Slutt

2-1

6'
1-0
2-0
2-1
Author avatar

Ble dekket av NTB

    Då vil vi få ynskje velkomne til liveoppdateringa i vestlandsderbyet mellom Sogndal og Brann.
    Vanlegvis ein folkefest i Sogndal dette med masse tilreisande bergensarar, men NFF har klart å lagt kampen til ein tirsdag og difor ventar ein svært få frå Bergen i dag. Normalt brukar det å være rundt 5000 på desse kampane, men i dag skal ein vel være glad om ein får sjå 3000-talet. Det er venta få folk frå resten av Sogn og Fjordane fylke sidan dette er ein vanleg arbeidsdag og svært få har annledninga til å ta turen.
    Så til litt om laga. Brann er igjen utan keeper Piotr Leciejewski. Han er i Polen grunna private årsaker. Det interesante med Piotr er at han sidan overgangen frå Sogndal endå har tilgode å spele ein kamp for Brann på Fosshaugane Campus.
    Det er venta at unggutten Ådne Nissestad startar mellom stengene for Brann, slik han gjorde 16.mai. I tillegg er Vadim Demidov, Fredrik Haugen og Markus Jonsson ute med skader. Tidlegare sogndalspelar Stephane Badji på landslagsoppdrag for Senegal.
    For Sogndal er Gustav Valsvik utelatt frå troppen grunna av at han vart stoppa og blas raudt i ein promillekontroll 18.mai. Han er difor straffa av klubben og utelatt til dagens kamp. Ellers er berre Eirik Skaasheim ute for sogningane.
    Innbyrdes er desse laga klart best på eige gras/kunstgras. Sogndal har vunne 10 av dei 14 siste mot Brann i saftbygda. Sist siger til bergensarane kom i 2002.
    Laga har møttes to gonger i innleiinga til årets sesong og både på La Manga og på Fosshaugane Campus vann Sogndal 1-0.
    Vi er tilbake ein time før kampstart, det vil sei kl 1800, med lagoppstillingane. Vel møtt!
    Fleire overaskelsar på begge lag. Dyngeland er fortrukken framfor Dahlin. Uvisst kvifor. For Brann er det Øvretveidt som står i mål og ikkje Nissestad. i tillegg er Huseklepp tilbake i startelvaren for Brann.
    Vestlandet er godt representert i dei to troppane i dag. 15 hordalendingar, 5 frå Sogn og Fjordane og ein rogalending. Det vil sei at 21 av 36 kjem frå Vestlandet. Bemerkelsesverdig at Sogndal stiller med 5 bergensarar. Haugen, Dyngeland, Strand, Stephensen og Nilsen er alle fødd og oppvokst i Bergen.
    Då er vi straks klar for kamp frå Fosshaugane Campus. Godt med folk, men ikkje i nærheiten av kva det har vore ved tidlegare vestlandsderby.
    Ellers er det god stemning blant dei to laga sine supportera. Stort flagg og bengalske lys blant saftkokarane, mens ca. 100 bergensara held bra liv.
    Dyngeland får sine eigen i ryggen denne omgangen og det same får Øvretveidt. Sola kjem ikkje til å gå ned før kampen er ferdig så begge keeprane skal slite med sola i ansiktet i kvar sin omgang.
    Brann startar med ballen.
    Kampen har startet
    Brann med lang ball opp og den vinn Patronen lett.
    1'
    Karadas spelar faktisk spiss og det ser ut som Sogndal er i ein slag 4-4-2.
    1'
    Same Karadas stussar til Otoo som vert tatt når han spring gjennom. Ingenting seier Kjensli.
    2'
    Sogndal kanskje med eit lite initativ så langt. Men heilt åpent og høgt tempo.
    3'
    Otoo som prøver seg frå 15 meter, men det vert ganske enkelt for Øvretveit.
    4'
    Enorm sjanse for Sogndal!
    4'
    Ny stor sjanse og Brann reddar på strek.
    4'
    Mojsov klarerar.
    5'
    Kast for Sogndal på høgd med Brann sin 16-meter.
    5'
    Nytt kast. Sogndal med eit enormt trøkk siste 3 minutta.
    6'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 1 - 0 Brann
    Målgivende: Ulrik Flo
    Innkast frå Teniste. Etter mange duellar i feltet prøver Otoo eit brassespark og det går ned i Øvretveit sitt venstre hjørne. God start for Sogndal.
    6'
    Brann er verkeleg tatt p åsenga desse første minutta. Det verkar som Sogndal sin 4-4-2 har komme veldig oversakande på Brann.
