0-1
0-2
0-3
0-4
Doku49'
0-5
0-6
Supporterfordeling på VG
2 390
1 618

[14002] - Noe gikk galt

Denne videoen er kun tilgjengelig i Norge

Hvem var banens beste?

Phil Foden
64%
Jeremy Doku
7%
Kevin De Bruyne
24%
Mateo Kovacic
5%
1914 stemmer
Author avatar

Ble dekket av Sander Randeberg Hauan

    Hei og velkommen til livedekningen av Ipswich og Manchester City!
    Vi har fått ettermiddagens lag, og de er som følger:
    Ipswichs elleve (5-4-1): Walton - Johnson, O'Shea, Godfrey, Burgess, Davis - Clarke, Morsy, Cajuste, Hutchinson - Delap
    Manchester Citys elleve (3-2-4-1): Ederson - Akanji, Dias, Gvardiol - Kovacic, Gundogan - Foden, de Bruyne, Nunes, Doku - Haaland
    Nathan Aké er skadet, meldes det om. Kyle Walker er ikke i dagens tropp i det hele tatt.
    Spørsmålet i City-laget er om Nunes spela høgreback eller om han er høgrekant. Alternativ oppstilling vil vere (4-2-3-1): Ederson - Nunes, Akanji, Dias, Gvardiol - Kovacic, Gundogan - Foden, de Bruyne, Doku - Haaland.
    VG Live svarer
    VG Live Bruker
    Når er Bobb tilbake?
    Han er tilbake i trening. Når han er klar for å spele, er ikkje sagt noko om. Det har vore spekulert i at februar er månaden.
    VG Live svarer
    Geir
    Får ikke opp lagoppstillingene på VG live. Får beskjed om "Ikke mottatte lagoppstillinger for denne kampen "
    Det var veldig merkeleg ja. Har fiksa det no. Takk for innspel!
    Erling Braut Haaland scora hattrick sist laga spelte mot kvarandre. Gjere han det igjen er han berre den andre spelaren som scorar to hattrick mot same lag i ein sesong. Førre gong var Adebayor mot Derby.
    Ortega vart skjelt ut etter 2-2 i midtveka. No er han vraka. Det er interessant.
    Vi ser også at Chris Walton er mannen mellom stengene hos Ipswich, ikkje fyrstevalet denne sesongen Muric. Det vert Waltons fjerde strake start i PL.
    VG Live svarer
    VG Live Bruker
    Hva tror du stillingen blir
    1-2. Haaland og Foden scora for gjestane. Delap for Ipswich. Blir sjølvsagt ikkje slik, men legg hovudet på blokka her!
    Då står laga klare! Manchester City i burgunder. Ipswich i sine mørkeblå heimedrakter.
    Dennis Law får hyllest også her etter at han gikk bort like før helga.
    Aksel
    1-0 Ipswich Delap match vinner
    Kampen har startet
    Der sparker Gundogan kampen i gang!
    1'
    VG Live svarer
    Marcus
    Kan du skriv bokmål?
    Det kan eg! Men no skriv eg nynorsk.
    Manchester City har tapt 14 poeng etter å ha leda denne sesongen. Det er det meste dei har gjort under Pep si leiing.
    1'
    VG Live Bruker
    Den beste oppdateraren. Nynorsk <3
    Nysigneringa Godfrey i firsprang oppover høgrekanten. Ipswich får til slutt slått inn. Høgreback Nunes skal heade Morsy's innlegg inn til Ederson, men den går ut til hjørnespark.
    1'
    Ipswich får tildelt et hjørnespark
    Morsy skal slå inn.
    2'
    Dias vinn duellen med Burgess. Nytt hjørnespark.
    2'
    Ipswich får tildelt et hjørnespark
    Frå høgre no.
    3'
    Blir heada unna på fyrste stolpe.
    3'
    VG Live svarer
    VG Live Bruker
    Kva skjedde med Godfrey? Minnast han var rekna for å vere særs lovande rundt 3 år sidan.
    Godt spørsmål. Starta bra i Italia, men har vore ute med skade lenge, visstnok. Bra fysikk og stor fart. Er eit godt utgangspunkt det!
    City har etablert seg godt inne på vertanes banehalvdel.
    6'
    Ligg i 5-4-1 defensivt Ipswich. Tekniske spelarar som Doku og Foden kan bli viktige for å skape ubalanse.
    6'
    Clarke bryt og sett fart!
    7'
    Spela til Delap. Han sender Dias i pølseboda. Skotet blir blokkert!
    7'
    Meget godt av Ipswich.
    7'
    City forsøkte seg med ei kontring. Haaland spelte til De Bruyne, men då belgiaren skulle spele i bakrom, var ikkje pasningen god nok.
