Slutt

3-1

1-0
Mane49'
2-0
Mane85'
3-0
3-1
Author avatar

Ble dekket av NTB

    Hei og velkomen til live-dekning av den 7.runden i Tippeligaen. På Fosshaugane Campus er det duka for vestlandsderby mellom Sogndal og Brann.
    Dette er ein kamp mellom to lag som har hatt ein vidt forskjellig åpning av årets Tippeliga. Brann ligg på 4.plass forran denne runden med 4 sigrar og 2 tap. Sogndal ligg på 14.plass og kjem frå eit braknederlag i Stavanger der Viking knuste sogningane 4-1.
    Dårlige nyhende for Brann føre kampen i dag då ein av deira beste denne sesongen, keeper Piotr Leciejewski, har måtta kasta inn handklede grunna ein dårlig rygg. I tillegg er midtstopparane Markus Jonsson og Simen Wangberg ute med skade. I tillegg til dette vart og Zsolt Korscmar på fredag seld til tyske Greuther Fürth, men denne overgangen vil ikkje skje før 1.juni så ungararen er speleklar til i dag.
    For Sogndal er det ikkje meldt om nye skadeproblem. Ørjan Hopen slit med ein strekk og vert ute nokre veker til, mens danske Tony Brochmann spelte for Sogndal 2 på mandag utan å imponera. Det er og venta at Azar Karadas vil gå inn for Ricardo Santos på topp slik han gjorde i cupkampen mot Træff på onsdag.
    I cupen på onsdag gjekk begge laga vidare. Sogndal med eit naudskrik etter at dei trengte straffar for å slå 2.divisjonslaget Træff. Brann kom tilbake etter å ha komme under mot 3.divisjonslaget Øystese og vann til tilslutt komfortabelt 6-1.
    Fleire spelarar frå begge laga som har spela i begge klubbar. Azar Karadas var helt på stadion i si tida og har vel uttalt at Brann er klubben i hans hjerte. Stephane Badji var ei viktig brikke på Sogndal i fjor og etter ynskje om klubbyte i vinter hamna han i Brann. Vi får sjå kva mottaking dei to får når dei entrar bana kl.1900 i kveld.
    Vi kjem tilbake ca. ein time før kampstart med lagoppstilling og meir info rundt lag og spelarar.
    Halvtime igjen til vestlandsderbyet. Begge laga er i oppvarming og mykje folk har allereie funne vegen til Fosshaugane Campus.
    Det er verdt å nemna at Brann ikkje har vunne på kunstgras i Tippeligane på nesten to år. Dei har også berre slått Sogndal to gonger dei siste 25 åra. Det er med andre ord mykje som talar i mot at bergensaranetar med seg tre poeng heim til Bergen i kveld. Svaret får vi om ca to og ein halv time.
    Martin Pusic får igjen sjansen på topp for Brann sjølv om østerrikaren endå ikkje har funne nettmaskene i Tippeligaen 2013.
    Som forventa får Azar Karadas sin fyrste start i Tippeligaen i år. Så får vi sjå om eidaren klarer å straffe sin tidlegare arbeidsgivar.
    I fjor vann Sogndal tilsvarande oppgjør 2-0 . Verdt å merka seg var at Sogndal måtte vinna denne kampen for å sikre tippeligakontrakten, mens Brann ikkje hadde noko å spele for.
    Dette er den STORE kampen i Sogndal i år. 20 minutt før kampstart er det kome fleire folk på tribuna enn det har vore på nokon kamp tidlegare i år.
    Det er forventa opp mot 500 bergensarar på dagens kamp og det er allereie begynna å fylla seg opp bak Jørgen Mohus i brannburet.
    Då er laga på veg inn på bana til vestlandsderbyet 2013 del 1.
    Kapteinane Per Egil Flo og Hassn El Fakiri helser på kvarandre og de vert klart at Brann startar med ballen i denne 1.omgangen.
    Kampen har startet
    Lang ball opp frå Korcsmar som går heilt inn til Dahlin.
    1'
    Sogndal og med lange ballar opp mot Karadas.
    2'
    Begge lag byrjar med å presse høgt. Det vert difor lite tid spelarane får med ballen i beina før nokon er oppi dei.
    2'
    Stort trøkk frå dei tilreisande frå Bergen, men og meir liv i heimepublikummet i dag.