    8'
    Frispark til Sogndal på 16-meterstreken ute på kanten.
    8'
    Går over mål.
    9'
    No får vi litt tid til å puste ut her!
    9'
    Men ikkje lenge. No var Brann farlig frampå. Huseklepp vert spelt gjennom og Dyngeland kjem ut. Han når ballen like framfor Huseklepp og får klarert.
    9'
    Nytt kast til Sogndal og Teniste skal kaste langt.
    10'
    Endar i corner.
    11'
    Stor sjanse igjen. Ballen ut til Utvik på 7 meter som stangar ballen mot mål, men ein brannspelar reddar på streken.
    11'
    Brann på ei kontring, men Patronen får gitt ballen ut til kast. Der kunne det blitt ein god sjanse for Brann om Skaanes hadde komme seg forbi.
    12'
    Karadas headar på mål og Øvretveit reddar meisterleg. På returen er Otoo på åpen kasse, men Øvretveit reddar igjen.
    14'
    Enorm sjanse til Brann!
    15'
    Klikk klakk og Skaanes er igjennom. Ei glimrande refleksredning av Dyngeland reddar Sogndal der. Godt angrep av Brann.
    16'
    Litt over 15 minutt splet og vi kunne hatt 3-4 mål her.
    16'
    Litt over 15 minutt splet og vi kunne hatt 3-4 mål her.
    16'
    Ny fin sjanse for Sogndal, men Øvretveit kastar seg inn framfor Otoo på innlegget frå Flo.
    17'
    Demir riv ned Otoo på veg gjennom, men slepp unna kortet. Frisparket endar i utspark for Øvretveit.
    18'
    Hjørnespark til Brann
    19'
    Brann med ball. Bergensarane har komme betre med no.
    20'
    Dei siste fem minutta har vi fått litt tid til å puste. Meir underhaldning det første kvarteret enn kva det har vore heile sesongen på Fosshaugane.
    21'
    Sogndal frampå igjen, men Brann får klarert.
    22'
    No er det Sogndal som ligg lågt og Brann held i ballen. Endar dessverre for Brann med lange ballar opp og der vinn som rgel Patronen og Utvik duellane.
    22'
    Gult kort til Brann
    Veldig sein i ei takling på Flo tidlegare i kampen.
    23'
    Enorm sjnse for Sogndal igjen! Øvretveit kjem ikkje ut når ballen blir lempa i bakrom. Karadas får lagt tilbake til Flo, men Øvretveit rettar om med ei refleksredning ut av andre dimensjonar.
    24'
    Frispark til Sogndal på ca. 22 meter.
    25'
    Endar i åpent spel før ballen går inn i armane til Øvretveit.
    26'
    Brann med ei god kontring, men den siste pasningen sitt ikkje heilt for bergensarane.
    27'
    Innlegg der Patronen og Dyngeland ikkje komuniserar. Endar i corner for Brann.
    28'
    Mojsov headar over.
    28'
    Brannkontring!
    30'
    Enorm sjanse for Brann! På kontringa får både Skaanes og Huseklepp sjansen framfor Dyngeland. Sogndal får blokkert to til tre gonger før dei får klarert.
    30'
    Eit under at det står 1-0 her.
    32'
    Frispark til ogndal. Skal slås inn i feltet.
    32'
    Øvretveit ute og rotar. Endar i corner.
    33'
    Godt slått og Øvretveit får såvidt boksa ut.
    33'
    Flo jagar Demir og han klarerar til kast. Teniste skal kaste langt.
    34'
    Blir eit kort kast og innlegget frå Strand går utover kortlinja.
    35'
    Strand med innlegg på bakerste til Flo. Han headar utafor.
    36'
    Øvretveit slå ein femmeter som endar i kast for Sogndal på høgd med brann sin 16-meter!
    36'
    Stuss frå Flo rett i klypene til Øvretveit.
    37'
    Begge lag verkar litt trøytte no. Mange feilpasningar og dårlege val.
    39'
    Ingen sjansar dei siste 3 minutta. Kejdelig!
    40'
    Frispark til Brann på ca. 30 meter. Huseklepp skal svinge innover.
    42'
    Ballen går inn i feltet og blir heada tilbake. På 11 meter står Fakiri heilt umarkert, men sleivar ballen tre meter over. Der bør du treffe mål Fakiri!
    43'
    Mål for Sogndal!
    Sogndal 2 - 0 Brann
    Mål: Petter Strand
    Eit fantastisk mål av Petter Strand! Otoo legg ballen tilbake til Strand som frå kanten av 16 meteren dunkar ballen knallhardt i vinkelen. Eit av dei flottaste måla ein har sett på Fosshaugane på fleire sesongar.
