1-0
1-1
Njie87'
Supporterfordeling på VG
1 566
1 142

[14002] - Noe gikk galt

Denne videoen er kun tilgjengelig i Norge

Author avatar

Ble dekket av NTB

    Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og KFUM i 3. runde i cupen!
    KFUM er på ingen måte ein draumemotstandar for Sogndal. På 10 kampar i OBOS-ligaen, har Sogndal kun slått dei 3 gonger. Men desse laga har også spelt mot kvarandre i cupen tidlegare. I 2022 stod det 1-1 på Ekeberg etter 120 minutt, og Sogndal gjekk vidare etter straffesparkkonkurranse. Det siste oppgjeret mellom laga, var i runde 28 i OBOS-ligaen i fjor. Då vart resultatet på Fosshaugane heile 0-3 i ein kamp som KFUM dominerte. I år er KFUM Oslo eit Eliteserielag, og må nok leve med å vere favorittar i dagens kamp.
    For å kome seg til 3. runde, har Sogndal teke seg forbi Førde og Frøya. Kampen mot Frøya vart ikkje enkel, og ein måtte ut i straffesparkkonkurranse for å slå dei. KFUM har slått Årvoll og Frigg, og har ikkje sluppe inn eit einaste mål i cupen i år.
    Det blir truleg nysigneringa Idar Lysgård som startar i mål for KFUM i dag. Emil Ødegaard måtte ut med hovudskade mot Brann, og KFUM var raske med å finne erstattaren. Lysgård har møtt Sogndal mange gonger tidlegare, og kjenner godt til hans første motstandar for KFUM.
    Sogndal gjer to endringar frå kampen mot Bryne. Nundal kjem inn på topp for Flataker, og Twum er inne for Blixt Flaten. KFUM gjer heile sju endringar frå laget som starta mot Brann. Til vanleg speler duoen Hestnes og Rasch på midtbana til KFUM, men i dag får Sandal og Saldaña sjansen mot Sogndal. Lysgård startar som venta i mål. Harrison og Hadzic går inn med Njie som stopparar, og Ndiaye, Haltvik og Njie får sjansen på topp.
    Kampen har startet
    0'
    Kampen har starta på Fosshaugane, og Enter Sandman av Metallica blir framleis spelt på anlegget. Speaker får til slutt skrudd av lyden.
    1'
    Slår tilbake til forsvaret.
    1'
    Eriksson prøver å dra seg inn i boksen, men bortelaget vinn ballen før det skjer noko farleg.
    3'
    Nouri leitar etter Ndiaye i boksen, men spissen rotar ballen ut til utspark for keeper.
    6'
    Sjølstad headar vekk ballen.
    6'
    Bortelaget har hatt ballen mest i opninga av kampen.
    8'
    Sogndal får den første sjansen, og Lysgård får si første redning for KFUM etter ei avslutning frå Baidoo.
    8'
    Arrocha vinn duellen i boksen, og headar over målet til Lysgård.
    8'
    Lysgård tek ballen i henda heilt på grensa til boksen. Heile Fosshaugane meiner det er hands, men Steinar Hauge er ikkje einig.
    10'
    Sentrar tilbake til Njie.
    10'
    Harrison headar vekk eit bra innlegg frå Baidoo som var på veg mot Hintsa.
    12'
    Tek frisparket kjapt. Slår opp mot Baidoo.
    13'
    Eriksson slår inn i boksen, og Baidoo er ikkje heilt klar når ballen treff hovudet hans. Går ut til utspark.
    15'
    Går litt for tidleg når han får ei pasning.
    17'
    Det har blitt mange pasningar på stopparane til KFUM, men dei lenger framme i bana har ikkje fått låne ballen so mykje enno.
    20'
    Sentrar kort til Sjølstad.
    22'
    Twum lagar frispark etter ei tøff takling på Haltvik.
    24'
    Held ballen i laget. Sentrar fram og tilbake med Njie.
    24'
    KFUM prøver å spele seg inn i boksen ute til høgre, men speler vekk ballen til slutt.