    3'
    Holsæter prøver seg, men får ballen for langt forran seg og ut til kast for Brann.
    4'
    Holsæter headar utafor.
    5'
    God sjanse for Brann. Haugen spring seg fri og får lagt inn, men der er Teniste framfor Pusic og får klarert.
    6'
    Badji blir pepen ut av heimefansen. Ganske utrulig når ein veit at Sogndal innkasserte 8 millonar på salet til Brann og sannsynlegvis redda 2013-budsjettet.
    8'
    Mykje langt frå Sogndal til å byrje med. Dårlig adresse gjer at brannforsvaret har ein lett jobb.
    9'
    Frispark til Brann i god posisjon på venstrekanten.
    9'
    Huseklepp slår inn, men gjennom heile feltet og ut til 5-meter for Sogndal.
    10'
    God sjanse for Sogndal. Mane spelar til Flo som skyt via Grønner og til corner.
    11'
    Karadas set ballen i mål, men Valsvik har handsa i duellen før og målet vert heilt korrekt annulert.
    11'
    Mane byrjar å få kontroll på El Fakiri i duellen på kanten. For Sogndal er Mane ein viktig mann i det oppbyggande spelet.
    13'
    Ny god sjanse til Sogndal. Sagna får ballen innanfor 16-meteren, men brukar for lang til og Brann får klarert.
    13'
    Karadas med eit godt skot, men over målet til Mohus.
    14'
    Blir klarert til kast for Brann.
    15'
    Og kastet blir det heller ikkje noko ut av.
    16'
    Godt brannspel før corneren. Badji med ein 50-meterspasning av høg internasjonal klasse.
    17'
    Skot frå Nordkvelle to meter utafor målet til Dahlin.
    17'
    Frispark til Sogndal. Skal slås inn i feltet.
    18'
    Blir frispark til Brann til store protestar frå sogndalspelarane.
    19'
    Litt stillingskrig no. Relativt underhaldande sjølv om vi manglar dei store målsjansane.
    21'
    Dahlin dunkar ballen ut av stadion. Innkast til Brann.
    21'
    Grønner missar og Karadas får satt opp Mane. Senegalesaren skyt derimot både over og utanfor målet til Mohus.
    23'
    Mange tette duellar og frispark i til no. Heilt klart ein kamp begge lag vil vinne.
    23'
    Etter mykje spel endar det i ny corner.
    23'
    Dette er den 40. corneren til Sogndal i år.
    25'
    Endar i den 41.
    25'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 1 - 0 Brann
    Mål: Azar Karadas
    Målgivende: Ruben Holsaeter
    Stangar ballen i mål og jublar ikkje. Glimrande slått corner av Ruben Holsæter. Ballen landar tre meter ut frå målet til Mohus og i det området er Karadas sterk og god.
    25'
    Verdt å merke seg er at Sogndal er det laget i Tippeligaen som har hatt flest cornerar i år. No klarte dei og å omsette ein av dei til mål.
    28'
    Ny stor sjanse til Sogndal. Teniste kastar inn. Karadas headar og ballen treff Grønner i det den er på veg mot mål.
    28'
    God opprulling av Brann. Innlegg frå Nordkvelle og det er berre såvidt at Flo får klarert.
    29'
    No skjer det mykje. Sogndal kontrar og Fakiri feller Mane 18 meter frå målet til Brann.
    29'
    Gult kort til Brann
    Hassan El Fakiri
    30'
    Frispark til Sogndal i farlig posisjon. Per Egil Flo står klar.
    30'
    Men det er Mane som som skyt. Over!
    30'
    Nytt frispark til Sogndal. Denne gong frå 40 meter og ballen skal pumpast inn i feltet.
    32'
    Enorm sjanse til Sogndal. Ballen vert pumpa inn i feltet Karadas vinn duellen og headar til Ulrik flo som ikkje klarer å sette ballen på mål. Der burde Sogndal gått opp til 2-0.
    33'
    Brann veldig tannlause no. Mykje av grunnen til det er at Sogndal stressar dei, men pasningane og løpa er heller ikkje gode nok frå bergensarane.
    34'
    Brann skapar litt då Huesklepp får ballen i feltet. Vender vekk Teniste og legg inn. Dahlin mistar ballen i duellen med Pusic, men får frispark. Verken bergensarane på bana eller på tribuna er einige i det.
