre for Liverpool smell den tverrligger ut.
    45'
    Det er lagt til to minutt.
    45'+1
    Mål for Liverpool!
    Liverpool 1 - 1 Leicester City
    Cody Gakpo avatar
    Mål: Cody Gakpo
    Målgivende: Alexis MacAllister
    Gakpo, Gakpo, Gakpoo, skrik Roar Stokke! Han får ballen ute til venstre og dreg seg innover. Der får han rom - ser opp og curler den nydeleg i lengste hjørne. Ei strålande scoring!
    45'+1
    Liverpool-spelarane ropar på hands!
    45'+2
    Det er det ikkje - og vi lar spelet gå vidare. Ayew har ballen heilt inne til kroppen.
    45'+3
    Pause
    Liverpool slår tilbake like før pause - og det er - mildt sagt - ikkje ufortent. Leicester har jobba heroisk etter scoringa. Har dei kreftene til å stå heile vegen og ta poeng? Eller har Arne Slot ein plan for å ta føringa etter kvilen? Det får vi vite om snaut 15 minutt.
    VG Live svarer
    VG Live-bruker
    Kjedelig st du bare svarer noen Andreas, eg har sendt inn mange spørsmål
    Det kjem inn utruleg mykje spørsmål og innspel. Det set eg pris på - men eg får ikkje sett og svart alle diverre...
    VG Live svarer
    Roy
    Veit du når den utsatte kampen mot Everton skal spelast?
    Den er ikkje beramma enno, men det har vore spekulert i at den vert spelt i løpet av fyrste halvdel av februar.
    Tor Arne Pedersen
    Liverpool viner 6-1. Sånn er det bare. De maler i stykker Leicester, og bortelaget vil falle som fluer etter pause.
    VG Live svarer
    Oscar
    Tror du gutta forlenger kontrakten etter nyttår?
    Eg kan skjøne om Alexander-Arnold vert freista av Real Madrid, men eg trur både han og Van Dijk blir med vidare. Salah? Usikker. Men kan Liverpool la han gå!?
    VG Live svarer
    Arne Roger
    Heia Leicester! Så gøy å se mitt elskede lag spille ut ligalederen. Hilsen Arne Roger, 70års jubileum som Leicester supporter
    Eg trur du er ein av få her til lands, Arne Roger. Det gjere det enno meir imponerande!
    VG Live svarer
    Kjell
    Hvorfor skriver du ikke på norsk?
    Eg skriv på norsk! I dag på nynorsk - det eine av våre to sidestilte skriftspråk. Tenk så heldige vi er som har to flotte målformer å velje i.
    2. omgang
    Vi er i gang med dei siste førtifem!
    46'
    Fint spel frå Liverpool.Alexander-Arnold finn Gravenberch inne i feltet. Han legg inn til Nunez som skyt over. Såg ut som den var via Coady, men dommar er ikkje einig. Femmeter.
    47'
    Så spela Leicester seg i trøbbel. Stolarczyk må gje hjørnespark.
    48'
    Liverpool får tildelt et hjørnespark
    Mac Allister slår frå venstre.
    48'
    Den vert boksa ut frå polakken. Alexander-Arnold skyt via Soumare og til nytt hjørnespark.
    48'
    Liverpool får tildelt et hjørnespark
    Frå høgre denne gong. Liverpools tiande frå hjørneflagga.
    48'
    Robertson slår inn. Vert heada unna.
    49'
    Mål for Liverpool!
    Liverpool 2 - 1 Leicester City
    Curtis Jones avatar
    Mål: Curtis Jones
    Målgivende: Alexis MacAllister
    Eit fantastisk angrep på få berøringar. Salah og Nunez kombinera. Egyptaren finn Mac Allister på utsida si - han slår den direkte inn til Jones som via leggen sett den kontant frå fem meter.
    49'
    VAR-situasjon
    Scoringa skal sjekkast for offside.
    50'
    Det er i oppbygginga til angrepet at Stockley Park sjekkar for offside.
    51'
    Den fyrste situasjonen vert godkjent som onside - no skal dei sjekke meir.
    51'
    Alt er godkjent - scoringa står!
    52'
    Liverpool fortset å køyre på. Framspel mot Nunez, men Stolarczyk får boksa unna.
    54'
    VG Live svarer
    John
    Hvorfor skriver du dansk?
    Artig observasjon då bokmål faktisk er nærast dansk i "språkfamilien." "Bokmål utviklet seg fra dansk gjennom en gradvis fornorsking på 1800- og 1900-tallet" Kjelde: Store norske leksikon.