    7'
    Ganske roleg på Portman Road akkurat no. Ipswich prøva å spele seg ut bakfra.
    11'
    Det gjekk sån passe. Innkast til Nunes høgt i bana.
    11'
    VG Live svarer
    Fred ivar
    Hva betyr avslutninger i blokka?
    At ein eller fleire blokkerte avslutninga.
    Utruleg lågt tempo i kampen dei siste fem minutta. Ipswich er disiplinerte defensivt. Ligg tett i ramma.
    13'
    Stor Haaland-sjanse!
    Kovacic trer Braut Haaland nydeleg gjennom, men det ser litt klønete ut - og Christian Walton får redda forsøket!
    14'
    Manchester City får tildelt et hjørnespark
    City får hjørnespark og tar den kort.
    15'
    City farleg frampå på ny. Ipswich misser når dei skal spele seg ut bakfrå. Gundogan bryt - og ballen ender til slutt hos Kovacic, men skotet går langt over.
    15'
    Phil Foden kjem til avslutning, men Burgess får blokert.
    17'
    Vertane skal på død og liv spele seg ut bakfrå. Det har skapt fleire farlege situasjonar.
    17'
    McKenna er ivrig i teknisk sone.
    18'
    No er det meir rom begge vega!
    18'
    Jeremy Doku angrip ute til venstre. Belgiaren slår inn, men det blir berre hjørnespark.
    19'
    Manchester City får tildelt et hjørnespark
    Skal slå inn frå venstre, De Bruyne.
    19'
    Tek den kort. Ender opp med Foden avslutning, via Gundogan og inn til Walton. Lurt av Gundogan, men klara ikkje å få kontroll på den, tyskaren.
    19'
    VG Live svarer
    FPL krigeren
    Hvorfor får ikke Savinho sjansen fra start i dag? Han har jo vist seg å være i bedre form enn Doku i det siste…
    Stussa litt på den eg også, men det er vel vintage Pep-roulette?
    Liam Delap utfordrar Nunes og Kovacic ute til venstre. Viser fysikk, teknikk og fart der før han vert tatt av Kovacic. Frispark ute til venstre for Ipswich!
    22'
    Stor sjanse!
    Leif Davis slår den langs bakken ut på 16-meter. Hutchinson skyt på fyrste - via luggen til Braut Haaland og ut til hjørnespark.
    23'
    Ipswich får tildelt et hjørnespark
    Frå venstre. Morsy skal slå.
    24'
    Hjørnesparket er godt slått. O'Shea si heading går rett på Ederson som held den.
    24'
    VG Live svarer
    Martin
    Hva skjer med at Savio ikke starter? Føler han burde være foran Doku i rekka.
    Eg lika at du skriv Savio, som han faktisk heiter. "Skifta" navn før han kom til City. Kvifor? Ana ikkje. Savio er jo kulare.
    Mål for Manchester City!
    Ipswich 0 - 1 Manchester City
    Mål: Phil Foden
    Målgivende: Kevin De Bruyne
    Der sit den for gjestane! Dei rulla opp, City. Doku finn De Bruyne inne i boks. Innlegget er ikkje godt, men det ender opp hos Foden som tar ned, vender opp og avslutta i same bevegelse!
    26'
    VG Live svarer
    Paco Rabona
    "Savinho" betyr "vesle Savio" på portugisisk. Diminutiv form. Faren vert sikkert kalla Savão, "store Savio".
    Det her er god info! Kan det også vere ein hyllest til Savio som spelte for Real Madrid på 90- og 2000-talet?
    Mål for Manchester City!
    Ipswich 0 - 2 Manchester City
    Mål: Mateo Kovacic
    Målgivende: Phil Foden
    Så sit den andre! Phil Foden får ballen like utanfor 16-metaren. Han vender opp og trilla den vidare til Kovacic. Kroaten tar fart - og dunka den nede i hjørne. Få den på trill, sa vi på løkka. Det fungera også i Premier League!
    29'
    "Going down with (Manchester) United" syngast frå bortefansen!
    31'
    Ipswich meir med ball no, men dei finn ikkje opninga i City-forsvaret.
    32'
    VG Live svarer
    Stanley Ipkiss
    Hei når blir Ny signeringen Omar Marmoush spilleklar
    Fyrst må City bekrefte overgangen....
    Denne gong angrip City på høgresida. Nunes slår inn, men den går heilt inn til Walton.
    34'
    VG Live svarer
    Ruben
    Kor kommer du fra da Andreas?😃
    Kjem frå Eikefjord i sunnfjord!
    VG Live svarer
    Thomas
    Får ikkje sett kampen idag, men hvordan ser Hålands bevegelser ut idag? Og kommer han seg i greie posisjoner?
    Han har sett OK ut. Går mykje i bakrom og plassera seg godt på innlegg.
