0-1
Author avatar

Ble dekket av NTB

    Hei og velkomne til den 21.serierunden i Tippeligaen og kampen mellom Sogndal og Lillestrøm.
    Viktig kamp for begge lag dette då Sogndal etter to poeng på sju kampar har spelt seg heilt ned på kvalifiseringsplass. Lillestrøm kan med siger i dag nærme seg medaljene, mens med tap kan sesongen fort være over for Kanarifuglane.
    Som sagt så har Sogndal ein elendig form og sist vart det tap i Stavanger. Sogndal leia lenge 2-1, men tapte 4-2.
    Lillestrøm har ikkje tapt på seks kampar, men fire av desse har enda uavgjort. Sist vart det ein særs opplyftande 2-1 siger mot erkerivalen Vålerenga.
    Interessant at Lillestrøm sine tre siste bortekampar har enda 0-0. Me må og tilbake til 11.mai for å finne siste trepoengar for Kanarifuglane på bortebane.
    Statistikken mellom desse to på Fosshaugane viser 6-2-7. Historisk sett då ein veldig åpen kamp.
    I fjor vann Lillestrøm 2-1 i det tilsvarande oppgjeret etter mål av Petter Vaagan Moen og Johan Andersson. Malick Mane laga Sogndal sitt trøystemål.
    Tidlegare i år vann Lillestrøm 2-0 på Åråsen etter mål av Palmason og Knudtzon.
    Framføre denne matchen har coach Haglund Simen Nordermoen tilbake frå skade, men Erling Knudtzon må stå over grunna tre gule kort. Kippe og Ringstad er også ute for LSK med skade.
    For Sogndal må Petter Strand stå over då han fekk sitt tredje gule kort mot Viking sist. Strand har vore Sogndal sin beste spelar denne sesongen og vert nok sterkt sakna i denne viktige kampen. Ellers vart og Teniste skada mot Viking og er usikker til denne kampen.
    Underteikna spelar i dag klubbmeisterskap på Lærdal Golfklubb og viss vi ikkje er tilbake med lagoppstillingane ein time før kampstart så har det ikkje gått så veldig bra. Vi satsar på at vi kan ynskje vel møtt tilbake ca. kl 17.00.
    For dei som kjenner journalisten sine golfprestasjonar så var det nok fleire som ikkje rekna med laga skulle vere klare ein time før kampstart. Men det vart ein heiderleg 21. plass utan at vi nemner kor mange som var med. Vi kan heller gratulere Ole Kristian Øren som årets klubbmeister i Lærdal GK før vi no konsentrerar oss fullt og heilt om dagens viktige kamp her i Sogndal.
    Lagoppstillingane er klare og vi er litt usikre på korleis dei to trenarane vil setje opp sine 11 utvalde. Vi trur Sogndal kjem til å liggje i ein slags 4-3-1-2 formasjon, mens Lillestrøm held fram med 4-4-1-1. Men vi får sjå når kampen byrjar korleis dei to laga ligg.
    Om Rosenborg ikkje vinn og LSK vinn denne kampen i Sogndal vil Kanarifuglane vere oppe på 4.plass på tabellen no når vi går inn den siste tredelen av årets sesong.
    Laga har gått i garderoben og om 10 minutt vil dei vere tilbake og klare for kamp. Vel møtt!
    16-17 grader og lett regn i Sogndal i dag. Finfine forhold for fotball.
    Laga på veg ut på bana og vi er straks klare til kamp.
    Veldig glissent på tribunane i dag. Ser ikkje ut som sogningane er så interessert i å støtte laget sitt i motgang. Ein god del har derimot tatt turen frå Romeriket så får vi sjå kven som får mest grunn til å juble i løpet av kvelden.
    Lillestrøm med avspark.
    Kampen har startet
    Ødegaard med lang ball opp som Skaasheim gjev til innkast.
    1'
    Kort kast og Lillestrøm held ballen i laget.
    1'
    Før Palamason rotar ballen over linja.
    1'
    God sjanse for Sogndal etter berre 1 minutt. Haugen slår inn og Otoo står heilt umarkert. Ghanesaren headar derimot rett på Origi frå ca. sju meter.
    2'
    Ein del duellar så langt. Begge lag står relativt høgt.
    4'
    Bolseth svært sein i ein duell med Andersson sentralt på midten. Slepp unna kort.
