Slutt

1-4

0-1
1-1
1-2
1-3
Author avatar

Ble dekket av NTB

    Velkommen til Fosshaugane Campus og Sogndal - Odd!
    Sist desse laga møttest var i Adeccoligaen i 2008. Då vant Sogndal 3-2. Sist laga møttest i Tippeligaen var i 2004. Også den gongen var heimelaget best, og vann 4-2.
    Sidan sist serierunde har begge lag henta inn nye spelarar. Sogndal har fått signaturen til Tore Andre Flo, medan Odd har henta Paul Addo på lån ut sesongen frå Løv Ham. Av desse er det nok berre Addo som vi ser på bana i dag, mest truleg frå start på venstrebacken.
    Gjestene har Fredrik Semb på skadelista, medan Mattias Andersson er høgst usikker grunna magesmerter.
    Flotte speletilhøve i dag, og grasmatta er grøn og fin - til å vere i april månad.
    I førre runde vart det tap på begge desse laga. Sogndal tapte 2-1 mot Strømsgodset i Drammen, medan Odd tapte 2-0 mot Start på heimebane.
    Det nærmar seg kampstart her på Fosshaugane, og publikum strøymer til Sogndal sin første heimekamp i Tippeligaen sidan 2004.
    2352 dagar sidan sist Sogndal spelte Tippeliga på Fosshaugane, og publikum klappar spelarane inn på bana!
    Kampen har startet
    Odd tek avspark.
    1'
    Gjestene prøver seg med lang ball mot Johnsen, men Hovland skjermar ballen fint inn til Bendik.
    1'
    Flo legg inn og Bakke avsluttar med pannebrasken. Blir blokkert.
    2'
    Hovland seint ute i duell mot Storbæk. Frispark til Odd i god posisjon.
    2'
    Mål for Odd!
    Sogndal 0 - 1 Odd
    Mål: Torgeir Børven
    Børven slår frisparket i ein nydeleg bue over muren, og i det høgre hjørnet til Bendik. 0-1!
    3'
    Pangstart for gjestene som scora på sin første store sjanse.
    5'
    Flo driv oppover langs venstrekanten, men får ikkje kontroll. Odd overtek.
    6'
    Heimelaget slit, og kjem ikkje skikkeleg inn i kampen.
    7'
    Storbæk og Flo i duell, og Sogndal sin venstreback blir liggjande att på bakken.
    8'
    Flo tilbake på beina. Får applaus.
    8'
    Bakke med upresis pasning mot Halvorsen, og heimepublikum er missnøgde.
    9'
    Elvis med lang ball mot Flo, men keeper Hansen er best i luftrommet og snappar lett opp.
    10'
    Stor sjanse til Sogndal! Keeper er på bærtur, og Bakke skyt frå 20 meter. Hansèn reddar på streken!
    11'
    Ballen går tilbake til Halvorsen, men Odd får kontroll.
    11'
    Sogndal betre med no, og Halvorsen får corner.
    14'
    Odd avklarar. Innkast til heimelaget.
    14'
    Innlegg frå venstrekanten, og Johnsen avsluttar med hovudet. Bendik er nede i høgre hjørne og reddar.
    16'
    Frispark til Odd og Addo går over på motsatt side for å slå innover i feltet.
    17'
    Addo slår frisparket inn i feltet, men heimelaget ryddar unna.
    18'
    Fint Odd-angrep. Børven med hælspark og Addo skyt på direkten. Over!
    18'
    Sogndal sin lovande venstrekant, Ørjan Hopen er i oppvarming.
    19'
    Storbæk legg Flo i bakken. Frispark som Halvorsen skal slå inn i feltet.
    22'
    Han slår frispark langt, og bak mål.
    22'
    Fin Odd-sjanse. Frode Johnsen skyt frå 20 meter. Like utanfor!
    23'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Ørjan Hopen
    Ut: Per Egil Flo
    24'
    Flo slit med småskade, og Hopen går rett inn på venstrebacken.
    24'
    Frisparket går inn i feltet, men Bendik kan gjere seg klar til utspark.
    24'
    Lang ball mot Cato Hansen, som får innkast ved hjørneflagget.
    26'
    Regn på Fosshaugane no.
    27'
    Frispark til Odd i midtsirkelen.
    28'
    Bakke og Halvorsen er uenige på midten. Frustrasjon i Sogndal-laget no.
    30'
    Hopen på raid langs venstrekanten, men får ikkje skikkeleg kontroll over ballen. Utspark frå mål.
    30'
    Sogndal prøver seg, men blir for upresise i det siste trekket før mål.
    32'
    Brenne får frispark i duell mot Furebotn, noko Sogndal-spelaren er tydeleg missnøgd med.
    33'
    Halvorsen viser seg fram på midten, men pasningen mot Hansen blir litt for hard. Berre nesten for heimelaget.
    35'
    Våt grasmatte på Fosshaugane no, og ballen får ekstra fart grunna underlaget.
    37'
    Furebotn slår inn frå venstrekanten, men keeper Hansen les spelet godt. Keepermat.
    38'
    Kaptein Eirik Bakke har sidan overgangen frå Brann vore klar på at Sogndal må trøkke til på heimebane og gi alt i krigen om laget skal overleve i Tippeligaen. Det har verken han eller lagkameratane greidd til no i kampen.
    39'
    Halvorsen slår inn, men ballen blir blokkert. Bakke vil ha hands, men dommar Edvardsen vinkar spelet vidare.
    41'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 1 - 1 Odd