    Ipswich ar mista litt av den intensiteten dei lukkast med fyrste tjue minutta.
    36'
    Gvardiol set fart. Slår over til Foden motsatt.
    36'
    Foden vidare til De Bruyne som tek med seg ballen inn i 16-meteren, men avslutninga går over mål.
    36'
    De Bruyne slår inn frå venstre. Burgess headar den ut til hjørnespark.
    38'
    Manchester City får tildelt et hjørnespark
    De Bruyne skal slå inn frå venstre.
    38'
    Tek den kort til Doku igjen.
    39'
    Foden slår inn frå andre sida, men innlegget har ikkje adresse, og går ut til femmeter.
    39'
    VG Live svarer
    Askil
    Kva tid er Bobb tilbake trur du?
    Han er tilbake i trening. Det har vel vore spekulert i at han er kampklar i løpet av februar.
    Mål for Manchester City!
    Ipswich 0 - 3 Manchester City
    Mål: Phil Foden
    Målgivende: Kevin De Bruyne
    Ipswich går opp i liminga! Doku spelar De Bruyne gjennom ute til venstre. De Bruyne tek den med seg inn til sida av femmeteren, før han roleg spela førtifem ut til Foden. Han plassera den, via Walton - og inn.
    41'
    VG Live svarer
    Vg live bruker
    Hvorfor er det så mye fokus på ny norsk her fortiden? Vi er jo i 2025 og ikke 1980 tallet. Skriv helt på norsk eller engelsk som de fleste kan.
    Fokuset er på mangfald, ikkje ny norsk, men eit like gammalt skriftspråk som bokmål. Nynorsk. Engelsk dekning finn du over heile verda - og det er fritt fram å følge kampen der.
    VG Live svarer
    Sveinesund
    Er ikke Haaland involvert i scoringene i det hele tatt?
    Ikkje i det heile tatt! Men no byrjar Ipswich å sprekke opp - så truleg får Haaland meir rom.
    Pause
    Då er det pause - Ipswich starta bra, men det har blitt einvegskøyring til slutt. Phil Foden har vore meget god - det same har De Bruyne, Kovacic og Doku.
    Laga er på veg ut på bana igjen!
    2. omgang
    City i angrep med ein gong!
    46'
    De Bruyne slår inn mot Foden, men NO får Ipswich ballen unna før engelskmannen får kjæle med kula.
    46'
    Glitrande av Delap! Dreg av Akanji og Gvardiol. Spela vidare til Hutchinson som finn Johnson. Backen skyt godt på Ederson, men brassen reddar!
    49'
    Mål for Manchester City!
    Ipswich 0 - 4 Manchester City
    Mål: Jeremy Doku
    Målgivende: Kevin De Bruyne
    Ipswich scorar ikkje på sin sjanse. City er dødeleg effektive når dei får sjansen! De Bruyne ut til Doku. Han dreg seg nydeleg forbi Morsy. Skotet går via eit Ipswich-bein og i mål. Kan vere den står som sjølvmål til slutt.
    49'
    Det her kan bli skikkeleg stygt for vertane.
    51'
    Man City trilla ball.
    54'
    Manchester City får tildelt et hjørnespark
    Godfrey må forsvare seg mot Haaland og Foden. Får den til slutt ut til hjørnespark. De Bruyne frå venstre. Blir det kort til Doku igjen?
    54'
    Slår inn denne gong. Det er eit elendig forsøk og Morsy får den vekk.
    55'
    VG Live svarer
    Jens
    Hva betyr "Dreg" og "Skotet"?
    Drar og skudd.
    VG Live svarer
    Einar G
    Hva skal til for at det regnes som selvmål; -dette var vel dét??
    Eg er einig, Einar. Premier League har derimot gitt den til Doku.
    Mål for Manchester City!
    Ipswich 0 - 5 Manchester City
    Mål: Erling Braut Haaland
    Målgivende: Jeremy Doku
    Haaland er med! Fryktelig feilpasning av Clarke. Doku plukka opp - og setter på turboen. Han spela på tvers til Haaland som enkelt scora.
    57'
    Haaland frampå på ny. Doku spela ut til jærbuen. Han får avslutta, men Walton redda. De Bruyne skyt returen via eit Ipswich-bein og ut til hjørnespark.
    59'
    Manchester City får tildelt et hjørnespark
    Walton slår den ut til nytt hjørnespark.
    59'
    Manchester City får tildelt et hjørnespark
    Foden frå høgre. Tek den kort.
    60'
    Her trur eg vi får sjå både 6 og 7-0.
    60'
    Mubama, McAtee og Grealish står klare på sidelinja.
    61'
    Ipswich får tildelt et hjørnespark
    Hutchinson ordna hjørnespark for vertane. Leif Davis skal ta den frå høgre.