    4'
    Enorm sjanse for Sogndal. Ballen vert pumpa inn og der er Brochmann på plass. Headar ballen i ein boge over Origi. Ballen går i tverrliggaren og ned på strek. Sogndal med dei største sjansane her i innleiinga.
    5'
    Sogndal som trøkkjer, men Skaasheim legg innlegget langt bak mål.
    7'
    Sogndal best i gang, men begge sjansane deira har komme som følgje av sløvt forsvarspel av Lillestrøm.
    8'
    Pellegrino kjempar hardt, men har fått to bautaer av forsvarspelarar å bryne seg på i dag.
    9'
    Ny stor sjanse for Sogndal. Skaasheim slår inn og Flo får avslutta får fem meter. Ødegaard blokkerar ballen delvis slik at den går over.
    10'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Tonny Brochmann
    Kort corner og deretter innlegg der Sarr har gått i offside.
    10'
    Heilt klart Sogndal som har komme best i gang, men ofte brukar botnlaga å få ein i fleisen når dei føler dei har kampen i sitt spor.
    11'
    Og der skjer det nesten. Ringstad slår inn og Omoiujanfo står åleine på bakerste. Slapp avslutning, men og ei god reaksjonsredning av Dyngeland.
    11'
    Svingar godt her no. Lillestrøm først med frispark. Etter klabb og babb i feltet får Sogndal til slutt klarert og kontra. Går litt tregt framover før Haugen avsluttar enkelt for Origi.
    13'
    Pellgrino ligg nede med skade.
    14'
    Oppe igjen.
    14'
    Innkast høgt i bana for Sogndal. Ingen Teniste til å kaste langt.
    14'
    Kastar kort og spelar litt fram og tilbake. Får ingenting særleg ut av det.
    15'
    Men Sogndal beheld ballen og trykkjer Lillestrøm tilbake.
    15'
    Vaagan Moen gjev klart beskjed til resten av laget at han ynskjer meir trøkk.
    16'
    Men får ikkje heilt svar av Omoijuanfo som rotar ballen ut over kortlinja.
    17'
    Lite som stemmer for LSK så langt. Berre dei på tribuna som får godkjent til no. God stemning.
    17'
    LSK byggjer fint opp på høgre og Pellegrino ragar høgast i lufta på innlegget frå Riise. Headinga går over.
    19'
    Ein periode med mykje feilpansingar frå begge lag her no.
    20'
    Framleis Sogndal som styrer, men det verkar som Kanarifuglane har fått opp intensiteten litt. Iallefall i det deffansive.
    22'
    Det meste skjer mellom dei to 16-meterane no.
    23'
    Kast til Sogndal på høgd med LSK sin 5-meter.
    24'
    Korte kast for Sogndal i dag. Endar i innlegg som Skaasheim avsluttar langt utafor.
    24'
    Frsipark til LSK på ca. 25 meter.
    25'
    Lundemo med ballen. Skal legge inn trur eg.
    25'
    Nei han skyt. Til side for mål.
    25'
    lang ball i bakrom på Otoo som Origi er ute og klarerar.
    27'
    Flo dreg ein tunnel inne i feltet, men avslutninga er forferdeleg. Bommar nesten på ballen.
    27'
    Ringstad driv oppover og fiksar ein corner for LSK.
    28'
    Lillestrøm får tildelt et hjørnespark
    Marius Lundemo
    Klarert.
    28'
    No høljar regnet ned i Sogndal. Godt det er kunstgras.
    29'
    Begge lag slit no med sitt offansive spel. Kampen er vorte mykje jamnare etter at Sogndal styrte mykje dei første 20 minutta.
    29'
    Brochmann prøver seg frå 20 meter. Like utafor.
    31'
    Sogndal frampå igjen og byggjer fint opp, men innlegget frå Skaasheim går i klypene på Origi. Sikkert keeperspel der.
    34'
    Begge lag blir litt baktunge no. Kan komme på overgangar, men spissane spring ofte feil veg og lett det andre laget komme tilbake.
    35'
    Frispark LSK frå 40 meter. SKal lempast inn i feltet.
    35'
    Litt for høgt slått og sjølv om Andersson er høgast får han ikkje noko trøkk i headinga.
    36'
    Skrupasning frå Sarr som sprett og går rett forbi Skaasheim og ut til kast. Ukonsentrert av Skaasheim der.
    37'
    Lillestrøm med meir ball, men det stoppar på 16-meteren. Vert litt stasjonert alt LSK gjer.