    No må Leicester fram å angripe - det kan bety god underhaldning siste trettifem minutta.
    55'
    Gult kort til Leicester City
    Jannik Vestergaard avatarJannik Vestergaard
    Gakpo passerar Vestergaard - dansken får ikkje fartsbot, men gult for å ta ned Gakpo på veg framover.
    58'
    Gult kort til Liverpool
    Andy Robertson avatarAndy Robertson
    58'
    Liverpool får tildelt et hjørnespark
    Robertson vert spelt gjennom - Justin heng med og får den ut til hjørnespark. Mac Allister skal ta den.
    59'
    Tar hjørnesparket kort. Får den tilbake frå Jones, men Stolarczyk får til slutt fanga ballen.
    59'
    Ein eventyrleg sjanse for Leicester. Mavididi slår inn frå venstre. Patson Daka har fått ein meter frå Van Dijk, men Daka bommer regelrett på ballen!
    60'
    VG Live svarer
    VG Live-bruker
    Va ikke lett å få svar på ditta her men Hvilke spillere står i fare for karantene hos LfC?
    Gakpo, Gravenberch, Nunez og Szoboszlai.
    Stor sjanse!
    Mohamed Salah spela nydeleg fram til Darwin Nunez frå høgre. Uruguyanaren skyt på fyrste - men Stolarczyk reddar.
    62'
    Liverpool får tildelt et hjørnespark
    Skal slå inn frå høgre, Robertson.
    63'
    Stolarczyk slår unna.
    63'
    Alexander-Arnold slår inn til Gakpo, men headinga vert redda av Leicester-keeperen.
    63'
    Spillerbytte - Leicester City
    Facundo Valentin Buonanotte avatarBilal El Khannouss avatar
    Inn: Facundo Valentin Buonanotte
    Ut: Bilal El Khannouss
    64'
    Spillerbytte - Leicester City
    Oliver Skipp avatarHarry Winks avatar
    Inn: Oliver Skipp
    Ut: Harry Winks
    64'
    Robertson med eit fint innlegg, men Leicesters burvoktar redder på ny. Ein god debut frå Stolarczyk.
    67'
    Ballen sit i nettet frå Liverpool, men det er vinka på Mohamed Salah.
    68'
    VG Live svarer
    Jon
    Sikker på at det er offside?
    Nei!
    Den fyrste situasjonen er ikkje offside!
    69'
    Nunez vert dømt offside i situasjon to.
    71'
    Fortsatt 2-1 på Anfield. Liverpool angriper igjen.
    72'
    Jeg er ikke like stødig på nynorsk som Andreas er - så det blir dessverre bokmål resten av kampen.
    73'
    VG Live svarer
    Christian
    Hva var Nunez dømt offside på? Han er ko bak Salah som slår pasninga?
    Han er nok akkurat foran punktet der Salah slår pasningen. Men det er hårfint, ja. Tok litt tid denne gangen også før vi fikk en konklusjon.
    Diogo Jota skal inn for Liverpool.
    74'
    Szoboszlai gjør seg også klar på Liverpool-benken.
    75'
    Hans Olav
    Synd, synes det var flott med liverapport på nynorsk så lenge det varte. Mer av dette!
    Leicester løfter langt mot Daka i bakrom - men Liverpool og van Dijk stopper forsøket.
    76'
    Spillerbytte - Liverpool
    Dominik Szoboszlai avatarCurtis Jones avatar
    Inn: Dominik Szoboszlai
    Ut: Curtis Jones
    Får applaus når han tusler av banen.
    78'
    Spillerbytte - Liverpool
    Diogo Jota avatarDarwin Nunez avatar
    Inn: Diogo Jota
    Ut: Darwin Nunez
    Det samme gjør Nunez.
    78'
    Nesten for Salah!
    De vinner ballen på midtbanen og går rett i angrep. Alexander-Arnold ser at Salah har bakrom og sender en god pasning rett frem. Salah har litt skrå vinkel og prøver å tuppe - men treffer bare keeper.
    79'
    Gult kort til Liverpool
    Dominik Szoboszlai avatarDominik Szoboszlai
    Stopper Ayew på en kontring og får det gule etter snaut 1-2 minutt på banen. Da må han stå over neste kamp mot West Ham.
    80'
    VG Live svarer
    Linn
    Kor blei det av Andreas? Går det bra med han?