    36'
    Gult kort til Sogndal
    Gustav Valsvik
    Fekk gult kort då han prøvde å slå ballen i mål med handa tidlig i kampen.
    37'
    Brann med meir trøkk no. Klarer å etablere spel inne på Sogndal sin banehalvdel, men ingen store sjansar ut av spelet.
    38'
    Sogndal ligg no lågt inne på sin eigen banehalvdel og gjer det vanskelig for Brann.
    39'
    Huseklepp med glimrande innlegg men nesten ingen brannspelarar i boksen. Svakt av brann sine angriparar.
    39'
    Frispark til Sogndal på ca 25. meter.
    40'
    Gult kort til Brann
    Jonas Grønner
    Får for munnbruk.
    40'
    Mane skal skyte.
    40'
    Mohus må gje til corner.
    41'
    Litt langt slått og Per Egil Flo får berre heada ballen utanfor.
    41'
    Klarert av Karadas.
    43'
    God ball frå Badji til Pusic, men østerrikaren snublar i duell med Patronen.
    45'
    Brann heit klart med dei siste ti minutta.
    45'+1
    Pause
    45'+1
    Fortent at Sogndal leiar til pause. Brann veldig tafatte i midtperioden i kampen og det var og då målet til Sogndal kom. No har sogningane senka seg og ligg med lågt press. Brann klarar til tider å spele seg gjennom, men sistepasningen eller kanskje heller siste løpet er for dårlig. Sogndal satsar på kontringar og slik vil nok den andre omgangen utvikle seg og.
    Vi er klar for dei siste 45 minutta på Fosshaugane Campus.
    2. omgang
    45'
    Spillerbytte - Brann
    Inn: Kristoffer Larsen
    Ut: Fredrik Nordkvelle
    46'
    Larsen går inn sentralt på Brann si midtbane og skal erstatte ein heller svak Nordkvelle.
    47'
    Huseklepp hoppar over ein pasning med El Fakiri er ikkje heilt med på den.
    47'
    Mane blir klippa ned, men Jihnsen vel å ikkje blåse. Publikum ikkje nøgde.
    48'
    God overgangsmoglegheit for Sogndal no.
    48'
    Endar i frispark frå 22 meter.
    49'
    Valsvik har lyst til å skyte.
    49'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 2 - 0 Brann
    Mål: Malick Mane
    Men det er Mane som skrur ballen over muren og rett i nota bak Mohus. Keeper Mohus var nok sikker på at det var Valsvik som skulle skyte for han var veldig sein på å reagere på skotet frå senegalesaren.
    49'
    Ellevilt på Fosshaugane Capus for fyrste gong i år. 'Gøy på landet' rungar blant saftkokarane.
    52'
    Brann held fram med å spele langt inn på Sogndal sin banehalvdel, men er frykteleg upresise når dei nermar seg mål.
    53'
    Andre gule kort til Brann
    Jonas Grønner
    Får sitt andre gule kort og må forlate bana. Feller Bolseth på veg framover og for nok korrekt det raude kortet.
    54'
    Nytt farlig frispark til Sogndal.
    56'
    Mane skyt, men denne gangen har Mohus kontroll på skotet som går over.
    56'
    Gedigen sjanse for Sogndal. Ulrik Flo vert spelt gjennom, men klarar ikkje å lobbe ballen over Mohus i brannburet. Der burde det stått 3-0 til Sogndal.
    57'
    Enorm sjanse for Brann! Per Egil Flo rotar det skikkeig til som sistemann. Mistar ballen til Huseklepp som spelar gjennom Pusic. Han gjer eit dårlig mottak og kjem litt skrått på mål og avslutninga går rett på Dahlin.
    57'
    Karadas leikar seg utpå her no. Rundar proffklare Korcsmar og sler inn til flo som har eit skonummer for lite til å sette ballen i mål.
    60'
    Huseklepp gjennom og det ser ut som han blir hekta. Dommar Johnsen meinar ikkje det. Sogndalspelarane meiner Huseklepp dett lett.
    60'
    Mykje underhaldning dei siste minuttane på Fosshaugane Campus.
    61'
    Spillerbytte - Brann
    Inn: Tomasz Sokolowski
    Ut: Erik Huseklepp
    61'
    Frispark til Brann.
    63'
    Askar slår inn og Patronen klarerar til corner.
    63'
    Endar i contring for Sogndal.
    63'
    Litt tekniske problem her, men vi kan rapportere om at kampen svingar fram og tilbake. Brann har ikkje gitt seg.