    37'
    Bolset prøver å curle ballen i vinkelen frå 16 meter, men det blir med forsøket.
    38'
    Frispark til LSK på 30 meter etter at Söderberg viser knottar.
    39'
    Vaagan Moen og Lundemo står klar.
    40'
    Vaagan Moen skyt rett i klypene på Dyngeland. Dårlig utnytta.
    40'
    Sogndal byggjer opp på venstre og Flo dreg seg fri. Legg ut til Bolseth som hoppar over. Valgardsson skyt så ca. 10 meter over og utafor.
    41'
    Mykje bra spel, men og mange dårlige involveringar frå begge lagg.
    41'
    Lang ball inn som Ødegaard stangar ut. Ballen går derimot berre til Bolseth som på 18 meter skytt ballen rett på Origi.
    42'
    Enorm sjanse for Sogndal! Byggjer glimrande opp på høgre. Innlegg som Brochmann stangar ned i hjørnet der Origi er og reddar.
    43'
    Sogndal held fram kanonaden.
    44'
    Fleire store sjansar til Sogndal i ettertid som i forhol til spel og sjansar fotener ei scoring no.
    44'
    Otoo skyt frå 20 meter like over.
    44'
    Sjølv om Sogndal har hatt mange sjansar må det takast fram at Origi har vore glimrande bak der. Ikkje berre dårlege avslutningar frå Sogndal.
    45'
    Pause
    45'+1
    Sogndal burde ha leia, men Origi har vore glimrande for LSK. Gutta frå Romerike har vore veldig tamme og Haglund må verkeleg snakka karane sine til rette i pausen.
    Då er laga tilbake på bana og vi er straks klare for 2.omgang her frå Fosshaugane Campus.
    2. omgang
    45'
    Sogndal rett i angrep og friske Brochmann skyt frå 14 meter rett i armane på Origi.
    46'
    Lillestrøm gjev bort ballen på eigen halvdel. Sogndal vinn tilslutt eit kast.
    47'
    Valgardsson med ein stikkar, men ballen går heilt inn til Origi.
    47'
    Lillestrøm får byggje opp bakfrå no. Sogndal lågare i presset.
    48'
    Vinn eit innkast høgt i bana.
    48'
    Men kastar 30 meter tilbake på bana. Sogndal pressar høgt i gjen.
    49'
    Ballen tilbake til Origi og Lillestrøm begynnar på nytt.
    49'
    Ulrik Flo gjer mykje bra for Sogndal, men også mykje rart. No prøvde han å dempe ein ball med munnen. Det gjekk ikkje bra.
    50'
    Lillestrøm spelar seg fram, men gjennomspelet frå Vaagan Moen går inn i armane til Dyngeland.
    50'
    Power-play for Sogndal, men det endar berre i eit innlegg som Origi plukkar ned.
    51'
    Heilt klart Sogndal som har fest grepet i denne omgangen også.
    53'
    Sogndal trykkjer på og Riise må gje til kast.
    54'
    Angrepet endar i armane til Origi.
    54'
    Lillestrøm heilt klart stressa av presset til Sogndal, men no speler dei seg fint ut.
    55'
    Frispark til Lillestrøm midt forran mål. 21 meter. Då kan dette være moglegheiten Kanarifuglane har venta på.
    55'
    Perfekt avstand dette.
    55'
    Lundemo skyt midt i muren.
    56'
    Sarr med ei forferdeleg involvering og Pelegrino kjem nesten åleine. Söderberg reddar han.
    56'
    Riise legg Haugen i bakken på 17 meter, men dommaren bles ikkje. Rutinert av Riise.
    57'
    Ringstad ligg nede med skade. Dette vil ikkje romerikingane sjå.
    57'
    Oppe igjen. Spørs om det berre var ein pustepause.
    58'
    Brochmann får sjansen på 15 meter, men bommar på ballen.
    58'
    Nytt frispark til Sogndal som skal svingast inn.
    59'
    Går gjennom feltet og inn til Origi.
    59'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Tonny Brochmann
    Sarr headar frå 5 meter, men kven er der? Jo, Origi.
    59'
    Redningane til Origi har ikkje vore så spektakulere i dag, men han les kvar einaste avslutninga frå sogndalspelarane.
    61'
    Godt angrep av LSK, men feilpasningen komme 20 meter frå Sogndal sitt mål. Sogndal kan kontre, men avslutninga vert som vanleg redda av Origi.
