Slutt

2-1

0-1
Linnes (sm)73'
1-1
Flo76'
2-1
Author avatar

Ble dekket av NTB

    Velkommen til Firda, ANB, Nettavisen og Dagbladet si LIVE-dekning av 6. runde i Tippeligaen og oppgjeret Sogndal - Molde frå Fosshaugane Campus.
    Det er flotte speleforhold i Sogndal denne laurdagen. 6-7 varmegrader og lettskya blå himmel. Alt ligg til rette for perfekte rammer rundt det som vert hovudkampen i runde 6. Også grasmatta ser betre ut enn tidlegare i år. Enn så lenge.
    Det er venta i overkant av 5000 tilskodarar til oppgjeret, og det i verdas einaste Tippeligabygd med knappe 7400 innbyggjarar.
    Sogndal var naturleg nok tippa nord og ned av ekspertane før seriestart, men har endå ikkje tapt ein kamp denne sesongen. Forrige runde vart det 2-0 borte mot Vålerenga, noko som førte laget heilt opp på fjerdeplass. Legg merke til at det berre er blitt eitt baklengsmål på dei fem første kampane, noko som vitnar om at Sogndal som i fjor er botnsolide defensivt samstundes som den nye trenaren Jonas Olsson har tilført laget offensive kvalitetar.
    Molde låg under 1-2 heime mot Lillestrøm sist, men klarte å snu til 3-2 og ta tre svært viktige poeng. Ole Gunnar Solskjær sine menn ligg på sjetteplass med ni poeng. Spelemessig har det ikkje glitra av Molde førebels, og borte har laget verken scora eller tatt poeng i løpet av laget sine to første kampar på framand gras.
    Sogndal har samme skadesituasjon som sist. Det inneberer at Jasmin Mecinovic, Joakim Rudolfsen, Thomas Ness, Espen Næss Lund, Eivind Daniel Røed og Per Egil Flo er uaktuelle.
    Hos Molde er Joshua Gatt usikker, og tidlegare Sogndal og Viking-kaptein Børre Stenslid er framleis ikkje kampklar etter langtidsskaden han pådrog seg i første halvdel av 2011.
    Tilsvarande kamp i fjor enda med 1-0 siger til Sogndal, men det var i siste serierunde og då var som kjend Molde allereie seriemeister, så det resultatet er det ingen grunn til å leggje særleg vekt på i dag.
    Vi ser av lagoppstillingane som nettopp er publisert at SIL-trenar Jonas Olsson satsar på nøyaktig dei samme 11 som starta då Vålerenga vart slege 2-0 førre helg. Ole Gunnar Solskjær gjer tre endringar på sitt Molde-lag: Simonsen startar på venstrebacken i staden for Rindarøy, Chima Chukwu på venstrekanten i staden for unge Zlatko Tripic og på topp får Mattias Moström tillit til fordel for Jo Inge Berget.
    Begge lag går ut i ein klassisk 4-4-2 formasjon frå start. Som følgje av Strømsgodset sin siger over LSK tidlegare i dag er ei veke på 2. plass maksbelønninga for laget som tar 3 poeng på Fosshaugane i dag. Som følgje av målskilnaden er dette dog mest realistisk berre for Sogndal. Saftkokarane har scora 7 og sleppt inn 1 til no i 2012. Molde har 7-7 som sin statistikk.
    Klokka passerer 19.30 og begge lag er i god gang med oppvarming. På tribunene er det i ferd med å fyllast opp, og førebels er det ein gjeng på 20-30 tilreisande frå Romsdalen som lagar mest liv.
    Laga går i garderoben for siste gong. Ti minutt att til avspark på Fosshaugane.
    Dagens hovuddommar er Trond Ivar Døvle frå Svarstad. Assistentar Reidar M. Gundersen og Kai Lafjell. 4. dommar er rutinerte Tommy Skjerven.
    Kampen har startet
    Kapteinane Daniel Berg Hestad og Henrik Furebotn har møttest til myntkast. Sogndal tar avspark.