    65'
    Gult kort til Brann
    Fredrik Haugen
    Feller Mane på veg framover.
    65'
    Store overgangsmoglegheitar for Sogndal no.
    66'
    Brann har absolutt ikkje gitt seg. Dei har produsert 2-3 store sjansar etter utvisninga.
    68'
    Endar i5-meter sjølv om Sokolowski skjermar ballen ut.
    68'
    Bård Finne skal inn.
    69'
    Spillerbytte - Brann
    Inn: Bård Finne
    Ut: Fredrik Haugen
    69'
    Sogndal held fram med å presse lågt sjølv om dei er ein mann meir. Det er faktisk Brann som styrer kampen.
    71'
    Bolseth ligg nede.
    71'
    Feller Badji og lagar frispark er det fyrste Santos gjer. På kanten til kort og.
    73'
    Sogndal med lang ball opp til Karadas. Han stussar til Santos som ikkje får stokka beina.
    74'
    Sokolowski med ei spennande finte. Heilt åleine med ballen snublar han og rullar rundt. Har framleis ballen i beina.
    75'
    Karadas med krampe. har sprunge mykje mot gamleklubben.
    76'
    Klarert av Sagna til Badji son omtrent bommar på ballen. Utspel frå Dahlin.
    76'
    Sagna ligg nede etter at at fekk ein ball i hovudet.
    77'
    På beina igjen no og Dahlin kan setje spelet i gang.
    77'
    Sogndal med utrulig lite spel sjølv om dei er ein mann meir. Brann styrer banespelet.
    78'
    Gode moglegheitar for Brann. Rullar opp angrep etter angrep, men avslutningane er horrible.
    79'
    Sagna skyt 15 meter utanfor.
    80'
    Sogndal kontrar og Mane skyt to meter utanfor. Der kunne han også spelt ballen.
    82'
    Frispark til Brann på ca. 35 meter.
    82'
    Larsen skal slå.
    82'
    Sogndal klarerar som vanleg.
    83'
    Brann prøver og prøver, men det vert for upresist. Denne gong er det Sokolowski som slår ballen ut over sidelinja.
    84'
    Sogndal begynner å hale ut tida ved å halde ballen ved hjørneflagget. Det er fem minutt igjen og dei er ein mann meir. Litt feigt spør du meg.
    85'
    Azar Karadas klarar så vidt å bevege seg ut på her no. Krampe i begge bein.
    85'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 3 - 0 Brann
    Mål: Malick Mane
    Målgivende: Azar Karadas
    Eit fantastisk mål av Sogndal! Mane driv framover på ei kontring. Spelar ut til Karadas som har tatt plass på kant. Innlegget frå Karadas er i verdensklasse og Mane har berre å stange den inn.
    85'
    Berre 4063 betalande får med seg Sogndal sin beste kamp sålangt iår.
    87'
    Frispark i farlig posisjon for Brann.
    88'
    Sogndal klarerar igjen.
    88'
    Azar Karadas kåra til dagens sogning og forlet no Fosshaugane til ståande applaus.
    89'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Eirik Skaasheim
    Ut: Azar Karadas
    89'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Espen Næss Lund
    Ut: Sidy Sagna
    90'
    Mål for Brann!
    Sogndal 3 - 1 Brann
    Mål: Amin Askar
    Målgivende: Tomasz Sokolowski
    For eit mål av Askar! Frå 30 meter dunkar han ballen i krysset bak Dahlin. Eit flott trøstemål for Brann.
    90'
    Kort korner til Askar og Brann spelar seg heilyt over på andre sida og ut over sidelinja.
    90'+2
    Heilt fortent at Brann fekk eit mål. Sjølv om dei ikkje har hatt så mange sjansar har dei vore best spelemessig. Også med ti mann.
    90'+3
    Kampen er slutt
    90'+5
    Sogndal tek tre fortente poeng heime på Fosshaugane Campus. Malick Mane med to scoringar. Det var derimot Azar Karadas som var kampens store spelar. Vinn omtrent alle duellar, eit mål og ien målgjevande lovar god for fortsettelsen til den heimvendte son.
    For Brann held marerittet i Sogndal fram. Siste siger var i 2002 og på dei siste 25 åra har det berre vorte to sigrar. Ca. 300 bergensarar reiser slukøyra heim til Bergen.
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her