    25'
    Slår ballen bak til Flo.
    27'
    Baidoo får ballen, og skyt mot mål to gonger. Begge forsøka blir blokkert. Den siste vart blokkert rett framfor streken, og mange hjå KFUM vart nok letta då den blokkeringa kom.
    28'
    Sjølv om bortelaget har hatt ballen mykje, er det nok Sogndal som er mest nøgd med det dei har skapt so langt.
    32'
    Twum vinn ballen frå Haltvik, og slår mot Hintsa. Svensken får ikkje eit bra nok mottak, og KFUM vinn ballen att.
    35'
    Nouri slår inn mot Ndiaye, men Jendal fangar ballen.
    36'
    Slår på tvers til Flo.
    37'
    Hadzic sparkar ballen ut til hjørnespark.
    40'
    Finn Flo på bakerste stolpe, men stopparen finn ingen medspelarar inni boksen.
    40'
    Hintsa prøver å ein chip frå utsida av boksen, men den går over målet.
    42'
    Slår langt.
    44'
    Slår tilbake til Njie.
    45'
    Pause
    45'+1
    Det står 0-0 til pause, og det har ikkje vore ein sjanserik omgang. Sogndal har vore nærmast scoring, og KFUM har hatt ballen mest. Dette kan framleis gå begge vegar.
    2. omgang
    45'
    Jendal slår langt.
    46'
    Det skal vere stor forskjell på benkane i dag. Sogndal sin benk består i stor grad av spelarar på andrelaget, medan KFUM sin benk består av fleire nøkkelspelarar. Dette kan fort bli avgjerande når me nærmar oss slutten.
    49'
    Frispark
    50'
    Haltvik har vist seg fram dei siste minutta, og han scora faktisk her på Fosshaugane i fjor etter ¨å ha kome innpå mot slutten av kampen.
    51'
    Harrison er heldig, og vinn eit frispark etter å ha rota vekk ballen.
    52'
    Hadzic blokkerer eit innlegg, og lagar nesten sjølvmål. Blir corner.
    52'
    Frispark
    53'
    Sjølstad rotar det voldsomt til i eigen boks. Er heldig når han vinn eit utspark.
    55'
    Moesgaard er ikkje nøgd med det siste forsøket til bortelaget. Sandal slår vekk ballen når han leiter etter Hickson.
    56'
    Hints kjem seg til ei avslutning, men dommaren viser at det er offside.
    59'
    Nunez og Hoseth skal inn for KFUM.
    61'
    Spillerbytte - KFUM Oslo
    Inn: Håkon Hoseth
    Ut: Amin Nouri
    62'
    Spillerbytte - KFUM Oslo
    Inn: Johannes Andres Nunez Godoy
    Ut: Mame Mor Ndiaye
    62'
    Spillerbytte - KFUM Oslo
    Inn: Robin Rasch
    Ut: Adam Saldaña
    62'
    Gult kort til Sogndal
    Martin Høyland
    Kjem for seint inn i ein duell med Sandal.
    63'
    Slår ut til venstre til Hadzic.
    63'
    Flataker og Stavø står klare til å kome inn for Sogndal.
    64'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Erik Flataker
    Ut: Joakim Nundal
    65'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Viljar Stavø
    Ut: Oliver Hintsa
    65'
    Stavø er ein spennande spelar. Har scora hattrick i to kampar for Sogndal 2 i år.
    65'
    Eriksson og Haltvik får seg ein smell begge to. Begge kjem seg raskt opp.
    68'
    Trillar ballen i forsvaret.
    68'
    Baidoo viser fram driblingar ein ikkje har sett på Fosshaugane sidan Tommy Øren var aktiv. Avleveringa er ikkje like god.
    70'
    Sogndal leikar med KFUM etter bytene! Hickson klarar akkurat å klarere eit bra innlegg frå Flataker.