    44'
    Frispark til Brann.
    45'+1
    Karadas stangar ut.
    45'+1
    Pause
    45'+2
    Sogndal leiar heilt fortent 2-0 og vert aplaudert av bana etter ein forrykande 1.omgang. Brann har hatt sine sjansar og burde kanskje hatt både eit og to mål. Men Sogndal burde kanskje hatt både fire og fem.
    Det skal seiast at det har vore ein fantastisk underhaldande kamp så langt. Været med sol og over 20 grader står i stil til det som har vore prestert på bana.
    Det spørs om Olsson overraska Norling med å gå ut i 4-4-2. Brann såg veldig ukomfortable ut det fyrste kvarteret, men var begynt å komme godt med i kampen igjen på slutten. Typsik for eit lag i motgang at Strand får stjernetreff frå 16 meter, og det vert no svært vanskeleg for bergensarane å få med seg noko frå denne kampen. Men det skal seiast at Sogndal i sist runde leia 2-0 då det gjenstod 6 minutt i Ålesund. Det enda 2-2.
    2. omgang
    45'
    Ingen byte på nokon av laga og Sogndal held fram i 4-4-2.
    46'
    Orlov ligg nede og Norling er rasande på det han meinar er ein alboge frå ein sogndalspelar.
    46'
    Ser ut som Orlov har fått ein trøkk i halsregionen. Lege ute og ser på svensken no.
    47'
    Orlov oppe igjen.
    48'
    Roleg innleiing på denne omgangen. Brann held ballen i laget.
    49'
    Mål for Brann!
    Sogndal 2 - 1 Brann
    Mål: Jakob Orlov
    Målgivende: Kristoffer Barmen
    Då er det kamp igjen! Lang ball inn i feltet og Barmen headar ned til Orlov. Han tek ballen med seg gjennom og trillar den forbi Dyngeland.
    49'
    Målet satte verkeleg fart på brannsupporterane. 'Vi vinner serien i år' rungar frå målet bak Dyngeland.
    51'
    Sogndal med ein fin sjanse når Otoo legg inn. Ballen snik seg forbi stolpen til Øvretveit.
    52'
    Ganske jamnt her no. Begge laga ligg å føler på kvarandre.
    54'
    Godt innlegg frå Vindheim, men Sogndal får klarert.
    54'
    Begge laga verkar litt nervøse for å gjere feil no. Kanskje spesielt Sogndal som for all del ikkje vil gje frå seg ein ny 2-0 ledelse.
    57'
    Frispark til Brann på kanten av 16-meteren til Sogndal.
    57'
    Vindheim slår.
    57'
    Rett i muren som er ein mann!
    57'
    Underhaldningen har kanskje gått litt ned, men vi har fått spenning i denne kampen.
    58'
    Sogndal klarerar.
    59'
    Fakiri ned på venstreback for Brann.
    61'
    Brann med eit visst trøkk no.
    61'
    Bergensarane klarer derimot ikkje å komme seg til nokon store sjansar. Vert mykje innlegg og så får Sogndal klarert.
    62'
    Sogndal derimot slit med å skape noko særleg akkurat no. Blir mykje langt og uadressert.
    62'
    Akkurat no ein fin sjanse for Sogndal. Otoo driblar seg igjennom og gjer til Haugen, men han er i offside.
    63'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Ruben Holsaeter
    Ut: Ulrik Flo
    64'
    Haugen tek Barmen knallhardt, men slepp unna det gule.
    65'
    Frispark til Brann som skal slås inn i feltet.
    65'
    Sogndal klarerar, men Brann byggjer opp på nytt.
    66'
    Fakiri slår inn, men rett i hendene til Dyngeland.
    66'
    Otoo stjel ballen frå Vindheim og skjer inn. Burde nok gitt til Strand, men skyt sjølv via ein brannspelar og i henda til Øvretveit.
    67'
    Frispark til Brann på kanten av 16-meteren.
    68'
    Dette kan bli ein veldig fin sjanse for Brann. Huseklepp skal svinge innover.
    68'
    Rett i muren, men på innlegg nr.2 får Huseklepp lagt inn og ballen landar oppå tverrliggar. Bergensarane vil ha corner, men det vert dømt 5-meter.
    69'
    Bolseth prøver seg frå 20 meter, men Øvretveit held lett.
    70'
    20 minutt igjen. Kan Brann komme tilbake?