    Mål: Eirik Bakke
    Målgivende: Isak Scheel
    Nydeleg scoring av Eirik Bakke! Scheel vinn hovudduell på høgrekanten og Bakke får ballen. Kapteinen bankar i målet bak Odd-keeper Hansen! 1-1!
    42'
    3042 tilskodarar ser kampen.
    45'+1
    Det er lagt til to minutt av første omgang. Vi beklagar at tidsuret på kampen har vore noko forsinka.
    45'+2
    Pause
    45'+3
    Laga går til pause med 1-1. Odd opna kampen best, og Sogndal sleit med å komme inn i kampen. To flott mål har i alle fall varma dei nøytrale tilskodarane på tribunen.
    2. omgang
    45'
    Sogndal tek avspark.
    46'
    Kjempesjanse for Sogndal! Cato Hansen legg inn, og Ulrik Flo bommar på ope mål!
    47'
    Sogndal opnar friskt i andre omgang.
    47'
    Samuelsen i fint driv, men får ikkje skikkeleg fart på skotet. Corner!
    49'
    Bak mål.
    49'
    Lang ball mot Johnsen, men Bendik vinn duellen og held ballen trygt.
    51'
    17-år gamle Valsvik tek 20 år eldre Johnsen i luftrommet, og ryddar flott unna.
    52'
    Addo får seg ein skikkeleg trøkk av Elvis i leggen, og småhaltar litt.
    53'
    Halvorsen vinn duell mot Addo, men Edvardsen bles i fløyta. Odd-frispark.
    55'
    Lite ut av frisparket.
    55'
    Heilt open kamp på Fosshaugane og begge lag jaktar tre poeng!
    55'
    Valsvik med lang ball mot Flo, men Hansen i Odd-buret har kontrol. Utspark frå mål.
    59'
    Mål for Odd!
    Sogndal 1 - 2 Odd
    Mål: Jone Samuelsen
    Målgivende: Torgeir Børven
    Fantastisk scoring av Samuelsen! Tek med seg ballen innover i bana, og skyt frå 22 meter. Ballen går i ein fin bue forbi Bendik i Sogndal-målet!
    59'
    Skal Sogndal kome tilbake for andre gong i kampen?
    62'
    Børven med kjempesjanse! Dreg seg forbi Scheel og skyt, via tverrliggjaren og ut!
    64'
    Eirik Bakke skyt frå 20 meter. Rett på keeper!
    66'
    Ser ut som Odd har god kontroll på kampen no. Heimelaget slit med å produsere dei heilt store sjansane.
    68'
    Halvorsen med dygg i rygg på gode gamle Johnsen. Frispark til Odd, midt på Sogndal sine banehalvdel.
    69'
    Frisparket går inn i feltet, men Bendik boksar ut.
    69'
    Dommar Edvarsen svært upopulær på Fosshaugane no. Odd får eit nytt frispark på midten.
    72'
    Mål for Odd!
    Sogndal 1 - 3 Odd
    Mål: Frode Johnsen
    Målgivende: Torjus Ekeli Hansén
    Keepertabbe av Joe Bendik. Frisparket blir slått inn i feltet, og Johnsen er best i luftrommet. Han stussar ballen vidare i ope mål!
    72'
    Gult kort til Odd
    Torgeir Børven
    74'
    No ser det ut som alle poenga går til Odd og Skien!
    74'
    Børven testar skotfoten frå 25 meter. Over!
    76'
    Brenne brenn til frå 30 meter. Utanfor!
    78'
    Heimelaget har lagt om til 4-4-2 dei siste 15 minutta, etter at Kader entra bana.
    79'
    Gult kort til Sogndal
    Stygg alboge.
    79'
    Bendik har vore utrygg i Sogndal-målet i dag. Denne gongen har han problem på utboksing, men får etterkvart rydda opp i eigen feil.
    81'
    Halvorsen prøver seg med venstrefoten. Langt over!
    81'
    Addo ligg nede og held seg til hovudet. Edvardsen stoppar spelet.
    82'
    Addo blir løfta ut av bana, av Odd sitt eige støtteapparat. Publikum applauderer!
    83'
    Frispark til Sogndal i god posisjon. Halvorsen skal slå inn.
    83'
    Halvorsen slår inn, men Hovland sin stuss blir litt for lang.
    84'
    Spillerbytte - Odd
    Inn: Erik Midtgarden
    Ut: Håvard Storbæk
    84'
    Mål for Odd!
    Sogndal 1 - 4 Odd
    Mål: Erik Midtgarden
    Målgivende: Frode Johnsen
    Midtgarden kjem rett inn på bana og punkterer kampen! Addo slår eit frispark inn i feltet, og Johnsen nikkar til Midtgarden som enkelt set inn 4-1!
    85'
    Imponerande av Odd som scorar fire mål på bortebane, rett nok mot eit svært tafatt Sogndal-lag.
    87'
    Spillerbytte - Odd
    Inn: Magnus Myklebust
    Ut: Torgeir Børven
    88'
    Publikum reiser frå Fosshaugane.
    88'
    Frispark til Odd inne i feltet.
    88'
    Det er lagt til tre minutt.
    90'+2
    Odd i angrep no. Får innkast.
    90'+2
    Odd-fansen har vore ivrige, og vunne kampen på tribunen. Dei 30 tilreisande har laga liv gjennom heile oppgjeret. Det blir ei fin reise tilbake over fjellet!
    90'+3
    Kampen er slutt
    90'+4
    Odd vinn fullt fortent 4-1 her på Fosshaugane, i Sogndal sin første heimekamp i Tippeligaen sidan 2004. Heimelaget mangla innsats, trøkk, entusiasme med meir. Gjestene takkar fansen for oppmøtet og ruslar nøgde av bana med tre viktige poeng.
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her