    1'
    Sogndal får kampens første frispark etter ein MFK-hands. Patronen sler frå eigen banehalvdel og skaper kampens første sjanse. Bugge Pettersen er på bærtur og Ulrik Flo får nesten sett ballen over mållinja.
    3'
    Emmanuel Ekpo forsøker å skyte frå 13-14 meters distanse. Ballen går imidlertid langt over målet til Kenneth Udjus.
    4'
    Frisk opning på kampen. Molde og Berg Hestad som forsøker å jobbe seg framover no, men Sogndal får klarert til innkast.
    5'
    Valsvik med eit pasningsforsøk frå eigen banehalvdel. Mane rekk ikkje den før Bugge Pettersen er ute og snappar enkelt.
    6'
    Tonny Brochmann på løp langs SIL sin høgrekant og vinn ein corner i møte med tidlegare Sogndal-stoppar Even Hovland.
    7'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ørjan Hopen
    Molde klarerer til ny corner.
    7'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ørjan Hopen
    Også denne endar i nytt hjørnespark. No frå motsett side.
    8'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Tonny Brochmann
    Molde avklarer og Bugge Pettersen får spele ut.
    8'
    Malick Mane kjem i innleggposisjon på Sogndal sin høgrekant og Ørjan Hopen skal igjen få teste cornerfoten.
    10'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ørjan Hopen
    God corner som når fram til Malick Mane på bakerste stolpe. Header rett på Bugge Pettersen og Molde kan overta.
    10'
    Molde er noko betre med i kampen dei siste par minutta, likevel ingen initiativ av dei heilt store frå nokre av laga akkurat no.
    14'
    Malick Mane forsøker å utfordre Even Hovland på Molde sin 16-meter. Hovland vinn duellen og Molde kan setje i gang.
    15'
    Davy Claude Angan vinn eit hjørnespark for gjestane.
    16'
    Molde får tildelt et hjørnespark
    Magnus Wolff Eikrem
    Svak corner frå Eikrem som Stéphane Badji avklarer ved å fysisk skyte ballen over stadiontaket og ned mot Sogndalselva.
    18'
    Molde-fansen syng Even Hovland sitt namn, og med rette. Midtstopparen har vore solid mot gamleklubben dei første 18-19 minutta.
    19'
    Mål for Molde!
    Sogndal 0 - 1 Molde
    Mål: Mattias Moström
    Målgivende: Magne Simonsen
    Herleg spel frå bortelaget. Davy Claude Angan spelar ball i hatt med unge Erik Bergum Skaasheim på høgreflanken. Han sler vakkert over til svenske Mattias Moström som lurer på bakerste stolpe og breisider ballen i nettet bak Udjus.
    20'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Taijo Teniste
    Ørjan Hopen vinn Sogndal ein corner i duell med Even Hovland. God jobb frå arbeidsjernet Henrik Furebotn i forkant.
    23'
    Langt innkast frå Taijo Teniste på høgresida høgt oppe på Molde sin banehalvdel. Ørjan Hopen avsluttar angrepet for Sogndal ved å skyte høgt over mål.
    27'
    I det vi nærmar oss ein halvtime spel held Sogndal det offensive trykket oppe trass Molde sitt tidlege leiarmål. Udjus spelar ut i dette øyeblikk.
    28'
    Mattias Moström jobbar langs venstrekanten til Molde. Vinn innkast i møte med SIL-back Taijo Teniste.
    29'
    Godt innlegg frå Davy Claude Angan som Daniel Chukwu Chima forsøker å ekspedere i mål. Lukkast ikkje heilt med headinga han forsøker på frå 5-6 meters hald.
    30'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Tonny Brochmann
    Davy Claude Angan skaffer vertane eit nytt hjørnespark. Endar med utspel frå MFK-målvakt Bugge Pettersn.
    32'
    Daniel Berg Hestad jobbar godt for Molde. Lekker pasning til Daniel Chukwu Chima inne i boksen no. Mottaket er så som så og Sogndal får klarert.