    62'
    De Bruyne får den vekk frå fyrste stolpe.
    62'
    Spillerbytte - Manchester City
    Inn: Jack Grealish
    Ut: Phil Foden
    63'
    Spillerbytte - Manchester City
    Inn: Divin Mubama
    Ut: Erling Braut Haaland
    63'
    Spillerbytte - Manchester City
    Inn: James John McAtee
    Ut: Kevin De Bruyne
    63'
    Ei scoring og 62 minutt vart det heile for Haaland.
    64'
    Spillerbytte - Ipswich
    Inn: Massimo Luongo
    Ut: Jens-Lys Cajuste
    64'
    Spillerbytte - Ipswich
    Inn: Axel Tuanzebe
    Ut: Ben Godfrey
    64'
    Spillerbytte - Ipswich
    Inn: Jaden Philogene-Bidace
    Ut: Jack Clarke
    Debutant som får sjansen her!
    65'
    City har begynt beleiringa på ny. Nunes utfordrar Burgess. Får hjørnespark.
    66'
    Manchester City får tildelt et hjørnespark
    McAtee skal slå inn frå høgre.
    67'
    Walton boksar ut hjørnesparket.
    68'
    Mål for Manchester City!
    Ipswich 0 - 6 Manchester City
    Mål: James John McAtee
    Målgivende: Mateo Kovacic
    Halvdusinet fullt! McAtee sitt fyrste mål i Premier League for City. Nydeleg framspel frå Kovacic i lufta. McAtee er heilt aleine med Walton, og headar den nydeleg over Walton.
    69'
    Førre gang eit lag vann 6-0 på bortebane i Premier League var i mars i fjor. Då var det Arsenal som slo Sheffield United. Scorar dei eitt til, City - vil det vere den største bortesigeren sidan Crystal Palace - Liverpool 0-7 i desember 2020.
    70'
    Heisann! Andreas skal bruke de siste minuttene på å skrive saken som kommer etter kampslutt - så da tar jeg over her. Jeg er ikke like stødig på nynorsk, så det blir litt bokmål på tampen.
    72'
    Spillerbytte - Manchester City
    Inn: Rico Lewis
    Ut: Manuel Akanji
    73'
    Spillerbytte - Manchester City
    Inn: Nico O Reilly
    Ut: Mateo Kovacic
    73'
    Spillerbytte - Ipswich
    Inn: Jack Taylor
    Ut: Omari Hutchinson
    74'
    Spillerbytte - Ipswich
    Inn: George Hirst
    Ut: Liam Delap
    74'
    Dobbeltbytte fra begge lag, i denne kampen som vi vel kan kalle avgjort nå.
    74'
    Davies får frispark i duell med Nunes.
    79'
    Gult kort til Manchester City
    Matheus Nunes
    Kampens første gule kort der også.
    79'
    Ipswich får et frispark like utenfor venstre hjørne av Citys 16-meter.
    79'
    Frisparket løftes inn - men stanges rett ut igjen.
    80'
    VG Live svarer
    VG Live Bruker
    Jeg er ikke like stødig på nynorsk, så det blir litt bokmål på tampen. Takk gudskjelov for d Sander
    «Gudskjelov», faktisk?! Er det så galt at du ikke har forstått noe som helst frem til nå? Da er det imponerende at du fortsatt er her!
    City-fansen synger og koser seg nå. Imponerende mange Ipswich-supportere som fortsatt er på tribunene, må jeg si. Et trøstemål her vil nok gi litt utslag på desibelmålerne.
    81'
    Doku setter fart ute til høyre. Han skyter et innlegg - men Ipswich beiner ballen unna.
    83'
    City triller ball. Sitter med en følelse av at vi ikke er ferdigscoret her.
    83'
    VG Live svarer
    Sigurd
    Vil berre seia at eg er svært nøgd med dekninga på nynorsk. Det må me ha meir av. Helsing ifrå nabogrenda til Ivar Aasen.
    Kjekt å høre!
    Jeg har ikke sovnet, nei. Det skjer bare ikke så veldig mye ute på gressmatten nå. City triller og triller. Ipswich løper imellom.
    87'
    Doku drar seg inn fra venstre og vil ha frispark. Dommer vinker spillet videre.
    90'
    Det legges til tre minutter.
    90'+1
    Kampen er slutt
    Der er det over! City leker seg til en 6-0-seier mot Ipswich! Undertegnede og Andreas Hopen takker for følget og ønsker dere en fortsatt fin søndagskveld!
    VG Live svarer
    Even
    Hvorfor kan jeg ikke se vg vidione når jeg er i Spania
    På grunn av geoblock. Vi har ikke rettighetene til å vise det frem i Spania :(
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her