    62'
    Lundemo mistar på midten og Flo kjem nesten åleine. Ødegaard kastar seg inn og får avverga.
    64'
    Utanom Origi så kan vi nemne Kanarifansen. Har sunge uavbrutt i 60 minutt.
    64'
    Som i 1.omgang så verkar det som at Sogndal har sprunge litt i frå seg akkurat no.
    65'
    Derimot ser Lillestrøm mykje svakare ut enn i 1.omgang så det er framleis Sogndal som trykkjer.
    66'
    Haglung med byte. Erik Mjelde skal inn.
    68'
    Spillerbytte - Lillestrøm
    Inn: Erik Mjelde
    Ut: Ohi Omoijuanfo
    68'
    Pellegrino nesten igjennom åleine. Igjen er Söderberg ute med dei lange beina sine.
    69'
    Lillestrøm med ei fin overgang, men pasninga frå Lundemo til Mjelde er for dårlig og går ut til kast.
    70'
    Tempoet og kvaliteten har sunke kraftig dei siste ti minutta.
    71'
    Flo fell i feltet. Reagerer kraftig på at det ikkje blir blåst. Vasnkelig å seie frå vår vinkel.
    72'
    Nytt frispark frå Sogndal som går gjennom heile feltet og inn i armane til Origi.
    72'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Tonny Brochmann
    Igjen ein høg ball frå Brochmann som LSK får klarert.
    74'
    I neste angrep får Sogndal ein god sjanse på innlegget frå Haugen. Ingen kvitkledde får derimot hovudet på ballen.
    75'
    Spillerbytte - Lillestrøm
    Inn: Fred Friday
    Ut: Amahl Pellegrino
    77'
    Spillerbytte - Lillestrøm
    Inn: Simen Kind Mikalsen
    Ut: Stian Ringstad
    77'
    Haglund med dobbeltbyte. Kan det vippe kampen i LSK sin favør?
    78'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Igjen går ballen gjennom heile feltet.
    78'
    Bolseth ligg nede. Spørs om kapteinen må gje seg for i dag.
    80'
    Oppe igjen. Såg litt groggy ut.
    81'
    Med tanke på at Dyngeland såvidt har vore borti ballen i denne omgangen så er det ei sogndalscoring vi ventar mest på. Men alle som kjenner fotball veit at dette er langt i frå sikkert.
    83'
    Det ser ikkje ut som nokon av laga har det som skal til for å lage mål i dag.
    85'
    Langt kast frå Nilsen no.
    85'
    Lillestrøm får klarert.
    86'
    Lillestrøm byggjer opp no.
    88'
    Lundemo spring i dommaren men beheld ballen.
    88'
    Lillestrøm fortsatt med trykket og vinn ein corner.
    89'
    Lillestrøm får tildelt et hjørnespark
    Petter Vaagan Moen
    89'
    Mål for Lillestrøm!
    Sogndal 0 - 1 Lillestrøm
    Mål: Marius Amundsen
    Målgivende: Petter Vaagan Moen
    Amundsen når ballen på første stolpe. Glimrande slått av Vaagan Moen og Amundsen slit seg forran.
    89'
    Sikkert mange sogndaøler som syns dette er urettferdig, men i fotball handlar det om å utnytte sjansane sine og det er akkurat det Lilelstrøm gjer.
    90'+1
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Christophe Psyché
    Ut: Tonny Brochmann
    90'+1
    Tre minutt tillegg.
    90'+1
    Møljespel ved cornerflagget til Sogndal. LSK får corner.
    90'+2
    Lillestrøm får tildelt et hjørnespark
    Fred Friday
    Utspel.
    90'+2
    Sogndal måkar opp, men LSK vinn duellane.
    90'+3
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Ruben Holsaeter
    Ut: Rune Bolseth
    90'+4
    Kampen er slutt
    90'+4
    Så lenge underteikna har referert frå Fosshaugane Campus har aldri eit lag spelt så dårlig og alikevel fått med seg alle tre poenga. Lillestrøm er nesten ikkje i nærheiten av målet til Sogndal i 2.omgang. Men eit glimrande hjørnespark av Vaagan Moen, og ei like glimrande heading av Marius Amundsen sender LSK opp på 5.plass og berre tre poeng unna bronsemedalja. Sogndal er no berre eit poeng unna dirkete nedrykk og utan siger på åtte kampar ser dette ut som det går rett ned for laget frå fruktbygda.
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her