    70'
    Då har sola gått ned og dette hjelper Dyngeland i Sogndal sitt mål.
    71'
    Då har Karadas tatt turen ned og Sogndal spelar no i sin vante 5-3-2 formasjon.
    71'
    Spillerbytte - Brann
    Inn: Håkon Lorentzen
    Ut: Amin Askar
    Unguten kjem inn. Scora sist. Skal det skje igjen?
    72'
    Øvretveit mistar nesten ballen i duell med Utvik. heldigvis for han klarar han å snappe den opp forran rogalendingen.
    73'
    Orov headar og Dyngeland slår til corner. God sjanse.
    74'
    Heading utafor.
    74'
    Vi går inn i det siste kvarteret. Det er Brann som styrer kampen.
    75'
    Kmapen står og vippar no. Brann styrer og Sogndal prøver å kontre. Dei har fleire gode forøk, men den siste pasningen sit ikkje for sogningane.
    76'
    Innkast til Brann på høgd med Sogndal sin 16-meter.
    77'
    Tek det kort og Huseklepp får lagt inn. Der er Patronen og stangar ut.
    77'
    No er det Brann som trøkker. Sogndal berre dunkar ballen ut.
    78'
    Brann klarer ikkje å skape dei store sjansan, men innlegga er bra og Orlov har vist seg giftig i boksen.
    79'
    Brann rotar mykje idet oppbyggande spelet og mistar mykje av trøkket sitt på det. Heilt greitt å slå støttepasningar, men då må ikkje den pasningen setta forsvararen i ein vanskeleg situasjon.
    81'
    Brann bygger opp igjen.
    83'
    Fine kombinasjonar frå Brann, men den siste pasningen sit ikkje.
    83'
    Brann slår og mykje langt og satsar på andre ball. Dette har dei vore gode på så mogleg vi får sjå meir av dette på slutten.
    84'
    Sogndal slit med å halde på ballen. Verkar trøytte og nervøse no Sogndal.
    84'
    God sjanse. Vindheim står åleine på 16.meter og skyt. Avslutninga er ikkje så bra, men Lorentzen kunne faktisk fått flikka ballen i mål.
    85'
    Berre Brann her utpå no.
    86'
    Vindheim mistar ballen ut over sidelinja når Brann byggjer opp. Det kan du ikkje gjere Vindheim!
    86'
    4035 tilskodarar.
    87'
    Sogndal kontrar og Holsæter skyt nokre centimeter utafor.
    87'
    Stor sjanse for Brann! Lorentzen igjennom, men vert sprungen opp av Teniste.
    88'
    Karads nede med krampe. Pause i spelet.
    88'
    Vi er i gang igjen.
    89'
    Brann med ball.
    89'
    Grønner er flytta opp og Brann slår langt.
    89'
    Frispark til Brann på ca. 20 meter.
    90'
    Gult kort til Sogndal
    Azar Karadas
    For fellinga.
    90'
    Huseklepp skal skyte eller slå inn.
    90'
    Innlegg og Sogndal klarerar.
    90'+1
    4 minutt tillegg.
    90'+1
    Sogndal berre lempar ballen ut no.
    90'+1
    Frispark til Brann heilt ute med kortlinja.
    90'+2
    Gult kort til Sogndal
    Bjørn Inge Utvik
    Veldig billig med tanke på det som har skjedd tidlegare i kampen.
    90'+2
    Orlov headar, men Dyngleand ligg strekk i lufta og reddar.
    90'+2
    Ny stor sjanse til Brann! Innlegg og Dyngeland kastar seg inn framfor Orlov.
    90'+3
    Kast til Brann på høgd med Sogndal sin 16-meter.
    90'+3
    Skaanes legg inn og Utvik stangar ut.
    90'+4
    Nilsen vinn eit innkast høgt i bana for Sogndal. No går tida.
    90'+4
    Held ballen ved hjørneflagget.
    90'+4
    brann kontrar.
    90'+4
    Får frispark på midten.
    90'+5
    Gult kort til Sogndal
    Stoppar kontringa.
    90'+5
    Øvretveit opp.
    90'+5
    Utafor!
    90'+5
    Då er det nok over!
    90'+5
    Kampen er slutt
    90'+6
    Vi har vore vitne til eit fantastisk vestlandsderby. Ein fyrsteomgang spekka med sjansar til begge lag og Sogndal i førarsete vart etterfulgt av ein utrulig spennande andreomgang med Brann i førarsete. Kanskje ville uavgjort vore eit meir rettferdig resultat, men det ville nok dei jublande sogningane vore ueinig i.
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her