    34'
    Molde får tildelt et hjørnespark
    Magnus Wolff Eikrem
    Bortelaget får sitt andre hjørnespark i kampen. Denne gang treff Eikrem betrakteleg betre enn sist, men Kenneth Udjus har full kontroll og held ballen. Sogndal overtar.
    34'
    Henrik Furebotn prøver å slå gjennom Ulrik Flo langt oppe på Molde sin banehalvdel. Even Hovland er best igjen, og avklarer for bortelaget.
    36'
    Tendensar til stillingskrig dei siste minutta, men stemninga er god på eit nær fullsett Fosshaugane Campus.
    39'
    Molde er gode til å komme seg rundt langs begge kantane. Kanskje saknar dei ein spiss med betre kvaliteter i lufta enn det Davy Claude Angan kan tilby.
    42'
    Frispark ved Ørjan Hopen 40 meter frå mål. Publikum er sjølvsagt i ekstase alt før han har tatt fart. Det heile endar med eit slags skotforsøk frå Davy Claude Angan som Espen Bugge Pettersen reddar enkelt.
    44'
    Daniel Chukwu Chima ropar på hands inne i Sogndal-feltet. Dommar Døvle meiner imidlertid at Taijo Teniste har handa i ein naturleg posisjon og spelet får gå sin gang.
    45'
    Det kan forøvrig opplysast om at SIL-keeper Kenneth Udjus spelar utan den mykje omtalte ansiktsmaska etter nasebrotet han pådrog seg på Ullevaal førre helg.
    45'+1
    Pause
    45'+1
    Laga går i garderoben på stillinga 0-1 etter ein omgang der ingen av laga har imponert all verda. Molde har fått uttelling på sin eine store sjanse, medan Sogndal pressar voldsomt på framover utan at nokon til no har klart å omsetje sjansane i mål.
    Flomlysa er slått på i saftbygda, og grasmatta begynner så smått å sjå sliten ut etter dei første 45 minutta. Venteleg vert det betre fotball på Fosshaugane til hausten når underlaget er skifta ut med flunkande nytt kunstgras av typen X-files.
    2. omgang
    45'
    Daniel Berg Hestad og Daniel Chukwu Chima tar avspark for Molde, og kampen er i gang igjen.
    46'
    Ingen av laga har valt å gjere endringar i mannskapa i løpet av pausen. Sogndal har uansett sendt Ruben Holsæter og Eirik Bakke i oppvarming.
    47'
    Molde får tildelt et hjørnespark
    Magnus Wolff Eikrem
    Hjørnespark nummer tre til bortelaget. Heimepublikummet skjønar lite av den avgjersla.
    47'
    Sogndal vinn kontroll etter corneren og Erik Bergum Skaasheim set i gang Malick Mane.
    48'
    Gult kort til Molde
    Daniel Chima Chukwu
    Molde-angriparen vert kveldens førstemann i dommaren si notatblokk. Var i overkant tøff i duell mot Hannu Patronen på midten.
    49'
    Tonny Brochmann er god og Magne Simonsen ditto svak når førstnemnde lurer seg innover på Molde sin halvdel. Heimelaget rotar vekk eit godt initiativ og Molde får innkast.
    52'
    Valsvik er uoppmerksom eit halvt sekund i eige forsvar og er i ferd med å rote det skikkelig til. Heldigvis vaknar han og får hindra at Daniel Chukwu Chima får fri passasje mot SIL-målet.
    55'
    Spillerbytte - Molde
    Inn: Zlatko Tripic
    Ut: Daniel Chima Chukwu
    Solskjær skiftar ut mannen med det gule kortet til fordel for eit ungt stortalent frå Rogaland.
    55'
    Simonsen bryt ein potensiell Sogndal-overgang på midten.
    58'
    Erik Bergum Skaasheim har heva seg veldig i sin høgrebackposisjon utover i 2. omgang.
    59'
    Ulrik Flo med noko som kan minne om ein sjanse for Sogndal. Får ballen på kanten av 16-meteren, og skyt hardt til høgre for mål. Nesten for heimelaget.
    60'
    Det er langt mellom dei heilt store sjansane på Fosshaugane Campus no.