    71'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 1 - 0 KFUM Oslo
    Mål: Viljar Stavø
    Målgivende: Edmund Baidoo
    Ungguten scorar i heimedebuten! Baidoo leikar seg ute til høgre, og slår inn i boksen. Der står Stavø på rett plass, og headar ballen i mål bak Lysgård. 1-0 til heimelaget.
    71'
    Spillerbytte - KFUM Oslo
    Inn: Akinshola Akinyemi
    Ut: Momodou Lion Njie
    72'
    Kva skal KFUM gjere no? Har skapt omtrent ingenting so langt.
    74'
    Baidoo kjem åleine med Lysgård etter ei strålande pasning av Stavø, men keeperen gjer ein god jobb.
    75'
    Flo headar vekk ballen.
    75'
    Hoven stoppar Hickson som prøver å dra seg inn i boksen.
    77'
    Spillerbytte - KFUM Oslo
    Inn: Simen Hestnes
    Ut: Sverre Sandal
    77'
    Held på ballen. Tek ingen sjansar.
    78'
    Det er 1706 selde billettar til dagens kamp.
    80'
    Nunez prøver å finne nokre medspelarar i boksen, men der finn han berre motspelarar.
    80'
    Baidoo ligg nede med smerter. KFUM nektar å spele ut ballen.
    81'
    Baidoo ligg nede i fleire minutt før ballen blir spelt ut av Hoven. Publikum er ikkje nøgde.
    82'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Kristoffer Steinset
    Ut: Edmund Baidoo
    Baidoo må gje seg. Får stor applaus av publikum.
    83'
    Det blir truleg ein del tilleggstid etter fleire byter og skaden til Baidoo.
    85'
    Feilkast på KFUM. Sogndal sin ball.
    86'
    Det er framleis tid for KFUM til å score både eitt og to mål, men då må dei vise meir enn dei har gjort so langt.
    86'
    Hjørnespark til KFUM Oslo
    87'
    Mål for KFUM Oslo!
    Sogndal 1 - 1 KFUM Oslo
    Mål: Moussa Njie
    KFUM utliknar på corner! Rasch slår inn, og Jendal boksar ballen inn i ein motspelar før den går i mål. God corner, og igjen er Sogndal svake på å forsvare seg på dødball.
    87'
    Sjanse for Hoseth! Han prøver seg på halv volley, og treff oppsida tverrliggaren. Den er skummel for Jendal.
    90'+1
    Jendal slår reddar ein ball ut til corner.
    90'+2
    Høyland headar ballen ut.
    90'+2
    Sjølstad forsøker seg får distanse. Rett på Lysgård.
    90'+4
    Pause
    90'+5
    Det står 1-1 etter 90 minutt, og det blir ekstraomgangar på Fosshaugane!
    1. ekstraomgang
    90'
    Twum blokkerer frisparket.
    91'
    Blir kaos i boksen, og ballen går ut til corner.
    92'
    Hoven er på ballen, men får ikkje den framover.
    93'
    Det er ei veldig nervøs stemning på Fosshaugane. Både på bana og tribuna.
    95'
    Sogndal kontrar, men Harrison gjer ein god jobbar når han stoppar Flataker.
    96'
    Eriksson set seg ned. Må ha hjelp.
    97'
    Gult kort til KFUM Oslo
    Kristoffer Lassen Harrison
    Stoppar Stavø med begge armane.
    98'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Sander Heggestad
    Ut: Martin Sjølstad
    99'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Johannes Konstali-Lødemel
    Ut: Felix Eriksson
    99'
    Spillerbytte - KFUM Oslo
    Inn: Petter Nosa Dahl
    Ut: Moussa Njie
    99'
    Blir corner til Sogndal etter ein duell.
    100'
    Brassespark frå Flo! Men den går over målet.
    100'
    Slår langt mot Hickson. Vingbacken klarar ikkje å slå inn i boksen.
    103'
    Lysgård slår eit farleg innlegg ut til corner.
    103'
    Ballen blir heada vekk. Lødemel klarar akkurat å stoppe ei kontring.
    104'
    Tek frisparket kjapt.