    Det går veldig bra med han! Han sitter og skriver på saken du kan lese rett etter kampslutt!
    VG Live svarer
    Henning Solheim
    2-1 er en farlig ledelse! Skal ikke være for sikker her Liverpool!!
    Har også hørt at det er den farligste ledelsen man kan ha! Ble sagt ofte i oppveksten iallfall.
    Szoboszlai trekker seg inn fra høyre men blir stoppet kontant av Skipp. Solid takling fra Leicester-spilleren.
    81'
    Alexander-Arnold slår inn fra høyre. Leicester og Vestergaard klarerer.
    81'
    Mål for Liverpool!
    Liverpool 3 - 1 Leicester City
    Mohamed Salah avatar
    Mål: Mohamed Salah
    Målgivende: Cody Gakpo
    Og DER kom målet for Premier Leagues toppscorer. Gakpo løfter ballen ut til høyrekanten og Salah tar noen steg innover i banen. Så bare bestemmer han seg for å styre ballen bort i det lengste hjørnet. Sesongens 16. i ligaen.
    83'
    Tsimikas og Endo skal inn for Liverpool.
    85'
    Liverpool angriper igjen - men pasninger fra TAA retning Salah er upresis. Men egypteren gliser godt likevel han. Koser seg utpå gressmatten, Mohamed Salah.
    86'
    Spillerbytte - Liverpool
    Kostas Tsimikas avatarAndy Robertson avatar
    Inn: Kostas Tsimikas
    Ut: Andy Robertson
    86'
    Spillerbytte - Liverpool
    Wataru Endo avatarRyan Gravenberch avatar
    Inn: Wataru Endo
    Ut: Ryan Gravenberch
    87'
    Hjemmefansen synger og koser seg. Og nå vinner Liverpool ballen på midtbanen...
    88'
    Men Leicester vinner den tilbake igjen. Prøver å rulle opp et angrep og tenne et lite håp her.
    88'
    Leicester finner ikke åpningene og må spille hele veien hjem til keeper. Da løfter også Liverpool presset sitt.
    89'
    Leicester City blir avblåst for offside
    Buonanotte avvinkes for offside. Forøvrig et av fotballverdens kuleste navn, synes jeg.
    90'
    Det legges til ni minutter. Må vel være på grunn av alle byttene OG de to VAR-situasjonene som tok tid.
    90'
    Spillerbytte - Liverpool
    Harvey Elliott avatarAlexis MacAllister avatar
    Inn: Harvey Elliott
    Ut: Alexis MacAllister
    90'+2
    Ikke mye som har skjedd siden Salahs 3-1-scoring. Bortsett fra de tre byttene og litt balltrilling.
    90'+2
    Liverpool ruller opp et angrep på høyresiden. Kommer seg inn i feltet men Vestergaard får stoppet Jota og takler til corner.
    90'+4
    Spillerbytte - Leicester City
    Caleb Okoli avatarConor Coady avatar
    Inn: Caleb Okoli
    Ut: Conor Coady
    Den tidligere Liverpool-junioren tusler av banen.
    90'+5
    Gakpo får frispark like utenfor 16-meteren. Mulig å prøve et skudd her. Szoboszlai og Tsimikas står ved ballen.
    90'+8
    Frisparket løftes inn og det er Jota som vinner duellen. Han header den mot van Dijk - men stopperen får ikke tak i ballen.
    90'+8
    Gakpo skaffer Liverpool en corner. 30 sekunder igjen av den tillagte tiden nå.
    90'+9
    Corneren ender hos Salah på motsatt side. Han kjører noen finter før han løfter inn - men keeper har kontroll.
    90'+9
    Kampen er slutt
    Det er over! Liverpool havnet tidlig under etter at Jordan Ayew ga gjestene ledelsen - men slo tilbake og kontrollerte etter hvert inn en 3-1-seier etter scoringer fra Cody Gakpo, Curtis Jones og Mohamed Salah (selvfølgelig).
    Med det har Liverpool 7 poengs luke ned til Chelsea på annenplassen i Premier League. I tillegg har de en kamp færre spilt. Det skal sies at Arsenal og står med «bare» 17 spilte kamper - og de kan gå forbi Chelsea og opp til annenplass om de vinner mot Ipswich i morgen.
    Jeg og Andreas Hopen takker for følget og ønsker dere en fortsatt fin 2. juledag! https://www.vg.no/sport/i/GynVQx/liverpool-festen-fortsetter-oekte-forspranget-i-premier-league
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her