    63'
    Malick Mane spelar ballen forbi Vegard Forren og går i bakken medan han sjølv er i ferd med å passere. Døvle har blåst mange frispark dei siste minutta, men denne gangen let han vere. Heimepublikum er ikkje heilt samde i den avgjersla.
    65'
    Molde får tildelt et hjørnespark
    Magnus Wolff Eikrem
    Sogndal tar kontroll over ballen og skyt fart framover.
    65'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Tore André Flo
    Ut: Ørjan Hopen
    Ein legende entrar bana i Sogndal.
    66'
    Molde får eit frispark som garantert vil bli diskutert midt inne i eigen 16-meter. Tonny Brochmann er rasande, og publikum støttar hans vurdering. Frå pressetribuna ser det ut til at dommaren gjer rett. Hands på Brochmann.
    68'
    Emmanuel Ekpo går ned for telling etter eit Molde-angrep. Får tilsyn av medisinsk personell utanfor målet til Udjus. Han er truleg ferdig for i dag.
    69'
    Spillerbytte - Molde
    Inn: Jo Inge Berget
    Ut: Emmanuel Ekpo
    Tidlegare Lyn, Godset og Udinese-spelar Jo Inge Berget erstattar skadde Ekpo.
    70'
    Molde scorer selvmål!
    Sogndal 1 - 1 Molde
    Mål: Martin Linnes
    Heimelaget maktar omsider å slå tilbake mot den regjerande seriemeisteren. Malick Mane er imponerande god langs høgrekanten og jobbar seg forbi 3-4 mann før han sler inn foran mål. Der er Tonny Brochmann (SIL) og Martin Linnes (MFK) begge borti ballen før den går i nettet. Sistnemnde vert kreditert scoringa.
    73'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 2 - 1 Molde
    Mål: Ulrik Flo
    Målgivende: Eirik Skaasheim
    Det er heilt utruleg. Sogndal har snudd kampen i løpet av to minutt. Sogndal sin nummer 8 ragar høgast i lufta etter innlegg frå unge Skaasheim.
    76'
    Spillerbytte - Molde
    Inn: Magne Hoset
    Ut: Mattias Moström
    79'
    Malick Mane på nytt godt løp langs høgrekanten sin. Denne gang godt til side for mål.
    80'
    Ulrik Flo har all verdas tid og fleire pasningsalternativ men brenner til med eit laust skot frå 25 meter. Over. Langt over.
    82'
    Molde får tildelt et hjørnespark
    Martin Linnes
    Sogndal får klarert.
    83'
    Det svingar på Fosshaugane Campus. Begge lag køyrer tempo.
    84'
    Molde får tildelt et hjørnespark
    Martin Linnes
    Nytt cornerforsøk frå ungguten. Endar i eit Molde-innkast på motsett halvdel. Molde pressar no.
    85'
    4743 tilskodarar er tilstades på Fosshaugane Campus. Noko som ifølgje speaker svarar til 65 % av innbyggjartalet i Sogndal. «Oppmøteprosent» kallar dei det i saftbygda.
    87'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Tonny Brochmann
    Sjeldan har det vore betre stemning på tribunene i kveld enn når Brochmann joggar ut for å ta hjørnesparket, som endar i ingenting. Molde overtar.
    88'
    Gult kort til Sogndal
    Henrik Furebotn
    89'
    Utspel frå Kenneth Udjus i dette øyeblikk. Publikum er elleville.
    90'
    Det vert lagt til 4 minutt ekstra speletid.
    90'+1
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Eirik Bakke
    Ut: Tonny Brochmann
    90'+2
    Frispark til eldste blad Flo i det han går over ende i duell med Linnes omtrent på midten.
    90'+3
    Valsvik ligg nede midt inne på eigen banehalvdel.
    90'+5
    Kampen er slutt
    90'+6
    Der er det gjort. Sogndal vinn 2-1 heime mot Molde etter ei mirakuløs opphenting i løpet av tre minutt mot slutten av 2. omgang. Spelemessig er det slett ikkje ufortent.
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her