    104'
    Slår ballen ut til høgre.
    105'+1
    Pause
    105'+2
    2. ekstraomgang
    105'
    Det er mange slitne spelarar på bana no. Kun 15 minutt på å avgjera det før straffesparkkonkurranse.
    105'
    Haltvik forsøker eit innlegg, men ingen har gått på løp inn i boksen.
    106'
    Flo gjer ein god jobb, og stoppar Haltvik som er nesten gjennom åleine med Jendal.
    107'
    Blir ny corner.
    107'
    Sogndal kjempar hardt i eigen boks, og klarar å få vekk ballen til slutt.
    108'
    Nosa prøver seg frå distanse, men skyt ballen ut av stadion.
    109'
    Twum headar ballen vekk.
    110'
    Hoseth dreg seg fram, og avsluttar i nettveggen. Mange såg den ballen inne i målet.
    111'
    Flataker prøver seg frå høgre. Går langt over målet. Ein av få gonger Sogndal har fått låne ballen i ekstraomgangane.
    112'
    Tek frisparket kjapt. Går litt for fort, og Sogndal vinn eit frispark.
    113'
    Jendal slår langt kvar gang no.
    113'
    Sogndal vinn ballen, men rotar den vekk like etter.
    115'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Marius Årøy
    Ut: Isaac Twum
    116'
    Nosa prøver seg på ei heading, men den blir for høg.
    116'
    Det nærmar seg straffesparkkonkurranse på Fosshaugane.
    118'
    Frispark
    119'
    Kjemperedning frå Jendal, og det blir corner.
    120'
    Blir utspark for keeper.
    120'
    Pause
    120'+2
    Det blir straffesparkkonkurranse etter null scoringar i ekstraomgangane! I førre runde gjekk Sogndal vidare på denne måten. Skal dei klare det igjen, eller blir Lysgård helten i debuten?
    Straffesparkkonkurranse
    Sogndal scorer på straffe!
    Sogndal 1 - 0 KFUM Oslo
    Mål: Daniel Arrocha
    Arrocha er trygg, og sender keeper feil veg.
    KFUM Oslo scorer på straffe!
    Sogndal 1 - 1 KFUM Oslo
    Mål: Robin Rasch
    Sender ballen i same hjørnet som Arrocha. Jendal er nære, men klarar det ikkje.
    Sogndal scorer på straffe!
    Sogndal 2 - 1 KFUM Oslo
    Mål: Per Egil Flo
    Kopi av dei to andre straffane. Trygt av kapteinen.
    KFUM Oslo scorer på straffe!
    Sogndal 2 - 2 KFUM Oslo
    Mål: Simen Hestnes
    Jendal går rett veg, men rekk ikkje fram til ballen. Bra straffe av Hestnes.
    Lysgård reddar! Det er eit svakt forsøk i keeperhøgd. Lysgård treng berre å gå rett veg for å ta den.
    KFUM Oslo scorer på straffe!
    Sogndal 2 - 3 KFUM Oslo
    Mål: Petter Nosa Dahl
    God straffe av Nosa høgt i målet.
    Sogndal scorer på straffe!
    Sogndal 3 - 3 KFUM Oslo
    Mål: Viljar Stavø
    Lysgård går rett veg, men straffen er hard av ungguten.
    KFUM Oslo scorer på straffe!
    Sogndal 3 - 4 KFUM Oslo
    Mål: Adnan Hadzic
    Strålande straffe! Rett i nettaket. Jendal har ingen sjanse til å ta den.
    Sogndal scorer på straffe!
    Sogndal 4 - 4 KFUM Oslo
    Mål: Andreas Hoven
    Hoven treff når han må. Sender keeper feil veg.
    KFUM Oslo scorer på straffe!
    Sogndal 4 - 5 KFUM Oslo
    Mål: Johannes Andres Nunez Godoy
    Nunez er trygg, og sender ballen midt i målet. KFUM går vidare!
    Kampen er slutt
VG Live er en del av Schibsted. Schibsted er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her